Klokka er no 17.35, temperaturen ute er ca 21 grader C og det er sol og litt vind. Vi kan ikkje klage på veret i alle fall.
Eg hadde som vanleg planen klar for det eg skulle gjere i hagen i dag, og eg starta opp med litt rydding .Men det vart nokre forsinkelsar for eg kom i gang med klippinga, men den tida brukte eg til å rydde i det eg vil kalle "rotehjørnet" i hagen.
Det var ikkje så mykje eg skulle klippe i dag, men eg hadde gjort ein stor feil-eg hadde begynt å klippe med crox på føtene. Det vil eg sterkt fraråde å gjere. Der gjekk som det måtte gå-eg datt på rygg i skråninga og slo med litt for hardt i hovudet. Med meg sjølv tenkte eg at dette vart Hjernerystelse, der eg låg mellom buskene og kjende kvalmen kome.
Naboane kom og hjelpte meg så eg kom meg i hus før det vart verre.Det roa seg etter kvart og eg la meg inn på senga mi, og så kom Solveig i bilen sin frå Hareid. Ho slo opp på telefonen sin og kom til at det var Hjernerystelse Eg syntest ikkje at eg var så sjuk at ho trong om å komme. Men det var no litt kjekt, for ho fekk ordna opp med mykje, ho fekk til og med handla til meg. No har eg hatt meg eit godt måltid mat, og kjenner meg heilt frisk- Men eg skal kanskje brenne opp dei gamle croxane- eller? Det blir ikkje klipping på meg med det første for Solveig gjekk over der det var behov.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar