onsdag, november 30, 2022

Dagbok 2022: 30.november


Klokka er no 17.40,  Temperaturen ute er +4 grader. Det blir litt kaldare for kvar dag, men vi er framleis på + -sida.I dag  tidlegvar det nysnø i fjella og no regnar det litt her nede.

Eg kom nettopp inn døra og så kveikte eg opp i omnen, for straumen skulle visst vere veldig dyre i dag. Eg har vore "på farten " det meste av dagen. Før eg for på spanskkurset var eg bortom mini banken på Alti og tok ut papirpengar som eg skulle ha å betale med på julemøtet.  Dei to timane med spansk gjekk fort, og eg fwekk meg vel ein time heime før eg køyrde ned att på Bakk-Ola. Der var det dekka til mange på fleire 8-persomnsbord. I fjor var vi så få at vi sat ved eitt langbord, men o dag var vi fleire. Marit var ikke med i dag, meneg fekk plass ved bordet der Lisbet og Jan sat. Kjekt å sitte i lag med nokon ein kjenner. No føler eg på at eg skriv om møtet slik eg har gjort i mange år, men denne gongen er det berre for blogglesarane. Eli fortalde også i år om Edvard Hoem og las nokre tekstar av han. Men av ymsegrunnar skulle vi ha maten først i dag, og den kom, og den var god, Det var ASKO som leverte.

Etter hovudretten fekk vi kaffi og dessert. Desserten var fruktsalat med krem.

Så kom Matias Austrheim og fortalde om si bardoms jul det gjorde har i fjor også, men meir utførleg i år,. Han er flink å fortelle, men så er han no pensjonert prest som vikarierer både her og der. Dessutan er han ein flink pianist, så på slutten av møtet song vi mange julesongar til piano-akkompagnement. Det var ei kjekk stund-og sosialt. No må eg sjå etter om det tok seg i omnen.

I morgon er det frisør klokka 10.



               

tirsdag, november 29, 2022

Dagbok 2922: 29.november


Klokka er no16.37, det er + 6 grader ute no, og det er opplett.(Og takk for det) Det er ikkje fullt så mildt lengeer, men ikkje kaldare enn vi toler det  heller.

I dag morgon ville Marit på trening, eg hadde ikkje lyst men vart ned likevel, Og det er eg glad for, for det var så kjekt å vere i lag med "folk" igjen. Det er dei samme som trenar i lag kvar gong, så vi blir no kjende med kvarandre. Vi snakka om det i dag, Marit og eg, at vi saknar å vere meir i lag med "folk.  Sidan Koronaen kom, har ikkje folk vore så mykje i lag som før, og no saknar vi det. Ikkje for det, her er mykje å gå på- men det er noko anna. 

Vi køyrde heim etter treninga utan å gå på butikk i dag. Torsdag blir det ikkje trening på meg, for då har eg bestilt frisør akkurat i treningstida(DET kom eg på etterpå.) Eg sat og slappa av ei stund før eg laga middag. I dag vart det tre-retters.Fiskesuppe frå i går, grilla kyllinglår, og til dessert: Frosne bær med litt fløte.

Dei første åra eg var her åleine laga eg sjeldan middag, det gjekk i brødskiver, og eg forstod meg ikkje på andre som var i samme situasjon, at dei laga middag og til og med kokte poteter. No lagar eg noko som i alle fall liknar på middag nesten kvar dag.

Men i morgon slepp eg å tenke på mat, for då er det julemøte i pensjonistlaget. Vi skal vere på Bakk-Ola, som i fjor. Men  først er det spanskkurs frå 11-13, og så tek møtet til klokka 15. Då rekk eg akkurat heimom for å byte klede mellom aktivitetane. Fekk ikkje begynt på spanskleksa før i går kveld, så eg må ta ein tørn i kveld også. 

Eg har begynt å strikke lester av veldig tynt garn, det går ikkje så fort, men eg treng å ha noko på hendene når eg ser TV-til dømes. 

Ein liten jobb har eg gjort i dag, eg har støvsuga teppegolva. Det er tungt, for eg har ein veldig effektiv støvsugar og eg stiller den sjølvsagt på  det aller sterkaste. Det er tyngre å støvsuge enn å slå plen-til dømes. 

Eg kom ikkje på å ta bilde i dagslys i dag heller, det blir så tidleg mørkt. Men det er så kjekt at mange pyntar med mykje lys i gata.Eg har ikkje mykje lys ute, men inne er det litt betre.

mandag, november 28, 2022

Dagbok 2022: 28.november


 Klokka er no 17.00,temperaturen ute er+8 grader C og det er opplett. Tidlegare i dag kom det litt nedbør. Eg hadde tenkt meg bort og sjekke kva eg hadde betalt og ikkje på Koppen. Fekk meldingar om at eg skulda over 9000 kr, men eg meinte eg hadde betalt, Eg kvidde meg litt  for å fare bort, men tok meg saman og for. Der borte vart eg vist inn til ei hyggeleg dame som sat ved PC-en på eit kontor. Så snart eg hadde sagt namnet mitt hadde ho det klart. Du skuldar 70 kr, sa ho. Og det var alt, og no er alt opp og avgjort.

Eg var halvvegs til Volda sentrum, så eg tok turen dit. Eg tenkte eg skulle få meg ei ny ,svart bukse til jul. Eg prøvde mange bukser , men ingen passa. Eg hadde på meg ei blå bukse, og dei hadde svarte samme sorten, og samme storleik, men heller ikkje den passa, tru det eller ei. Eg gav opp, og gjekk tomhendt ut. Så var eg innom strikkebutikken og kjøpte tynt lestegarn, slik at eg ikkje blir arbeislaus for tidleg. Eg skal strikke tynne herrestrømper til ein som kan sette pris på det.

Eg handla litt på KIWI på heimvegen, og då eg kom heim var det på tide å tenke på middag, men først fekk eg sette på vaskemaskina med sengetøy og handukar etc.

 Til middag i dag vart det fiskesuppe, og det smakte godt. Etterpå var eg oppe hos Marit og drakk kaffi. Vi er ikkje heilt bestemte på om vi skal på trening i morgon. Eg trur eg toler det no, men heilt bra er eg ikkje, eg er sår i huda, men har ikkje utslett lenger.

Alle pyntar fint både ute og inne. Eg tok ein tur utetter gata og såg på stasen. Men det var ikkje lett å få fine bilde. Mi pynting er ikkje så  avansert, eg greier ikkje å henge opp all verda med lys etc. Men kjekt at andre pyntar opp. Elles er eg framleis glad for å sleppe snøen.

       Dette huset kjem ikkje til sin rett på bildet, men det er heilt fantastisk !

søndag, november 27, 2022

Dagbok 2022: 27.november 1.søndag i advent


Klokka er no 17.06, temperaturen ute er framleis + 10 grader, men datamaskina mi varslar temperaturfall. Det har kome litt regn no på ettermiddagen og det var varsla. Vi gamle har berre eit stort ønske om å sleppe snøen -så lenge som muleg. Eg var ute på morgonen og skulle ha lys på ryggebuska mi, men den må ha lagt på seg sidan i fjor, for eg fekk berre ein runde med lys-

Det første eg gjorde i dag var å sjekke banken min på nettet. Og eg fann det eg visste eg har betalt, det eg fekk krav på fredag, så i morgon må eg få orden på dette. Eg blir litt oppskjørta når eg får krav- med trussel om inkasso. Eg synest det er dårleg kundebehandling. Dei kunne tatt ein annan tone!

Eg var relativt tidleg oppe i dag også, men søv godt om nettene. Visste ikkje heilt kva eg skulle styre med i dag, så eg sette meg ned med spanskleksa. Men plutseleg kom eg på kva eg hadde planlagt. Eg hadde hamstra ein del kjøttdeig og frose, i dag tok eg opp tre pakkar og laga kjøttkaker av dei. Kjekt å ha i bakhand. Etterpå tok eg ein runde på Vernet, det gjekk bra i går og det gjekk bra i dag også,, Trefte ikkje så mange eg kjenner i dag, berre foreldra til fysioterapeuten min. Dei er fysioterapeutar begge to og eg har vore til behandling med dei også. No er dei pensjonistar.

Det vart ikkje kjøttkaker til middag i dag, men krydder/spekesild. Den er veldig lik den eg kjøper på Spar, men på Coop heiter den Coop. Og så er der trefiletar i staden forto. Smaken er lik, og smaken er god. Etter middag sart eg berre og slappa av litt, og eg trur eg var ein tur til draumelandet, og så vart det lydbok.Det er så lite å sjå på TV for oss som ikkje bryr oss om fotballen. I går såg eg filmen "Verdens verste menneske" på Netflix. Eg har sett filmen på kino før-men eg kunne godt sjå den ein gong til. Eg har strikka opp alt garnet mitt no, så eg bør få meg tak i meir. Orkar ikkje å sitte med hendene i fanget når eg ser TV. 

No skal eg tende det første lys, og ønske alle ei fin adventstid.



lørdag, november 26, 2022

Dagbok 2022: 26.november

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 10 grader, det har vore skya i dag også, men vi som er gamle og ikkje likar snø, takkar for slike dagar med opplett og varmegrader.

I går kveld henta eg inn posten og der var eit pengekrav igjen på ein sum som eg meiner eg har betalt. Eg blir alltid skremt av slike krav, men bestemte meg for å ta ein tur i Furene i dag. Så på føremiddagen i dag shina eg meg opp og køyrde bortover. Eg tenkte no med meg sjølv at det ikkje var sikkert at eg trefte rette folka i dag, sidan det var laurdag. Men eg skulle kjøpe mosekrans til grava  og det kunne eg gjere på plantasjen, og så kunne eg handle mat på Coop. Og akkurat slik vart det. På Koppen var det berre ein ung gut på jobb, og han hadde ingenting meg betaling å gjere. På plantasjen var der mykje fint å sjå, men eg kjøpte ikkje anna enn mosekransen i dag. Eg såg om dei hadde veldig små juletre men såg ikkje noko som var lite nok. På Coop har dei det meste, og ikkje å forgløyme så har dei kryddersilda mi, eg kjøpte to pakkar i dag.

PÅ heimvegen var eg bortom gravplassen med kransen, men der stod dei to lyngplantane like fine, så eg sette kransen oppetter steinen, eg så andre som hadde gjort det same.

Då eg kom heim att var det så fint ute at eg bytta sko og gjekk ein runde på Vernet i det herlige veret. Eg møtte berre ein person i dag og det var ei dame på min alder- som eg kjenner.

Til middag i dag vart det gryterett for tredje dag på rad, men i dag stappa eg i meg resten, såpass eg fekk panna med i oppvaskmaskina som eg sette på i dag.

I går fyrte eg ikkje opp i omnen, men i dag kveikte eg opp og fyrer litt i tillegg til varmepumpa. No har eg sete og høyrt lydbok og slappa av ei god stund. Det har ikkje blitt noko jobbing med meg i dag. Og eg har ikkje fått lys i dørkransen. Når eg ikkje får det til med ein gong, prøver eg ikkje meir. Eg har ikkje trott med slike ting. Marit ville eg skulle komme opp til henne viss eg ikkje var redd for smitte, men det er eg. Så eg held meg heime  med lydbok TV og strikketøy.

I dag hadde eg nesten tatt turen til Volda, men så hadde eg ikkje med strikkeoppskrifta mi slik at eg kunne kjøpe garn. Håper på enda fleire fine dagar med tørre og gode vegar. I dag var det forresten veldig mykje trafikk.




               Julestemning på Plantasjen i dag



 

fredag, november 25, 2022

Dagbok 2022: 25.november




 
                            Desse bilda tok eg frå altanen i 14.30-tida

                                   Eg har ikkje vore ute i dag-

Klokka er no 17.35, temperaturen ute er + 10 grader, og det er no heilt nydeleg  samanlikna med kulden som vi fekk smake litt på før i veka. I dag har sola vore framme så vidt, men vi har ikkje så mykje sol her no.

I dag var det fredag og vaskedag, det gjekk litt seint i dag med jobben, for eg hadde vondt i ryggen etter strabasane i går, så eg måtte ha mange pausar. Etter at eg hadde vaska begynte eg å pynte til jul. Før i tida pynta eg føtst til advent med diverse lilla, men dei seinare åra har eg pynta med julepynten litt etter litt i adventstida. For no er det ut med julepynten etter nyttår-før kunne vi ha juletre og julepynt til langt ut i januar for ikkje å snakke om februar.

Eg er ikkje ferdig med pyntinga enno, for eg skal no ha ut ein dørkrans med lys i og så skal eg ha lys i "ryggebuska" mi. Eg får  no håpe at eg hugsar korleis eg skal stillle lysa slik at dei ikkje lyser heile tida, for då må eg skifte ofte batteri.

Eg har hatt julepynten i kjellaren siste åra og ikkje på loftet for då kunne eg ikkje ta den ned åleine. Eg har mykje pynt, og noko har eg sett fram i dag, men eg har mykje att. Det vesle juletreet som står på eit bord er ikkje heilt i water lenger, så eg skal kanskje skifte det ut. Det er ein del arbeid med pyntinga, hente fram ting, stryke løperar etc. Eg kjøpte ei ny julestjerne i vinduet i fjor, men den gamle veit eg ikkje om eg skal ha opp i år. Eg har no tid å tenke på det. Eg må finne ein fin krans til grava også, det bør eg vel gjere i morgon.

Eg hadde middag att frå i går, så eg kokte berre ris i dag -så vart det litt variasjon, sidan eg hadde poteter i går. Eg fekk ein liten snarvisitt av ei venninne som kom med tulipanar. Ho fortalde at ho var plaga med helvetesild (eg visste det frå før) ho blir ikkje kvitt den, den ligg latent og gjer seg gjeldande i periodar. Eg trur det er slik med meg også, for eg var heilt bra nokre dagar, men så kjenner eg den igjen. Men eg tek det ikkje så tungt, så lenge eg veit kva det er og at det blir litt av og på. 

I morgon må eg på butikk, det har ikkje vore så mykje shopping i det siste, for Marit har hatt influensa og ikkje vore ute. Eg synest ikkje det er så kjekt å gå på butikkar åleine.

Komande veke er det spansk på onsdag før middag og klokka 15 er det julebord, torsdag skal eg til frisør klokka 10. Det er same tida som vi har på trening, men eg skal ikkje trene denne veka heller, trur eg. I tilfelle blir det berre på tysdag.

Eg slappa av ei god stund etter middagen i dag. Med lydbok. "Den lange, hvite skyens land" les eg no. Eg har lese boka for mange år sidan, og då likte eg den godt. Etter ei tid kom det framhald til boka, men då hadde eg gløymt den første;  derfor les eg den om att no før eg skal lese bok nr.2. Viss det blir noko av.

Eg synest det vart så nydeleg med dette mildveret som kom no-og utan regn, skulle ønske vi kunne ha det slik heilt til jul. Men det er vel for mykje å forlange.

Sidan det er fredag no igjen vil eg ønske alle ei god helg.








torsdag, november 24, 2022

Dagbok 2022: 24. november.


 Klokka er no 15.55, temperaturen er + 7 grader C, det er overskya og opplett. Tidlegare i dag var temperaturen opp i + 8 grader. Det har vore ein fantastisk dag når det gjeld ver. Rettnok har vi ikkje hatt sol i dag, men her eg bur har vi ikkje sol uansett-ikkje mange minutta i alle fall.

Viss eg skal få gjort noko om dagane, så må eg ha ein plan-og det hadde eg i dag.

Før  frokost putta eg gardiner i vaskemaskina, og etter at eg hadde ete, tok eg ned gardinene på stova. Så kunne eg hente opp dei som var ferdigvaska og henge dei opp. Det er slik eg gjer med gardiner no for tida. Dei treng ikkje å strykast og tørka gjer dei etter at eg har hengt dei opp. No har eg ikkje spesielle julegardiner, men eg har nokre kvite blondegardiner som eg brukar i jula, for då er det nok av fargar elles.

Eg såg noko nede i hagen då eg hengde opp gardinene, noko som eg måtte ta inn til vinteren.Då eg gjekk ut såg eg enda meir, til dømes fleire klematisbusker som var visne. Eg brukar å ta vekk alt av lauv og greiner på klematisen, berre rota står att. Nardanfor tilbygget er det tre plantar og ved Urke-garasjen er det ein. Den største av alle står ved kjellarveggen, men den hadde snikkaren tatt vekk for lengst, og eg hadde køyrt den på VØR. I dag fekk eg vekk alle dei visne klematisane og diverse anna. Eg fylte tre store sekker med hage-avfall, det siste eg gjorde var å starte opp plenklipparen og samla litt lauv, i staden for å rake.


Eg likar ikkje å ha sekker ståande for så kan vinden ta dei og alt blir ruska til.Derfor løda eg tre store sekker inn i bilen, og tok med litt anna boss på kjøpet  og så køyrde eg bort på VØR- Det var heilt fantastisk fint å køyre i dag, vegane var tørre og fine og det var opplett. Det var då eg tenkte at eg skulle ha shina meg opp litt før eg for, for i dag kunne eg ha køyrt til Volda.

Men det var kanskje best eg ikkje gjorde det likevel, for eg var no litt sliten etter ein arbeidsdag. Då eg kom heim var klokka ca. 13.30.



Eg skulle lage mat, men eg visste ikkje kva eg skulle lage. Då kom eg på at eg hadde tatt opp ein pakke meg kjøttdeig, som sikkert var opptint. Dermed vart det Stroganoff-gryte med poteter og gulrot. Eg var veldig svolten og åt for mykje, og der er nok til ein dag til. Eg har slappa av i godstolen ei stund, og så har eg fyrt litt i omnen, det trengst ikkje så mykje i dag.

Eg fekk no litt mosjon i dag sjølv om eg ikkje var på trening.

Erlend er den yngste av barnebarna her på Sunnmøre (To på Kongsberg er yngre)-Han fyller 19 år i dag. Han fullførte vidaregåande skule på musikklinja i Volda, sist vår. No driv han og jobbar, også med musikk. 

Gratulerer med dagen , Erlend !

onsdag, november 23, 2022

Dagbok 2022: 23. november


Klokka er no17.00, temperaturen ute er + 5 grader og det er bekmørkt . Sjølv om det er + grader så synest eg det er kaldt og eg må fyre i omnen attåt at eg har varmepumpa på. Det er rart med det når her ikkje er andre enn eg som varmar opp.

 No har eg begynt å tulle om nettene igjen, natt til i går var eg klar til å stå opp klokka 2, sist natt vakna eg klokka 3. Eg legg meg ikkje før 12 i alle fall, så det blir korte netter. Ja eg står no ikkje opp akkurat, men søv dårleg- Uansett så er eg relativt kvikk om dagane likevel,heilt til eg har ete middag......

I dag var det spanskundervisning, det er sjeldan at alle er der, og det er berre 4 av oss som har vore med heile tida. Mange har slutta og nokre har kome til. Sjølv om eg ikkje gjer så store sprang framover i kunnskapen, så er det kjekt å vere der no som vi held til på Bakk-Ola, for der er varmt og godt. Neste onsdag er siste dagen før jul, og då er det også julebord i pensjonistlaget på same staden. Og no er eg heilt fri for plikter i laget både før og etter møta.

Etter møtet i dag var eg ein tur bort til ALTI for eg måtte kjøpe meir tablettar på apoteket. Så gjekk eg opp i gata og bestilte meg frisørtime til neste veke, ein må vere om seg no før jul om ein vi shine seg opp.

 Då eg kom heim tømte eg blomsterkassene utanfor kjøkenglasa for no hadde kulden tatt livet av blomstrane.Så var det å ta ut oske og kveike i omnen før eg laga middag.

Det vart ballj i dag også,; i går var det oppvatrma ball, i dag steikte eg, men enno er der eit par stykke att,men dei skal kanskje skjora få. Så er eg kvitt alt i hop-og det skal vare lenge før eg kokar så mykje ball igjen. 

Eg fekk ei rekning på eit par tusen kroner i dag også, men no trur eg det var den siste. Derfor tok eg og summerte alt som har gått ut av den kontoen, og det vart littmeir enn eg hadde tenkt. Godt over ein halv million. Men eg vil heller ha tett tak enn pengar i banken.

Eg slappa av ei stund med lydbok og pledd, før eg måtte ut etter meir ved.

Eg trur ikkje eg skal gå på trening i morgon heller, for heilt bra er foten ikkje. Det er vanskeleg å få gjort så mykje sjølv om ein er inne, for eg vil helst vere i varmen. Det er vanskeleg med veret på denne årstida, regn vil vi ikkje ha,og slett ikkje snø, og så likar vi ikkje kulden heller. Mange eg kjenner reiser til Spania!



tirsdag, november 22, 2022

Dagbok 2022:- 22. november


                                              Akkurat no- klokka 14.45

Når eg skriv dagbok så tidleg på dag, er det fordi eg sit med farge i håret og ikkje kan gjere stort anna. Ute er det nydeleg ver, men kaldt. Ikkje så gale med 0 grader heller. Det er ikkje ofte vi har hatt slikt ver i november.

Eg har ikkje vore så produktiv i dag, det kan kome av at eg sov dårleg sist natt. Eg vaknar alltid tidleg, og ofte står eg opp, men sist natt vakna eg klokk2, og det var i tidlegaste laget; det vart vanskeleg å sove etterpå , så eg har vore litt trøtt i dag.

Men eg hadde ein plan, eg skulle lage ei gulrotkake, og det gjorde eg. Begynte rett etter frokost, så strauk eg nokre klede som låg på vent.  Eg ville no gjere litt meir i dag, men eg hadde ikkje lyst til noko. Lufta var gått ut av ballongen. Eg henta opp siste ball-panna i frysaren, og varma opp. Eg åt mykje , så mykje at eg vart heilt døsig, men enno er der att ball til i morgon- men då blir det slutt.Eg skal aldri meir lage så mykje ball.

Eg vart litt døsig etter all maten , så eg sette meg inn i godstolen med lydbok på øyret. Eg heldt på å skulle sovne då telefonen ringde. Det var frå Volda sjukehus, eg kunne få komme på MR i morgon klokka 13 viss det passa, Akkurat då var det ingen ting som passa, så eg sa at i morgon høvde det ikkje. Så skal eg få ny time, og då får eg det skriftleg nokre dagar på førehand, slik at eg kan planlegge reiseruta etc.

Men dei fekk no i alle fall vekt meg opp frå latskapen. Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet mens der er sol, men det rekk eg ikkje sidan eg valde å farge håret. Det er spansk-kurs i morgon og julebord i pengsjonistlaget veka etterpå, så eg må no shine meg opp litt, samme kor lite det hjelper.

Eg har ikkje vore på trening i dag heller, men kanskje eg fer på torsdag.

PS: Eg har klaga på hårfargepreparata i årevis, for samme kva fargen heiter så blir den for mørk til meg. No skulle eg prøve ein ny type-og då vart det ikkje farge på håret i det heile tatt.

mandag, november 21, 2022

Dagbok 2022: 21. november.


 Så fint var det ute ca kl.15 i dag, det har vore mykje rim i graset, men så lenge snøen held seg vekke er eg fornøgd.

No er klokka 16.50, Temperaturen ute er minus 2 grader. Sola har vore på besøk i dag også, men berre korte stunder i 10-tida og 14-tida.Eg likar ikkje kulde, men eg likar snøen enda mindre.

I dag tenkte eg å begynne å tenke på jula. Eg pussa alt av kopar og messing som eg har i stova. Det pussemiddelet eg har er veldig lettvint å bruke, aberet er at tinga blir fort stygge igjen, så det kan hende eg må pusse ein gong til før jul. Eg har leita på butikkane etter gammaldags pussemiddel , men har ikkje funne det,

Det er ikkje mykje eg bakar til jul, men eg plar alltid lage  krumkaker, så det gjorde eg i dag. Brukte Ingrid Espelid  si oppskrift og det vart 33 kaker i boks.

Eg skal no bake meir, men det blir helst "runde" kaker, småkaker bryr vi oss ikkje så mykje om.

Eg tok fram fiskesuppa som var att etter i går, og der var meir enn eg trudde, så det vart nok i dag også.

Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal gå på trening eller ikkje i morgon. Eg gjekk ein tur på Vernet i går for å teste foten, den var litt vond i dag tidleg , men det gav seg relativt fort, dei tre siste dagane har eg ikkje tatt smertestillande. Men om foten toler trening, veit eg ikkje utan å prøve det. 

Etter at eg hadde ete middag køyrde eg ein tur på butikken, det må eg gjere mens det er lyst, og handla inn litt til diverse eg må ha for å lage noko til jul. Greitt å ha noko i frysaren om det skulle komme eit menneske.

Eg hadde gløymt kor korte dagane var på denne tida av året, men så lenge vi slepp snø, skal eg ikkje klage; såg at dei hadde fått problem med snøen både her og der, den kjem visst like uventa kvar år , ser det ut til.

No skal eg ta meg ei økt med spanskleksa før eg tek fram strikketøyet og set på TV-en. Eg veit ikkje om vi har ein eller to gonger att på spansken  før jul. Onsdag i neste veke er det i alle fall julemøte i pensjonistlaget. Eg har meldt meg på.




Denne planten har eg fått av Solveig, det er så kjekt å ha blomster inne no når det snart er slutt på blomstringa ute. Såg at rosene som var att heldt på å fryse i hel.

søndag, november 20, 2022

Dagbok 2022: 20.november

Klokka er no 15.20, temperaturen ute er minus 2 grader C. Det kjennest kaldt ut. Og i dag måtte eg fyre godt opp i omnen for å få det litt koseleg. Varmepumpa står på om natta også, her har ikkje vore så dyr straum, men i dag snakka eg med nokon som kunne fortelje at akkurat i dag var prisen 3 kr kwh. Staumrekningane eg har fått tll denne tid har ikkje vore annleis enn det vi er vande til.

 På føremiddagen vart det ikkje så mykje gjort, eg la opp eit nytt spøt og elles var det ikkje så mykje som hende. Men så fann eg på noko. Eg har ofte fortalt om favorittmiddagen min, spekesild, men i dag kom eg til å tenke på ein annan rett someg er veldig glad i, nemleg fiskesuppe. Før laga eg det ofte, men det er fleire år sidan no. Eg var ikkje sikker på kva eg skulle ha i og korleis etc. Men det kom eg no på etter kvart, så fiskesuppe vart det, og den vart god. Sidan eg ikkje hadde fiskekraft tok eg ein fiskebulliongterning og så tok eg tre små fiskestykke og let dei koke i suppa. Mens eg åt tenkte eg på andre gongar eg har ete denne retten, til dømes på hotellet på Øye. 

Men best hugsa eg den gongen Bodil og Svein var med oss på ferie i Trovågen. Den sommaren fekk dei ikkje fisk, så vi køyrde  til Ytrøy og kjøpte ein sto sei. Eg trur vi laga fiskekaker, men hugsar best fiskesuppa som vi kokte på bein etc. Den vart utruleg populær. Hugsar best då Bodil såg opp i den tomme panna og sa: "Var der ikkje meir?" ( Der hadde vore MYKJE)

Eg hadde bestemt meg for å gå ein tur når sola kom att klokka 14, og det gjorde eg. Marit vart med ut gata, og så gjekk eg ein runde på Vernet. Håper foten toler det denne gongen, sist eg gjekk protesterte den.  

Eg lova meg sjølv at eg skulle få kaffi og dessert når eg kom heim, så det er neste post på programmet. 

Det kan hende eg begynner på trening igjen komande veke,  og så er det vel på tide å tenke på jul. Det blir sikkert ikkje noko  særleg baka av meg i år heller, for baking er ikkje noko som eg likar så godt. Men litt må eg ha i hus.

Eg har spanskleksa liggande på kjøkkenbordet heile tida. Eg skal prøve å lære nokre setningar utanboks, men det er tungt. Eg minnest kor lett eg lærte utanboks den tida eg var ung- men det er ei stund sidan.



 

lørdag, november 19, 2022

Dagbok 2022: 19.noveber

 

Klokka er no17.00, Temperaturen er minus 1 grad C og det har vore ein nydeleg, men kald dag- Eg er dessverre ikkje så glad i minusgrader, då får eg lyst til å fyre i omnen og halde meg inne, og det har eg stort sett gjort i dag.

Eg var tidleg oppe som vanleg, åt frokost etc.etc. Vaska håret og kledde meg for å fare til Vik. Men så kom der ei melding på telefonen, frå Koppen Industrier, der var det bilde av to ubetalte rekningar- og betalte eg ikkje no, så vart det inkasso. Eg fekk sjokk, for eg har betalt kvar einaste rekning eg har fått, med det same eg hadde den i handa. Eg begynte å fable om å fare bort på butikken og snakke med dei, men så sette eg meg til å tenke-. Då kom eg på at det ein gong før hadde skjedd noko liknande, så eg begynte å sjekke kontoen min og fann feilen. Så betalte eg rekningane, og reknar no med at alt er i orden. Det var ikkje all verda heller, "berre" ca 10000kr. Eg roa meg ned då og kom meg til Vik. 

I dag ville eg handle litt på Spar for dei hadde noko som eg ville ha, nemleg frosen torsk i ikkje altfor store pakkar, og så måtte eg ha litt meir lestegarn, så eg hadde å jobbe med i helga.

Då eg kom heim kokte eg poteter, gulrøter og tosk.


Torsken var ikkje pakka slik som eg trudde, det var små lause bitar i ein stor plastpose. Eg kokte 4 relativt små stykke, og det vart rikeleg. Eg har gått lenge og hatt lyst på vanleg fisk, gjerne torsk, og no har eg det i hus. I dag vart det heilt enkelt kokt torsk med poteter og gulrot+ litt smør. Eg syntest det var godt og veldig lettvint. Eg saknar all fisken vi hadde før. Fisk og fiskemat minst 5 gonger i veka den tida Nils dreiv og fiska. Men torsken eg kjøpte i dag var god, og utan eit einaste bein utan eit einaste bein. 



Sola var her ikkje så lenge første gongen ho kom, men så kom ho att i 15-tida også. Der er meir sol på Vernet enn her, og mange går tur der; det vart ikkje tur med meg i dag, eg har vore nokså  bra i foten i dag, utan tablettar, men heilt god er den ikkje. Eg sette med til å sjå litt TV, men var vel borti og sovna litt. Det gjer ingen ting, for eg legg meg seint og står tidleg opp.

Janne har eit kor som heiter "Berre damer" dei har jubileum i dag med stor konsert. Konserten hadde dei også på onsdag, men det var i dag dei skulle jubilere. Eg trudde ikkje der var billettar att, men Marit trudde der var, og baud til at eg kunne få fare i lag med dei. Det var på ein måte fristande, men eg er så fostig i dette veret at eg likar meg best heime attmed omnen. I dag har Even vore her med 4 nye sekker med god ved. Han ber sekkane inn i garasjen til meg, så eg har det lettvint.

