Klokka er 19.00, temperaturen er + 12 grader. Det har vore ein fin førjulsdag, opplett det meste av dagen og uvanleg mildt. Litt vind nede i sentrum, stillare her oppe.
Nils var ikkje god i hofta då vi stod opp men han kom seg litt utover dagen. Han var ein tur til Vik og fekk klipt håret sitt, mens eg vaska håret og gjorde meg klar til shoppingrunde. Vi fekk kjøpt 4 julegåver i dag-det er no ein begynnelse. Elles hamstra eg vaskepulver på Felleskjøpet før vi tok turen til Amfi. Vi møtte mange vi kjende og fekk rekognisert litt rundt omkring. På Cubus hadde dei ein ny variant; sidan eg kjøpte for over 500 kr fekk eg ein tilgodelapp som eg kan bruke i februar, pålydande 100 kr.Lyt prøve å hugse den!
Då vi kom heim att var klokka nærmare halv fire, så då laga vi middag i ein viss fart: julepølser frå Ringdal med poteter,rabbe og ribbefeitt. (Mens potetene kokte fekk eg bretta ein klesvask.)
Så flata eg ut på sofaen med boka mi-til det var på tide å drikke kaffi. Etterpå skolda eg og skar opp mandlar. Får sjå om eg finn ånden til å bake litt meir i morgon - eller ein annan dag. Erfaringa mi seier at det blir nok mat i jula i år også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar