tirsdag, desember 29, 2015

Bok nr. 91 -2015: Historia om det nye namnet.


Historia om det nye namnet

Historia om det nye namnet» er ein stor filmatisk roman frå Italias mest kjende ukjende forfattar. Dette er bok 2 i Napoli-kvartetten.
«Historia om det nye namnet» byrjar der «Mi briljante venninne» sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet.

«Historia om det nye namnet» er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Elena Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.
...................................................................................................
Denne boka er på 14 CD-plater og eg har brukt lang tid på den. Eg likar best å lese bøkene relativt fort, men det har jo vore jul ! Då er ein kanskje meir sosial enn andre tider, og så er det mykje å sjå på TV. Mykje av boka har eg lese i sømnlause netter -og det er heller ikkje optimalt. Derfor vil eg ikkje seie så mykje om kvaliteten på boka.
Eg har lese om att bok nr.1 for å vere klar til denne. Boka startar med å presentere alle personane som var med i bok nr.1 -og det er ikkje få. Persongalleriet er enormt, noko som ikkje er så enkelt når ein les lydbokversjonen, så mitt beste råd er å lese papirversjonen om ein har høve til det.
Ho som les boka (på nynorsk) les på ein sunnmørsdialekt som minner om Sylvia Listhaug, men det er klårt og tydeleg. Noko som kan irritere meg er at ho somme gonger brukar "feil" tonem på ord, helst namn, men det er ikkje sikkert andre bryr seg om akkurat det. Eg kjem nok til å lese dei to neste bøkene også. Det mest interessante for meg er bakgrunnshistoria, etter som hovudpersonane er født om lag på samme tid som eg. Det var nok ikkje fullt så tøft å vekse opp på Eid som i Napoli.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Desse to bøkene har eg også lese - som digibøker, godt tolka på nynorsk av Silje Breivik. Kjekt av og til å "lese" bøker på nynorsk.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...