mandag, mars 16, 2020

Dagbok 2020: 16.mars




Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 6,5 grader C.
I går kveld la eg meg seinare enn vanleg, men sov heilt til klokka 9 i dag. Stod opp og drog frå gardinene og såg ut i ein nydeleg dag, med knallblå himmel utan ei sky. Og eg som hadde tenkt ut tusen ting eg skulle gjere inne. Berre å gløyme. Eg sat lenge og vasa framfor datamaskina  med telefonen i handa. Eg prøvde å ringe trafikkstasjonen, der fekk eg berre eit autosvar. Det samme skjedde på legesenteret. Eg hadde tenkt eg skulle få utsett fornyinga av førerkortet, men etter mykje styr gav eg opp. Så får eg ta turen på legesenteret fredag - eg har time.
Eg hadde ei liste inne i hovudet mitt, så lang som eit vondt år, over ting eg skulle ha gjort i heimen. Men først måtte eg dusje og vaske håret i tilfelle eg skulle møte folk. Det einaste eg fekk gjort frå lista var at eg vaska dusjkabinettet mens eg var der. Så kledde eg på meg og gjekk ut i sola. Det vart ein tur på "Vernet" i dag også. Der var mange andre ute og gjekk, men ikkje så mange eg kjende. Eg var ikkje fullt så lett på foten som i går, men heilt OK. 
Eg er ikkje så mykje meir isolert enn vanleg, men det blir ingen tur på trenings-senteret denne veka- og heller ikkje spanskkurs. Og så spørs det om eg får gjort så mykje heime som eg hadde tenkt.
Audun ringde til meg i dag, og det var sjølvsagt kjekt, men eg høyde han ikkje så godt i telefonen. Han blir visst verande der oppe i påska, viss eg ikkje misforstod. Eg hadde tenkt vi skulle samlast i påskehelga, men det må vel utsettast det også. Då eg kom att frå turen min i dag, laga eg meg litt mat og kokte kaffi. Eg sette meg inn i godstolen med kaffikoppen, og sovna med kopp i hand. Det er slik med meg at når eg har vore ute og kjem inn, då blir eg døsig. Og no når eg er litt betre i armane, held ikkje dei meg vaken. For at ikkje dagen skulle vere heilt bortkasta tok eg og støvsuga teppegolva. Støvsuging er noko av det verste for armane, men eg tek det med ro-så kjem eg i mål. 
Det er deilig at det vart litt mildare, det er snart på tide å begynne å rydde ute, for eksempel rake singelen frå plenen og ned på tunet.
Eg har det heilt fint i desse corona-tider, men tenkjer på skuleborn og andre elevar som skal ha eksamenar utover våren. Økonomien i staten og store selskap etc. orkar eg ikkje å bekymre meg over. No får ein først og fremst konsentrere seg om å utrydde virusen. Synest synd i dei som skal styre landet no.


Ingen kommentarer: