mandag, mars 30, 2009

På jakt etter gardiner.







I fjor jakta eg på sommar-gardiner til stova til langt på haust. Starta opp att etter jul, men har enno ikkje funne noko. I dag tok vi ei runde i Volda, og enda opp, som så mange gonger før, på Kina-restauranten Landscape, og fekk oss lunsj der. Der hadde vi flott utsikt over Voldsfjorden i styggeveret.
Veret har blitt litt betre etter kvart.

5 kommentarer:

solveig sa...

Det har vore mykje ulikt ver siste dagane. Vi får håpe på altanver i påska. Det verste eg veit er når det er fint på austlandet og dårleg her, og vi får høyre om "det nydelege påskeveret i Norge".....

Hildegard sa...

God lunsj ser det ut til, må prøve denne kafeen ein gong. I dag har det vore eit fæla ver her, så eg har nytta dagen til kransekakebaking. Har lova bort 3 stk - ei til Anna Pernille, to til konfirmasjonen til Ingrid og Lars i slutten av mai. Kransekakene likar godt å liggje i frysaren, så det går bra.
Eidabesta

Besta sa...

Maten er faktisk betre på Kina-restauranten i Ørsta, men det er liksom litt kipt å gå på kafe utan å først køyre ei lita mil. Du er flink som lagar kransekaker, sjølv har eg ikkje gjort det skapte grann i dag, men i morgon skal eg i alle fall på trening.

Elin sa...

Du er flink å gjere det koseleg rundt deg. Men at du treng sommargardiner? Gardinene dine var berre så nydelege!

Besta sa...

Gardinene er bra nok, dei, men 9 år gamle. Kunne tenke meg noko litt lett og fargerikt til sommaren. rart med det når ein går så mykje heime og ser oppetter veggene.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...