fredag, mai 27, 2022

Dagbok 2022; 27.mai


 Desse to avleggarane tok eg frå morplantane tidlegare i vår, og no er dei snart store nok til å flytte ut. Eg synest det er kjekkare å dyrke fram plantar sjølv, enn det er å kjøpe dei fiks ferdige.

Klokka er no 19.40. temperaturen ute er + 9 grader C og det regnar igjen. Det var litt fint ei stund, men godveret varte ikkje lenge.

Dette har vore ein artig dag, litt utom den vanlege tralten. Rett etter frokost starta eg opp med fredagsvasken og var ferdig i 10-tida. Så var det berre å shine seg opp og ta turen til Biltilsynet.  Eg heiv 3 sekker med hageavfall inn i bagasjerommet sidan eg skulle bort til flyplass-området i alle fall.

Eg kom i god tid, eg hadde bestilt time, men måtte likevel trekke kølapp. Det viste seg at dei som hadde bestilt gjekk framfor dei andre. Eg vart ferdig 5 minutt før eg skulle ha gått inn. Eg fekk ein mellombels "køyreattest" som eg skal ha til eg får det nye sertifikatet. I tillegg må eg ha pass-og det har eg!

Eg hadde eit ærend i gågata, då parkerte eg ved ALTI og gjekk opp i gata. Det var mykje folk og bilar i sentrum i dag.

Heime att laga eg meg grønsakmiddag og åt meg godt mett. Så ringer telefonen og det er Margrete og Amanda som er i Ørsta og vil komme på besøk. Veldig kjekt det! Så gjekk eg inn på datamaskina og skulle sjekke meldingar, og då ville Solveig komme på besøk, ho også. Mens eg sit der kjem det melding frå Bodil om at ho og Svein er på ferja på veg hit. Betre og betre! Bodil og Svein kom først og Svein fekk lagt sommardekk på bilen min før dei andre dukka opp. Vi var plutseleg 6 rundt kaffibordet og alle hadde vi noko å snakke om. Det er ikkje så ofte vi kjem i lag i familiane no, det har vore Koronatid og vi har ikkje kome skikkeleg i gang enno- For meg vart det ein opptur i dag, i går var eg litt lei av å vere her åleine. Men så kom Marit, og det er no alltid kjekt.

Som dei fleste andre har eg meir enn nok skvallerkål i hagen, og det hjelper lite å røske den opp, for straks har det vakse opp att. Då eg var på Plantasjen  fann eg denne spray-flaska og eg spøyta både her og der. Men så kom regnet og det var ikkje bra. I dag såg eg etter og jammen hadde gifta virka ganske bra, så no ser eg fram til at det skal slutte å regne så eg kan få spraye meir.

Det er litt vanskeleg å halde styr på dagane for tida, men i morgon er det vanleg laurdag, så eg vil ønske alle god helg. Neste helg er det pinse.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...