fredag, januar 18, 2019

Dagbok 2019: 18.januar

Klokka er no 20.30, temperaturen er minus 1-2 grader C. Det hadde kome ein god del snø sist natt, men no på ettermiddagen har det ikkje vore noko særleg nedbør. Eg har hatt ein litt trasig dag på grunn av at eg sov lite og ingenting sist natt. Eg har vore trøytt og uvel heile dagen, men som vanleg kviknar eg til ut på kvelden. Eg orka ikkje å ligge så lenge i dagmorgon så eg stod opp relativt tidleg, og mens eg åt frokost kom det ein nabo og fresa tunet til meg. Det var snilt gjort, for det var for mykje snø til at eg hadde greidd å ta det for hand. Etter kvart som det vart lyst, gjekk eg ut og mòka altanen, og det har eg gjort berre denne eine gongen i dag. Så laga eg ein smal sti frå tunet og ned til kjellaren. Trappa var halvvegs mòka då eg kom ut, og Solveig tok resten no i kveld.
Ho fekk handleliste frå meg på nettet og kom med alt eg trong av mat etc. Ho hadde også med seg lestegarn såpass eg ikkje skulle bli arbeidslaus. Begynte å strikke på eit par parallell-lestar i går kveld, men gjekk tom for garn. Det blir det ei råd med. Med foten går det mykje betre no, i dag har eg ikkje tatt ein einaste tablett, har ikkje vondt når eg er i ro.
Håkon, yngste sonen til Solveig, fyller 25 år i dag, det blir visst ei lita feiring neste helg. På Hareid. I dag skulle vi sett sola i stova om det hadde vore klårt, då er den mørkaste vinteren over.
Heilt vanleg for meg er det å tru at det er laurdag når det eigentleg er fredag, slik er det i dag også. Tenk at laurdagen var arbeids-og skuledag til etter 1970, og i mi skuletid hadde vi lekser til måndag.
No kan eg ønske alle ei god helg på fredag!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...