tirsdag, mai 31, 2022

Dagbok 2022: 31.mai


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 20 grader, det har skya over så vi har ikkje sol, men det har vi hatt før i dag. Eg kom nyss inn frå altanen der eg har lagt og sove middag. Eg søv så godt når eg ligg ute, og i dag var eg trøtt fordi eg stod opp veldig tidleg.

Einar hadde sendt ei melding om at han skulle ein tur til Ørsta i "morgon"- men kva dag det var kom no an på kva tid han skreiv-eg tolka det som det var i morgon, onsdag. Men då eg kom heim frå treninga hadde han vore innpå og skrive at det var i dag, sidan han hadde skrive meldinga i går. Eg har alltid (nesten) kjøttkaker i frysaren, så då var det berre å lage brun saus og skrelle poteter. Eg var ferdig i god tid før han kom. Han hadde vore på ØRSTA BIL og kjøpt nye vindusviskarar. Vi åt godt begge to, og vart sittande å prate ei stund før han måtte fare. det er ikkje slik at Einar forlangar å få middag når han kjem, men eg synest det er kjekt at vi to ""Ensamboerna" kan ete i lag av og til. 

Marit og eg hadde snakka om ein tur til Plantasjen i dag, men den tek vi like godt ein annan dag.Det er ope til klokka 20 om kveldane, og COOP-butikken held ope til kl.23. Vi likar å fare når det ikkje er så stor trafikk.

I morgon skal vi på Pensjonistmøte på" Fru Svendsen" - det er ei ny frue som har overtatt kaféen. Så no lurer eg på om ho også lagar den gode sjokolade/krem kaka med pærer. Det er alltid den eg kjøper når eg er der.

Eg har ikkje gjort noko særleg hagearbeid i dag, og no kjem det vel snart regn igjen. Eg synest det er vemodig at vi alt er ferdige med mai, men så håper eg at juni blir like fin i  år som i fjor og året før. Det er finaste tida på året no, eg nyt å sjå dei lyse kveldane, og å sleppe å fyre i omnen.

mandag, mai 30, 2022

Dagbok 2022: 30.mai



Klokka er no16.50, temperaturen er + 21 grader C, det er litt skyer på himmelen, men mest sol. Det har vore ein fin dag. 
Eg var tidleg oppe, men kunne ikkje begynne å klippe gras så tidleg. Så etter at eg hadde ete frokost og sett litt på TV, sette eg i gang å vaske sovegrom og datarom. På dei romma er det mange store og - små golvteppe, så eg må vere om meg å vaske når eg kan ha teppa ut. Det gjekk heilt fint i dag -og til slutt spylte eg altanen. Eg har servert småfuglane frø med skal på, så der såg ut deretter. Eg oppdaga at der var fuglar i buret på altanen også. Det er mange år sidan sist.

Så begynte eg på plenklippinga. Eg plar klippe ein gong kvar veke, men denne gongen var eg over tida, Dermed var det nokså mykje gras. Eg klipte først rundt huset, og så tok eg Skråninga. Då var eg ganske gåen, så eg måtte inn og få meg litt mat og drikke. Etter ei kvilestund gjekk eg ut og klipte dei to små plenstykka opp mot vegen. Og då sa eg meg ferdig for dagen, dvs. eg rydda litt here og der i bedda, men det kjem vel dagar etter denne. Eg sat ei stund og funderte litt og fann ut at dette er femte sommaren er er åleine med hagen, og siste sommaren Nils var heime, var det også eg som gjorde hagearbeidet. Men eg vil ha hagen å styre med, eg likar eigentleg å jobbe, så sant eg greier det. Det er mosjon og frisk luft, så eg treng ikkje å stresse med å gå turar støtt og alltid.

No er det så fint ute at eg trur det går an å sitte på altanen , med lydbok t.d. Men først skal eg ut og sjå om eg finn noko som eg kan ta bilde av.





                       Det er ikkje så mykje som blomstrar akkurat no.

søndag, mai 29, 2022

Dagbok 2022 : 29.mai - Amanda fyller 22 år i dag.


 Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 11 grader, det ligg framleis skodde langt ned etter fjellsidene, men det har visst slutta å regne. Marit har høyrt vermeldingane og det skal bli fint og varmt i morgon, så eg er spent på om eg får klipt plenen. Plenen treng klipping og eg treng mosjon-slik er det med den saka. 

I dag har eg vore nokså lat, men det er no søndag. På føremiddagstid tok eg og støvsuga teppegolva og strikka litt. Så gjekk eg op til Marit ei stund og var der til resten av familien var på heimtur frå hytta.

Eg hadde samme menyen til middagen i dag som i går, det er som regel slik at når eg lagar noko mat, så er det nok til to dagar. Etter middag sette eg meg til å sjå TV, men då blir det alltid litt halvsoving-viss det ikkje er interessant nok. Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet no, men slo det i frå meg fordi eg var lat. No kan det hende eg ombestemmer meg. Det blir lysare og finare ute etter kvart. Vi kan i alle fall ikkje klage på grønfargen !

I dag er det Amanda som fyller år, og no framover har mesteparten av storfamilien  fødselsdagar , Solveig kjem til sist, den 3.juli. Då blir det ein lang pause.

Eg vil så gjerne ha godver no ei stund, så eg få shina opp i hagen, Sjølv om eg ikkje er heilt sprek så likar eg hagearbeidet når eg kan bruke den tida eg treng. No skal eg prøve å komme meg ut ein tur. Kvelden er enno ung.

-----------------------------------------------------------------------------------

KL.18.12: Det blei ein liten tur på vernet, men regnet kom så snart eg var på veg. Det vart ein god tur likevel og eg hadde ikkje vondt nokon stad Tre nye rasteplassar hadde dei laga til. Det er ein her i Ørsta som lagar dei og eg hadde tenkt å kjøpe og ha i hagen, men det vart ikkje i fjor.






lørdag, mai 28, 2022

Dagbok 2022: 28.mai.



Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 10 grader. Det er regnbyer både titt og ofte - eg er lei av regnet no; vi har fått nok for ei stund. Og det er nokså mykje snø i fjella enno -vi skal no snart begynne på juni, som har vore den varmaste månaden siste åra.

I dag har det vore ein lat dag, eg vakna sjølvsagt tidleg men la meg nedpå att etter å ha gått eit par runder rundt i huset for å bli litt betre i kroppen.

Etter frokost vart det litt TV etc, og så tok eg ein runde på butikken litt før klokka 12. På den tida er det lite folk i butikken. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men likar å fare på butikk om laurdagane så eg ikkje skal tru det er sundag- men det trudde eg likevel i dag. Og trur det framleis.

Eg laga meg skikkeleg middag i dag. Eg hadde ferdig-grilla kyllinglår i frysen, så det var berre å tine, koke ris og så laga eg jordnøttsaus til. Det vart godt. Ein gong vi var i Sverige kjøpte vi kylling på ein "kiosk". og den var god. Eg såg etter kva sausen heitte, og fann oppskrift på nettet. Det var lenge sidan eg hadde laga slik saus no, men den vart god. 

Det blei ei lita pause før Marit kom ned, slik vi hadde avtalt, og merkeleg nok hadde vi mykje å snakke om i dag også. Ho er åleine heime denne helga -så då kunne vi halde kvarandre med selskap.

Komande veke blir det litt av kvart. Tysdag og torsdag er det trening og onsdagen er det pensjonistmøte. Denne gongen skal vi halde til på "Fru Svendsen". Det er litt rart å ikkje ha ansvar for noko, og eg skal innrømme at eg synest det er godt. Då kan eg sitte i lag med kven eg vil og slepp å notere noko som helst.

Men det eg håper på no er at det skal bli opplett så eg får klippe alle plenstykka mine, for graset veks ganske fort. Eg har no gjødsla godt i år. Det er vel ingen som leiger ut geiter? Nesten gale at så mykje god dyremat skal hamne på VØR. Men det blir vel kompostert til slutt. Eg har nok kompost i hagen min, eg vil helst ikkje ha meir.

I morgon fyller Amanda 22 år. Det året eg vart 22, vart eg ferdig på lærarskulen, og utpå sommaren gifta vi oss, Nils og eg. Det er snart 60 år sidan. 

fredag, mai 27, 2022

Dagbok 2022; 27.mai


 Desse to avleggarane tok eg frå morplantane tidlegare i vår, og no er dei snart store nok til å flytte ut. Eg synest det er kjekkare å dyrke fram plantar sjølv, enn det er å kjøpe dei fiks ferdige.

Klokka er no 19.40. temperaturen ute er + 9 grader C og det regnar igjen. Det var litt fint ei stund, men godveret varte ikkje lenge.

Dette har vore ein artig dag, litt utom den vanlege tralten. Rett etter frokost starta eg opp med fredagsvasken og var ferdig i 10-tida. Så var det berre å shine seg opp og ta turen til Biltilsynet.  Eg heiv 3 sekker med hageavfall inn i bagasjerommet sidan eg skulle bort til flyplass-området i alle fall.

Eg kom i god tid, eg hadde bestilt time, men måtte likevel trekke kølapp. Det viste seg at dei som hadde bestilt gjekk framfor dei andre. Eg vart ferdig 5 minutt før eg skulle ha gått inn. Eg fekk ein mellombels "køyreattest" som eg skal ha til eg får det nye sertifikatet. I tillegg må eg ha pass-og det har eg!

Eg hadde eit ærend i gågata, då parkerte eg ved ALTI og gjekk opp i gata. Det var mykje folk og bilar i sentrum i dag.

Heime att laga eg meg grønsakmiddag og åt meg godt mett. Så ringer telefonen og det er Margrete og Amanda som er i Ørsta og vil komme på besøk. Veldig kjekt det! Så gjekk eg inn på datamaskina og skulle sjekke meldingar, og då ville Solveig komme på besøk, ho også. Mens eg sit der kjem det melding frå Bodil om at ho og Svein er på ferja på veg hit. Betre og betre! Bodil og Svein kom først og Svein fekk lagt sommardekk på bilen min før dei andre dukka opp. Vi var plutseleg 6 rundt kaffibordet og alle hadde vi noko å snakke om. Det er ikkje så ofte vi kjem i lag i familiane no, det har vore Koronatid og vi har ikkje kome skikkeleg i gang enno- For meg vart det ein opptur i dag, i går var eg litt lei av å vere her åleine. Men så kom Marit, og det er no alltid kjekt.

Som dei fleste andre har eg meir enn nok skvallerkål i hagen, og det hjelper lite å røske den opp, for straks har det vakse opp att. Då eg var på Plantasjen  fann eg denne spray-flaska og eg spøyta både her og der. Men så kom regnet og det var ikkje bra. I dag såg eg etter og jammen hadde gifta virka ganske bra, så no ser eg fram til at det skal slutte å regne så eg kan få spraye meir.

Det er litt vanskeleg å halde styr på dagane for tida, men i morgon er det vanleg laurdag, så eg vil ønske alle god helg. Neste helg er det pinse.


 

torsdag, mai 26, 2022

Bok nr.10 - 2022: HEKSEN

 


To barn forsvinner med 30 års mellomrom. Når det andre barnet blir funnet nøyaktig samme sted som den første, blir politiet urolige.

Når fireårige Linnea forsvinner fra en gård rett utenfor Fjällbacka, vekkes onde minner til live. Tretti år tidligere forsvant fire år gamle Stella fra den samme gården, og to tretten år gamle jenter ble anklaget. Domstolen fant dem skyldige, men på grunn av sin unge alder slapp de fengsel. Den ene av dem har siden levd et stille liv i Fjällbacka. Den andre er tilbake for første gang siden hendelsen, nå som berømt skuespiller.
Innbyggerne i Fjällbacka stiller opp i manngard for å lete etter Linnea, og til slutt finner de henne. Naken, ved nøyaktig samme skogstjern der den første jenta ble funnet. Patrik Hedström og hans kollegaer spør seg om det kan være en sammenheng mellom de to drapene. De får Erica Falck, som allerede er i gang med en bok om den gamle saken, til å hjelpe seg. Etterforskningen river opp mange gamle sår i det lille samfunnet. Ryktene spres og innbyggernes redsel for det ukjente får fryktelige konsekvenser.
«Heksen» er Camilla Läckbergs tiende bok om Erica Falck og Patrik Hedström i Fjällbacka.
.........................................................................................................................
Eg ar lese mange bøker av forfattaren. Ikkje alle like gode. Men dette trur eg er den beste. Ho gir lesaren mykje å tenke på. Anbefalt.
Eg har lese boka på Storytel, men det har gått med nokre timar+ kabalar. Viss eg ikkje legg kabal på datamskina mens eg les, så dett eg ut.

Dagbok 2022: 26.mai

 

                                  Det minkar på snøen i fjella.

Klokka er no 15.28, det pøsregnar ute og det har det gjort i heile dag,   temperaturen er + 10 grader. Det er ikkje ofte eg kjeder meg, men i dag er det like før. Eg har ikkje gjort noko særleg til nytte, det einaste eg har gjort til nytte er å lage glasur og ha på gulrotkaka, og sette på og ta ut av oppvaskmaskina+ vaske litt klede i vaskemaskina.

Elles har eg sete og lagt kabal mens eg høyrer lydbok, men eg vart no lei av det også. Strikketøy har eg ikkje for tida, kunne godt ha strikka meir lestar,  eg trur ikkje det er så bra for meg å sitte så mykje i ro, men innimellom les eg spansk- det kan no vere litt nyttig.

KL.17.40, Temperatur +13 grader C.

Eg måtte bryte av ista for då kom Marit ned og heldt meg med selskap, og det hjelpte på humøret. Vêret vart også litt betre, såg sola så vidt det var. Vi prata om alt og ingenting, som vanleg. Janne og familien har reist på hytta, så Marit er åleine heime.

I morgon skal eg på Biltilsynet kl.12.30. Eg tek med hageavfall og høyrer på VØR i samme slengen, så er det gjort.

No skin sola ute, men det blir ikkje hagearbeid i dag. I går spraya eg med ugrasmiddel og det er ikkje særleg lurt å gjere når det kjem regn etterpå.

onsdag, mai 25, 2022

Dagbok 2022: 25.mai


Klokka er no 18.24, temperaturen ute er + 17 grader, det er skya, men fint likevel .

Eg har halde på med hagearbeid ei stund, men no er det pause.

I dag hadde eg ein post på programmet, og det var å handle. Marit ville vere med, så vi handla på KIWI. Eg lurer av og til på kven som et og drikk alt eg kjem heim med, for eg er her stort sett åleine.

For å gjere noko nyttig, tok eg og laga ei gulrotkake; eg har ikkje hatt glasur på , men eg har ingrediensane. Til middag i dag vart det grønsaker med fetaost, det har eg minst ein gong i veka. Eg et meg mett, men ein blir fort svolten igjen når ein et slik mat utan brød til.

Eg slappa av litt etter middagen, og så gjekk eg ut og begynte på hagearbeidet. Sekkane med bork var tunge, men eg greidde no på ein måte å ha utover to sekker med bork .Der var såpass med duk at det gjekk an.

Men då eg kom bort til rododendronane måtte eg stoppe opp. Der er den store grana som eg vil ha vekk. Eg vil plante fleire rododendron der, for Sissel lærte meg at ein skulle ha grannåler i molda når ein planta dei. Eg seier at eg vil ha vekk grana, men då seier naboane at den er spå fin. Men dei ser ikkje alle dei brune nålene. Treet er så stort no at det må ei redige motorsag til og helst eit par sterke menn. Eg får sjå om eg finn nokon slike.

Etter at eg hadde hatt utover to sekker med bork, reinska eg litt opp i beddet nedafor, og så har eg klipt gras og ugras rundt busker og andre plantar. Eg har ein stol innan rekkevidde som eg sit og kviler ryggen i - innimellom. Hittil har det gått bra. Tenkte å få gjort mest mulig i dag , sidan det er helg i morgon, og så vil eg ha mest mulig med meg når eg skal på VØR fredag.

Eg blir svolten av å halde på å jobbe ute, så no skal eg eg lage ein kopp kaffi med noko attåt. Eg går ut frå at lærarane i familien er fri fredag også? Helgedagar er mykje kjekkare når ein er i arbeid. No har eg fri kvar dag.

GOD HELG !


tirsdag, mai 24, 2022

Dagbok 2022: 24.mai

 

Den første av Marit sine rododendron står i full blomst og pyntar opp i gata vår.

Klokka er no 17.25,temperaturen ute er ca + 15 grader, og i dag har vi regnbyger.

I dag er det ikkje så mykje som feilar meg, anna enn at eg er trøtt. Og det har si naturlege årsak i at eg søv lite og dårleg om natta. Om dagen sovnar eg rett som det er, særleg framfor TV-en.

I dag var vi på trening, Marit og eg, men vi slapp å ha Marit sin bil på verkstafen, for det tok Even seg av. Etter treninga hadde vi berre ein liten tur på ALTI for å kjøpe noko på apoteket, men då vi kom heim vart vi sittande å prate i bilen. Så føremiddagen gjekk fort unna. Eg skulle ut i hagen og jobbe, hadde eg tenkt, men først måtte eg sjå dagens serie-episode.

Så tok eg på meg arbeidsklede og gjekk ut, men der hadde det vore voldsomme regnbyer utan at eg hadde merka det, så det var uråd å legge seg ut i blomsterbedda og styre på. 

Men eg var ikkje arbeidslaus, eg hadde diverse klede å stryke og legge i hop t.d. Og det er alltid noko å rydde inne også. Etter kvart vart det til at eg laga middag  ,og så skulle eg sjå nyheiter, og best det var kobla eg heilt ut og sovna. 

Eg blir litt misfornøgd med meg sjølv dei dagane eg ikkje får gjort ein skikkeleg jobb. Men i morgon er det heimedag, så då får eg slå til. Helgeaft er det for så vidt også. Eg ser på kalenderen og synest desse vårmånadane går så altfor fort, det er no snart slutt på mai også. Og så kjem sommaren-håper eg.

No må eg sette på ein kaffikopp, så eg ikkje sovnar igjen.


Det er her eg skal fylle på med dekkbark, men eg lurer på om eg må ha meir duk under.Det er berre så irriterande at vi må heilt bort i Furene for å få tak i det.

mandag, mai 23, 2022

Dagbok 2022: 23.mai

 

                                      Utsikt mot fjorden ?

Klokka er berre 16.10, men eg trur ikkje det skjer så mykje meir i dag. Eg har vore aktiv til denne tid, så det blir vel ikkje gjort så mykje meir-.

Eg starta dagen tidleg; klokka var 5 då eg vakna og verkte i heile kroppen. Eg fekk ikkje til å sove meir, så då klokka var 6 stod eg opp og tok ein reseptfri sovetablett, dei plar vare i to timar, og det gjorde den i dag også. 

Eg hadde tenkt å slå plen i dag, men det regna bitte lite grann av og til, så eg slo det frå meg. I staden bytta eg på senga mi og sette på vaskemaskina, det blir ein del klesvask om eg er åleine, men eg vaskar ikkje så ofte som før. 

Eg hadde nokre sekkar ståande med hageavfall, eg heiv dei inn i bilen og køyrde på VØR. Men før eg kom så langt hadde eg lossa av dei fem sekkene med bark. Eg har ikkje rygg til å løfte sekker, men eg har utvikla ein måte der eg slepp å bruke rygg. Eg køyrer trillebåra attåt bagasjerommet, og "vippsar" sekkane over. Eg rydda litt her og der i hagen før eg for, og då fann eg ei stor fin saks i kompostbingen; i fjor måtte eg kjøpe sakser, men etter at eg hadde kjøpt, dukka det opp sakser både her og der.

Då eg kom heim att frå VØR såg eg at der stod att ein sekk med hageboss, men det gjer ingen ting, for eg skal bort att på fredag, då skal eg på Biltilsynet, og då er det nesten samme vegen. Eg køyrer bort graset også, for eg vil ikkje ha meir kompostering her no.

