Då vi var på blogg-shopper-tur til Ulsteinvik, Flø og Hareid, kjøpte Solveig garn som eg no har strikka sokkar av. Garnet er relativt tynt, eg strikkar på pinnar nr.2,5, og det er godt å strikke. Dessverre har eg gløymt kva garnet heiter, men Solveig hugsar det kanskje? "Magebeltet" har eg sjølvsagt kasta. Eit lite tips når det gjeld slikt "sjølvstripa" garn: Det er betre å kjøpe to like nøster enn to ulike, for sjølv om dei seier det er nok garn i ein bunt til eit par lester i vaksen storleik, så kan det hende det blir i minste laget.Eg fekk litt for lite garn til det raudstripete paret, så det blå paret strikka eg litt mindre.Det vert lite strikking med meg for tida, det har sine grunnar. Eigentlig likar eg godt å strikke mens eg høyrer lydbøker.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Eg hugsar ikkje namnet, men butikken og hylla! Sokkane vart fine dei! Men eg skal gjere som du seier ein annan gong!
Kjøpte sokkegarn på sal her, så eg har ei stund framover.
Legg inn en kommentar