onsdag, desember 09, 2015

Dagbok 2015: 9. desember

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er 6,2 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør, men det har Nils.
Matias ringde i går og dei var enige om å fare på sjøen i dag om vêret tillet det. Vi vakna begge klokka halv seks og var enige om at det ikkje var fiskevêr, og la oss til att og sove. Derfor var eg litt overraska då eg stod opp eit par timar seinare og Nils var vekk. Eg var ikkje berre glad for det, eg ville han skulle halde seg i ro med den vonde hofta/foten.
Men når eg er heime åleine er eg litt meir effektiv enn elles, så i dag fekk eg laga Mor Monsen utan at deigen sprakk + ei ny ladning med bollar av betre kvalitet enn eg baka sist. Nils kom haltande heim  i 12-tida. Dei hadde fått ein middels seifangst, så vi skulle ha småsei til middag i dag. Men det fekk bli seinare, for akkurat då hadde vi meir lyst på kaffi og varme bollar.
Eg hadde ein del arbeid med å vaske opp for hand, tømme oppvaskmaskina og rydde kjøkkenet. Og pakke det som skulle frysast etc.etc.
Så hadde vi pause før Nils med mykje strev fekk laga middag. Med strev meiner eg at det er strevsamt å bevege seg når ein har vondt. Men koke fisk og poteter overlet han ikkje til andre.  Eg tok jobben med å shine opp kjøkkenet etterpå. Innimellom har eg fått lese ferdig Hoem si bok, den var like fin som Slåttekar i himmelen, - dei som enno ikkje har lese den har noko å gle seg til.Merkeleg korleis den mannen kan skrive om heilt alminnelege ting utan at det vert keisamt. Og språket er rein poesi.
I morgon er det førjulsfest på Folkestad skule, så då håper eg vi kan vere med. Det kjem heilt an på Nils.Han har heldigvis ikkje vondt når han sit i ro.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...