onsdag, desember 23, 2015
Dagbok 2015: 23.desember
Så er vi komne til "lille lulelaff", som Solveig sa då ho var lita. Ute er det framleis vått og mørkt; temperaturen er + 5 grader C. Lita von om kvit jul, altså. Men så er vi heldige på den måten at det ikkje er fare for verken ras eller flaum akkurat her hos oss.
Eg er veldig lite stressa når det gjeld jula i år. Vi skal feire julekvelden på Hareid, så det er berre å gå til duk og dekka bord. Men så får ein tenkje tilbake på alle dei åra ein var yrkesaktiv og skulle lage til jul for heile familien. Sant å seie hadde eg mykje meir kaker i boksane den gongen. Men så var eg yngre og sprekare også.
I dag har vi vore på to handlerundar. Først på Kiwi før middag og fekk heim det meste. Ut på ettermiddagen var vi ein tur på biblio og på Rema 1000. Var så vidt innom Amfi også -men der var ikkje verande på grunn av folkemengda. Elles har eg gjort litt husarbeid, støvsuga m.a. og Nils kokte fiske- middag. Det vart litt enklare når han blei betre i foten slik at han kan GÅ.
Vi kjem heim att i morgon kveld, og 2.dag samlar vi familien her hos oss. Det er ein lang tradisjon, og eg er glad for kvart år vi kan halde på den.
Ser på TV at det er uvêr på Vestlandet, men det har ikkje nådd oss-ikkje enno i alle fall.
Så vil eg berre ønske alle blogglesarane mine ei GOD JUL !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar