Kveldstur på FonnvernetI dag er det 80 år sidan krigen var slutt, og eg er blant dei som hugsar dagen, 5 år gammal var eg første gongen eg såg eit norsk flagg. I dag har eg "heist flagget på altanen
Klokka er no16.54, temperaturen ute er +10 grader og det er skya; det har vore overskya i heile dag, men eg har ikkje vore så mykje ute.
Eg vakna klokka 5.30 i dag morgon, og begynte å grue meg til eg skulle på Biltilsynet eller kva det heiter. Eg hadde snakka med Erlend om han kunne vere med meg, men så tilbaud Marit seg å vere med. Når eg ville ha nokon med meg er det fordi eg veit at eg kan heilt hjelpelaus i slike situasjonar. Eg hadde arka frå legen og synstesten i ein stor konvolutt, stakk nedi ein lapp med nummeret som Rasmus sende. Resten hadde eg på telefonen. Vi lurte på om der var folk i dag, men det forstod vi no fort at der var, på grunn av alle bilane som stod parkerte.
Vi gjekk inn og der var fullt hus. Så begynte det eg frykte, eg hugsa ikkje korleis eg skulle opne telefonen og eg hugsa ikkje telefonnummeret. Marit prøvde no å hjelpe meg, men der var noko tull med telefonen. Det som redda meg var den vesle lappen med nummeret som Rasmus hadde sendt.(Eg hadde det på telefonen også). Det var ei utanlandsk dame som ekspederte meg og ho var veldig flink og hyggeleg, og etter kvart så greidde eg no å gjere rede for meg og finne fram dei opplysningane ho skulle ha. Så no må eg ha eit ark , til eg får nytt sertifikat. Eg var så letta då eg var ferdig der borte at eg gad ikkje handle noko, men køyrde rett heim. Her sat Marit og eg aldri så lenge og prata i bilen, slik vi ofte gjer.
Men før eg var på Bilsjekk hadde eg vore til frisørdame, Ei ung dame som klipte og klipte og blåste og gjorde meg så fin som mulig. Eg har ikkje vore til frisør sidan før jul, så eg kan vel ikkje klage på store hårutgifter. Håret mitt var veldig langt i nakken så det var godt å få letta litt på det.
Eg får vel snart innkalling til legen min igjen, for då eg var der før i veka, var det berre sertifikatet og sovetablettane vi snakka om. Og ho tok ingen prøver. Det rare er at no når eg fekk nye sovetablettar har eg lagt i ro i senga og ikkje rusla rundt slik som før. Eg ser fram til å fortelle henne det, for eg såg på henne at ho syntest det var litt rart det eg fortalde, og ho er vel interessert i korleis medisinane virkar.
Det er opplett ute no, så det kan hende eg blir frista til å ta ein tur-på Vernet tildømes.
I morgon klokka9 Kjem Solveig og Øystein og plukkar meg opp. Vi skal køyre om Sogn. Det er lege sidan eg har vore på overnattingstur, så eg ser frm til å kome meg ut i verda.