onsdag, mai 18, 2022

Dagbok 2022: 18.mai


 Klokka er no17.00. Temperaturen ute er +18 grader C og no er det opplett og delvis sol; for tre-fire timar sidan kom det ei voldsom regnbye som varte ei stund, men no er det tørt på asfalten igjen.

I dag hadde eg arbeidsplanen klar, så etter morgonstell + serie på TV gjekk eg ut og klipte Skråninga. Eg stilte klipparen litt ned, for å sleppe å klippe så ofte der nede, Derfor er det ikkje så grønt og fint som resten av plenane. Det var ingen stor jobb å klippe, men så begynte eg å rydde på nabogrensa til Larsen-huset, det vil mellom anna seie rundt den gamle   kompostkassa, der skvallerkålen likar seg godt. Eg  har planta diverse plantar der også, så det vart mykje jobb, elles så tok eg no vekk ugras m.m. langs heile muren. På slutten måtte eg hente ned ein stol såpass eg fekk kvile ryggen av og til. Eg blei akkurat ferdig med den jobben til det begynte å regne.

Eg hadde ikkje mange poteter att i kjøleskapet mitt, men kokte dei som var og skulle ha dei attåt resten av spekesilda mi. Den hadde stått i kjøleskapet nokre dagar. Den var ikkje god i dag, men eg åt nesten alt, åt mykje raudbetar og tyttebærsylte til+ poteter så då fekk eg i meg det meste. Det blir ei stund til eg kjøper spekesild igjen-i alle fall frosen.

Eg skal ikkje stikke under stol at eg var litt sliten, så det var godt å sette seg i godstolen og sløve ei stund. Det blir ikkje meir hagearbeid i dag, og eg trur eg må sløyfe turen på Vernet også, for i morgon er det trening igjen. Vi miste ein treningstime denne veka sidan 17.mai var på ein tysdag. Eg skal dessutan handle litt både på ALTI og på matbutikk.

No skin sola for fullt igjen, det er triveleg.

Det er finare i hagen til naboen enn hos meg. Dei har mellom anna fleire raude rododendron; eg har berre ein -  som står på oppsida av huset. Eg har no planar om å kjøpe litt til hagen i år også, men det er enno tidleg på året. Eg har mange sekker med hageavfall no, så det blir snart ein tur på VØR igjen.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...