søndag, januar 20, 2019

Dagbok 2019: 20.januar.





Klokka er no 17.45, temperaturen 4-5 minusgrader og det har vore fint og klårt vêr i dag. Då eg stod opp -ikkje altfor tidleg- i dag var det blå himmel og minus 7 grader. Eg hadde laga meg eit program for dagen, og noko uteliv hadde eg ikkje planlagt. 
Eg har ein nesten ubrukt spark hengande i tilbygget, men veit ikkje om eg får den ned. Har ikkje prøvd. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen og ordna med mat til fuglane.
Sist haust såg vi lite av sola, sidan det regna mesteparten av tida-men no er sola komen tilbake. Den viste seg her hos meg ca.10.40, men var her ikkje lenge. Så kom den tilbake på ein liten snarvisitt på ettermiddagen. Det er jo fjella som regulerer kor mykje sol vi skal få denne tida.
Eg hadde mykje husarbeid å ta att sidan eg ikkje har gjort noko heile veka-anna enn å mòke snø. Etter at eg hadde høyrt ein artig og fin kyrkjekonsert på radioen, støvsuga eg stova og vaska kjøkken og bad. 
Så la eg siste hand på verket -dvs. genseren min, før eg vaska den og rulla den inn i ein handduk. No ligg den på badgolvet til tørk. Det er slik Solveig har lært meg at ullplagg skal behandlast- og den ser heilt fin ut etter vasken. Solveig lærte på lærarskulen at ein aldri skal dampe strikkaplagg. 
Elles har eg strikka litt, sett litt TV og fyrt i omnen. Eg har det varmt og godt til tross for kulden. Vi er liksom ikkje vande med kulde lenger. Eg er i gang med lest nr. 2 i eit nytt lestepar av garnet som Solveig kom med. Etter kvart får eg vel gjort ferdig dei tre påbegynte para også.
No blir det ei "travel" veke, tysdag skal eg på røntgen, skal vere der kl.9.30, taxi er bestilt. Onsdag er det pensjonistmøte, så då blir det å skrive referat dagen etter. Laurdag skal eg truleg til Hareid ein tur. Kjekt å vere såpass bra i føtene igjen at eg kan vere med på noko.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...