tirsdag, mai 23, 2017

Dagbok 2017: 23.mai.



Klokka er  19.15, temperaturen er + 17 grader C og det har vore ein dag utan ei sky på himmelen og ei strålande sol. Men akkurat no sig det mørke skyer inn frå vest, så då får vi berre glede oss over at vi hadde høve til å nyte denne dagen. Dei to øvste bilda tok eg i dag tidleg før Nils var oppe. Det å vakne opp til slikt vêr er ei glede. Seinare på dag la vi oss ut på kvar vår solseng, men det var etter at vi hadde ete middag.
Etter at HBO hadde vore her, og Nils hadde ete frokost, hjelpte eg han så han fekk dusje , barbere seg, få på seg reine klede og ny smerteplaster. Vi har bra rutiner på dette no.
Og så var det over på dagens hovudoppgåve: kjøp av ny plenklipper. Nils ringde på Felleskjøpet og ville ha ein slik som Margrete hadde kjøpt, men dei hadde ikkje fleire. Men vi har ein nabo som driv Jernia-butikk, og så vart han kontakta. Han anbefalte ein som var billegare enn Margrete sin, med bensinmotor og bioklippinnsats. Sidan han køyrer forbi huset vårt når han skal heim, kunne han ta med klipparen, og det gjorde han.
Eg har vore litt skeptisk på slike klipparar der ein må drage i snora når ein skal starte, men i dag fekk eg litt undervisning, og no får eg start på første forsøk. For sjølvsagt måtte eg bio-klippe heile tomta med det samme. Det var ikkje så lenge gjort, når eg ikkje samla opp og tømde. Men kva gjer vi med dei to gamle klipparane? Det vil tida vise. Eg er i alle fall glad for at eg slepp å drage rundt på dei lange skøyteleidningane.
Til middag i dag laga eg nydelige kjøttbollar med fløtesaus etc. Nils likar så godt "våt" mat , dvs. mat med saus t.d. I dag fekk han ein stor porsjon med dessert også, etter at dei hadde vore og målt sukkeret, så no spørs det kva som skjer i kveld - må han ha ei ekstra sprøyte?




Ingen kommentarer: