søndag, mai 07, 2017

Dagbok 2017: 7.mai.

Her har vi eit bilde frå i går. Konfirmanten ,Eivind; med besteforeldra på Kongsberg. Eg er så glad for at han har dei, og at dei er friske og raske, når vi "sviktar". (Sigrid og Arne er litt eldre enn oss.)

Klokka er snart 19.30, temperaturen er +10 grader C og det er lettskya og fint vêr. Tidlegare i dag var det heilt klårt, men isande kald vind. I morgon skal det visst komme regn. Då må eg ut og ha utover hønsegjødsel, såpass eg får gras å klippe på.
Dette har vore ein dag utan store problem, men med fleire små irritasjonsmoment.
Det første var at det ringde på døra klokka 8.00. Vi sov ikkje, men var heller ikkje oppe. Eg forstod med ein gong kva det var, så eg kom meg opp og tok imot HBO 1, som kom to timar for tidleg. Ho målte sukkeret til Nils men han låg i senga. Vi fekk altså ein litt flying start på dagen, Nils likar ikkje å stå tidleg opp, men eg plar no komme meg opp før klokka 9. Eg får legge til at vi ikkje kryp til sengs tidleg om kvelden heller.
På føremiddagen var eg ute på altanen og rydda litt, klipte vekk eføy etc. men det var utriveleg kaldt. Marit kom ein tur ned og heldt oss med selskap ei stund. Så laga eg skikkelig middag for ein gongs skuld. Eg har ikkje ete middag så ofte siste halvåret, men i dag åt vi godt begge to. Røykt skinke med bernaise og div.grønsaker smakte godt. Nils fekk dessert også, men ikkje eg . Kaffi og kaker litt seinare.(Fann nokre restar i frysaren)
Etter at vi hadde slappa av ei stund, hadde eg ein jobb med å lage eit lite sanghefte til pensjonistmøtet som vi skal ha komande onsdag. Ikkje at det var vanskeleg, men eg skulle prøve å få mest mulig over på eitt ark. Det blei tre ark som eg trykte opp og kjenga saman. Måtte skifte patron også. Og no fekk eg akkurat melding frå leiaren om at songane står i songboka. Det var så vidt eg ikkje tok livet av mobilen!
Møtet på onsdag er det siste i sesongen; når eg har skrive referatet har eg "fri" heilt til september.
Elles så finn eg ikkje att minnekortet til fotoapparatet mitt, det er ikkje så lett å finne att så små ting. Eg prøver å ikkje irritere meg over bagatellar- men det held hardt.
No har HBO 3 vore her. Nils måtte ta ei sprøyte klokka 16, men slapp morgon og kveld.
Margrete og ungane er komne heim, og eg reknar med at Solveig også er det. Dei tek ikkje samme vegen.
Nils har hatt ein rimeleg bra dag i dag også. Han sov ein god middagslur i stolen. No går det visst i fotball.


4 kommentarer:

Anonym sa...

Vi var kjempeheldige med været, og det ble et hageselskap, ingen ville inn bortsett fra Eivind, Vebjørn og Erlend som var inne innimellom. I dag kom regnet men det det ble strålende etter hvert. I dag har jeg vært lat og sløva med ukeblader på verandaen, bare satt på oppvask og klesvask innimellom.
Wenche

Besta sa...

Ja, det blir ein fin dag å minnast-ikkje akkurat slikt ver vestlendingar er vant til-men faktisk var her også fint- i alle fall fredag. Skulle så gjere vore der, men vi kjem oss ingen stad no- og får berre vere glad for kvar dag som er bra. Gratulerer med ein flott konfirmant!

Hildegard sa...

Gratulerer med konfirmanten Eivind. Ein fin ungdom og flotte besteforeldre på Kongsberg!
Eidbesta

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...