onsdag, mars 18, 2020

Dagbok 2020: 18.mars


Klokka er 17.20, temperaturen er + 5 grader. Det har vore eit ufyselig ver i dag, snø, hagl, regn etc. Det var ikkje fristande å gå ut, så eg måtte finne på noko inne. Det er ikkje vanskeleg å finne på noko for jobbane står i kø. Spørsmålet er berre om eg torer å sette i gang- men armane har spelt bra på lag til no. I dag fekk eg faktisk vaska ned kjøkkenet. Ikkje skuffer og skap, det tek eg innimellom, men eg fekk vaskavegger, tak etc. på den måten som var- og det får greie seg. I desse karantenetider har eg god tid og kan skunde meg langsomt. Ingen kjem og hindrar meg i å gjere det eg vil. Men faktisk ringde det på døra i dag, det var naboen nedanfor, ho lurte på korleis det var med meg. I og med at eg bur åleine og er gammal, så er eg på ein måte i faresonen. Men eg har det berre bra, trivst åleine-det har eg alltid gjort, og har så mykje å styre med som eg vil ha. Men eg vart litt uroa av ei som var på NRK i går kveld, ho teikna eit dystert scenario. men eg høyrde på TV i dag at det var fleire enn eg som hadde reagert.
Etter at eg hadde gjort meg ferdig med vaskinga i dag seig eg ned i godstolen, og sovna under svenskekongens tale. Kunne ikkje ha sove lenge, for han talte framleis då eg vakna.
Etter at eg hadde ete litt seig eg ned att i stolen med Storytel. Eg merker at eg ikkje er så utahaldande som eg var før- men bra for alderen.
Eli har laga spanskgruppe på Facebook, så no har vi i lekse å bøye verb, blant anna. Vi brukar mykje data til vanleg også, og no har ho funne lekse til oss på nettet, så nokon ferie blir det ikkje.
No håper eg at "dugnaden" virkar som dei har tenkt. At fleire dør, det var vi vel budde på, men til denne tid har det vore gamle "pasientar". Eg kan godt vere i karantene lenger, for eg har meir eg skal vaske- berre armane og hendene held.
Bildet over er eit blinkskudd som Margrete er meister for. Ho kom over desse sauene i karantere då ho var ute og gjekk tur.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Eg vart så skremd av ho dama på tv-debatten at eg nesten ikkje fekk sove etterpå. Det var totalt vekkasta for meg å sjå, for eg er så varsam som eg kan, etter forholda.

Besta sa...

Ja, den dama skete visst mange, meg også, men så tok dei det att i går og gjorde det mindre farleg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...