tirsdag, november 10, 2026

Dagbok 20 26:10.ovember

 




Klokka er no17.40, temperaturen ute  er +3 graderc C-og det regnar. Eg har faktisk ikkje vore ute for ei dør i dag. Eg har vore her heime åleine heile dagen og gjort veldig lite husarbeid-eg har hatt kjensle av at det var søndag. I går var det så mykje som hende, i dag var det ingen ting-nesten- slik er det berre. 

I tillegg har eg følt på at det er helg. Det er det heller ikkje, Med andre ord , eg har sete og gjort lite og vore lat og trøtt etc-Eg bala med ein lest som eg skulle gjere ferdig, men det var eit langt lerret å bleike. Eg hadde ikkje problem med å strikke, men så var det fellinga etc.etc. At eg skal ha problem med slikt er rart for eg strikkar no som regel ein lest for dag. Men alt garn er ikkje like lett å få til å "ligge" pent. Den blei ferdig til slutt uansett. Og gjort er gjort.

Noko som var positivt  var at eg laga meg skikkeleg middag i dag, det skjer ikkje så ofte, men no hadde eg mykje mat i huset- eg har det, når Solveig er med og handlar.

Eg venta ikkje at nokon skulle kome i dag, for dei fleste er på arbeid, og mange hadde vore ute og reist i helga. Hadde det vore betre ver kunne eg ha gått tur.

Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje finn på noko kjekt å gjere-i dag har eg ikkje ein gong hatt på TV., men den skal eg no få på no. Og eg har meir lestegarn!!

Eg fekk melding i går kveld om at eg har fått ny time med dei eg var med i går- trur det var 18.desember. Då får eg kanskje betre hørsel i jula.

mandag, november 09, 2026

Dagbok 2026: 9.november


 Klokka erno19.37, temperaturen ute er + 6 grader og eg trur det regnar.

I dag har det vore ein litt annleis dag, og det er no kjekt med forandring om det ikkje er fantastisk alltid.

Dagen i dag var bestemt på førehand.Eg måtte gjere noko med hørselen min, den har vore dårleg lenge-i mange år faktisk og eg har hatt fleire høyreapparat som ikkje har hjelpt meg mykje, dei eg hadde no låg ikkje i ro inne i øyra ein gong , men spratt ut. Sidan eg hører så dårleg måtte eg ha med meg Solveig som hjelpeperson som kunne snakke med folk. Vi køyrde til  til Ulsteinvik der dei har eit kontor.Eg har vore der mange gonger og fått høyreapparat -som har hjelpt litt ei stund. No rekna eg med at eg skulle få nye og betre apparat og budde meg på at eg skulle stå i eit bur så dei skulle teste hørselen min..............Men slik vart det ikkje. Vi fann fram til "kontoret"og kom inn til ei dame.Men i dag var det ikkje snakk om å teste hørsel....nei det var rett inn i øyra mine med ein streng eller kva det var- så han skulle grave ut øyrevoks. (Det var ein mann som gjorde det)Det var ikkje kjekt. Eg hadde så smått tenkt meg ned på legesenteret å få spylt øyrene på førehand, men så slo eg det i frå meg- DESSVERRE.  Det vart ikkje gjort noko meir i dag, men eg må nok ut att om ei stund....................................................

Solveig er veldig fornøgd med EL-bilen dei har no,, og vi hadde ein kjekk biltur heim til Ørsta også,. Då vi kom inn i rundekøyringa tenkte eg at no var vi nær 

Plantasjen, så det hadde vore kjekt å sjå om dei hadde pynta til jul. Dei plar vere ute i god tid. Julepynt var der ikkje så mykje av, men eg fekk kjøpt nokre potteplantar, for no hadde eg ikkje så mykje av den sorten. Eg kjøpte tre Vanlege plantar-ikkje så veldig julete altså.

Og sidan vi var i Furene kunne vi handle mat på Coop-og det angra vi ikkje på. Dei har mykje god mat på KIWI, men på Coop var der enda mykje meir, og eg fann no yndlingsretten min der: SPEKESILD altså.

Solveig måtte sjølvsagt køyre meg heilt heim, og så kokte vi kaffi og smakte litt på det vi hadde kjøpt.

Det er reine luksusen å ha ei dotter som er pensjonist. Ho kan snakke for meg også, og ho forstår kva folke seier. Eg har litt problem med å forstå kva som blir sagt-derfor må eg ha høyreapparat.

No har sete og strikka på ein lest- det er nummer to i eit par, men eg har ikkje rekt opp så mange gonger som på den første. Kva tid eg skal ut att for å få hørselshjelp-det veit eg ikkje-

No fekk eg melding om at eg har fått ny time den 18.desember, og då er det no nesten jul.

lørdag, november 07, 2026

Dagbok 2026:7.november


Klokka er no21.50 og eg var så vidt ut på trappa og tok eit bilde av det eg såg.

I dag har det visst regna ein del, eg var så vidt ute på føremiddagen ei lita stund og rydda litt i hagen, men veret var vått og eg var låk i ryggen, så eg kom meg for inn att. Her inne har eg sete og strikka på ein lest nr.2 , men etter at den var nesten ferdig, rekte eg den opp igjen- den var ikkje slik den skulle vere-og no har eg jobb i morgon også. Eg trur ikkje eg får besøk då for familien min er på tur både her og der, og Solveig kjem på måndag for då skal eg til Ulsteinvik og få meg nye høyreapparat, eg har hatt mange slike, men ingen som eg har vore fornøgd med. No blir Solveig med meg, så ho kan forklare kor gale det er med mora.

Eg har hatt på TV-en i heile kveld, men eg synest ikkje der er noko kjekt å sjå- det var betre før i tida-etter min smak.Eg sit meir ved PC-en enn ved TV-en faktisk, for der finn eg no litt av interesse. Etter at eg har begynt å høyre på KØNTRI-får eg meir og meir av den sorten-og det er no kjekt av og til. Det har vore mykje Elvis i det siste, og det likar eg no. 

Eg blir vel sittande å strikke i morgon også, eg kan gå litt tur om eg vil, men ikkje så langt,den ein foten plagar meg . Margrete og kompani har køyrt opp til Trondheim der Eirik bur og besøkt han og Nora, dei har det sikkert kjekt. Eg får vel eit referat når dei kjem heim.

No skal eg sjå om eg finn noko mat som eg har lyst på. 

Eg skulle sagt GOD HELG i går-men så få eg seie den i dag litt på etterskot.
 

fredag, november 06, 2026

Dagbok ; 6.november 2026

 

Nedanfor tilbygget har eg diverse klatreplantar , særleg Klematis. Dei har stort sett tatt kvelden no og slutta å blomstre. Berre ein av dei hadde funne vegen inn i tilbygget og stod der og skein, og eg kunne ikkje la vere å ta blomstrane med inn. 

Klokka er no 20.10, temperaturen ute er+3 grader C og det er overskya-då eg stod opp i dag var det fin sol, men den vart borte. Men det er bra temperatur og ver for å vere så langt ut på hausten, eg trur graset veks enno,det er i alle fall ikkje lenge sidan eg såg ein sjølvgåande grasklippar i funksjon.Eg håper sjølvsagt på ein mild og snøfri vinter for min del, men då ville mange bli skuffa.


Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag, for eg har vore her heime åleine heile dagen. Ikkje har eg gjort så mykje heller. Den lesten som eg rekte opp att fleire gonger, vart ferdig i går og no held eg på å lage ein til samme sort. Det går ikkje fort, men det gjer ingen ting.

På føremiddagen tenkte eg å få gjort litt nede i hagen, der var litt ruskete somme stader.. Eg tok på meg dei nye "gummistøvlane" eg slapp å ha lester på mef for støvlane hadde"ull"innvendig. Men det var ikkje så mykje eg fekk gjort likevel..

Eg har begynt på lest nummer 2, og den blir kanskje ferdig ein gong, den også.

Eg har ikkje snakka med ei levande sjel i heile dag, men eg har det bra på alle måtar og no skal eg snart lage meg kveldsmat.

Då eg stod opp i dag kom det fin sol men den vart vekke utpå dagen.

torsdag, november 05, 2026

Dagbok 2026: 5.november


 

Klokka er no 17.07; temperaturen ute er+5 graderC, og det regnar. Det er bekmørkt ute enda det ikkje er så seint. Det er tydeleg at vi har gått langt inn i hausten. Eg likar forresten hausten ganske godt-men ikkje når det regnar.

I dag hardde eg avtale med Solveig, ho skulle komme innom  og så skulle vi førebu turen til Ulsteinvik komande måndag, då skal eg teste hørselen min og få meg nye høyreapparat-håper eg. Då er det godt å ha med seg Solveig som både høyrer og kan snakke for meg.

