Større enn både Grand Prix og 17. mai er det å ha fått att Internett-tilkoplinga etter å ha vore fullstendig fråkopla sidan måndag morgon. Eg hadde begynt å få alvorleg abstinens.....I dag ringde Nils til Telenor for 3.gong- og etter 5 min. fekk vi melding om at det var i orden. Hadde eg berre ikkje hatt kjøleskapet fullt av fiskefarse som skal bli til kaker så snart som mulig, hadde eg vel blitt sittande her.
1 kommentar:
Nei, no vart eg letta! Takk og pris at sola har skine så fint - men eg skjønar abstinensen!
Legg inn en kommentar