No skal eg strikke, øve på spanskleksa , sjå TV etc.etc. og så har eg tørketrommelen på med klesvasken for denn veka.  Håper alle er friske og har det bra. Neste helg skal vi pynte til advent.


fredag, november 18, 2022

Dagbok 2022: 18.november




                                   Himmelen i aust klokka 8.15 i dag

No er klokka 16.00, temperaturen ute er + 2 grader C. Det har vore ein nydeleg dag hittil, sola har skine, men der har vore og er kaldt no. Sola ser vi mindre og mindre til her nede , men i fjella  kan vi sjå den til klokka er nesten 16.

                                                                 Klokka 15.30
Eg vakna klokka 7 i dag, men låg og høyrde lydbok til klokka var ca 8. I dag var eg på det beste eg har vore på lenge, eg har ikkje tatt ein einaste smertestillande hittil i dag, for eg har ikkje hatt behov for det.

I dag er det fredag og vaskedag. Eg plar alltid vaske kjøkken og bad , men i dag fekk eg tatt soverommet også, sidan det var råd å henge ut golvteppa.Men elles fekk eg ikkje gjort noko meir. 

Neste veke begynner opptrappinga til jul, neste søndag den 27. nov. er det første søndag i advent. Eg likar best å pynte litt etter litt før jul, for no må jula ut så fort etterpå. Før i tida begynte jula på julaftan og varte langt ut i januar/februar. 

Til middag i dag steikte eg nokre pannekaker til meg sjølv. Eg hadde så mykje egg som eg hadde kjøpt inn, at eg måtte bruke dei. Eg er ikkje så glad i å ete egg, så eg prøver å kamuflere dei, egg er ei god kjelde til protein.

Elles så har eg ikkje gjort så mykje i dag, og eg hadde tenkt å gå tur i fineveret, men då eg var klar til det, var sola borte her nede og det var isande kaldt. Eg har no fyrt godt i omnen i dag, og det blir vel å ta fram strikketøyet snart.

Eg prøver å sjå litt på spanskleksa innimellom, men då må eg sitte her med datamaskina for det meste. Eg brukar mykje "Goole translate" og så er der spanskkurs på You tube som vi jobbar med. No har eg hatt meg ei stund med avisa og kaffikoppen, så blir det vel TV og spøt resten av dagen /kvelden. Som de ser har det ikkje hendt så mykje i dag, og det kan no vere like godt.



Bok nr. 38 -2022: Natt til fjerde november

 

Då har eg lese enda ei bok av Karin Fossum. Denne var veldig kort, og annleis av dei andre bøkene hennar. Eg likar veldig godt slike korte og intense tekstar. Anbefalt.

torsdag, november 17, 2022

Dagbok 2022: 17.november

 

Dette bildet tok eg i dag-morgon klokka 8.40. Det var rett før sola stod opp i aust og farga skyene raude. No er vi komne til kl.18.30, temperaturen ute er +4 grader og det har vore fint i heile dag. Men vi ser sola berre ei stund  på føremiddagen og kanskje litt seinatre også. Det er ikkje nok til at den varmar opp huset, så i dag har eg fyrt litt og hatt på varmepumpa.

Den lyse delen av dagen er ikkje lang, så eg prøvde å få gjort litt tidleg på dag; mellom anna fekk eg vaska stuevindua på utsida, men det vart ikkje bra nok denne gongen heller, så eg må ta det att.

Det gledelige som hende var at to av naboane fylte alt metallbosset mitt i ein bil og køyrde det bort på VØR. Då letta dei ein stein frå hjertet mitt. For den jobben greidde eg ikkje sjølv, Om eg finn noko meir slikt no, så er det ikkje større enn eg greier å ta det med sjølv.


Eg jobbar litt med å få ein tom frysar i garasjen, og no er det ikkje lenge att. Eg tok og sylta 3 kilo med plommer i dag gjen, eg syltar ofte.  Og takk og pris for at eg likar plommesylte. Det er ikkje årets plommer eg har, dei er frå i fjor. I år fekk eg ikkje ei einaste plomme fordi eg hadde klipt trea så mykje.
Til middag i dag fann eg nokre restar frå kjøleskapet. Etter at eg hadde ete vart eg så sløv og trøtt at eg sette meg inn i godstolen og slappa av. 

Marit kom på besøk i dag og det var kjekt, for no var det litt lenge sidan vi hadde vore i lag.
Resten av kvelden går vel med til TV og strikketøy, og kanskje litt lydbok. Eg tenkte på det i dag at eg kunne ha begynt å baka til jul, men då må eg handle inn ingrediensar til det eg skal lage- Det blir sikkert ikkje så mykje gjort. Eg blir fort trøtt i ryggen når eg skal gjere noko. Men det er mykje å få kjøpt.

           No blei det nokså ryddig her, men eg har meir å rydde opp i på sikt.


onsdag, november 16, 2022

Dagbok 2022: 16.november


 Klokka er no 16.53, på trappa er det +8 grader, men eg synest det kjennest kaldare ut enn det. Det har vore fint i dag også, men langt frå så fint som det var i går. Det var folk i bygda som hadde hatt + 16 grader i går. 

Sola har vi berre i små porsjonar no, rett som det er er den bak eit fjell, men det er visst ingen som har oversikt over kva tid den blir heilt borte, for vi er ikkje vande med sol i november. 

Bildet over tok eg etter at eg hadde stått opp i dag, som de ser er månen på plass.. Eg treng ikkje å stå så tidleg opp, men det er om morgonen eg verker i rygg og fot, så då er det best å røre litt på seg.

I dag var eg på spanskkurs frå 11-13 og så handla eg på KIWI på heimvegen. Då eg kom heim laga eg meg god middag, pølse og potetstappe. Eg åt altfor mykje. Eg sette meg inn og såg  TV etterpå, og strikka litt-augene heldt på å dette igjen, men eg sovna ikkje heilt. 

I morgon skal kanskje eit par av naboane mine køyre vekk diverse "boss" frå bygge-perioden min. Eg synest det er litt flaut, men sjølv greier eg det ikkje.

I går pusssa eg stuevindua på innsida-men i dag då sola kom såg det ikkje ut. Eg går ut frå at det var på utsida skiten sat, så der må eg vaske ein gong til. Det vart nokså tilgrisa under takleggingsperioden.

Eg "kipte meg", som vi seier her, då eg høyrde orda "søndag i advent" på TV-var vi komne så langt at vi snakkar om advent ? Ja, ikkje komande søndag, men søndagen deretter begynner adventstida. Det kom litt brått på. Men desse fine dagane vi har hatt no gjer at førjulstida ikkje vert så lang og mørk. 

Eg har ikkje gjort det skapte grann her i huset i dag, men vurderer å begynne på spanskleksa til neste veke først best, for eg var ikkje så flink i dag som eg burde ha vore.(Det var ikkje dei andre heller-i alle fall ikkje alle.)

Eg har fyrt i omnen i kveld, og kjem vel til å strikke ferdig eit lestepar. Trur eg snart må få meg eit skikkeleg strikketøy. Men eg treng ikkje så mykje meir enn eg har, og så strikkar no både Solveig og Margrete store mengder med all slags strikkaklede.Så eg er på ein måte overflødig når det gjeld strikking.

tirsdag, november 15, 2022

Bok nr.37 - 2022: Jeg kan se i mørket

 


Då har eg lese enda ei bok av KarinFossum. Denne var heilt spesiell. Det er eigentleg  ein lang monolog, og ein av grunnane til at det blir veldig bra -er opplesaren. Boka er ikkje så lang, og som kjent likar eg godt korte bøker. Når tekstane blir for lange gløymer eg mykje.
Eg likar godt dei fleste bøkene til denne forfattaren-og eg likte denne.

Dagbok 2022: 15. november


Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 13 grader C, det er lettskya og før i dag hadde vi sol innimellom - somme tider var den bak fjella-det har vore ein nydeleg dag, og det var ingenting som sette oss i julestemning. Heldigvis. No har Marit og eg gått ut og inn Starevegen, ho har fått seg rullator og då er det betre å gå, skulle sikkert hatt ein eg også.

I dag hadde eg så smått tenkt meg på trening, men eg vakna grytidleg og var låk i høgrefoten. Eg trur ikkje det hadde så mykje med helvetesilden å gjere, det minte meir om problema eg hadde med venstrefoten heile sommarhalvåret, og det meinte både legen og fysioterapeuten kom frå ryggen. Og det trur eg også. Det vart altså ikkje trening i dag, men eg prøvde å gjere litt her heime. Det eg fekk gjort var å pusse stoveglasa på innsida og så støvsuge teppegolva etterpå. Og det tok si tid!!!

Eg vart fort og ofte låk i ryggen og måtte kvile både når eg pussa vindu og når eg støvsuga. Men eg kom på at eg kunne bruke kvilepausane på spanskleksa.

Det vart med andre ord ikkje så mykje gjort i dag, men slik vart det berre. Eg kokte risgraut til middag og med det same eg var ferdig å ete gjekk vi tur, Marit og eg, Det er berre så nydeleg ute, finaste veret vi har hatt på lenge, og så er det ikkje kaldt ein gong.

Eg tok meg ein tur rundt huset då vi kom heim og tok nokre bilde. Såpass vi kan minnast denne dagen når snøen og kulden kjem.






mandag, november 14, 2022

Dagbok 2022: 14.november



 
Klokka er no 15.35, temperaturen ute er + 8 graderC, det er lettskya og sola held på å gå ned i vest. Det har vore ein nydeleg dag. Eg var ganske bra då eg stod opp i dag og etter at eg tok dei to Paracet-tablettane var eg i fin form.

Men det var noko som plaga meg litt, eg måtte finne ein måte å bli kvitt metallbosset etter takarbeidet. Frå VØR var der ikkje svar i dag heller, så då visste eg ikkje anna råd enn å spørje naboen.Han kom bort til meg og vi avtala at han skulle køyre vekk skrotet. Eg blei både letta og glad, for dette var noko eg ikkje kunne gjere sjølv.

Men det eg kunne gjere var å køyre bort på VØR med diverse anna boss. Eg har køyrt både hageavfall og diverse boss heile sommaren og no på hausten. I dag hadde eg ikkje all verda, berre to sekker med hageavfall, og så hadde eg diverse anna. Eg driv heile tida og ryddar litt og litt i garasjen. No i dag var der begynt å bli framkomeleg, så det var litt rart at eg skrapa opp venstre framskjernen på bilen då eg rygga ut-akkurat i dag. Men bilen var kjørbar og eg fekk levert bosset som planlagt. Då eg kom heim tok eg bilde og sende til Rasmus. Han er aldri rådlaus, no skal han prøve å finne ein ny skjerm til bilen, for det blir for dyrt å ha den på verkstad. Han snakka om 20 000 kr, men eg synest ikkje det høyrest så gale ut. Eg er vant til å punge ut med store summar  for tida.

Men i alle fall var veret fint, og foten min var det beste han har vore på lenge, så i dag vart det tur på Vernet- og det gjekk heilt fint. Sist eg gjekk tur var den 15.oktober, det var då eg vart låk i foten. Eg har ikkje bestemt meg  for om eg skal på trening i morgon, eg får sjå kva det blir til. I dag må eg ta meg saman og  jobbe med spanskleksa, det er ikkje lenge frå onsdag til onsdag.

Vi har ikkje sol heile dagen , trur eg, somme gonger er ho attom fjellet. Men det kortar på vinteren når vi får slike fine dagar no, I dag er det 14.november. Hadde Nils fått leve hadde han vore 86 år i dag.


søndag, november 13, 2022

Dagbok 2022-13. november. Farsdag.


 Klokka er no 20.05, temperaturen ute er herlige +13 grader. I dag tidleg fekk eg sola inn i stova klokka 9.40, men den vart ikkje verande så lenge. Men så vidt eg veit har det vore opplett i dag. Dagane er så korte at eg får ikkje registrert alt.

I dag var eg invitert til Solveig og fam. til farsdagsfeiring på Hareid. Eg hadde no ikkje tenkt så mykje på kva  dag det var, sidan det er smått med fedrar her i huset. Håkon og "oldebarnet" henta meg her så eg fekk sitte på med dei. Håkon stilte med ein nesten heilt ny raud Opel med automatgir. Det var ein nett og fin bil, og Håkon er ein flink sjåfør. Dessutan er han godt kjend på vegen, sidan han bur i Volda og jobbar på Hareid.

