lørdag, mai 27, 2017

Dagbok 2017: 27.mai

Klokka er snart 19.00 og det er framleis + 26 grader ute. Heilt herlig, spør du meg. Eg blir sjeldan FOR varm og toler sola godt. Har vore ute det meste av dagen, men ikkje lege på solseng, akkurat DET kan bli i meste laget.
Dagen starta brått med at HBO 1 kom ein time for tidleg. Det er slikt som kan skje i helgane fordi dei er færre på vakt då -og dei som er må rekke over fleire. Eg var oppe, men gjekk og svinsa i nattkjole. Ein heimesjukepleiar har vel sett det som verre er.
Nils stod opp og fekk tatt prøven. Dermed var dagen i gang. Og for ein dag! Finaste vêr ein kunne ønske seg, berre nokre lette skyer og ein bitte liten bris.
Og det beste av alt: Nils var i bra form. Og det er han framleis. Han har reparert den gamle el-klipparen, blant anna, og så har han prata med naboar. Han kan sitte ute, men likar ikkje å sitte i sola når det er varmt.
Eg kunne nesten ikkje vente med å komme meg ut i dag. Først bar eg vekk ein heil del plankar etc. som låg ovafor garasjen, før eg begynte å klippe plen. Hadde tenkt å klippe med oppsamlar i dag, men fekk ikkje til å ta ut bio-innsatsen, så det blei bioklipp, først oppe mot vegen , etterpå rundt huset. Tenkte det fekk halde. Nils ringde til han som selde oss klipparen og spurde om råd, så han stoppa på heimvegen og lærte oss trikset. Eg syntest det var for gale å klippe over ein gong til for å samle opp, så eg raka litt i staden. Men nedanfor huset fall eg for freistinga og henta opp graset med klipparen. Men det var mykje seinare. Eg likar SÅ godt å klippe plen, for då får eg vere ute og så får eg mosjon. Passar veldig bra, sidan eg ikkje kan fare så langt heimanfrå.
Einar stakk innom etter at han og Håkon hadde sprunge rundt Rotevatnet i Volda. Ja, ikkje berre dei to, det var eit "løp". Håkon vann faktisk. Einar baud til at han kunne klippe plen, men eg har sagt i frå om at DET arbeidet vil eg ha-enn så lenge. Han ville også køyre meg på butikken, men eg var så skitten og fæl at eg ville utsette det. Eg har enno ikkje vore og handla, men vi overlever kanskje til mandag om eg ikkje gidder å fare ned.
Dagen har gått veldig fort, og eg har enno ikkje verken vaska meg eller kledd meg om til helga. Golva er fulle av gras og ingenting er gjort inne. Men det blir kanskje overskya i morgon og då passar det betre å shine opp inne.
Bilda er tatt frå altanen kl.19.20

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...