fredag, mai 29, 2009

Gratulerer med dagen, Amanda!



29.mai 2009
I dag er det alt ni år sidan du kom til verda på sjukehuset i Volda. Vi var bort og såg deg samme dagen, og du likna verken Ingeborg eller Eirik, men var noko heilt for deg sjølv.Du har sikkert høyrt det mange gonger,men du hadde så mykje svart hår at dei hadde knytt ei lita rosa sløyfe i det. Siste veka før de flytte til Bjørneset, budde de her hos oss, og du og mamma låg her på datarommet.Det vart ein kald og våt sommar, så jammen fekk du brukt dei kvite ullkleda eg hadde strikka til deg!
No er det gått mange år, og eg kan ikkje fortelje om alt som har skjedd i denne tida,mesteparten hugsar du vel sjølv.Men eg må no få seie at eg synest at du alltid har vore både flink og kjekk og snill. Gratulerer så mykje med dagen!
Sidan mamma di har blogga så mange bilde tek eg med berre to.Eitt der du sit på fanget til morfar på kjøkkenet vårt, og eitt frå då vi feira 1-årsdagen din her hos oss. Mange gonger har du og Olaug feira fødselsdagane i lag, fordi det berre er ei veke imellom.Olaug fekk sykkel til 4-årsdagen, og det første ho gjorde var å tryne skikkelig, det kan du vel sjå på fjeset hennar?

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi gratulerer også! Artig at vi begge er bestemødre til kvar sin 2000 års-modell.
Eidabesta

Besta sa...

Ja! Og at begge er jenter! Dei er liksom mangelvare i den store barnebarnflokken.Av dei 21 oldebarna til mamma, er det berre seks jenter!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...