torsdag, mars 31, 2022

Dagbok 2022: 31.mars


 Klokka er no 19.57, temperaturen ute er + 2 grader, det er lettskya og fint. 

I går kveld før eg la meg såg eg at det var kome litt nysnø, og heldigvis kom det ikkje så mykje meir om natta.  Ei stund etter eg var oppe i dag, lava det ned, men det vart ikkje så gale, så Marit køyrde oss til treninga i dag. På heimvegen handla vi på Kiwi, men det var ikkje så mykje eg skulle ha.

Vi sit alltid og pratar ei stund i bilen før vi går kvar til vårt, slik også i dag. Så då var det på tide å tenke på middagen, Det var om lag ei veke sidan sist eg laga skikkeleg middag, så i dag måtte eg lage noko godt. Det vart steik ørret med poteter og grønsaker. Det var kjempegodt. 



Eg måtte kvile ei lita stund etter maten, men så tok eg meg sjølv i nakken og begynte på eit arbeid som kjem til å vare ei stund. Ikkje det kjekkaste eg veit, men kjekt når det er gjort. Eg snakkar om skaprydding. I dag vaska og rydda eg kleskapa på soverommet og prøvde å lage eit system. 

Sidan det var så fin sol akkurat då, heiv eg ut teppa på soverommet og datarommet og vaska golva. Eg kunne ha tatt resten av fredagsvasken også, men eg var ikkje så veldig arbeidsvillig i dag. Har ikkje hatt den heilt store energien i det sist, men håper eg kjem meg når eg skal begynne ute. Eg likar ikkje at det vart snø og kaldt igjen no når vi hadde det så fint.

Eg gjekk ikkje tur i dag; sidan eg hadde vore på trim, måtte eg skåne foten min litt.  Eg har sete ei god stund framfor TV-en. Ser ein del nyheiter sjølvsagt og litt anna,

Eg håper eg greier å komme meg bort i Furene i morgon og handle på El-kjøp. Eg har ikkje vore der borte sidan før jul. Der er visstnok kome ny Coop-butikk også. At butikkane flyttar bort i Furene, vil seie at dei flyttar til Volda. Eg ville heller at vi skulle hatt fleire butikkar her i sentrum, slik som det var før. Her er plass nok.

I dag har eldste jenta til bror min fødselsdag, eg har rekna ut at ho er 57 år-

Eg hugsar enno så godt då vi fekk vite at ho var født; vi budde hos Ragnhild på Raudeberg då, og ho kom med beskjed om at det var telefon til oss. Skal seie det har endra seg frå den tida. No er telefonen blitt ein legemsdel-nesten. Gratulerer til Audny og familien!


onsdag, mars 30, 2022

Dagbok 2022: 30.mars


 Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 7 grader. I går fekk eg sjokk då eg såg all snøen, i dag var det sjokkerande fint vêr, med sol frå skyfri himmel. Men det var nokså kaldt, så eg var glad for at eg hadde moka tunet i går, elles veit eg ikkje om eg hadde kome meg av garde med bilen i dag. Og i dag måtte eg ha bil for eg hadde med meg to digre nett med permar som Eli skulle ha. Det var resultatet av mine 11 år som"skrivar".Eg køyrde Eli heim så ho slapp å bere netta. Ho vart veldig begeistra for bilen min. Ho og Terje har ein som er vesentleg større.

I dag var det siste spanskleksjonen før sommaren, men vi har fått mykje lekse som vi skal gjere før vi tek til att til hausten. Etter spansktimen var eg ein tur på ALTI. Det var noko medisin eg skulle ha, og så kjøpte eg ein genser til, samme sorten som eg kjøpte sist fredag, men den eg kjøpte i dag var grøn. Eg fann ut at den grønfargen matcha ein farge på den blå kofta mi. Eg trefte ei pensjonistvenninne som også var og handla. Ho køyrer også sin eigen bil- og ho er 86.

Då eg kom heim åt eg litt, såg litt på TV etc. Og så gjekk eg ein tur på Vernet. Foten er ikkje god, men eg smurde den inn med betennelseshemmande salve. Det vart ikkje heilt bra, men kanskje det hjelper viss eg brukar salven(Voltarol) nokre dagar. 



I morgon er det trening, og på mandag skal eg på kurs om korleis ein brukar banken på nett etc. Det er Sparebank 1 som inviterer, det er for alle eldre, men der er påmelding, for vi skal få mat(gratis).

Fredag må eg komme meg bort på EL-kjøp og kjøpe komfyr til kjellarleilegheita og tørketrommel til meg sjølv. 

I dag skjedde det noko i Starevegen. Severin har saga ned den store, flotte bjørka som stod ned mot vegen. Den var fin å sjå på, men det kan hende det var sikrare å ta den ned. Ikkje kjekt når store tre veltar.

I fjor hadde eg så mange potter med løkblomster. Når dei var visna grov eg dei ned i beddet nedanfor garasjen. No kjem det opp både det eine og det andre. To potteroser planta eg også, og det ser ut til at dei lever. Det er berre eitt aber og der er at alle kattane i nabolage likar å gå på do i det beddet, fordi der er så laus og fin(kjøpe-)mold.

No kom Marit U men ei potte med påskeliljer, så no blomstrar det inne også.



tirsdag, mars 29, 2022

Dagbok 2022: 29.mars


                                           Akkurat no klokka 16.36

Det er + 5 grader på trappa, og sola er framme så vidt det er. 

Kvar morgon når eg står opp går eg bort til altandøra og dreg frå gardinene. I dag fekk eg nesten sjokk. Eg var budd på at det kunne vere litt kvitt på marka, men ikkje at det skulle vere full viner og mykje snø. Og i dag skulle vi på trening. Eg såg på snøen som låg på tunet og kom til at den greidde eg ikkje å moke bort på kort tid, klokka var nesten 8, og vi plar køyre kl.9.45. Så det vart til at både Marit og eg sende melding om at vi ikkje kom i dag. Så tidleg på morgonen som det enno var, så var ikkje vegane brøyta heller, men bilane køyrde i djupe spor. Men i morgon MÅ eg ut med bil for då skal eg på spansk-kurs og ha med meg alle permane til pensjonistlaget. Vi har eit skap på Bakk-Ola.

Slik ser det ut no, eg har ikkje vore i garasjen i dag, men eg har vore bort til Urke sitt hus, då hadde eg dei store gummistøvlane mine.
Det verste er at eg har parkert mokebrettet i tilbygget, så eg må vaspe ned og hente det.
Men når eg skulle vere heime heile føremiddagen, så måtte eg få gjort noko. Eg skulle støvsuge teppegolva, og det gjekk no greitt, eg tørka støv etter kvart, og så oppdaga eg at kopar og messing trong å bli pussa, så gjorde eg det, og med det samme eg var i gang fann eg fram gule lys m.m. og begynte påskepyntinga. Tenkte eg kunne gjere det slik som til jul-pynte litt og litt. No kom eg på den gyselege påskepynyten som Margrete og eg såg då vi var på Alti sist fredag, det var nokre figurar som såg ut som halvdaude høner. Slikt vil eg ikkje ha. Men eg har kunstige "pusekattar" som eg kjøpte i fjor.
Eg hadde kjøpt inn rikeleg med melk til helga, så i dag vart det risgraut til middag. Etterpå vart det ein liten middagskvil i godstolen. Eg vakna veldig tidleg i dag, så eg var litt trøtt.
Eg skal kjøpe både komfyr til kjellerleilegheita og tørketrommel til meg sjølv, tenkte å kjøpe det samtidig, så blir det berre ein transport, og eg sender med dei det gamle med det samme. Men først må det bli bert så det blir råd å gå ned til kjellerinngangane. Helge var her i går og såg på komfyren, men han trudde ikkje det var noko å reparere på. Den er no ganske gammal. Eg er så heldig som har Helge til å hjelpe meg med slike ting.Det er berre å sende ei melding på telefonen.
Eg må visst bite i det sure eplet og finne fram att mokebrettet, eg greier ikkje å moke alt med spade. No skin sola litt men på PC skjermen, nedst nede, står det Regn/snø snart.   Så veit vi det

n.
Eg har tatt inn posten og vatna blomster til naboane i dag også, men dei kjem heim att i løpet av dagen.



mandag, mars 28, 2022

Dagbok 2022: 28.mars

 

                                           Akkurat no kl.20.25

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 5 grader. Veret er skiftande, litt snø, sol, regn, hagl,snø etc.

I dag har eg ikkje gjort mykje, mesteparten av tida har eg berre surra rundt. Marit var her på føremiddagen og fekk kaffi og gulrotkake, elles har her ikkje vore så mykje trakk akkurat. Eg sende bod på Helge fordi det var trøbbel med steikomnen i kjellaren, men då Helge kom, var leigebuarane vekke, og dei er ikkje komne att enno. Så Helge for heim til seg sjølv, men han fiksa vipsen min før han gjekk. 

Ellen Marie ringde og vi prata LENGE, så lenge at telefonen min vart tom for straum, så no ligg den på ladding. Eg skal sende bod på Helge når dei kjem att nede, så eg kan ikkje gå nokon stad i mellomtida. Å vente på noko/nokon er noko av det verste eg veit.

Dette vart visst veldig pessimistisk, men eg har det i grunnen heilt bra. Marit U ringde frå Bergen, dei tok seg ein dag ekstra og kjem ikkje heim før i morgon. No kom eg på at eg må ut og sjå etter post. Vi greier ikkje å halde styr på kva dagar det kjem post, for det er ulikt for kvar veke dvs. ei veke får vi post Måndag-onsdag fredag; og den andre veka tysdag og torsdag. Men aviser kjem kvar dag.

No har Helge vore her for andre gong, og han har sett på komfyren. Han meiner at det er altfor mykje styr og for dyrt til å reparere, så han tilrår å kjøpe ny komfyr. Då tenkte eg at eg kunne kjøpe komfyr og tørketrommel på samme tid, så vart det greitt med leveransen. Fram og tilbake.

Helge kom med det samme han var ferdig på jobb, men då var dei ikkje heime i kjellaren, så han måtte komme att klokka 19.30.Litt av ein bursdag eg har hatt. No må eg vippse litt til Helge, han ville ikkje ha betalt.


søndag, mars 27, 2022

Dagbok 2022: 27.mars


 Klokka er no 18.04,temperaturen ute er +10 grader C. Det har vore opplett i heile dag, trur eg, og ei stund skein sola. I dag greidde eg å ligge i ro til klokka var nesten 9, så det hjelper med sommartid. (Eg legg meg ikkje tidleg).

Eg har vore litt lat i det siste, men håper eg får arbeidslyst igjen. I dag hadde eg ikkje planlagt noko, så eg vart sittande å strikke og sjå TV . Etter kvart fann eg ut at eg skulle lage kjøttkaker av deigen eg hadde kjøpt, så no har eg enda meir mat i frysaren.

Bodil ringde og vi hadde ein lang prat, eg håper eg skal komme meg ein tur til Eid snart, for det er så altfor lenge sidan eg var der sist. Svein er no åt og tenkjer på at han skal skifte dekk på bilen min, men Bodil og eg meiner han må få ifrå seg nokre legetimar først.

Då det leid på dag vart det brått så fint ver og sol ute, så då heiv eg meg rundt og gjekk ein tur på Vernet, men eg måtte ha dei gamle støvlettane for å få plass til den vonde foten.

Innimellom øver eg på spansk-leksa. Det er siste timen før ferien no onsdag. Lærdommen går ikkje så lett inn no som då eg var ung, men eg tek det som hjernetrim.

Då eg kom heim att frå turen min låg her melding om at steikomnen på komfyren i kjellaren  ikkje virka, så no må eg snakke med Helge igjen, han har fått fred lenge no. Eg tenkjer på det at eg trur det går mykje i pizza og då må ein ha steikomn. Det er ikkje berre netto når ein leiger ut, men det er første gongen det har vore noko med desse leigebuarane.

I morgon er det heimedag, så det går an for representantar for "storfamilien" å komme på besøk, men eg vil gjerne vite det på førehand. Feiring er utsett til påske-det er no ikkje så lenge til I dag sette eg på ein klesvask og då eg såg brødmaskina, som står i kjellaren, kom eg på at den skulle eg tatt fram då Margrete var her. Eg har det med å gløyme, men eg har i alle fall hugsa å vatne hortensiaen til naboen, så den lever i beste velgåande. 

Marit ville ha meg med på hornmusikk-konsert i dag. Eg var der ein gong før og det var kjekt, men akkurat i dag hadde eg ikkje lyst. Marit skulle gå i lag med ei anna dame også, så ho vart ikkje åleine.

No må eg sende ei melding til Helge-håper han kan ta på seg å sjå på kkomfyren, men kan den ikkje reparerast, må eg kjøpe ny. Verre er det ikkje.



lørdag, mars 26, 2022

Dagbok 2022: 26.mars

 

Klokka er no 17.37, temperaturen ute er + 7 grader C. No er det overskya, men opplett,men på føremiddagen hadde vi sol.

Eg var oppe i 8 -tida og etter frokosten +++ tok eg ein tur på butikken, så i dag har laurdag vore laurdag og ikkje sundag (som vanleg). Eg laga glasur og gjorde ferdig gulrotkaka mi. Stort meir har eg ikkje gjort i dag, men eg har øvd på spansken, strikka etc. Med andre ord har eg vore litt lat. Eg hadde lyst å gå tur, men det hadde ikkje føtene mine, så eg tenkte dei fekk sleppe. Høgre foten er framleis litt vond, men røntgenbilda har ikkje avdekt noko gale. Venstre hofta har vore dårleg i mange herrens år, men den var mykje verre før enn no. Litt lyt ein vel finne seg i når ein blir så gammal.

I går fekk eg brev på "Helsenorge" frå legen min. Eg fekk resultatet av blodprøva eg tok sist tysdag. Det vart ein litenopptur for det var ingen endring sidan sist eg tok prøve og det var 17.desember. Så då utviklar det seg ikkje fort i alle fall.

Eg skulle sikkert ha vore ute og raka i dag, for der er enno mykje singel att på plenane, men eg hadde ikkje rekna med at det skulle bli så fint vêr- Eg ser at det dukkar opp krokus over alt no, og hgraset er litt grønare somme stader.

Eg hadde ein herleg lunsj i dag med ostar, kjeks, druer og meir som eg fekk i gåve frå Margrete i går.

Det var Margrete som gjorde meg obs på nokre "pologenserar" på Cubus i går. Eg kjøpte ein svart og den har eg gått med sidan. Den er langerma og er god å ha under kofter og genserar. Eg skal kjøpe meg ein til, for no veit eg at nummeret også passar- No blir det vel meir strikketøy og TV-eg har nettopp lagt i omnen, så eg skal ha det varmt og godt. Eg blir frostig når eg set så mykje i ro .

Om eg skal sløkke lyset ei stund i  kveld har eg ikkje bestemt enno. Som regel gløymer eg det. Det eg ikkje gløymer er at eg skal stille klokka ein time fram, for det har eg gledd meg til. Då kan eg kanskje ønske alle god  sommar(tid).

Bok nr. 7 2022: LACUNA


 

Så har eg kome gjennom enda ei papirbok, etter å ha lese ei lita stund kvar kveld. Heller ikkje denne vart eg begeistra for. Ei mor som er lege og har eit einaste barn, Hedda, som snart er ferdig på vidaregåande og skal flytte heimanfrå. Og dette er om lag det einaste ho tenker på. Ja, ja-for meg vart det kjedelig.

Ordet Lacuna tyder hol, eller tomrom.

fredag, mars 25, 2022

Dagbok 2022: 25.mars


 Klokka er no19.00, temperaturen ute er + 5 grader, det er overskya kaldt og surt. Den fine "sommaren" vi hadde for nokre dagar sidan er ein saga blott og det er meldt snø på sikt. Ja, vi må vel gjennom alle "ridene" i år også. Her i Ørsta har dei fuglenamn på alle snøfall om våren, eg trur at erlerida er den siste. Eg har spurt mange , men ingen har heilt greie på alle ridene.

Men eg har hatt ein fin dag uansett. På føremiddagen tok eg fredagsvasken på bad og kjøkken. Så hadde eg avtale med Margrete at ho skulle komme i 14-tida, så skulle vi ete lunsj på Føniks i dag- Og Margrete kom til avtalt tid med ein heil berepose med gåver til meg, både etande og drikkande.  Då vi hadde prata ei stund for vi på Føniks der vi åt ein stor porsjon kvar med god kyllingsalat med brød til. Vi skulle no ha kaffi også, men den tok vi på ALTI. Der kjøpte eg meg ein slags genser/trøye til å ha under andre genserar og kofte. Eg kjøpte ein svart og den passa akkurat, så skal eg sjekke om den grønfargen dei har på same slags trøye matchar den nye genseren eg har strikka, så kjøper eg ein til -til å ha under den. Elles kjøpte eg ikkje så mykje. Men vi dvs.Margrete kjøpte ostekake og kaffi i kafeen under trappa. Etterpå gjekk vi i GÅ-gata ut til Aandahl og såg på masse klede utan å kjøpe noko. Der var mykje fint-ikkje minst bukser. Magrete fann ein fin sommargenser i lysegrønt, men den var for stor.

Margrete køyrde meg heim -og  så reiste ho heim sjølv. Eg fekk korpsuniforma til Erlend, som han var her og henta for ei lita stund sidan. I postkassa i dag fekk eg bladet Pensjonisten, så det første eg gjorde var å løyse den middels vanskelege sudokuen.

No skal eg sette på TV-en og høyre alt om den fæle krigen som kom no når vi eigentleg kunne ha det så bra og bli ferdig med Koronaen. Men eitt lyspunkt er det no at vi får sommartid i morgon kveld. Eg ønsker alle ei god helg. No skal eg finne fram strikketøyet igjen. Det går i lestar no .



torsdag, mars 24, 2022

Dagbok 2022: 24.mars


 Klokka er no 16.33, temperaturen på trappa er + 9 grader. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, men eg ser at det har regna. Eg vakna grytidleg i dag og verkte i heile kroppen, eit teikn på at det er vått vêr . Eg kom meg no opp og fram, som alltid, og etter kvart kvikna eg til og fekk dusja og kledd meg i treningsklede. 

Eg skulle sjekke telefonen for å sjå om bilen var ferdig, og då låg der melding om at fysioterapeuten ikkje kunne ta imot oss i dag fordi ho måtte vere heime med eit sjukt barn. Heldigvis låg der ei melding om bilen også, at eg kunne få hente den. Både Marit og eg hadde tenkt å handle på Spar i dag, så ho køyrde nedover og eg fekk att bilen min før vi kom på Spar. Eg handla ganske mykje i dag, men  det er alltid noko ein ikkje har kjøpt, så no må eg skrive ei liste til neste gong eg skal på butikk.

Då eg kom heim såg eg dagens episode av "To liv" før eg sette i gang med å bake litt. Det er ikkje så ofte det blir gjort, men i dag fekk eg laga ei gulrotkake og ei prinsessekake. Baking er ikkje det eg likar best, for det blir så mykje rot, og sjølv om eg likar å rydde og vaske, så er det ikkje så veldig kjekt. Dessutan merkar eg godt at eg er gammal og blir fortare sliten enn før. -Til slutta laga eg ei røre og steikte pannekaker til middag. Etter at eg hadde rydda opp att, sette eg meg inn til TV-en med kaffikoppen og sovna nesten- men berre nesten i dag. Eg har plugga inn att fryseskapet i kjellaren for å ha plass til kaker, så får vi sjå korleis/om det virkar.

Naboane reiste til Bergen i dag, og eg har tatt på meg å ta inn posten, og å halde liv i ein hortensia og nokre andre plantar. Post var det ikkje i dag, men eg var bort og så til hortensiaen. Tok ein liten runde i hagen min og såg om der var noko liv. Det var der, men det er litt snautt på plenen no, med berre eitt plommetre, på det meste var der 5. Dei fleste har velta over av ver og vind eller krepert av andre grunnar, berre eitt har eg saga ned med vilje. Det som står att er temmeleg skamklipt, og eg har gjort det sjølv. Likevel er der ei grein som skulle ha vore stussa. Elles så kjem det fram meir og meir krokus, så dei likar seg visst her.

Eg skal ikkje gå tur i dag, får ta ein kviledag og sjå om det hjelper på rygg og føter. I morgon er det fredag og vaskedag. Det har i grunnen vore mykje styr denne veka, så det var heilt greitt å få "fri" i dag. No skal eg ha med ein liten spansktime, for vi fekk streng beskjed om å jobbe fram mot siste timen i vår,l

leksa er å fortelje om landet Spania- på spansk, sjølvsagt.

                          Gullbusken har overlevd denne vinteren også


onsdag, mars 23, 2022

Dagbok 2022: 23.mars

                                                 Hestehov

Den tida eg budde på Eid hadde eg ikkje sett hestehov anna enn på bilde.Eg trur ikkje der var slike blomster der- for eg vart ikkje kjend med denne sorten før eg kom til Ørsta- I dag såg eg årets første på vegkanten på Hauagjerdet då eg gjekk heimover.

Dette har vore ein rar dag, ikkje noko har vore heilt normalt. For det første har eg vore heilt utan bil, så eg gjekk ned til Bakk-Ola då klokka var vel 10, men eg kom no fram i god tid. Det var nest siste spansktimen før sommaren. Etter spansken skulle det vere styremøte i pensjonistlaget. Det var litt rart å ikkje skulle vere med, men gå derifrå. Eg har tross alt vore med i styret i 11 år-like lenge som eg har vore med i pensjonistlaget. Eg gjekk den gamle Engesetvegen nedover og ein annan veg heim. Det er så sjelden eg går langs desse vegane at eg kjenner meg ikkje att. Der er mange nye hus og eg kjenner ikkje dei som bur der. Ørsta er så stort no at her er mykje folk eg ikkje kjenner. Klokka var over halv to då eg kom heim, men eg laga ikkje middag, for eg hadde kjøpt ein salat med brød til på Bakk-Ola.

Eg hadde ingen planar for resten av dagen, men her var no litt å plukke med likevel. Så sette eg meg til å sjå TV og strikke. Då høyrde eg ein liten lyd frå telefonen, men eg forstod ikkje kvar den var. Eg leita i alle rom, i vesker og lommar, i kjøleskap og frysar, på bad og i kjellaren, men telefonen var ikkje å finne. Eg var heilt sikker på at eg hadde den med heim for eg hadde lagt bildet av hestehovane inn på datamaskina. Eg sende melding til Marit og ho ringde meg opp, og då fann eg telefonen- oppå den oransje sofaputa-godt synleg. Det var nesten godt gjort å ikkje sjå den. Hadde vel lagt den frå meg mens eg heldt på å vatne blomster. Eg venta delvis på at dei skulle ringe frå bilverkstaden-men dei er vel ikkje ferdige med bilen. Marit køyrer til treninga i morgon, og ho køyrer meg vel ned viss eg skal hente bilen også.


I dag fyller Ingeborg 29 år, heilt utruleg kor fort tida går, fortare og fortare til eldre ein blir. Det er noko alle gamle erfarer. Ingeborg bur i Oslo no og er utdanna lektor. Ho jobbar på ein skule i byen.  Eg hugsar henne godt frå ho var bitte liten for då var ho ofte her hos oss, og vi med dei. Det er gjerne slik med den førstefødde. Når det blir fleire å frakte på, blir ein meir stadbunden. Eg er stolt av og glad for at eg har så kjekke og flinke barnebarn
 

No er klokka 17.40, det er + 11 grader ute og det har vore mykje fint ver, men no står det på skjermen min: Regn kommer. Så veit vi det

tirsdag, mars 22, 2022

Dagbok 2022: 22.mars

Klokka er no 17,35 , temperaturen ute er + 8 grader og det vart ein fin solskinnsdag i dag også. No har eg nettopp gått ein tur på Vernet for eg har vore opptatt med andre ting før i dag.

Eg vakna tidleg i dag, men stod ikkje opp før klokka 7- eg ser fram til at vi skal stille klokkene fram ein time no i helga. Eg vart sittande og strikke og sjå TV til eg gjorde meg klar for trening. Vi for rett heim etter treninga.

Eg var på sjukehuset i Volda til kontroll den 17. desember. Eg fekk vite at eg skulle til kontroll kvar 3. månad og fekk velje mellom Volda og Ørsta. Eg valde å gå til fastlegen min. Då det nærma seg 3 månader begynte eg å vente på innkalling, men det kom ingen ting. Då skreiv eg "brev" til fastlegen og fortalde kva som var bestemt. Ho hadde ingen ting sett og høyrt frå sjukehuset. Men no er alt i orden.Eg var og snakka med fastlegen i dag, og så tok eg blodprøver. Dei får eg svar på seinare. Dersom eg får blodmangel kan eg bli medisinert. Sjukdommen går veldig langsomt fram- og eg er snart 82 år - som legen bemerka.

Eg var opp til Marit og refererte frå legebesøket, så klokka var ca 15.30 då eg kom heim. Då heiv eg på poteter i ein viss fart og så åt eg mitt hittil 6.kryddersild/spekesild måltid på vel to veker. Men no må det snart vere slutt-det er vel uansett snart slutt på tilboda.

Eg sette meg til med kaffikopp og strikketøy og slappa av litt. Då ringde telefonen, det var frå bilverkstaden, dei ville ta bilen min i morgon. Så no skal eg køyre den ned i kveld, og Marit blir med og køyrer heim att. Spansken er på Bakk-Ola i morgon klokka 11, så då har eg god tid til å gå ned-og opp att. Bilen må vere godkjent før den 24.mars så det er bra dei kan ta den no-.

Eg tok meg ein runde på Vernet sidan eg har vore så mykje inne før i dag. No har eg fri til kvart på sju, då skal eg ned med bilen.



mandag, mars 21, 2022

Dagbok 2022: 21.mars


 Klokka er no 16.30, det er sol og klårt ute og +12 graderC- Det har vore ein fantastisk fin dag i dag også. Litt kaldt først på dag, men det varte ikkje lenge. Eg sat og såg nyheiter + serie på TV mens eg strikka. Men i 10-tida var eg på veg til Vernet.Sidan eg skulle sitte inne i kinosalen seinare på dag, ville eg lufte meg og mosjonere først best. Det er ikkje så ofte eg er der tidleg på dag, men på bildet kan de sjå at sola er i aust. Eg gjekk også "feil" veg i dag, dvs. motsett av det er plar, så i dag vart det ned trappa.

Då eg kom heim snakka eg litt med Marit U, så klokka var 11.30 før eg var i hus. Her i huset har eg gjort lite og ingenting i dag, anna enn å bytte på senga mi. Så no må eg vel sette på ein klesvask snart.

Filmen skulle begynne 13.30 så vi for herifrå klokka 13. Marit køyrde. Det var ikkje mange som var komne for å sjå Margrethe 1. Stort sett så var det berre eldre damer, dvs. venninnene våre. Filmen var heilt annleis enn eg hadde trudd. Eg ser ein del historiske filmar på TV, og dei er som regel engelske, med mykje pomp og prakt. Eg skal innrømme at eg visste veldig lite om dronning Margrethe 1. Og eg hadde ikkje sjekka opp historia på førehand. Dei andre som eg snakka med var i samme båt. Og to av oss hadde historie grunnfag. Filmen var mykje meir dramatisk enn eg hadde venta, og den var ikkje kjedelig. Filmen varte i nærmare to timar, og heile tida sag eg og fraus så eg nesten skalv. Dei andre syntest også det var kaldt. Ein stor sal, men få tilstades, gjer vel sitt. Når eg tenkjer etter så frys eg nesten alltid på kino, særleg på dagkino.

Då eg kom heim att måtte eg ha meg litt mat, for eg hadde ikkje ete sidan frokost.

I morgon skal eg på trening klokka 10-11, og så har eg time med legen klokka 13.20. Eg må testast kvar 3. månad, ta blodprøve. Eg snakka med legen i telefonen og då kunne ho opplyse om at dei ikkje hadde funne noko gale med foten min på røntgen. Eg har gått rundt med nokre gamle romslege støvlettar, men i dag fekk eg på meg nokre sko, så det såg litt betre ut. 

Det er fin sol ute enno, så det kan hende eg går ut og rakar litt, når eg har fått varmen skikkeleg i meg igjen. Det er veldig lite snø att, og og har raka og tatt opp ei heil bøtte med singel som har følgt med snøen ut på plenane når vi har moka. Det ser ut som om mesteparten av plantar, tre og busker har overlevd vinteren.




Eg kjøpte to blå Sant Paulia, og dei voks og trivdes. Eg delte den eine i to, så då hadde tre blå Sant Paulia. Dei blomstra og blomstra, men så vart det slutt. Eg las ein stad at viss dei slutta å blomstre, skulle ein ta bort nokre blad, og det gjorde eg. No står den eine og blomstrar og dei to andre står med knoppar. Så det var eit lurt råd.








søndag, mars 20, 2022

Dagbok 2022: 20.mars


 Klokka er no 16.50, temperatuuren ute er +13 grader C, og det har vore nydeleg ver og sol i heile dag. Eg var ikkje oppe i gryotta i dag, og etter frokost sat eg og såg nyheiter etc. mens eg strikka på ein lest som eg la opp i går. Takk og pris for at Solveig kom med fint garn til meg, for eg var lei av -nille grått og brunt.

 Då det leid litt på dag kom eg meg av garde på tur. Ikkje så lang tur i dag heller, skuldar på foten., men det vart no ein runde på Vernet, der eg trefte andre gamle damer som eg kjende. Då eg kom heim att sette eg meg opp på benken til Marit og prata ei stund. Ho har vore åleine i helga, for ungefolket har vore på hytta; men no er dei heimkomne.
I dag vart det sildemiddag igjen, for dei hadde meir sild på tilbud i går då eg handla. Eg har til eit måltid til, men då blir det vel slutt-for ei stund.
La meg ut på solsenga etter at eg hadde ete, men det vart litt for kaldt, så eg gjekk inn att. Det er vel snart tid for meir nyheiter, men eg prøver å ikkje sjå altfor mykje-det er så deprimerande.
Det er kjekt å gå ute i hagen no, her er meir krokus i år enn det har vore nokon gong før. Og i beddet nedanfor garasjen kjem det opp både det eine og det andre. Eg har greve ned avblomstra påskeliljer og andre løkplantar, så det er spennande å sjå kva som kjem opp. Eg raka  ein del plen i går, og fekk vekk mesteparten av singelen som hadde hamna der under snømokinga. Men eg må vel fare over igjen snart. Eg lurer på kva tid ein skal gjødsle plenane, eg meiner eg var litt for seint ute i fjor. Men eg får høyre med naboen, han har litt meir greie på det enn eg.

Eg likar hagearbeid, men eg er ikkje så ung og sterk lenger, så eg kan ikkje gjere alt eg har lyst til. Det ser ut til at det meste av plantane har overlevd vinteren-
I morgon har Marit og eg tenkt oss på kino og sjå filmen om "Margrethe den 1". 
Marit skal på seniordans først og så er det kino etterpå, på føremiddagen altså. Det blir litt tungt å sette seg til inne midt på dagen viss veret er slik som det har vore i dag. Men det er greitt å gå på kino på dagtid , så slepp ein å fare ut om kvelden.


lørdag, mars 19, 2022

Dagbok 2022: 19.mars


 Klokka er no 18.30 og eg var nettopp ut på altanen og tok bilde av sola som held på å gå ned. Det har vore ein fin dag med opphaldsver og mykje sol.

På føremiddagen tok Marit og eg ein tur til Vik, vi handla for det meste på Spar. På heimvegen køyrde vi bortom Askjelhaugen. Sist eg var der var det så mylkje snø at eg fekk ikkje gå heilt bort til grava. I dag var det veldig lite snø igjen, så eg fekk gjort det eg skulle. Sist såg eg at fuglane var borte frå gravsteinen. I dag fann eg dei liggande på plata framfor steinen. Dei hadde losna og falle ned. Eg tok fuglane med heim, så får eg sjå om eg kan få dei festa igjen. Det samme hende for to år sidan,  då fann eg ikkje att fuglane, men eg fekk nye fuglar gratis med han som hadde levert gravsteinen.

Solveig ville komme innover ein tur i dag, så eg laga nokre sveler. Lenge sidan sist eg gjorde det, men eg må få nokon til å ta imot det som vert til overs. Og Solveig er grei slik. Det var ekstra kjekt å få besøk i dag, for no har det ikkje vore  mange innom i det siste, delvis på grunn av sjukdom.

Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, men Solveig hadde heldigvis med seg garn så eg får noko å henge fingrane borti når eg ser TV. Raka litt singel frå plenane og hadde utover den siste snøen i dag.

!9. mars var bestemor Hilda sin fødselsdag, derfor har eg tenkt litt spesielt på henne i dag. Ho vart fødd i 1879. Det er Svein som held orden på slekta, men eg meiner familien hennar kom frå Sarpsborg- men flytta til Oslo. Eg hugsar også at det ofte var Holmenkollsøndag når bestemor hadde bursdag. Ikkje TV den gongen, berre radio.

Det har vore ein kjempefin dag i dag , håper på godver i morgon også.


fredag, mars 18, 2022

Dagbok 2022: 18.mars


Klokka er no 17.17, det er overskya, men opplett og litt vind. Temperaturen er +7 grader C.

I dag er det fredag, men i hovudet mitt er det laurdag, som vanleg. I morgon må eg ta meg ein tur på butikken, så eg ikkje trur det er sundag.

I dag har eg tatt ein liten fredagsvask, men eg har vore lat. Det er nesten som eg saknar snøen, for då hadde eg noko som MÅTTE gjerast kvar dag. Eg var lat i går også, men då tok eg fram spanskboka mi og jobba med språket, så det var ikkje heilt unyttig. 

Eg hadde god middag i dag også, nemleg restane frå i går+ riskrem av bl.a. grauten frå onsdag. Men no må det vere slutt på ov-eting. Eg gjekk ein tur på Vernet no på ettermiddagen, men det er ikkje nok mosjon. Eg kjem i hug kva Rasmus sa ein gong: "Er du klar over kor langt ein må springe/gå, for eit knekkebrød ?" Eg kan skulde litt på foten min som ikkje er heilt god. Men dei fann ingen ting gale på røntgen. Eg får vel etter kvart noko å jobbe med i hagen. (Husarbeid er ikkje mosjon).

Eg har spada og raka litt i snøen i dag også, så no minkar det fort; det er ikkje mykje att. Men i dag tidleg låg det eit tynt lag med nysnø på plenane og hustaka. Den vart fort vekk.

Då vil eg ønske alle ei fin helg!



 

torsdag, mars 17, 2022

Dagbok 2022: 17. mars


 Klokka er no 15.30. Temperaturen ute er + 7 grader, og det regnar så smått. Tidlegare i dag var det vind, så det kjentest ikkje direkte varmt ut. Eg har nettopp kveikt i omnen fordi eg fraus. Det er ikkje så mange dagar sidan vi sat ute i sola og hadde det varmt og godt Eg hadde eigentleg tenkt å gå ein tur, men snudde inn att. Eg får heller sjå å finne meg noko nyttig å gjere inne. Etter kvart som snøen blir borte får eg mykje å gjere ute i hagen, Til dømes må eg rake singel frå plenane.

Føremiddagen i dag var nokså aktiv. Marit og eg køyrde kvar sin bil nedover til treninga. Vi køyrde først bort til Bilverkstaden til OPSAL (Den ligg nær attmed ALTI)-der eg sette frå meg min bil og nøklane. Så for vi på trening og etter treninga handla vi litt på KIWI. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, for eg handla i går.

Eg sjekka telefonen då eg kom heim, og der var det melding om at bilen var ferdig kontrollert, men der var nokre "manglar". Vi tok like godt og køyrde ned att med ein gong, og eg snakka med bilreparatøren. Det var bremsene det var noko i vegen med, det var det samme for to år sidan og då reparerte dei. Men no skal dei reparerast igjen, helst før den 24.mars.Han skal sende meg melding når han er klar til å ta den. Det blir sikkert ikkje billeg, og hadde eg vore yngre skulle eg heller ha kjøpt ein ny bil- men  det er ikkje så fornuftig akkurat no. Pengar til reparasjon har eg, og eg vil køyre bil så lenge eg får lov. Sertifikatet mitt går ut 1.juni-men reknar med å få fornya det.

Marit gjorde meg merksam på eit tilbod på KIWI i dag, Det var julekrydra spekesild. Ho veit at eg er heilt vill etter slikt- og eg kjøpte ein pakke med 4 filetar. Det vart middagen i dag, med poteter, kålstuing, raudbetar og tyttebærsylte. Det var utruleg godt, og eg kan ikkje innrømme kor mykje av silda som gjekk med., men der er no litt att.

                                            Betalte ca. 30 kroner for ein slik pakke.

Etter middagen vart det kaffi og SERIE. Eg ser "TO LIV" men no får eg berre ein episode for dag. Saknar strikketøy, så det må eg skaffe meg. I går ettermiddag visste eg ikkje kva eg skulle finne på -men så sette eg i gang med neste spansklekse, og det var bra, for der var mange nye ord. Eg har mange jobbar på vent, det er ikkje mangel på det, men alt er ikkje like freistande. Eg må vel snart ta meg i hop og kjøpe ny tørketrommel, for no er der ikkje snø i vegen ned mot kjellaren. Ja, har ein hus og hage treng ein aldri kjede seg. I morgon er det fredag igjen, vekene går så altfor fort. 
Det er enno nokre i familien som har Korona, men no er det snat berre vi eldste som har slept unna. bank i bordet.

onsdag, mars 16, 2022

Dagbok 2021: 16.mars



Klokka er no 16.56, temperaturen ute er + 9 grader, men det kjennest kaldare  ut, det er mest opplett, men det kjem nokre regndropar no og då. 

I dag tidleg vakna eg i gryotta igjen, og irriterte meg litt over at det ikkje var sommartid. Men eg stod no opp etter ei stund og åt frokost. Etterpå sette eg på oppvaskmaskina, og den fekk eg tømt før eg skulle på "Spansken". Eg fekk også sett den nye episoden av "To liv"-heretter blir det berre ein episode for dag.

Las på leksa også og gjorde meg klar til å fare. Kurset startar klokka 11, men eg var der før den tid. Eli var i Ålesund i dag også, så Terje vikarierte. Eli driv og skolerer seg til ho skal lære pensjonistane å bruke datamaskiner. Vi var ikkje så mange oppmøtte i dag heller.

På heimvegen var eg innom KIWI og handla litt, men det vart graut til middag. Eg kjøper alltid inn ein liter melk for veka, og viss eg ikkje brukar den til noko anna, må eg koke graut eller bake brød.