Audun var komen heim frå Oslo ein tur, men skulle tilbake dit i kveld.  

Solveig hadde laga ei stor panne full med nydelig kjøttsuppe -vi sette pris på den!

Litt etterpå fekk vi kaker og kaffi til dessert. Det mangla ingen ting-som vanleg.

Oldebarnet, dvs barnebarnet til Solveig og Øystein kosa seg med mat og med leikar etterpå, eg kan ikkje legge ut bilde av han- utan å ha spurt om lov- men eg kan no legge ut eit lite situasjonsbilde. Der er rikeleg med leikar på Hareid. Det er no fire barn som har vakse opp i familien. Og så har Amund ein slump med leikar der han også.


Heimturen gjekk fint, men jammen er dagane korte no. Eg kom heim før klokka var 19, og då hadde det alt vore mørkt lenge. Eg vurderer å begynne å pynte til jul. Såg det var folk som hadde fått ut belysning på hus og garasje. Det er ikkje så dumt å lyse opp "tilverelsen" i mørketida.
Eg synest at eg har blitt betre i foten, helvetesilden har visst slokna litt. Då kan eg kanskje ta opp att treninga etter ein lang pause.


lørdag, november 12, 2022

Dagbok 2022:12.november

 

Klokka er  17.43, temperaturen ute er +10 grader; det regnar, men eg er glad for at regnet ikkje er kvitt,dvs, snø. Regnet er vått og nokså ufyseleg, men vi slepp i alle fall å moke det vekk. Rosene blomstrar framleis og desse prestekragane som eg planta i kjøkkenkassene tidleg på sommaren, har tatt seg opp att no og blomstrar på nytt. Det blir tidleg mørkt og dagane er korte og vi begynner så smått å tenkje på jul.

Dagen starta som vanleg, med vond fot og frokost. Eg sat og strikka ei stund,men hadde sendt melding til Margrete om at ho gjerne kunne ta seg ein tur. Og det var fint om ho kjøpte med seg Sushi frå restauranten her i Ørsta.

Eg tok meg ein snartur på Kiwi, og då eg kom heim var der svar frå Margrete.

Ho hadde kjøpt med seg to " einmannspakningar" med Sushi, så det vart middagen vår i dag. ( Eg skulle tatt bilde før vi åt) Det var nydeleg mat, og lekkert tillaga. Til dessert hadde vi wienerbrød og kaffi.

Vi hadde som vanleg mykje å prate om. Charlie var også med, og han låg så fredeleg under bordet der vi sat. Det var kjekt å ha besøk, og i morgon skal eg på besøk til Solveig og familie på Hareid. Eg skal sitte på med Håkon og fam. Audun er heime ein tur, så eg får treffe han. Han er ikkje så ofte heime no som  før. Han har no ei stilling i RØDE KORS.

Resten av dagen/kvelden blir det vel meir strikketøy og TV-og det er heilt OK. Håper a alle lesarane mine har det bra.

 


fredag, november 11, 2022

Dagbok 2022: 11.november





Klokka er no17.06, temperaturen ute er + 12 grader C, det regnar og det er mørkt som om det skulle vore midt på natta.

Men vi har ikkje så dramatisk nedbør som lenger sør. Å få gjort noko ute er i alle fall heilt håplaust. Eg likar så godt å få rydda skikkeleg i hagen, så det ikkje blir så mykje å gjere når våren kjem. Det må eg visst berre gløyme i år også. Lyspunktet er at det er mildt, elles kunne vi risikert å få nedbøren som snø-og det ønsker eg ikkje.

I dag var det vanleg fredag med fredagsvask etc. Tok og vaska litt klede også sidan det var så billeg straun i dag, det har blitt meg fortalt at den var heilt gratis. Eg er i alle fall glad for at det ikkje er kaldt. Eg gløymde å ta bilde på dagtid, så bildet over tok eg ca.kl.17, der er fint og lyst framme i Mosmarka ,ser eg.

Til middag i dag hadde eg ein rest med ris+ kyllinglår. Etter middagen sat eg og slappa av ei stund og eg trur eg sov. Eg vaknar tidleg om morgonen og er låk i foten, så eg treng sikkert ein middagslur. Elles ser eg no litt TV innimellom, og då strikkar eg.

Spanskleksa vår er å sjå eit program på You tube og lære oss teksten, som vi må omsette til norsk. Det har eg gjort i dag, men det må nok gjerast fleire gonger.

Elles så pratar eg med folk på Messenger, så eg blir no litt orientert. Til dømes så fekk eg vite at Rasmus hadde vore med båt til Kiel, dei hadde hatt båten som hotell og konferanserom, billegare det enn hotell på land. Og så har eg betalt siste rekninga på takarbeidet.  Sånn går no dagane. I morgon må eg prøve å komme meg ut litt, kan vel ikkje gå tur, men ein butikkrunde går bra. Når eg har tatt smertestillande tablettar har eg det bra nokså lenge. Verken er verst om morgonen. Kor lenge dette vil vare veit eg ikkje, det KAN vere snakk om månader og år.

I dag er det fredag og då vil eg ønske alle ei fin helg uansett ver. Det er visst farsdag også, men den blir ikkje feira her i huset.

Då eg var på Europris i går hadde dei stilt ut juletre med lys. Eg hadde nesten lyst å kjøpe, men kvar skal eg ev.ha det når det ikkje er jul? Det er no godt at vi har jula på mørkaste vinteren.
 

Bok nummer 36 - 2022: Helvetesilden

Eg er tilhengar av tynne bølker someg kan lese fort og bli ferdig med. Det passar meg best sidan eg ikkje hugsar så godt lenger.Og så likar eg Karin Fossum sine  krimbøker som er litt annleis enn andre i samme sjanger. Også denne gongen forstod eg at "morderen" var ein person med psykiske problem. At han fekk litt helvetesild på slutten var vel berre tilfeldig???

Alle som likar Katin Fossum sin stil, vil like denne også. Men no veit eg ikkje kva eg skal begynne på. Eg les lydbøker på senga, då sovnar eg fort.
 

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...