I "Kjærleik og det som liknar" tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar
ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.
…………………………………………………………..
Når ein er i karantene får ein gjort litt av kvart, mellom anna lese ferdig ei bok.
Denne boka inneheld 5 noveller. Dei er såpass lange at ein kan lese ei, og så la boka ligge på vent før ein tek neste. Det er ein fordel. Denne boka var ikkje eksepsjonelt god, men det at eg har lese den ferdig vitnar om at den ikkje var spesielt dårleg heller. Boka er skriven på nynorsk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar