søndag, mai 31, 2026
Dagbok 2026: 31.mai
lørdag, mai 30, 2026
Dagbok 2026: 30.mai
Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skulle finne på i dag, så eg vart sittande meir og mindre utan å få gjort nokon ting. Men då det leid ut på ettermiddagen greidde eg ikkje å halde ut lenger, eg berre måtte ut og rydde litt i hagen.
Når vi klipper plenen kjem vi ikkje heilt ned på muren nedst i hagen, der brukar eg å klippe med kant- klipparen. Men i år har vi ikkje somla oss til å få den i orden med snor og det heile. Det er Erlend som brukar å halde den i stand når den først er i gang.
Men i dag gjekk eg laus og klipte heile strekninga for hand. Det vart no litt betre i hagen då, men det er så mykje som må ordnast i år, denne våren har ikkje vore akkurat slik som vårar brukar å vere. Når eg har venta så lenge på å klippe for hand er det fordi det ikkje er det beste å gjere når handa ikkje er så bra. Gjort er gjort og det var kjekt å komme seg ut og jobbe.
Elles har eg gjort fint lite i dag; eg trudde at det kanskje kom nokon på besøk, men det gjorde det ikkje, kanskje dei kjem i morgon?
No blir det vel TV resten av kvelden.Synd eg ikkje får strikke ,då.
fredag, mai 29, 2026
Dagbok 2026: 29.mai
Klokka er no 22.00, temperaturen ute er +13graderC og det regnar, Tidlegare i dag var det opplett ei stund og ikkje så verst temperatur.
torsdag, mai 28, 2026
Dagbok 2026: 28. mai
Klokka er no 19grader C, temperaturen ute er +11grader C og det er overskya , men opplett.
I dag har eg ikkje så mykje å fortelje for eg har vore ute i hagen og jobba heile tida, Eg hadde rettnok ei relativt lang middagspause, og då sovna eg framfor TV-en. Eg skal ikkje gå i med det eg har gjort, men det handlar om den delen av hagen der eg har prøvd å ordne opp litt. Eg trudde Erlend skulle vere her i dag , men han skulle reise til Sørlandet for å synge og spele- og det er no sikkert mykje kjekkare.
Eg jobba før middag, men hadde ei lang middagspause før eg tok fatt igjen. Det som eg treng er ein mann(?) som kan sette på plass kassa(karmen) som eg skal ha å samle gras etc.i. Det er ikkje sikkert det er så vanskeleg, men eg trur ikkje eg greier det heilt sjølv. Den kroken i hagen som dette går føre seg er den mest rotete delen så der er mykje å gjere. No når eg ikkje har bil får eg ikkje fare på VØR, så det hopar seg opp med sekker og rot. Våren kom så altfor tidleg og brått så det var vanskeleg å henge med. Eg ser også at diverse plantar ikkje har likt seg-og kanskje er øydelagde. No skal eg ikkje tenkje meir på hagen i dag,no skal eg finne meg noko godt til kvelsdmat-trur eg?
Syrinen står i blomst no. Den fekk eit sjokk rett før jul, då det kon litt vind ein dag. Då losna ein heil del inne i planten som eg tok vekk, men det viser ikkje no.onsdag, mai 27, 2026
Dagbok 2026: 27.mai
Klokka er no20.00, temperaturen ute er +9 grader C. det er lettskya og litt vind . I dag då eg stod opp var det ikkje så fint ver, men det kom eg etter kvart. Eg hadde ingen planar for dagen, men eg fann no litt å gjere både her og der. Eg kom på at eg skulle spyle altanen for der var så mykje rusk. Eg driv og matar fuglane på eit bord der ute , men dei ruskar veldig til rundt seg; så det gjorde godt å få spylt- Eg fann no ymse ting å gjere, men då det leid på dag var det så fint at eg gjekk på VERNET, det er lenge sidan sist eg var der så det var kjekt å komme opp, og så vart veret finare etter kvart.
Då eg kom heim var fleire av naboane i gang med å klippe plenar, så då visste eg kva eg måtte gjere eg også. Eg heldt fram der eg slutta sist, nede i skråninga. Det er ikkje berre det at der er gras, der er også ei tjukt teppe med mose under graset, så det er relativt tungt arbeid , men det går bra. Eg skulle berre hatt kantklipparen parat, eg veit ikkje om der er sen på den, det er Erlend som kan med den, og Erlend er ikkje her no. Trur eg må etterlyse han snart. Hadde eg hatt bilen så hadde eg vore meir sjølvhjelpt.
No skal eg finne meg noko godt å ete og så blir det vel TV resten av kvelden.
tirsdag, mai 26, 2026
Dagbok 2026: 26.mai
mandag, mai 25, 2026
Dagbok 2026: 25.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er +11 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag, men eg har ikkje vore ute for ei dør. I går kveld planla eg at neste morgon måtte eg vaske håret mitt og det hugsa eg då eg vakna, så det vart rett på badet. Eg fekk vaska og tørka håret, og då eg var ferdig -var klokka 5.Litt tidleg å stå opp, så det var berre å legge seg igjen.
Eg har ikkje gjort noko særleg til nytte i dag, og det plagar meg litt, men helgedagar skal no vere kviledagar, og då so. Eg saknar å vere ute og å gå tur på Vernet, men det kjem dagar etter desse-berre det kunne vere litt betre ver.
I morgon har eg avtalt med Einar at han skal komme og ete middag med meg, Han skal reise til Oslo og vere i 2 månader, så då blir det ei stund før eg får sett han igjen. Då blir tre av barnebarna i Oslo ei tid. Eg har ikkje så mykje å sjå fram til akkurat no-og eg saknar veldig å ha bil, for eg blir så avhengig av andre. Men berre det vert bra ver så har eg tusen ting å gjere i hagen-og inne også for den del.Armen min er ikkje heilt bra enno, så eg kan ikkje ha for store planar.
Og snart er det juni med fleire fødselsdagar vi kan feire. Og dei som er i jobb får ferie. Og somme blir pensjonistar med heilårsferie. No ser det ut til at skodda lettar litt på seg, så eg kan få eit bilde. I dag har eg tatt flagget inn for godt ei tid for no er det vel ikkje meir å flagge for med det første.
søndag, mai 24, 2026
Dagbok 2026: 24. mai -1.pinsedag
Klokka er no19.43, temperaturen ute er +10 grader C. Det har vore ein nokså fuktig dag i dag og eg har ikkje vore ute for ei dør.Litt synd at veret vart slik i pinsa når det har vore så mykje fint ver før i år-
I dag gjekk eg no her og stulla åleine til eg sende bod på Marit og ho kom ned og heldt med med selskap ei stund, men så kom Margrete og Svein også og dei vart no verande ei stund. To hundar hadde dei også med seg, og dei hundane er snille og relativt rolege, så dei må gjerne komme på besøk. Det er ikkje slikt ver vi ønsker oss i pinsa, då skal det vere sol og sommar, men slik vart det ikkje i år.
Alt i alt vart det ein kjekk dag i dag, og eg veit at eg får meir besøk nå det lid på(ikkje i kveld altså), Ønsker meg fint ver for no står epletreet heilt klart for bløming.Eg bryr meg ikkje om epla, men blomstringa er fin.
lørdag, mai 23, 2026
Dagbok 2026: 23.mai :Pinsaften
I dag har eg stort sett gjort ingen ting anna enn å lese og ete, men no på sein ettermiddag ropte Marit på meg så eg var ope hos henne og åt keldsmat og såg litt TV. Men mest prata vi- Eg har ikkje heilt forstått at det skal kome to helgedagar , og eg har ikkje planlagt noko. Men om nokon ville komme på besøk har eg alltid is og kaffi. Eg kunne ønska meg litt finare ver, men bra om det kjem grønt gras på plenen som eg klipte i går. Eg var litt dum, eg forstod ikkje kvifor klipparen stoppa heile tida, men så gjekk der opp eit lys, og eg forstod at eg hadde stilt den for langt ned.Så no håper eg at graset veks fort, så plenen kan bli skikkeleg grøn igjen-helst utan løvetenner.
God pinse !
fredag, mai 22, 2026
Dagbok 2026: 22.mai
Før i dag har eg gjort litt av kvart ute. Eg har tatt opp ca 1000 løvetannrøter og klipt plenen ovanfor garasjen. Beddet fekk eg gjort litt betre enn det var, likeins beddet nedanfor garasjen. Det er ikkje mykje å skryte av, men eg er no bra for alderen. Eg likar å halde på ute i hagen når veret er bra. Elles har det ikkje hendt så mykje i dag-her i alle fall. No skal eg snart sette på TV-en så då får vi vel høyre om mykje meir som skjer.
I morgon er det pinsaftan og etter det 2 pinsedagar, veldig kjekt for dei som får fri frå jobben, og for oss som har fri heile tida kan det hende vi får besøk. Eg treng veldig besøk av nokon som kan rette opp telefonen min, eg trur den har rota seg bort i litt av kvart som eg ikkje heilt forstår meg på-
Eg vil ønske alle ei fin pinsehelg, med godt ver -og alt anna godt!
torsdag, mai 21, 2026
Dagbok 2026:21.mai
Akkurat no. Klokka er 20.45, Temperaturen ute er +11 grader C,og det er overskya. Regn har det også vore i dag.
I dag tok eg fredagsvasken før Ragnhild kom og henta meg, eg hadde spurt om ho kunne komme og køyre meg så kunne vi gå på kafe før eg skulle på apoteket. Eg er framleis utan bil, så eg treng litt hjelp. Og ikkje visste eg at ho hadde brote ei hand.
Vi gjekk på kafeen i det gamle huset i hagen , prata og åt og drakk kaffi før vi gjekk ned på ALTI. Eg fekk det eg skulle på apoteket og etterpå handla eg litt mat på Bunnpris.
Då eg kom heim såg eg at det hadde regna på sengetøyet som hang på altanen, så det vart putta i vaskemaskina.
Elles har eg sete og sett TV, men eg har også lese i ei bok som eg skal skrive om seinare. Så det har ikkje blitt hagearbeid i dag, og ikkje tur på Vernet heller. Håper det blir fint ver i morgon så eg kan vere ute og rydde i hagen.
Gamle bilde.
Eg sat og bladde i gamle bilde og fann dette. Dette bildet er tatt ein stad i Solund ein sommar då vi var på ferie. Vi gjekk til butikken på Neset trur eg, og alle ungane har hue på seg enda det er sommar., så det har vel ikkje vore så varmt. Margrete sit i vogna og ho har hunden med seg. Det var ikkje vår hund, men ein som heldt til i Trovågen. Heilt frå ho var så lita likte Margrete hundar -og ho gjer det enno, No har ho minst 2..
onsdag, mai 20, 2026
Dagbok 2026: 20.mai
Klokka er no20.42, temperaturen ute er + 13 grader C.Det er litt sol og litt skyer, og vi har hatt rimeleg fint ver i dag også.. Eg hadde som vanleg store tankar om kva eg kunne få gjort ute; og først ville eg klippe plenen rundt huset. Men sjølv om eg hadde hatt batteriet ståande på opplading lenge, fekk eg ikkje i gang grasklipparen. Men eg kunne vatne i hagen i dag , tenkte eg, for det har no vel vore litt tørt.Det var første gongen eg vatna i hagen i år. Etterpå sat eg ei stund oppe hos Marit på Platten-der sit vi når det er sol.
Men etter kvart kom eg no ned til meg sjølv og ville prøve grasklipparen igjen, og no gjekk den som ei klokke og eg fekk klipt heile plenen og litt ned i skråninga også. Eg får fleire og fleire sekker meg gras og anna hageavfall som eg må på VØR med, berre eg har ein bil-det har eg framleis ikkje.
Eg gjekk inn og laga meg litt middagsmat før eg sette meg til å lese i boka eg fekk av Torbjørn. Eg synest den er interessant å lese i, og eg greier å lese mykje utan briller, for eg har fått eit sår bak øyret, så det er vondt å ha brillene på seg.
I morgon må eg ein tur til Vik og ALTI for eg må på apoteket og kjøpe medisin.
tirsdag, mai 19, 2026
Dagbok 2026:19.mai
Klokka er no ca 18.30 , temperaturen ute er + 16 grader, det er skya , men opphaldsver enn så lenge.
Eg hadde ein rotete start på dagen, hadde ingen planer og visste ikkje kva eg skulle ta meg til, så eg stod ikkje opp så tidleg som eg plar gjere. Men eg kom meg no ut til slutt og begynte å spade mold, men heldt ikkje på så lenge før eg forstod at dette greier eg ikkje åleine. Men eg fekk prata med naboen nedafor, det var lenge sidan eg hadde snakka med henne. Eg såg på andre naboar som stelte i hagen sin, og så kom Marit ned så vi fekk sitte og prate litt-det er alltid kjekt.
Så gjekk eg inn att og laga meg litt mat og snakka litt med meg sjølv om kva meir eg kunne gjere i dag. Då landa eg på "fjerning av løvetann". Eg såg at naboane hadde fine grøne plenar, og det ville eg også ha. Så resten av arbeidsdagen min gjekk med til å fjerne alle løvetennene eg kunne finne på plenen min - og då syntest eg at eg hadde gjort noko som var bra i dag-. Det står mykje arbeid på vent, men eg likar å jobbe, berre det er ei meining i det eg gjer.
Det blir ingen tur på Vernet i dag, for no må eg ha TV og kaffi-
mandag, mai 18, 2026
Dagbok 2026: 18.mai
Eg har jobba med dette litt innimellom, men det har gått seint, for først måtte eg ha vekk molda frå kassa, og det har eg jobba med ei stund. Men kvar skal eg gjere av molda, eg treng den ikkje , men eg tenkte eg kunne legge den på den gamle jordbæråkeren så lenge. For jordbæråker er der ikkje lenger. Eg spadde opp den ein jordbærsenga før eg la mold på. Men der var mykje mold i bingen, så i dag har eg begynt å fylle i den andre jodbærsenga- men det går ikkje fort, og arbeidet er tungt, så eg kom ikkje i mål i dag heller. Erlend er ikkje heime i dag; han er grei å ha med seg på slikt arbeid. Eg kom ikkje i mål i dag heller; meininga er å få vekk all molda som var i"kassa", slik at vi kan begynne å fylle på igjen. Det er greit å få kompostere graset heime, så ein slepp å køyre på VØR heile tida, og no har eg heller ikkje noko å køyre med- Dessutan får ein fin mold frå komposten når den står lenge nok. Dette er det eg altså styrer med for tida.
Nede i skråninga hadde vi før 2 jordbærsenger, men etter at Nils slutta med hagearbeid greidde eg ikkje å stelle alt skikkeleg, så då vart de slutt på jordbærdyrking.No brukar eg jordbærsengane til å legge molda på. Erlend og eg har snakka om å sette poteter, det skulle gå bra i den eine senga, i alle fall-Viss ein skal ha ein fin hage og dyrke både frukt og bær, så krevst det ein god del arbeid. Vi har hatt all verdens plommetre og bærbusker og mykje anna, men det har minka veldig etter at eg vart ålene meg hagestellet. Eg likar å styre i hagen, men eg greier ikkje så mykje lenger.Men eg har no Erlend som hjelper med grasklipping m.a.
Eg kunne gått ein tur på Vernet i dag, men det vart ikkje noko av.
søndag, mai 17, 2026
Dagbok 2026: 17.mai
Eg har hatt ein roleg 17. mai., har sett mykje TV , men elles har det vore veldig fredeleg her. Marit er blitt så mykje betre no at ho kan kone ned til meg, så vi sat i lag og såg TV. Vi såg ein aldeles nydeleg konsert med Sissel Kyrkjebø, det kan godt hende eg har sett den før, men den var like fin uansett. Vi sat stille og høyrde på songen utan å prate. Så diska eg opp med kaker som eg hadde fått med Solveig i går, eg skal helse frå Marit å seie at kakene var veldig gode . (og det var dei) Det blir litt annleis feiring når ein er på veg til 90 enn det var i yngre dagar- men alt til si tid .
Då Marit gjekk opp att, tok eg på meg uteklede og gjekk opp på Vernet. Der var det fint pynta i dag meg flagg på annankvar "gjerdestolpe" slik det plar vere; eg såg berre to andre på turen min i dag, så eg hadde benkane for meg sjølv og kunne bruke den tida eg ville. Etter at eg kom heim måtte eg ha meg litt mat, og så blei det TV igjen. Det er mykje selskap i TV-en når ein bur åleine.
No nærmar klokka seg 21.oo og no skin sola ute, så eg håper på ein fin dag i morgon. No må eg hugse på å ta inn flagget i tide. Håper alle mine har hatt ein fin dag. Fekk Erlend slå på tromma i dag?
Eg var ut på altanen og tok inn flagget no-kl 21-
lørdag, mai 16, 2026
Dagbok 2026; 16.mai
Klokka er no 20.47, temperaturen ute er + 13grader C, og det er opplett.Eg håper det kan bli bra ver i morgon også, med tanke på alle som skal ut og gå i tog, særleg borna. Eg husgsar frå min eigen barndom kor vi gledde oss til 17.mai. Og eg hugsar litt frå min første 17.mai-feiring, det var i 1945, og vi budde i Innvik hos besta og besten. Det var ikkje så mange dagar etter at krigen var slutt, og eg var misunneleg på eine fetteren min fordi han hadde fått gått fredsmarsj. Det var vel ein kvan som hadde lukta lunta, så eg fekk gå fremst i 17.-maitoget og halde i ein dusk som kom frå ei fane. Det var stort. Eg var 5 år.
I morgon trur eg at eg kjem til å halde meg heime og sjå på feiringa på TV, det har eg gjort mange år no, og det er heilt OK. Kanskje set vi oss i lag, Marit og eg.
I dag skulle Solveig kome med ein blomst til grava. Men ho hadde meir med enn det- to sortar med gode kaker kom ho med. og Øystein var også med, og barnebarn/oldebarn frå Volda som skulle heim att. Eg synest alltid det er kjekt å få besøk av barn og barnebarn-og oldebarn
Eg var ikkje i så god form tidleg på dag, då var handa mi låk, men no kjenner eg ikkje noko vondt i hendene mine lenger. Eg håper eg held meg smertefri for eg har så mykje å gjere i hagen; eg har rota der til, så eg vil gjerne rydde opp att, eg veit kva eg skal gjere så det er berre å sette i gang.
I dag fyller eldste guten til Rasmus, Eivind, 24år. Han er no ferdig med lektorstudiar i Tromsø. Så han bør få ein dobbelgratulasjon !Tida går så fort, det er ikkje så lenge sidan eg køyrde han i barnevogn i Kongsberg, synest eg.
Så vil eg ønske alle som er innom her ei fin 17.mai-feiring.
fredag, mai 15, 2026
Dagbok 2026: 15.mai
Eg hadde ingen særlege planar for dagen i dag, men då eg såg at veret var såpass tenkte eg at eg kunne gå ein tur ned på gravplassen og sjå korleis der står til. Bil har eg enno ikkje, men eg tenkte eg kunne ha godt av å gå ned.
Så eg rusta meg ut med det eg trong, og så gjekk eg.Hendene og armane mine var ikkje heilt gode, og slett ikkje ryggen, men eg måtte no prøve å kome meg ned, og eg kom fram-så vidt. Det som eg har peika på lenge er mangelen av benkar på gravplassen. Der er berre nokre få og dei er langt oppe i bakken. Eg hadde stort behov for å kunne sette meg ned, og der var ei redning; tre nye benkar ikkje langt unna, så eg fekk sette meg ned ei stund så eg kom meg litt, men eg lurte på korleis eg skulle komme meg heim. Eg har ei venninne som bur i nærleiken av gravplassen, eg kunne ringe henne, men eg bestemte meg for å prøve å gå heim sjølv. Og ved KIWI-butikken er der ein benk, så det kunne bli redninga. Får eg kvile ei stund ,kan eg gå vidare ,og heim kom eg.
Er seier ofte at om der hadde vore sittebenkar rundt omkring, kunne eldre folk gått meir. Oppe på Vernet er det mange benkar, så der går det fint å ta ein runde.
NB: Det er ikkje føtene mine det er noko i vegen med, det er ryggen, særleg no når eg har hatt så mykje bøy og tøy-
Etter at eg hadde ete og kvilt meg litt, gjekk eg ut i hagen og tok opp ei bøtte med løvetannrøter. Gjorde litt anna også, men vart fort lei. I mellomtida var veret blitt så fint at Marit hadde sett seg ut på platten, så då gjekk eg opp til henne og sat der til det var på tide å gå inn.
I morgon kjem Solveig på besøk, og ho handlar til meg viss det er noko eg skal ha, eg tenkjer no mest på å få noko fint til grava. Eg såg ein mann i dag som skulle pynte på ei ny grav. Han hadde fått med seg mange fine plantar.
torsdag, mai 14, 2026
Dagbok 2026: 14.mai
Rasteplassen i dag
Klokka er no18.30, temperaturen ute er +10 grader og det har regna så smått heile dagen, trur eg.No har eg nettopp gått igjennom ein heil del for å komme inn att på Bloggen min; alle slags opplysningar skulle dei ha, og eg hugsar som vanleg ikkje alt. Heldigvis hadde eg skrive ned passordet. Men så spurde dei etter alderen min, og etter det spurde dei ikkje meir.
Det er så sjelden eg må logge meg inn at eg gløymer alt. Men no får eg i alle fall skrive, men det er ikkje sikkert eg gå legge inn bilde.
I dag har eg vore her heime åleine heile dagen, eg har for det meste sete framfor TV-en.Handa mi er rimeleg bra no, men fingrane er tjukke og stive så eg må sitte å gni dei nesten heile tida, Eg venta på betre ver, men så gav eg opp og gjekk ein tur på Vernet sjølv om det regna litt.
Det har hendt veldig lite her hos meg i dag, så eg har ikkje mykje å skrive om. Eg ser at dei lovar ikkje godt ver til 17.mai. Dett er trasig, for dagen er ikkje det samme i regnver.
Der har vore folk på Vernet og pynta til 17. mai. Vi ser det ikkje her på bildet ,men der er flagg på alle gjerdestolpane , eg har talt flagga før om åra , og der er over 100.onsdag, mai 13, 2026
Dagbok 2026: 13. mai.
Klokka er no19.21, temperaturen ute er +10 grader og det er skya. Eg hadde tenkt å gå ein liten tur på Vernet,men slo det frå meg. Eg kan heller gå i morgon.
Det mest gledelege for min del i dag at handa ikkje er vond lenger, men heilt bra er eg ikkje, for skuldrane er ikkje heil gode, Men det er ein bagatell. I dag hadde eg avtale med Margrete om at ho skulle komme når ho var ferdig på skulen og så skulle vi handle begge to i lag. ho slutta tidleg i dag, men eg rakk å ta "fredagsvasken " før ho kom. Eg var låk i ryggen etter alt hagearbeidet i går, men no er eg bra igjen.
Vi handla mat etc, på COOP i Furene, både Margrete og eg, men då vi køyrde heimover fann eg ut at vi/ eg måtte ha noko på KIWI på Vallabøen også. Så no har eg mat lenge , trur eg/ ikkje.
Eg brukar å seie til folk at det dei får viss dei kjem til meg , er is og kaffi. I dag hadde eg kjøpt ein is i raudt, kvitt og blått. Den måtte vi smake på, for den var ny.Då kom Erlend opp frå kjellaren, så då var vi tre. Og tre generasjonar. Kjekt!
Då eg vart ålene laga eg meg litt mat som skulle vere middag og etter det har eg ikkje gjort noko, berre slappa av.Men dagen har gått veldig fort. Eg har ikkje gjort noko i hagen i dag, og i morgon er det helg, og der står mykje på vent. Eg forstår ikkje skikkeleg at det er kveld alt, men eg har no fått på TV-en;håper vi kan få sjå noko kjekt i dag, ikkje berre krig og elende.
Orkideen på bildet fekk eg av Solveig på fødselsdagen min i mars og den står like fin enno.
tirsdag, mai 12, 2026
Dagbok 2026 -12.mai
Det går fint med handa mi å jobbe ute, eg trur det er datamaskina som gjer den vond. No skal eg fiinne meg litt frukt å ete.
mandag, mai 11, 2026
Dagbok 2026:11.mai
Klokka er no 21.00, temperaturen ute er +6 grader C og sola skin. Det har ikkje vore så varmt ute i dag, men veret har vore fint, trur vi har hatt sol heile dagen, men er ikkje heilt sikker på det.
Etter morgonstellet var eg oppe hos Marit ei stund, men så gjekk eg heim og skulle gjere litt hagearbeid. Potetåkeren gav eg opp etter å ha prøvd å få vekk nokre store røter, så begynte eg å klippe plen i staden, og det gjekk no sånn passeleg bra, neste post på programmet var å ta opp løvetannrøter og det gjekk fint, der var rikeleg å ta av, og sidan naboen heldt på med det samme fekk vi prata litt.
Så gjekk eg inn for å lage meg litt mat, og mens eg åt kom Erlend heim og best det var hadde han klipt ferdig heile plenen, og der var så fint!! Sidan plenen har fått stått urøyvd så lenge, var der mykje som vi ikkje ville ha der, men no var alt vekke. Ein god jobb hadde Erlend gjort. Og takk for det.
Eg gjekk inn for å ete litt, men gjekk ut att for å gjere litt meir. Då tok eg og klipte de vesle plenen oppe mot gata, der er ikkje så mykje å klippe men der er ein del å rake vekk etc. Etter at eg var ferdig med det gjekk eg ned att på plenen, men då var eg begynt å bli lei, så det vart ikkje meir i dag.
Eg tviler på om eg greier å få utvide potetåkeren, men eg har ikkje gitt opp enno.Eg likar veldig godt å styre på i hagen,men det blir litt for mykje for meg åleine viss eg skal få alt i orden. Vi hadde no mykje meir bær og frukt den tida Nils var frisk og jobba i hagen. Eg kan ikkje greie så mykje, men eg kosar meg med hagearbeid og så får eg gjere det eg kan-om det ikkje er så mykje.
Det er no enno tidleg vår.Sola skin fint ute no, og eg håper vi kan få ein fin 17.mai,men vermeldingane er ikkje så oppløftande.
Mamma kunne så mange gamle fyndord, om ver for eksempel: April snø og mai kulde gjør bondens løer fulle. Så får vi sjå om det stemmer.
søndag, mai 10, 2026
Dagbok 2026:10.mai
Klokka er no17.22, temperaturen ute er +5 grader C og no regnar det litt igjen. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet og der var det opplett mens eg var der. I dag har det vore ein slik dag her hos meg at alt går liksom på tverke. Eg hadde store planar med kva eg skulle gjere i hagen, men så kom eg brått på at det var sundag, og dessutan begynte det å regne og blåse litt, og eg vart sittande mykje med TV-en men mest med datamaskina. Der sit eg og ser på "reels and short videos" m.m. Til slutt tok eg meg sjølv i nakken og kledde på meg og gjekk på Vernet. Det hjelpte litt på humøret. Veret har vore litt skiftande i dag, av og til har sola vore framme, men mesteparten av tida har det vore overskya, med litt regn av og til.
