søndag, mars 22, 2020

Dagbok 2020: 22.mars


Klokka er18.10, temperaturen er + 3 grader, det er overskya og nokre få regndropar, det har vore litt kaldt og hustrig i dag, men no har eg kveikt litt i omnen til eg skal sjå TV kl.18. Det er med vitande vilje eg ikkje har TV-en på heile dagen.
I dag har eg ikkje vore ute og gått, ikkje har eg gjort så mykje heller. Tok og baka tre brød på føremiddagen, for no var eg så lei av det kjøpebrødet eg hadde; har ikkje baka noko som helst sidan før jul men levd på slikt eg hadde i frysaren. Frysaren (fryserane)er på langt nær tomme, men etter kvart ville eg komme i manko på litt av kvart. I dag fekk eg i alle fall brukt opp melkelageret.
Elles har eg på vaskemaskina etc.
Eg fekk i orden Storytel i går, men ikkje tale om at eg fann att den boka eg skulle lese, men så tok eg ei anna, så det går bra. Ikkje alle bøker er like greie å lese på øyret. Eg får framleis ikkje bilde frå Samsungen inn på data, men eg prøvde Doroen og det gjekk bra. Det er ikkje noko stort problem.
I dag har eg ete for mykje, og det skuldast det nybakte brødet. Til middag steikte eg mykje løk, så fann eg fram to karbonadar frå lageret mitt, så måltidet vart to gode karbonadesmørbrød + 1 tomat. Eg vart så mett at eg kolva meg ned på sofaen med Storytel. Men så vart eg frostig og måtte ha kaffi, -med ei lita brødskive med syltetøy attåt. Brøda eg bakte i dag laga eg av ferdigblanda mjøl, trur det heitte "Kornbrød". Til vanleg blandar eg mjølsortane sjølv, men dette mjølet "hamstra" eg no før eg gjekk i karantene.
Eg vart litt istuss i dag, eg sat framfor dataen og jobba litt med spansken, og då eg kom inn att i stova snakka dei spansk på TV også. Det hadde ei heilt naturleg forklaring. Eg har ikkje mykje å skrive om, men så tenker eg som så, at når denne corona-tida ein gong går over i historia, så kan mykje av det ein skriv ned, få historisk verdi. Kven veit? 
Hadde det vore litt finare vêr i dag, kunne eg tatt bilen og køyrt ein tur, men det var ikkje så fristande akkurat. I morgon er det Ingeborg sin fødselsdag, ho held seg i Oslo, men har trekt seg inn og går ikkje på jobb. Får håpe ho får jobba med masteren sin.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...