Etter at eg hadde ete graut-middagen min, sette eg meg i stolen med kaffikopp og TV.  Eg saknar å ha noko å strikke på, så det må eg skaffe meg. Eg tvingar meg til å sjå nyheiter innimellom, men ser ikkje alt. I dag presterte eg å tømme kaffien i fanget-igjen!

Eg har ikkje kome meg til med noko særleg arbeid i dag. Eg hadde tenkt å gå ein tur, men så var foten litt vond, og så regna det så eg kunne ikkje jobbe i hagen etc. Men eg må ta meg saman å sjå over bilen som skal til kontroll i morgon. Eg leverer den før eg skal på trening, og så sit eg på med Marit heim att. Trur ikkje dei brukar så lang tid på bilen. Håper å få den att same dag eller ev. fredag.

No skal eg ta eit par bilde, slik at de kan sjå kor mykje snøen har smelta sidan sist. Der er veldig mykje singel på plenane, så eg har no litt å styre med når eg kjem i gang. Amund oldebarn er sjuk og har feber-og mora har visst også Korona. Håkon er frisk-enn så lenge.



tirsdag, mars 15, 2022


 Klokka er no17.55, temperaturen ute er + 10 grader, det er delvis skya og litt vind.

Det første eg gjorde i dag var å sjekke genseren min, som eg vaska i går kveld. Den var blitt tørr på badgolvet over natta og eg tok den på meg. Den var ikkje så verst passeleg , ikkje heilt topp, men fullt brukeleg.

I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit har ei forkjøling eller allergi  som gjer seg gjeldande på morgonen. Etter treninga for eg rett heim att. I går kveld kom eg på at eg ikkje har ofra spanskleksa ein tanke sidan onsdag i førre veka. Dermed måtte eg pugge litt i dag, ja, eg må nok ta meg ei stund i kveld også, for å lære namn på frukt og grønnsaker- på spansk. Eg laga meg eit ark på datamaskina-.Kven kunne tru at bringebær heitte  frambuesas - til dømes?

I går gjekk eg ikkje tur, og i dag var eg betre i hofta mi, derfor gjekk eg ikkje tur i dag heller, men trimma med å spade og rake i snøen, så den skulle smelte fortare. No er snart heile tunet bert, men der ligg singel i store mengder på alle plenane, så der får eg ein jobb. Ja, eg får mykje å gjere når det blir bert, for det regna slik sist haust at det vart ikkje rydda opp slik som det skulle ha vore.

Middag hadde eg att frå i går , så det var enkelt og så vart det kaffi og Serie. Eg likar godt den spanske serien "Dos Vidas"  To liv,  det er litt vanskeleg å slutte av når eg først har begynt å sjå, og no har eg ikkje strikketøy slik at eg kan gjere noko nyttig mens eg ser. Eg kan ikkje påstå at eg forstår så mykje av spansken heller, til det snakkar dei for fort og utydeleg.

Eg prøver å ikkje sjå FOR mykje nyheiter for krigen skremmer meg, og eg blir veldig trist av å sjå kor dei drep og øydelegg. Men ein kan ikkje stikke hovudet i sanden og ikkje sjå heller.

I morgon er det spansk-kurs  11-13, og torsdag skal eg ha bilen til EU-kontroll. Eg har bestemt meg for å ikkje fare på VØR og ruske til bilen før etter  kontrollen. Komande mandag skal eg på kino og sjå filmen om dronning Margrete den1.Det er på føremiddagen.



mandag, mars 14, 2022

Dagbok 2022: 14.mars


 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 9 grader, tidlegare i dag var den oppe i +14. Det har vore fint ver, og sol det meste av dagen. Men eg veit ikkje om eg har utnytta dagen så godt- Når eg ikkje har planlagt skikkeleg, blir det ofte opp i tull.

Det første eg gjorde i dag var å feste trådar på strikketøyet mitt-mens eg høyrde om krigen-på TV. Eg vart nesten ferdig, har berre att å sy fast halskanten på genseren-den skal vere dobbel. Eg prøvde genseren i går, men var ikkje heilt nøgd med fasongen-verken på genseren eller meg sjølv. Men når eg får vaska den  etc. kan den bli bra.

Men eg måtte ut i sola, og der dreiv eg på ei stund med å spade og rake i snøen , slik at den skulle smelte fortare. Solveig i nabohuset dreiv på med det samme, så vi tok oss tid til å prate litt. Eg var nedom huset og der stod krokusen i full blomst- og likedan snøklokkene. Eg må ta meg saman å komme meg på VØR ein av dagane med alle sekkane med hageavfall som eg har ståande her og der. 

Eg sjekka at hageslagen var tina opp, så eg fekk spyle kjøkkenvindua, og litt seinare vaska eg bilen og spylte den rein. Den må vere litt velstelt til den skal på EU-kontrollen torsdag.

Det vart etter kvart veldig fint og varmt, så eg sette meg opp til Marit på benken i solveggen, Dermed var det brått tid for å lage middag og i dag vart det grønnsaksuppe. Eg har sakna flatbrød ei stund. Eg hadde ein pakke med "Mors hjemmebakte", men dei var så gamle at fuglane fekk dei. Det er altfor store pakkar når ein er åleine. Så sist eg var på butikken, såg eg etter mindre pakkar med flatbrød og kom heim att med KORNI-ein sort som eg hugsar var mykje brukt for lenge sidan. Eg smakte på dei i dag, men vart ikkje så begeistra.

Etter middag slappa eg av med kaffikopp, som vanleg, og sette på serien min, og der var det noko som var så spennande at eg blei sittande å sjå - lenger enn eg hadde tenkt.

I dag har eg ikkje gått tur, eg har litt problem med venstre hofta og ville sjå om det vart betre om eg heldt meg i ro.

I morgon er det trening igjen, så i kveld må vekkerklokka på igjen.





søndag, mars 13, 2022

Dagbok 2022: 13.mars


 Klokka er no 18.34 og temperaturen  er + 10 grader C. Eg kom nettopp inn døra etter å ha gått dagens trim- og lufterunde. I går lkveld slo eg av varmepumpa for eg trudde det vart sol i dag også, og då blir her meir enn varmt nok. Men i dag skya det over, og det var like før eg kveikte i omnen, men slo det frå meg etter at eg hadde trimma med litt snømoking på tunet. Eg spada og raka snøen til eit tynt lag som er nesten borte no.Det kjem seg litt for kvar dag, men brøytekantane er seige.

I dag har eg stort sett strikka og tatt opp att og strikka på nytt. Eg trur genseren vert ferdig i kveld, men så er det trådar som skal festast etc. Eg har på enten radio eller TV når eg strikkar, såpass eg får følgje med kva som skjer i verda, eller så ser eg serie. Eg har begynt å sjå "To liv"-eg trur den er bra.

