søndag, mai 03, 2009

Bok nr. 30: Kneleren.

Eg les mange bøker,dei fleste som lydbok.Mange likar er berre sånn passelig, andre er bra.Men så skjer det at eg kjem fram på ei bok som får meg til å ta heilt av, eller korleis eg skal uttrykke det.
Ei slik bok har eg lese no.
Kneleren av André Brink er ei bok som vanskelig let seg beskrive.Den "..summer av historie, eleganse,og en form for afrikansk magisk realisme..." -sitatet er henta frå Financial Times. Eg ville også lagt til eventyr og poesi.
Eg har ikkje googla boka, er redd for å få øydelagt opplevinga, for dette var magisk. For MEG.
Nils Ole Oftebro les som ein gud, og legg enda ein dimensjon til boka.
Du kan lese meir om romanen her

4 kommentarer:

solveig sa...

Den har eg verkeleg lyst å lese!

arieldog sa...

Eg har lånt den, og gler meg! Har lese Brink tidlegare, men då på engelsk. Hugsar spesielt ei bok som heitte "An Instant in the Wind", som vi las på engelskstudiet. Den var utruleg sterk.

Besta sa...

NO har eg googla boka, og ser at eg ikkje har teke feil denne gongen heller.
Skulle eg samanlikne med noko, måtte det vere Allende.Sjeldan eg anbefaler ei bok så utan forbehold.
Nils Ole Oftebro har tidlegare fått prisen som beste opplesar av lydbøker, og han har ikkje tapt seg.

arieldog sa...

Når eg no har avslutta lesinga/lyttinga, undrar eg meg over Oftebro sin uttale. Innimellom var det ganske lange oppramsingar av stadnamn, og han har ein - for meg som ikkje har peiling - overtydande uttale av afrikaans. Nokre opplesarar greier ikkje å uttale engelsk skikkeleg eingong!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...