Eg gjekk her og surra ei stund, hengde opp klede etc. Då såg eg at Naboen hadde begynt å slå, han slo min  plen ovafor garasjen også. Då var det berre å komme seg ut å slå - for meg også. Klipte berre rundt huset, Skråninga tek eg ein annan dag.

Eg hadde gått og sett etter ein annan nabo-han som hjelpte meg sist eg skulle fornye førerkortet og fann han i garasjen. Han hjelpte meg i dag også, så no har eg fått time på Biltilsynet komande fredag klokka 12.30. Førerkortet som eg har gjeld berre ut månaden, så det hasta litt.

I morgon skal Marit ha bilen sin på verkstad for EU-kontroll. Då skal eg stille opp som sjåfør, slik ho gjorde då min bil var til kontroll. Reknar med det blir trening i morgon, men det blir berre ei trening denne veka, sidan det er helg på torsdag.

Det er stort sett opplett ute, men det er overskya. Eg trur ikkje eg går tur i dag, har hatt bra med mosjon. Eg har ete middag, i dag vart de berre egg og bacon.



søndag, mai 22, 2022

Dagbok 2022: 22.mai

 

                             Stemorsblomstrane blir finare for kvar dag


Klokka er no 19.05, temperaturen ute er + 17 grader C, det har vore lettskya og mykje sol i dag.

I dag vakna eg opp med mykje verk i venstrefoten og hofta + ryggen, det var så viddt eg greidde å gå over golvet. Men underet skjedde i dag også, etter eit par timar var eg i god form. Det er å vere i ro som gjer vondt.

Eg såg på den store skåla med mislukka graut frå i går, og tenkte eg kunne prøve å lage rislappar, eg fann oppskrift på nettet, men eg syntest ikkje det vart så godt. Så eg laga ikkje mykje.

Marit og eg hadde planlagt tur til Plantasjen i dag, og kl.12.30 for vi av garde , i min bil denne gongen, fordi eg skulle kjøpe bark på tilbod 299,-kr for fem sekker. Eg treng ikkje så mykje,men kven veit kva eg kan finne på. Eg greidde ikkje å hive 5 sekker inn i bagasjerommet-ikkje med den ryggen eg har no. Men der er ein veldig søt og kjekk liten "Kineser" der borte som lasta inn. Eg har snakka med han før og han er alltid så hyggeleg.

Då eg kom heim planta eg prestekragar i kjøkkenkassene mine, og sådde blomkarse langs kanten. Eg hadde kjøpt frø for ei stund sidan. Og for nokre frø!!! EG har litt kjennskap til blomkarsefrø, og dei plar ikkje sjå slik ut. Bitte små og ruskete-ikkje var der mykje i pakken heller. Eg hadde kjøpt ein annan blomst også, som eg planta i ei krukke. Så gjekk eg opp til Marit og sat på benken og såg heim att- Då eg gjekk ned att tok eg opp nokre løvetann, Apropos, så har eg aldri sett så mykje løvetann på alle marker  som det er i år.

Til middag i dag, kokte eg poteter og så vart det spekesild, eller rettare sagt nydelig kryddersild frå Coop.

Marit og eg hadde diskutert kva eg kunne gjere med grauten min, og blitt samde om at den kunne gå i brøddeigen. Så etter middag sette eg brøddeig - og mens  den heva, las eg spansk. Brøddeigen heva seg veldig og var langt frå fast å jobbe med, eg måtte bake inn meir mjøl, men no er brøda i omnen og eit brett med bollar står til heving. Får no håpe at det vert brukbart, ein skal ikkje fare stygt med maten!

Denne dagen har gått fort og greitt, og eg har vore bra heile dagen, men viss eg set for lenge i ro, då får eg svi. Eg har ikkje gått på Vernet i dag, men det kan hende eg må klippe plen i morgon.

              Ser litt pjuskete ut-men det blir betre etter kvart-trur eg.


Marit og eg kjøpte oss kvar sin slik, eg trur den heiter "Japansk myrt"eller noko liknande. Den har bitte små rosa blomster, og ein veldig fin grønfarge.

lørdag, mai 21, 2022

Dagbok 2022: 21.mai


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 12 grader C. Det er overskya og det har regna i dag, men akkurat no er det opplett, eller i alle fall nesten. Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet. I dag har eg vore plaga med sundagskjensle heile dagen enda eg har vore på butikk. Det er litt irriterande.

Eg hadde ingen plan for dagen og då brukar det ikkje bli så mykje "gjort" heller. Veret får ta litt av skulda for at eg ikkje har fått gjort noko ute. Eg vakna klokka 6 i dag og fekk ikkje til å sove lenger, for eg verkte der eg plar verke, men eg låg no i ro ei stund og høyrde lydbok før eg stod opp. Eg hadde berre ein ting på programmet i dag og det var at eg skulle på KIWI og handle, men eg venta no ei stund før eg fór. 

Marit skulle fram på gravplassen og plante i dag og eg såg at ho for. Så etter at eg hadde handla køyrde eg fram og såg om ho var der enno. Det var ho ikkje. Men eg synest det er fælt å sjå korleis der ser ut, berre løvetann og gammalt lauv og ikkje stelt i det heile tatt. Parkvesenet som har ansvaret rekk ikkje over alt dei skal passe på. Eg kunne godt ha tenkt meg å tatt opp ca. 100 løvetannrøter viss andre kunne gjere det samme, det er utruleg mykje løvetann i år, har aldri sett det så gult før. Eg har rensa opp på tomta mi, men det kjem kvar dag nye.

Eg hadde kjøpt meg ferdiggrilla kyllinglår som eg  hadde middag, og det smakte veldig godt . Eg kokte rikeleg ris til, og då eg var ferdig med middagen, tømte eg berre melk opp i risen og let plata stå på 1. Det hadde blitt heilt fin graut om eg ikkje hadde sovna framfor TV-en, og det gjekk litt for lang tid. Likevel var ikkje grauten øydelagd, for det hadde laga seg ei brun skorpe i botnen, og oppå der var grauten heilt grei. Den blir nok brukt å ein eller annan måte, for eg likar ikkje å kaste mat, så det unngår eg - stort sett.

Eg hadde eigentleg så smått tenkt meg bort på Plantasjen i dag, men eg kan no like godt vente til i morgon, då er det mindre trafikk. Marit blir kanskje med då.

Det var så fint å gå tur i dag, og det er så friskt og grønt alle stader. Vikelva gjekk stor og kvit og eg tenkte på KWH, men den skaffar oss no drikkevatn, så vi får vere nøgde med det.



fredag, mai 20, 2022

Dagbok 2022: 20.mai

             Det finaste i hagen akkurat no. Perlebusk, trur eg den heiter.