Eg tenkte eg skulle lage meg skikkelig middag i dag. Eg kokte poteter og gulrot  og så hadde eg heimelaga kjøttkaker i frysaren. Sidan eg var åleine tenkte eg at eg kunne bruke Toro kjøttkakesaus i staden for å brune sjølv, slik eg plar gjere. La meg seie det slik: Det vart ikkje eit minneverdig måltid. Kjøttkakene hadde lege litt for lenge i frysaren og det kjende eg på smaken. Men det verste var sausen, den øydela heile måltidet. Noko så elendig! Ja, ja eg åt no opp maten eg , det skal meir til før eg misser appetitten.

Så strikka eg ei stund igjen før eg gjekk tur. Eg gjekk berre på fremste delen av Vernet i dag også, og trefte ei par som eg kjende-det gjer eg som regel. Men andre har eg ikkje snakka med i dag. Og i morgon er det "heimedag".


                                               Her ser vi over på hi sida av "Avgrunnen"


lørdag, mars 12, 2022

Dagbok 2022: 12. mars


 Klokka er no17.00, temperaturen ute er + 12 grader, det er lettskya og litt sol. På føremiddagen var det strålande sol og varmt, då Marit og eg sat ute på ein benk oppe hos henne.

Dette har vore einl itt "rotete" dag. Eg stod ikkje så grytidleg opp, og då eg var ferdig med frokosten sette eg meg til å strikke mens eg så nyheiter på TV. Eg har berre halskanten att på genseren min, men eg er litt spent på om den er passeleg stor. Elles så farga eg håret mitt og støvsuga teppegolva, før eg dusja og kledde meg om. 
Då ringde Bodil og vi hadde ein lag og god prat om det eine og det andre. Svein hadde gått ein tur, og vi prata heilt til han kom att. Eg må no sjå til å komme meg ein tur bort på Eid snart.- to år sidan sist eg var der.Og der er så mykje nytt. 

Marit var heime åleine i dag, så eg var opp og prata ei stund med henne, og då eg kom ned att var det tid for middag. Det vart eit enkelt måltid i dag. Så skulle eg legge meg ut på solsenga, men då for sola- og varmen, så det blei godstolen og serie i staden, og det var ikkje fritt for at eg sovna innimellom. Det er typisk. Eg tenkte eg skulle gå ein tur i dag også, men foten min er hoven så det er vondt å gå med sko. Har ikkje høyrt eit pip om kva dei fann ut på røntgen, så no må eg visst kontakte legesenteret.

Som vanleg har eg gått i heile dag og trudd at det var søndag- slik er det kvar laurdag, særleg viss eg ikkje tek meg til med noko.  Men no fekk eg faktisk lyst til å gå ein tur likevel, eg har nokre gamle støvlettar som eg får på meg, så eg får ta dei. Det er no enno ei stund til det blir mørkt. No lengtar eg etter sommartida ! 

Det hadde tint mykje sidan i går1

Det vart ein liten tur, halve Vernet og ein runde på Vallabøen, til saman 45 minutt med trim

Sola gjekk ned bak Helgehornet

.


fredag, mars 11, 2022

Dagbok 2022: 11.februar


 Klokka er no 17,20, temperaturen ute er + 11 grader C og sola har skine frå skyfri himmel i heile dag. Dette er det eg kallar ein bonusdag. Rett etter frokost begynte eg på fredagsvasken som ikkje var verre enn vanleg. 

Etterpå var eg i hagen og klipte ned dei visne klematisane og fylte opp nokre sekker med hageavfall. Må snart ein tur på Vør, for nokre sekker  stod att frå ifjor haust. Eg tok også ein liten jobb med spaden og knuste  is og snø framfor trappa, for der skin ikkje sola på denne tida av året. Eg vil gjerne ha der bert så ikkje folk dett og slår seg.

Då eg kom inn att sette eg  risgraut på kok mens eg las det meste i Møre-Nytt som kom i dag. Reidun Åmbø (Langvatn) hadde skrive ei oversikt over historia til Ukraina, og  Jan Peter Lannerholm uttaler seg om kva vi kan gjere for flyktningar frå Ukraina, kona hans er derifrå.

Eg vart både trøtt og mett då eg hadde ete grauten, så eg gjekk ut og la meg på solsenga på altanen-og sovna der, utan dyne eller noko over meg - det var varmt nok .

Då eg kom inn att lurte eg på om eg skulle gå tur- eller støvsuge i stova. Eg fann ut at støvet kunne ligge til i morgon, så eg tok ein tur på Vernet. Men berre på muren, ikkje på bakvegen som sist.. Der var snø midt i vegen, men plass til å gå på grus på begge sider. Det er nesten synd å vere inne i slikt ver.

      Eg trur at dei som bur i Mosmarka har det finast av alle når det går mot kveld.



Som de ser minkar det med snø på tunet, men brøytekantane er til dels høge enno.

Det er fredag og helgekveld. Håper alle har hatt ein fin dag og så får vi håpe at vi får ei god helg.

torsdag, mars 10, 2022

Dagbok 2022: 10.mars


 Klokka er 17.06, temperaturen på trappa er +10 grader, men i dag har det ikkje vore sol. Derimot var det voldsom vind sist natt så eg hadde problem med å sove. Det er ikkje så ofte det blæs her. Men eg trur det fekk litt fart på snøsmeltinga-

I dag fekk eg strikka ein runde på genseren før vi for på trening. Eg måtte køyre i dag også, for Marit sin bil ville ikkje starte. På heimvegen handle vi litt på Kiwi. 

I kjøleskapet mitt var det litt for mykje av to ting: gulrøter og gjær. Då seier det seg sjølv at ein må bake gulrotbrød og det gjorde eg i dag. Men eg har ikkje smakt dei enno. 

Det vart til at eg tok den andre sildepakken til middag i dag-sidan eg hadde kålstuing igjen, og i dag hadde eg kjøpt raudbetar. Det vart kjempegod middag i dag også, med kaffi og TV til dessert. Eg er stappmett enno.

No har eg spraya steikomnen i håp om å få den rein. Det plar ikkje vere så enkelt. Eg har strikka eit par omgangar etter att eg kom heim i dag, så no er eg snart ferdig med mønsterborden. Så blir det mange rundar med botnfargen. 

I dag gjekk eg ikkje tur, fordi eg hadde litt å gjere heime. Ville rote ifrå meg i dag for i morgon blir det fredagsvask.

Snart får eg rake tunet og få singelen på plass. Eg har lurt litt på om eg skulle kjøpe litt meir og drysse på.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...