tirsdag, mars 17, 2020

Dagbok 2020: 17.mars

Klokka er no18.10. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar og bles. Tidlegare i dag snakka eg med Bodil, og då sa ho at var sterk vind på Eid, då var her ganske fint, men no er det skikkeleg ruskevêr.
Eg var ikkje heilt god i armane i dag, men ville no prøve å få gjort noko likevel. Men først måtte eg prøve telefonen om eg fekk kontakt med Vegvesenet og legesenteret, men det var berre autosvar. No har eg bestemt meg for å ikkje møte opp til legetimen fredag. Det står i avisa ein berre kan la vere å komme.
Eg strauk litt klede så eg fekk rydde bort strykebrettet, og så begynte eg å vaske ned badet. Det er litt av eit styr, når eg i tillegg  til det som er der før kjem med gardintrapp og vaskebytte er det rimeleg trongt. Det blei no vaska på eit vis, men det vart vel nærmast eit kattavask. Eg tek ikkje sjansen på å klatre så altfor mykje i min alder, men det får vere greitt nok denne gongen.
Bodil ringde og vi hadde ei lang pratestund, så eg har ingen grunn til å føle meg einsam og forlatt. 
Etter at eg hadde rydda vekk vaskestyret ville eg lage meg middag. Når Marit og eg handlar etter trening, sjekkar vi ut diverse tilbod. No sist kom eg heim med to "fiskemiddagar", den eine har eg skrive om før. I dag skulle eg prøve den andre. Eg las på pakken kor lenge dei skulle steikast, sette på poteter og la dei to fiskestykka på steikepanna - og sette meg til å lese avisa. Etter ca.10 min. skulle eg snu fisken, men det var i seinaste laget, den første sida var nokså svart. Men eg åt opp alt likevel, sjølv om nytelsen ikkje var så stor. Eg har funne ut at slike ferdiglaga fiskerettar er laga for å smake minst mulig av fisk. Eg har lyst å kjøpe torsk frå Vartdal, det er berre det at eg synest kartongane deira er litt for store for meg. Dei har Ramoen-fisk på Spar så eg kan lett få tak i.
Etter middag sette eg meg til med lydboka og eg trur eg sov litt, eg måtte i alle fall lese om att noko. Klokka 18.00 var eg på plass på trappa for å klappe for helsevesenet og alle som held hjula i gang. Mari-Ella spelte "De nære ting" på kornetten sin, og vi naboane klappa. Men vi vart ikkje ståande så lenge på grunn av vêret.
Om ikkje dagane mine e så mykje annleis enn vanleg, er det no ei spesiell tid vi er inne i. Det er ikkje krig, men likevel ein utfordrande situasjon for mange. Eg skal ikkje klage, det er dei som har de atskillig verre. Eg håper det er ein overgang og ikkje altfor langvarig.
Vi får stå han av.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...