Vi køyrde ned til Alti der vi kjøpte ei par ting som eg trong. Når eg har Solveig med meg så skjer det ting og det gjorde det i dag også.Vi fann det eg skulle ha;mellom anna støvlar som skal erstatte dei eg brende opp.

Vi spanderte på oss kaffi og kake i Kafeen. Og der trefte vi folk frå Hareid som Solveig kjende, eg kjende ingen av dei vi såg. Eg har budd i Ørsta i over 60 år, men dei fleste eg har kjent er vekke på ein eller anna måte. Eller kanskje dei set heime.

Nye gummistøvlar




onsdag, november 04, 2026

Dagbok 2026: 4.november

Klokka er kvart på 7 og eg har nettopp tatt bildet frå trappa mi. Ein mørk og våt novemberkveld har vi her. Ikkje har vi sommartid heller-----

November er ikkje den månaden eg er mest glad i -men så lenge det ikkje er snø, så går det bra.I dag då eg stod opp, var eg sikker på at det var tysdag, men så stemte det ikkje med kalenderen.

I dag måtte eg ha litt meir mat i hus , så då fekk eg meg i alle fall ein tur på butikken. Der var ikkje mykje folk i dag og eg møtte ingen eg kjende.

I dag hadde eg god tid til å besøke Marit , så eg var der ei god stund før eg måtte heim og ete middag. Elles tok eg fatt i den umulege lesten som eg har strikka på i dagesvis, så no er den ferdig -om eg ikkje rekker opp att ein gong til. Eg var ikkje fornøgd i dag heller.Eg må vel strikke ein til viss det skal vere noko å ha.

Komande mandag skal eg til Ulsteinvik og få meg nye høyreapparat, dei eg har hatt til no har vore ubrukelege, så eg har ikkje brukt dei mykje . Solveig skal vere med meg denne gongen, og ho kjem hit i morgon så vi kan forberede oss litt. Eg begynte med høyreapparat i 60-årsalderen, men har ikkje hatt nokon som eg var nøgd med, så eg har brukt dei lite. 

I morgon skal Solveig og eg ha oss ein tur ned i VIK (Ørstavik)og sjå om vi finn noko vi treng. Eg treng t.d.nye gummistøvlar m-m-

November er aldri favorittmånaden min-men kven veit? Sola kan brått vere her igjen.


 

tirsdag, november 03, 2026

Dagbok 2026: 3.november

 


Klokka er no 20.00, temperaturen ute på trappa er +4 graderC, eg veit ikkje om det har regna for eg har knapt vore ute for ei dør i dag-og ikkje har eg gjort noko særleg inne heller. Eg har ein lest som eg har strikka på sidan laurdag, strikka og rekt opp att 1000 gonger, eg forstår ikkje kva eg tullar med, eg brukar no til vanleg å strikke meir enn ein lest for dag -utan å rekke opp att- --- så eg har ikkje gitt heilt  opp. Det er mykje anna eg kan gjere  her i huset, men i dag har det blitt lite og ingenting. Eg kunne ha vore ute i hagen også-viss eg hdde hatt gummistøvlar-men dei eg hadde brende eg opp i omnen. Dessutan var det litt kaldt.

Ja, alle dagar er ikkje like, og dette har vore ein litt sløv dag. Men i mporgon må eg kanskje handle litt -så då blir det ein liten tur på butikken.Neste mandag skal eg til Ulsteinvik og få meg nye høyreapparat, dvs. eg får dei no ikkje akkurat då, det går vel ei tid før dei er klar til bruk. Eg har hatt mane høyreapparat , men har ikkje vore fornøgd med dei. Så nå håper eg på å få nokre som er hjelp i.

I dag var det avisdag , då fekk eg Møre nytt, og der var no mykje å lese, så eg har ikkje fått med meg alt enno. Men eg har fått med meg at det skal vere"Lysfest" den 6. og7.november-det er liksom begynnelsen på jula nede i Vik. Eg har aldri vore på slike festar og eg kan vel ikkje vere der i år heller, for eg køyrer ikkje bil når det er mørkt, og det er langt å gå - men kanskje......................

Dagbok 20 26:10.ovember

  Klokka er no17.40, temperaturen ute  er +3 graderc C-og det regnar. Eg har faktisk ikkje vore ute for ei dør i dag. Eg har vore her heime ...