Klokka er no 16.50 , temperaturen ute er + 17,5 grader C, det er lettskya og mykje sol. Det har vore ein nydeleg dag hittil.

Før eg gjekk ut i dag, tok eg fredagsvasken, eg var vel ferdig i 11-tida. Så gjekk eg ut og begynte å ta opp løvetannrøter  igjen- der står kanskje att eit par enno, men eg ser i alle fall ikkje noko gult. Så tømde eg blomsterkassene for mold og planta eit par plantar nede ved komposten. Eg fylte kassene med kompostjord som eg la rundt bærtrea, så spylte eg kassene reine; jord har eg ein sekk frå i fjor, så no er det berre plantar som manglar. 

I heile dag har eg irritert meg over at eg ikkje kjøpte meir på Plantasjen i går. Veit ikkje kvar eg hadde tankane mine . Eg skulle også ha kjøpt bark som dei hadde på tilbod for300++++kr for 5 sekker, for eksempel. Eg skulle hatt med meg ein kvan som kunne hjelpe til med å bestemme. Men eg kan fare bort att når eg vil-der er ope sundag også. Eg fann mykje å gjere ute, og eg kunne godt ha gjort meir, det er berre det at eg har ein rygg som må kvile ofte. Det er mykje å gjere ute i hagen no, og kvar gong eg skulle gå inn att såg eg noko som eg måtte gjere. Før eg gjekk inn var eg opp til Marit ein tur, ho passa Arya. Så var det rett i dusjen.

Til middag i dag vart det same menyen som i går, nemleg grønnsaksalat- Og så la eg meg ut på solsenga med lydbok og kvilte . Eg hadde tenkt litt på å fare på VØR i dag, eg har mange store sekker med hageavfall, men det kjem dagar etter desse.

I går kveld hadde eg heilt gløymt at det skulle vere Møre-Nytt i dag, så klokka var nærmare 1 før eg gjekk inn og henta ut sudokuen . Den vart ikkje ferdig i går og eg har ikkje gjort den ferdig i dag heller, så eg har noko å fundere på. Eg har heller ikkje sett serien min enno, så det blir ein travel kveld. Eg har litt vondt i vestrefoten og hofta så det kjem an på om eg må gå ein tur, å sitte i ro er ikkje bra. Det beste er å klippe plen, men det skal eg ikkje gjere før på mandag, men graset veks.

I morgon skal eg på butikken å handle igjen, eg forstår ikkje at eg må kjøpe så mykje mat. Men no har eg ei liste liggande som eg skriv på, så då får eg kanskje med meg det eg treng denne gongen.

Då vil eg nytte høvet til å ønske alle som er innom bloggen ei fin helg.

I går siterte eg dikt for meg sjølv: Im wunderschøne Monat Mai.

                                                  Als alle Knospen sprangen

                                                  Da ist in meinem Herzen

                                                  Die Liebe aufgegangen

 Eg hugsar godt  dikt, songar og salmar som eg lærte då eg var ung. Det som skjer no hugsar  eg knapt frå kl.12 til middag.

No skal eg gå ut og ta nokre bilde.

            Prover å rydde opp ned mot grensa. Naboane lagar ny mur.

torsdag, mai 19, 2022

Dagbok 2022: 19.mai


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 21-22 grader C -det er lettskya og opplett, med sol innimellom.

Dette har vore ein "lopradag" der Marit og eg har vore på tur til Furene , mellom anna. Det begynte med at fysioterapeuten var sjuk og avlyste treninga, og då måtte vi finne å noko. Det var Marit som køyrde i dag. Vi har lenge snakka om at vi skal på Plantasjen og CO-OP t.d.EG har så mange tankar om kva eg skal kjøpe av plantar etc.., men når eg kjem bort, så kan eg ikkje bestemme meg for noko. Det einaste eg kjøpte i dag var ein kvit margeritt til grava, og så skulle eg kjøpe stemors på KIWI og plante rundt. Marit kjøpte mykje meir.

På COOP gjekk det betre, mat har eg alltid bruk for, og så kjøpte eg ei rimeleg steikepanne i mellomstørrelse-dei er har før er ei stor og ei lita. Ja, eg meiner også at eg har eit arsenal av steikepanner som eg har slutta å bruke ein eller annan plass i huset. Så var vi på apoteket-før vi for heim. Eg tok så turen bort på Askjellhaugen og skulle plante, men først var eg innom KIWI der dei ikkje hadde stemors i dag. Eg hadde heller ikkje spade med meg, så det vart til at eg sette potta ned i jorda mellom dei meir og mindre visne perleblomstrane. (Bildet)

Eg laga meg grønsaksalat til middag i dag, og då eg hadde ete, køyrde eg fram att på gravplassen, no med spade og hanskar-og stemors, som eg fann i beddet her heime. Då låg telefonen att i bilen så eg tok ikkje bilde. Men kven møtte er der? Jo, det var Marit- eg visste ikkje at ho hadde tenkt seg dit.

Eg har altså ikkje jobba verken ute eller inne i dag, og no tel eg på knappane om eg skal gå ut og ta opp løvetannrøter-eller om eg skal gå tur på Vernet. Det er ganske fin sol ute, så eg må i alle fall UT. Men først må eg koke meg litt KAFFI.


 steikepanne i ein 

onsdag, mai 18, 2022

Dagbok 2022: 18.mai


 Klokka er no17.00. Temperaturen ute er +18 grader C og no er det opplett og delvis sol; for tre-fire timar sidan kom det ei voldsom regnbye som varte ei stund, men no er det tørt på asfalten igjen.

I dag hadde eg arbeidsplanen klar, så etter morgonstell + serie på TV gjekk eg ut og klipte Skråninga. Eg stilte klipparen litt ned, for å sleppe å klippe så ofte der nede, Derfor er det ikkje så grønt og fint som resten av plenane. Det var ingen stor jobb å klippe, men så begynte eg å rydde på nabogrensa til Larsen-huset, det vil mellom anna seie rundt den gamle   kompostkassa, der skvallerkålen likar seg godt. Eg  har planta diverse plantar der også, så det vart mykje jobb, elles så tok eg no vekk ugras m.m. langs heile muren. På slutten måtte eg hente ned ein stol såpass eg fekk kvile ryggen av og til. Eg blei akkurat ferdig med den jobben til det begynte å regne.

Eg hadde ikkje mange poteter att i kjøleskapet mitt, men kokte dei som var og skulle ha dei attåt resten av spekesilda mi. Den hadde stått i kjøleskapet nokre dagar. Den var ikkje god i dag, men eg åt nesten alt, åt mykje raudbetar og tyttebærsylte til+ poteter så då fekk eg i meg det meste. Det blir ei stund til eg kjøper spekesild igjen-i alle fall frosen.

