Nils var ganske bra i går då vi for utover, men i dag har han vore "lenka" til godstolen-i håp om å bli betre av det. No har han det slik eg sjølv hadde det i åresvis. Eg er ikkje heilt god no heller, men betre enn han i alle fall.
I dag har eg vore litt flink, men resultatet er ikkje så bra som eg ønska. Eg sette ein stor bolledeig, og for ein gongs skuld følgde eg oppskrifta. Resultatet var ein altfor fast deig som hadde problem med å heve seg. Laga to brett med bollar, men siste deigresten vart til ei kveitekake med rosiner; trur den vart mest vellykka. Alt er no etande for så vidt-sjølv om bollane ikkje er "luftige" nok. Men eg har i alle fall kjensla av å ha gjort noko nyttig.
Til middag hadde vi Carlo spekesild ,og av filetane som vart att laga eg sursild. Men eg skal lage meir sild nærmare jul. Trur eg.
I morgon har vi tenkt å fare til Volda for å høyre Amanda synge. Litt for seint oppdaga vi at ho skulle vere med å synge på bedehuset her i dag.
Trur det er ekte giktvêr ute, for det er ikkje berre Nils som verker (han er relativt bra så lenge han er i ro)- men det er er han som er sjåfør. Han har hatt mykje å underhalde seg med på TV i dag - eg les Edvard Hoem innimellom. Vi har også opptak frå TV-kvelden i går som vi ikkje har sett og så er det no litt å sjå i kveld også. Eg gløymde å ønske GOD HELG i går, så får eg gjere det i dag.
I dag fyller dottera til Rolf, Anne Merete, 39 år. Det er lenge sidan eg bar henne til dåpen no. Ho har tre søner som begynner å bli store. Ho jobbar som skuleassistent.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar