søndag, desember 20, 2015
Dagbok 2015: 20.desember
Klokka er 20.00, temperaturen ute er +9,2 grader, og det er framleis mørkt og vått.
I år er solsnu den 22.desember, så vi kan snart sjå fram mor lysare tider.
Eg kan ikkje skryte av å ha vore ei god husmor i dag. Hadde eit par små jobbar eg fekk unna før middag. Blant anna skreiv eg julebrev på data. Eg veit at mange mislikar å få slike, og ikkje alle opnar dei. Men eg har ikkje trott til å skrive mengdevis med julekort, så det får vere som det er. Take it or leave it.
I dag har det vore mykje sport på TV, så Nils har halde seg i ro, håper det gjer godt for foten hans.
Og når han ser TV får eg "fred" til å lese bøker, så i dag har eg lese ut Mios blues-dvs. eg vart tom for straum då der var to spor igjen, men det ser ut til at helten overlever denne gongen også. Det plar vere slik i krimbøker.
Nils kokte salta lange i dag, han trivst best med å ete fisk, og heldigvis likar eg det også.
Resten av kvelden blir det vel ein del TV, for eg har følgt med i den tyske serien, enda eg synest den er nokså brutal. Det blir mykje mord og drap både i bøker og på TV. ser Eg ser fram til å lese noko som er litt mindre blodig.
No var Matias på døra med ei fin blomsterkorg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar