fredag, mai 15, 2009

Frå fisk til -kaker.




Tysdag kveld sette Nils garn, som han drog tidleg onsdag morgon. Han fekk lyr og hyser, noko som er flott fisk til fiskemat. I går fileterte han fisken som hadde hange til tørk natta over, og mol den ein gong på gammaldags kjøttkvern.Fisken stod i kjøleskapet i natt og i dag har vi laga ca 100 store fiskekaker.Vi har bra rutine på dette arbeidet etter mange års teamwork.
Eg lagar røra, formar kakene og legg dei på panna, og så passar Nils steikinga mens eg går løs på neste røre.
Sidan eg har stor mixar, Kenwood major, rører eg 1,5 kg om gongen.
Oppskrifta har eg frå FJORDAMAT,men har gjort ein liten vri på den.Eg brukar måleskei for å få meir nøyaktig mål på salt og potetmjøl. Fiskekakene lagar eg store!Ser ikkje noko poeng i å få 100 kaker av ein liten sei!
Her kjem oppskrifta:
1,5 kg malen fisk
3-4 ts salt
3ss potetmjøl
2 egg
3/4 ts muskat
litt pepar(ev. sitronpepar)
Spe med H-melk til passelig tjukk røre (5 -6dl)
Det som er kunsten med fiskemat er å røre passelig lenge, slik at kakene heng saman, men ikkje blir seige.
Elles er det veldig lett å lage fiskekaker!
Eg bryr meg ikkje om å tilsette spennande ingrediensar som løk, paprika etc. Det kan vi ha ved sidan av.
Vi serverer fiskekakene steikte på panna, med rømme og salat+ poteter.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fiskekakene dine er gode! Eg er heilt enig i at ein skal spe minst muleg. Elles er eg som kjendt ein stor tilhengar av måleskeier og flate mål på kaffiskeia t.d.

Besta sa...

Fiskekakene vart veldig lekre denne gongen om eg skal seie det sjølv, konsistens nesten som souffle! Denne porsjonen går nok til Kongsberg, men der er vel meir fisk i sjøen? Då kan de bli andre som får nyte havets frukter.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...