onsdag, januar 30, 2019

Dagbok 2019: 30.januar

Klokka er no 17.10, temperaturen har falle til + 3 grader C og det er kald vind. For eit par timar sidan var det + 6 grader, med ein smak av vår.
Sist natt var det håplaust å få til å sove, så klokka 6 stod eg opp. Men fann ut at det var meiningslaust, så eg la meg att og sov eit par timar. 
I dag har det vore ein spesielt sosial og innhaldsrik dag, og det var kjekt å komme litt utom døra.
Det var Marit som spurde om eg ville gå på spanskkurs, eg hadde sjølvsagt lyst, men er avhengig av at andre køyrer. Ein er aldri for gammal til å lære noko nytt, og vi to var vel dei to eldste som hadde meldt oss på pensjonistlaget sitt spanskkurs. Det er Eli som styrer med det også, ho har ein veldig kapasitet. Meininga var at ho skulle ta imot 10 elevar-men det vart 15. Det var minst tre ektepar og så resten sigle menn og kvinner. Ja, dei kan no ha ektemakar eller liknande om dei ikkje var med i dag. Eg har budd i Ørsta i over 50 år, men treffer stadig nye folk. Somme har flytta hit i seinare tid. Det var to timar med undervisning i andre etasje på Bakk-Ola. Mellom timane var vi nede i kafeen og kjøpte mat og kaffi. Prata med nokre eg ikkje kjende frå før- og alle såg ut til å vere kjekke, oppegåande folk.
Etter kurset var Marit og eg på Amfi, der eg fekk kjøpt meg nytt batteri i klokka mi og henta ut medisin på apoteket. Vi kjøpte oss nye skrivebøker og så handla vi mat på SPAR. Etter at eg kom heim hadde eg telefonsamtale med Ragnhild, og vi har ein lettsindig plan om å fare til Volda på fredag, om ikkje noko anna dukkar opp.
Eg åt meg eit godt måltid når det leid på, og som straff måtte eg mòke litt snø. I morgon må eg nok få gjort litt husarbeid. 
Elles må eg øve litt på spansken kvar dag, det har vi i lekse. Eli hadde eit fint opplegg-ikkje for omfattande og vanskeleg, men jammen lærte vi ein god del. At Eli har lært seg språket kjem mykje av at ho har to spansktalande svigersøner frå Sør-Amerika. Og vi slepp å lespe, for det gjer dei ikkje i Sør-Amerika, berre i Spania.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...