lørdag, mars 14, 2020

Dagbok 2020: 14.mars





Spor etter Helge.

Klokka er no 18.50, temperaturen er + 1,5 grader og det er opplett, snøen smeltar, men ikkje fort.
I går kveld på denne tid skulle eg sette på TV-en, plar som regel ikkje sette på før kl.19. Det var berre det, at TV-en kom ikkje på. Eg bala ei stund, men såg at det ikkje var lys i Get-boksen. Eg hadde ikkje lyst, men hadde inga anna råd enn å ringe til Helge, har ikkje andre som kan hjelpe meg med slikt. Eg forklarte kva som stod på, og han lova å komme nedom på laurdag, altså i dag.
Eg sat heile fredagskvelden og såg TV på datamaskina mi. Det var for så vidt greitt. Var innpå Netflix ein tur seint på kvelden, berre for å sjå at det virka. Men eg får ikkje inn NRK der utan å ha eit slags abonnement.
I dag stod eg opp , som vanleg, like låk i armane som vanleg, men elles frisk. Eg tok ein betennelse-hemmande tablett, og vart etter kvart litt betre. Dei tablettane har eg brukt lenge, først for knea, men eg tek pausar for ikkje å skade magen.
Eg begynte sjølvsagt å vente på Helge med det samme eg var oppe, men måtte no vente ei stund. Eg bytta på senga, sette på vaskemaskina, løyste sudokuar , var inne på data og tok ein spanskleksjon-og i det heile tatt. Så kom Helge!
Han fann fort ut at det ikkje var Get-boksen som var problemet, men den vesle boksen som ligg på golvet, den var kald og utan lys. Han ville fare bort på Tussa og få tak i ein slik boks.Viss der var ope. Det var der ikkje, der var heller ikkje folk. Men han var ikkje rådlaus, han rota litt i søpla og fann ein slik boks, og kort fortalt virka TV-en som han skulle med den "nye" boksen. Veit ikkje kva eg skulle gjort utan Helge.
Etter at Helge hadde fare, laga eg meg skikkelig middag; "Bali kyllinggryte" med svinekjøtt og ris. Eg er stappmett enno, men har nok til ein dag til. Etter middag sette eg meg i godstolen med Storytel og det varde ikkje lenge før eg sov. Resten av kvelden skal eg sitte framfor TV-en og nyte at den virkar - og så skal eg strikke ferdig ein lest. Dessverre kan eg ikkje strikke mykje, men puslar med litt av og til.
I går begynte eg på karantenen min, og i dag vart det altså litt sosialt, men eg håper ikkje det får konsekvensar. No har eg fyrt i omnen, Even har sett ein vedasekk i garasjen min, og så Chattar Marit og eg på Messenger, som vanleg, så vi er ganske lovlydige. Eg ser for meg korleis det skal bli når unntakstilstanden ein gong er over. Den situasjonen vi har no er heilt absurd. No måtte eg nyse, og hugsa ikkje å nyse i albogen.  Sidan eg gløymde GOD HELG i går, så får det gjelde frå og med no. Håper dei fleste får halde seg friske. Eg reknar med å sleppe unna Coronaen viss eg held meg i ro heime åleine.Eg er no bra vant til å vere her åleine, så det går bra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...