onsdag, mai 27, 2009

Bok nr.34: Den onde viljen.

Denne boka las eg fort ut.Den var lettlesen og kort, berre 5 CD-ar.
Karin Fossum er vel kjend av dei fleste, og eg veit at mange som har lese denne boka, har blitt litt skuffa. Derfor hadde eg ikkje så store forventningar.Men eg likte boka.Den er inga typisk krimbok og fokus ligg meir på "forbryterane" enn på politiet.Spenninga ligg på det psykiske plan. Kva får menneska til å handle som dei gjer? Korleis taklar dei skuldkjensle,anger og stress m.m. Eg meiner boka er lesverdig.
Nils Ole Oftebro les lydbokversjonen, noko som ikkje akkurat er eit minus.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg skreiv om boka 25.januar. Eg og likte boka.

Besta sa...

Eg las det du skreiv no.Det er med vilje eg ikkje skriv så mykje om handlinga i bøker eg les.Synest det er nok med det som står bak på omslaget.Og så vil eg ikkje vere for kategorisk; folk får meine det dei vil.Derfor er eg nokså vag i formuleringane mine. Det er ikkje det at eg ikkje KAN skrive skikkelige bokmeldingar!

solveig sa...

Eg skriv mest når eg likar bøkene, så får folk lese mellom linjene elles. Akkurat denne hadde eg nokre tankar rundt.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...