fredag, mai 12, 2017

Dagbok 2017: 12.mai


Klokka er 21.00, temperaturen er + 9 grader C og det har vore ein fin dag med lette skyer og meir og meir sol utover dagen. Det til tross for at FB varsla meg om regn i dag tidleg.
Med Nils er det som før, han klarer seg bra, men kan ikkje gjere så store sprell. Han er glad for å få vere heime, og å få dusje når han synest han treng det. Heimesjukepleiarane kjem tre gonger for dag og måler sukkeret. Og eg prøver å passe på at han får medisinane til rett tid. Han synest det er kjekt at folk stikk innom på korte besøk. Han blir ganske fort sliten, men ser mykje TV.
For å skryte litt av meg sjølv så har eg vore ganske aktiv i dag. Då heimesjukepleiaren kom litt etter klokka 9 hadde eg alt sett ein brøddeig. Etter kvart vaska eg "rundt" på kjøkkenet og for over golvet.
Men så begynte eg på den største jobben, nemleg plenklipping. Eg fann ut at graset var så langt at det ikkje kunne stå til regnet hadde vore her, så eg måtte berre sette i gang. Har klipt alt som heiter plen nedanfor huset, og det med elektrisk klippar med to lange leidningar og utan "drag". Det vart tungt i skråninga, men eg tenkjer på at det er god trim, og eg har ikkje vondt av det.
Alle dei brune flekkane skal vere der. Det er kalksalpeteren som "brenn" vekk mosen. Det vart mykje gras, for jammen var det langt mange stader. Opp mot vegen kan eg ikkje klippe før blada på løkblomstane er visna. Eg delte jobben i tre økter og var inne og drakk i pausane. Eigentleg så synest eg det er kjekt å få jobbe ute.
Då eg var ferdig kunne vi ete, og litt seinare fekk eg dusja.
Solveig kom innover i kveldinga, og då var vi nedover og handla. Matvarene kjøpte vi på Spar denne gongen også, men først var vi på Amfi, der eg kjøpte kalktablettar og Solveig fekk seg ny jakke på Femina, som er favorittbutikken hennar. Ho fekk seg ein kopp kaffi før ho for ut att.
På vegen innover stakk ho bortom Lefdal og kjøpte eit nytt minnekort til kamera mitt, så no reknar eg med at det gamle dukkar opp snart. Bilda tok eg litt før klokka 21.
Tenk at det er fredag igjen! Eg vil ønske alle ei fin helg anten vêret blir slik eller slik. Det viktigaste for meg er temperaturen-litt regn skadar ikkje.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...