torsdag, mai 25, 2017

Dagbok 2017: 25.mai

Klokka er 19.15, temperaturen er +11 grader C og det har vore ein heilgrå dag med skodde og regn.
Somme dagar kjenner eg meg nesten som ein duracell-kanin -i dag gjer eg ikkje det. Eg plar rekne opp nokre av dei tusen tinga eg gjer, i dag har eg berre baka tre brød og dett var dett. Resten av tida har eg stort sett sløva  i lag med Nils, framfor TV-en. Vi har hatt besøk av to HOB-ar, den andre kjem att klokka 20.00. Nils fekk ei sprøyte klokka 16-som vanleg.
Dagen begynte dårleg. Nils var absolutt ikkje i form då han stod opp. Etter at han hadde fått tablettane sine og ete frokost, sovna han og sov ganske lenge. Etter kvart kvikna han til, men middag ville han ikkje ha, men heller nysteikt brød. For å seie som sant er så er dei heimebaka brøda mine nokså næringsrike, så det er inga katastrofe at han et dei i staden for tradisjonell middagsmat. Han drikk mykje H-melk og et banan, så eg trur han får i seg bra med næring. Men vi får sjå kva han vil ha til kvelds. Eg tvingar han ikkje til å ete noko han ikkje vil ha. Eg blir litt skeptisk når han begynner å vegre seg mot å ete, det plar vere første teiknet på at noko er i emning. Men i kveld er han i bra form, så vi håper det beste.
Eg tok eit par bilde frå altanen, sjelden at ein tek bilde i dårleg vêr, men eit lite lyspunkt er det at epletreet blomstrar og at perlebuska har nokre utsprungne blomster. "Brura" brukar eg å kalle den buska. Sist haust klipte eg bort litt av sløret og støtta den opp. Eg håper på hagevêr i morgon, for det er mykje som må gjerast.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...