Eg skal ikkje stikke under stol at eg var litt sliten, så det var godt å sette seg i godstolen og sløve ei stund. Det blir ikkje meir hagearbeid i dag, og eg trur eg må sløyfe turen på Vernet også, for i morgon er det trening igjen. Vi miste ein treningstime denne veka sidan 17.mai var på ein tysdag. Eg skal dessutan handle litt både på ALTI og på matbutikk.

No skin sola for fullt igjen, det er triveleg.

Det er finare i hagen til naboen enn hos meg. Dei har mellom anna fleire raude rododendron; eg har berre ein -  som står på oppsida av huset. Eg har no planar om å kjøpe litt til hagen i år også, men det er enno tidleg på året. Eg har mange sekker med hageavfall no, så det blir snart ein tur på VØR igjen.



tirsdag, mai 17, 2022

Dagbok 2022 -17.mai.


Klokka er no 18.15,temperaturen ute på trappa er + 19 grader, tidlegare i dag var det meir enn 20 varmegrader. Ein nydeleg 17. mai etter å ha vore snytt for feiringa i to år. For tre år sidan var det også nydeleg vêr.

Eg hadde tenkt å halde meg i ro heime åleine i dag, men slik vart det ikkje.

I går kveld fekk eg melding frå Einar om at han og Audun ville kome ein tur i dag. Eg hadde ikkje så mykje spennande mat i huset, men eit kvart kunne eg no servere.(Husmødre tenker alltid på mat.)

I dag tidleg var eg ute og hengde opp flagget då eg vakna klokka 5. Men eg la meg inn på senga og sov vidare eit par timar. Etter at eg hadde ete frokost og sett serien min på TV, farga eg håret  og dusja.

Eg sat ei stund oppe hos Marit på solbenken og prata ei stund, før eg gjekk ned att og laga ei vaffelrøre, det er likson det eg tyr til når eg ikkje har noko anna spennande. Gutane kom som planlagt og vi åt vaflar og bollar og is. Margrete ringde og sa at ho ville ta av sitteplassar til oss i Laguneparken der det skulle vere"folkefest" i 16-tida. Det er nokre år sidan eg har vore i Vik 17.mai, men eg kan ikkje tru der har vore så mykje folk nokon gong før. Og vi måtte køyre ei heil runde for å få sett frå oss bilen. Vi fann Margrete og Svein i Laguneparken (bildet) og alle fekk sitte utan Audun, men han kunne godt stå ei stund og glitre i den fine uniforma si.

Der var mykje underhaldning frå scena, både korps, to songkor, tale og så kom høgdepunktet (for oss) til slutt. Det var Erlend og tre andre gutar som spelte og song, Beatles-låtar og anna. Det er Erlend som snakkar og presenterer låtane, han har ikkje problem med å ta ordet. Alle som viste seg på scena fekk applaus og det såg ut til at alle i publikum  kosa seg.

Margrete køyrde meg heim, for Einar og Audun måtte fare først, for Audun skulle reise til Oslo igjen i dag. Og Margrete skulle køyre Erlend tilbake til Volda, så dei måtte berre fare.

Då eg kom heim , fann eg ut at eg ville gå ein tur på Vernet for eg hadde ikkje fått så mykje trim i dag. Fint der oppe i dag- og frisk vind som vanleg. På murdelen av Vernet er det flagg på annankvar gjerdestolpe, i dag talde eg flagga og kom til 103. Då rekna eg ikkje med dei som stod på brua.
 




Eg skulle ha tatt bilde i Vik i dag, men eg stoler på at Margrete filma dei musikalske gutane. Det vart i alle fall ein fin dag.

mandag, mai 16, 2022

Dagbok 2022: 16.mai


Klokka er no17.55, temperaturen ute er + 15 grader, og sola har skine frå skyfri himmel i heile dag. Eg var så tidleg oppe at eg fekk oppleve å ha sol på kjøkkenet også. Det er ikkje så ofte. Etter frokost + serie etc gjekk eg ut og begynte å arbeide, Det var plenstykka opp mot vegen som måtte pyntast litt til 17. mai. Eg tok først løvetannrøtene, så tok eg beddet og til slutt klipte eg graset både der og borte ved postkassa. Meir hadde eg ikkje tenkt å klippe i dag. Eg gjekk inn og fann meg mat og drikke før eg la meg ut på altanen på solsenga med lydbok på øyra. Eg trur at eg sovna ganske fort , for klokka hadde gått eit stykke då eg vakna. Det er ikkje så rart at eg sovnar om dagen for eg vaknar veldig tidleg om morgonen, i dag stod eg ikkje opp før eg vakna for tredje gong og då var klokka sju- eg legg meg ikkje tidleg om kvelden heller.

Eg hadde tenkt å halde fram med å ta opp løvetann-røter nedafor huset, men så hadde graset vakse så mykje i løpet av dagen at eg ville klippe rundt huset også, og det gjorde eg, så no er det berre Skråninga att og den får eg ta på onsdag-trur eg. Dermed held eg meg til tradisjonen om å klippe to gonger før 17.mai. Når eg lukar og tek opp løvetann etc. får eg vondt både i ryggen og føtene, men å klippe plen går heilt fint, men eg skal ikkje gå tur på Vernet i dag/kveld- 

Det var to eg skulle ønske var litt nærmare: Wenche med hekksaksa og Rasmus med motorsaga.

Marit og eg har ikkje tenkt oss ril Vik i morgon, vi har ikkje rygg og føter til å labbe rundt. Eg har ikkje kjøpt inn noko godt heller, men eg har is og kaffi om nokon skulle forville seg inn.

No skal eg tømme oppvaskmaskina og rydde litt, men i fineveret bryr eg meg mest om å ordne ute. Eg ser fram til å plante og så litt av kvart, gartnaren på Eid sa alltid at ein ikkje skulle plante noko før 17.mai. Eg ventar litt til eg ser kva som kjem att og kva som må fornyast.



Då vil eg ønske alle ein fin 17.mai. Det er tre år sidan sist vi feira- og i år feirer vi fridommen vår, mens andre er i krig. Det gir i alle fall meg litt å tenke på.

Eivind Trovåg har fødselsdag på 16.mai- og no er det 20 år sidan han kom til verda. For tida studerer han realfag i Tromsø , men får vel snart reise heim på ferie.

Dette er heile familien til Rasmus. Bildet blei tatt i fjor sommar på moloen i Trovågen. Eivind er nr. 2 frå venstre-og den høgaste i familien.

Gratulerer med dagen Eivind!

søndag, mai 15, 2022

Dagbok 2022 : 15.mai

 

Dei har sett små flagg på annankvar gjerdestolpe heile vegen på framsida av vernet. Slik var det i fjor også.


Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +13 grader, det er lettskya og fint no, men tidlegare i dag regna det. Eg kom nettopp heim att frå ein tur på Vernet, kom meg no ut ein liten tur i dag også. Eg ville gjerne gått lengre turar, men eg er ikkje heil god i venstrefoten. Trefte både folk eg kjenner og ikkje kjenner, men snakkar med alle likevel. Det er skikk og bruk på Vernet, det.

I går kveld/natt etter at det var slutt på MGP sette eg meg til med ein sudoku som eg ikkje hadde fått til tidlegare på dag, men  då begynte det å lysne. Sidan det leid så langt, måtte eg berre legge meg, men tok att sudokuen i dag etter frokost- Løyste den fort og greitt då. Etterpå las eg ferdig lydboka og blogga om den. Strikka litt og høyrde radio. Veret var ikkje slik at eg hadde lyst ut akkurat då. Eg begynte å gjere klar middagen. Eg har kjøpt spekesild ganske ofte denne våren, har kjøpt julesild på tilbod, og vanleg vakuumpakka sild på CO-OP. Alt har vore fantastisk godt. I går kjøpte eg vanleg dypfryst sild på KIWI, nok til to middagar. Den tok eg opp og la i vatn i dag tidleg, og så laga eg kålstuing og kokte poteter til. Eg gleda meg til å ete den herlege maten, men vart skuffa. Silda var fin å sjå til, men smakte på ingen måte så godt som dei eg har hatt før. Men eg åt no opp maten, og har til middag i morgon også-kanskje litt betre då, og mindre salt.

Eg sette meg inn til TV-en og slappa av, men så begynte eg å sjå kva som foregikk. Det såg ut som om det var nokre gæmlisar som for og rota litt , men der var instrument og musikk. Etter kvart gjekk det opp for meg at det var ein slags konsert. Og var det verkeleg Ole Paus som gjekk der og svima? Ja, det var det. Og Lill Lindfors song- og der var Frode Alnes på Gitar og Ketil Bjørnstad på piano. der var to damer til som song -og det var altså konsert! Men det såg veldig avslappa ut. Eg vart sittande å sjå og høyre. Det var så ulikt dei fleste andre konsertar dei sender på TV. Men etter kvart greidde eg å komme meg ut-og bra var det. Slike sundagar som i dag blir litt for  sløve for meg. Eg er ikkje så flink til å fare på tur åleine slik mange andre gjer. No er eg spent på om det blir plenklipp i morgon, men håper eg kan la graset stå til den 18.



Dette har eg sett før også, raude og gule tulipanar som veks i lag, blandar fargane.

Bok nr. 9 - 2022: LØVETEMMEREN


 Endelig en ny bok om Erica Falck og Patrik Hedström!


Det er januar og veldig kaldt i Fjällbacka. En halvnaken jente kommer løpende ut av skogen, rett ut på veien foran en bil. Sjåføren rekker ikke å stoppe. Da Patrik Hedström og hans kollegaer blir varslet om ulykken, er jenta allerede død. For fire måneder siden forsvant hun på vei hjem fra den lokale rideskolen, og siden er det ingen som har sett henne. Det viser seg at hun er blitt utsatt for en forbrytelse, og Patrik Hedström og hans kollegaer frykter at hun ikke er alene om denne skjebnen.
Samtidig holder Erica Falck på å grave i en gammel sak. En familietragedie som førte til en manns død. Gang på gang besøker hun mannens kone, som ble dømt for drapet, men Erica får ingen svar.. Hva er det kvinnen skjuler? Erica kjenner på seg at det er noe som ikke stemmer. Og det virker som om fortiden kaster sine mørke skygger over nåtiden.
Løvetemmeren er Camilla Läckbergs niende krim om Erica Falck og Patrik Hedström.
.........................................................................................................................................
Eg les ikkje så ofte lydbøker lenger, for nokre år sidan las eg ikkje så mykje anna.
Denne boka las eg på Storytel etter at eg hadde lese  det Margrete skreiv om den på bloggen sin.
Eg fekk litt problem heilt frå starten-med å halde styr på alle personane etc. FØR då eg las mest lydbøker, brukte eg ofte å skrive ned namna på personane i boka, og litt om kvar. Det skulle eg ha gjort her også,for eg streva veldig med å halde orden på folka.

Eg har lese veldig mange bøker av Camila Lãckberg, der hendingane er lagt til Fjãllbacka. Ein gong vi var i Sverige køyrde vi ned til denne vesle kystidyllen, og gjekk rundt der. Vi såg m.a. bysten av Ingrid Bergmann som var derifrå. Eg ser enno for meg korleis der såg ut.
Men til tross for at eg har lese mange av bøkene , og sett filmar som bygger på dei, er eg ikkje så begeistra for dei. Her er for mykje familieliv, for mange bollar og tekoppar, for mange mødrer og svigermødrer- kort sagt :for mykje familieliv. Eg ville hatt meir fokus på det kriminelle- sidan det er krim.  At eg ikkje greidde å halde styr på alle folka i denne boka, skal eg ta skulda for sjølv.

lørdag, mai 14, 2022

Dagbok 2022: 14.mai

 




Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 10 grader C. Det har vore regnbyger i heile dag, men av og til har sola vore framme aldri så lite.

Eg var tidleg oppe i dag, og mykje av føremiddagen sat eg og la kabal på datamaskina mens eg høyrde lydbok. No er det berre vel ein time att av boka , så då blir eg ferdig med den i kveld.

Eg visste liksom ikkje kva eg skulle ta meg til i dag, for no er eg mest fokusert på kva eg skal gjere ute, og der blir det ikkje gjort noko i dette veret. Men ein tur på butikken hadde eg planlagt og slik blei det. Det hadde kome mykje post i kassa i dag, mellom anna blader PENSJONISTEN, og der er det nokre utfordrande sudokuar, såpass eg har noko å bryne meg på.

Marit var også heime åleine i dag, så ho kom ned til meg og drakk kaffi og prata. Det var no kjekt. Eg går heile tida og sjekkar om det er fint nok ver til å gå tur på Vernet, men best som det ser bra ut, så høljer det ned igjen.

I kveld blir det no litt spenning med MGP- eg har ikkje gjort meg opp noka meining om kven som kan vinne. Eg forstår meg ikkje så mykje på den moderne musikken-det skal eg innrømme.

No trur eg at det går an å komme seg ut litt- Såpass eg får ta bilde til bloggen.

PS: Det blei tur på Vernet i kveld og der trefte eg ei kollega-venninne . Vi vart ståande og prate ei god stund. Og veret vart finare og finare.





fredag, mai 13, 2022

Dagbok 2022: 13.mai


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 9 grader og i dag har det regna nesten utan stans. Eg var relativt tidleg ferdig med husarbeidet og kunne hatt god lyst til å gjere noko ute , men det er no grenser for kor vått ein vil ha det. Etter at eg hardde tatt fredagsvasken, klesvasken m.m. fekk eg løyst Sudokuen, eg fann fram til ein metode eg ikkje har brukt før. Eg løyser sudokuar for å trimme hjernen-og så synest eg det er kjekt-når eg får dei til. I dag kokte eg risgraut, det er ei stund sidan sist, men det er godt med graut av og til, og så får eg brukt opp melka som eg alltid må ha i hus. No får eg kjøpe ny melk i morgon.

Spanskboka kom også fram i dag, eg må prøve å halde kunnskapane ved like-eller aller helst kome litt lenger. Etter kvart kom strikketøyet fram, og eg vart sittande framfor TV-en  og sjå på krig og elende.

No er det litt lysare ute, det er typisk at veret blir betre mot kveld, så det blir kanskje råd å gå ein tur. Det gjer godt  for foten og hofta å gå, det er når eg sit lenge i ro eg blir så elendig.


På siste sida av Møre-Nytt er det alltid ein slags intrevju med ein lokal "kjendis" -og i dag var det Erlend. Den guten er noko for seg sjølv- på ein god måte.

Eg vart spurd om å vere på sistesida ein gong for lenge sidan- men då takka eg nei..

Eg tenkjer mykje på at det vart vel mykje regn på gjødselen min, men det er ikkje noko å gjere med det. Håper det blir fint og tørt til mandag, så eg får klippe før 17.mai. Som de ser på bildet er det fint og grønt ute no.

torsdag, mai 12, 2022

Dagbok 2022: 12.mai


 Klokka er no 16.34, temperaturen ute er + 10 grader, og det har regna stort sett i heile dag. Så gjødselen som eg hadde ut er vel oppløyst, om den ikkje har rent vekk. I dag då eg stod opp var eg veldig låk i venstre foten og hofta,men eg kom meg no på trening, og på butikken etterpå.

Då eg kom heim tørka eg støv og støvsuga i stova og gangane, eg prøvde å unngå å sette meg i ro. Til middag i dag vart det grønsaksalat med Apetina -ost etc. Etter middagen har eg sete i godstolen, sett nyheiter og slappa av. 

Har lagt opp ein lest som eg strikka litt på, men eg er ikkje så ivrig å strikke no. Genseren min la eg siste handa på i går, vaska den og lagden på badgolvet i natt- så no er den ferdigstilt. Den er veldig mjuk og god, men eg angrar litt på at eg ikkje strikka den eit nummer større-men eg får heller prøve å ta av eit kilo eller to- så blir den stor nok. No held sola på å komme fram, det er typisk at det blir finare ver mot kveld.Det er i alle fall veldig grønt og fint ute, og eg trur nok eg må klippe plenen ein gong til før den 17.mai.

I dag skulle eg ringe bort på biltilsynet og bestille time for å forrnye førerkortet. Eg hugsar at eg måtte bestille for to år sidan, men då var det midt i Korona-tida. Eg ringde nummeret som eg fann, men det viste seg å vere eit nummer for heile regionen, trur eg, for eg fekk beskjed om å taste både her og der-og då la eg på røret ! Kan dei ikkje ha eit nummer som vi kan ringe til direkte? Når det skal vere slik , kan eg like godt berre fare bort utan å bestille. Eg kjenner no folk som jobbar der. Fristen er 1. juni, så det hastar ikkje. Det er mykje slikt som gjer det vanskeleg for eldre folk-heilt unødig.

I kveld er det vel 2. semifinale av MGP- eg har ikkje heilt sansen for den moderne musikken, men eg likar no å sjå og høyre likevel. Eg kan no strikke på lesten min. Venstrfoten er mykje betre no enn den var i dag morgon. I morgon er det fredag og "heimedag". Eg har ikkje opna spanskboka etter at vi slutta, men no skal eg ta den fram og repetere litt. Må halde kunnskapane ved like. Neste veke blir det berre ein treningsdag, for 17.mai har vi fri. Hurra !


onsdag, mai 11, 2022

Dagbok 2022: 11. mai



Klokka er no  17.08, temperaturen ute  er + 13 grader. Det var regn før i dag, så har vi hatt ei stund med opplett, men no er ei regnbyge på veg att. Det er heilt greitt for no har eg hatt utover nesten all gjødselen eg kjøpte, og då gjer det godt med væte.

På føremiddagen regna det så mykje at eg ikkje kunne gå ut og gjere det eg hadde tenkt, men eg hadde litt å styre med inne. Mellom anna så tok eg og gjorde heilt ferdig genseren som eg har strikka, vaska den og la den til tørk. Det var sånn litt finmotorisk arbeid som stod att til slutt og det er ikkje mi sterke side. 

Til middag i dag hadde eg att eit par pannekaker frå i går - så fann eg litt dessert i frysaren-og så hadde eg ein kaffikopp til. Ein kan no ikkje leve like godt kvar dag.

Då det letta opp gjekk eg ut og begynte å gjødsle. Eg hadde tre sekker med gjødsel, eg har brukt 2,5, let det vere litt att som eg kan bruke viss det blir prekært ein eller annan stad. I fjor gjødsla eg med to sekker-det er for lite, mosen trivst så altfor godt og då blir det tungt å klippe.

Eg skulle absolutt ha tatt opp fleire løvetann-plantar, men ryggen spelar ikkje heilt på lag; eg må ha stolar ståande så eg kan sette meg ned innimellom. Eg kan ikkje syte og klage for alt, det er mykje som følgjer med alderen-og eg har det no ikkje så verst. I morgon er det trening igjen, og vi skal handle på Spar. Marit er flink å passe på tilbod og slikt, eg kjøper det eg treng .og av og til det eg har lyst på. Eigentleg ville vi helst ha handla på Co-op, men då må vi til Furene i Volda. Eg er litt sur for at mange Ørsta-butikkar har hamna der. No skein det litt opp igjen, regnet kom ikkje no, men på skjermen framfor meg, står det "Regn kommer"og då gjer det vel det

Eg kom til å tenke på Bjørg Kragset i dag. 11. mai var fødselsdagen hennar. Ho hadde blitt 82 år i dag om ho hadde fått leve. 

Epletreet står klart til blomstring, men når eg får ein kvan til å hjelpe meg, må det klippast tilbake-  men først skal det blomstre !

Sidan eg sat så mykje i ro på føremiddagen, vart eg låk i venstre foten, men no lurer eg på om eg skal gå ein tur.

PS: Det blei ingen tur for eg fekk besøk av ein nabo.

Det kom regn på gjødselen min, slik eg hadde planlagt, og regnbyer skal det bli fleire av. 

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...