Eg hadde ikkje med meg fotoapparatet i dag, men skulle ta litt bilde når eg kom heim. Men så var der noko tull med telefonen igjen, så eg får ikkje bilda over på datamaskina. Eg er ikkje heilt venner med telefonen, som eigentleg ikkje er ein telefon , men ei datamaskin. Men "telefonane" er vel komne for å bli og meir og meir legg dei inn der. Dei unge greier vel å lære seg alt-men ikkje eg. Håper på fint ver i morgon slik at eg får gjort hagearbeid._Men det ser grått ut.
lørdag, mai 09, 2026
Dagbok 2026: 9-mai
Etter å ha prata litt køyrde vi ned til ALTI og kjøpte svarte plastsekker til hageavfallet. Eg stakk bortom brødbutikken og kjøpte wienerbrød som vi skulle ha til kaffien. Maten som eg skulle ha kjøpte eg på KIWI på Vallabøen.
Einar skulle ikkje vere her så lenge, men vi fekk no tid til å drikke kaffi og snakke om bryllaupet i Oslo-og det var no kjekt for meg å høyre, eg var invitert, men møtte ikkje opp-. Eg gjorde ikkje noko særleg etter at Einar hadde reist heller, men etter ei stund varma eg opp att middag frå i går, som eg åt. Elles har eg berre lata meg og sett litt TV, og no synest eg det er litt seint å gå tur på Vernet, så det får bli i morgon.
Temperaturen ute er no+7 grader,og det er overskya. Trur det har regna litt også-
På bildet kan de sjå ein liten brun flekk i plenen, det er potetåkeren som Erlend og eg skal lage til. Det kan hende den blir litt større med tida. Eg håper det.
Ønsker alle ei god helg!
fredag, mai 08, 2026
Dagbok 2026: 8. mai
Det var verken snø eller regn i dag, men litt vind var det, og mange skyer for sola.
Eg sat oppe på platten med Marit ei stund, så lenge sola var framme var det varmt og fint og vi kunne kose oss med ein kaffikopp. Erlend ville klippe plen, men eg hadde ikkje sekker til å ha graset i, så vi utsette det til seinare. Når eg kjem meg på butikk igjen skal det bli råd med nye sekkar. Vi har heldigvis VØR så vi slepp å kompostere all verda.
Sidan eg ikkje kom meg på butikk i dag fekk eg ein tur på Vernet, det er alltid kjekt, men i dag trefte eg ingen, det var vel for tidleg på dag. Eg laga meg middag då eg kom hein, for eg var ikkje heilt matlaus. Men i morgon bør eg kanskje komme meg på butikken.
Sjå dei snøkvite fjella langt borte.torsdag, mai 07, 2026
Dagbok 2026: 7.mai
Klokka er no 19.40, temperaturen ute er +11 grader C og det er lettskya og delvis sol, fint ver altså.
I dag hadde eg lagt opp til arbeid i hagen. Eg har store planar, veit ikkje kor mykje eg får til av det eg legg planar om, men det får tida vise. Eg har veldig mykje som skal gjerast i hagen, og eg må vel gjere det meste sjølv. I dag begynte eg så smått å lage noko som kanskje blir ein potetåker, den blei ikkje så stor som eg først hadde tenkt for det var mykje arbeid med å grave opp.
Og så er det den velsigna høgrehanda mi som ikkje er heilt god. Men litt fekk eg no gjort.Eg spelar litt på lag med Erlend som bur i kjellerleilegheita mi, det er kjekt å planlegge litt i lag.
Midt på dagen sat eg lenge og kvilte meg oppe hos Marit. Men etter ei stund fekk eg lyst å sjå ut att. Der fann eg mange nye jobbar, ta opp løvetannrøter t.d. Først klipte eg plenen på vestsida, men så ville ikkje grasklipparen meir.
Eg sette meg først ned for å tenke ut kvar eg skulle gjere-måtte eg kanskje kjøpe ny klippar, det vart dyrt! Men så kom Erlend heim og eg fekk klage mi nød -om klipparen som var øydelagd og ikkje ville meir. "Har du nok bensin på den? " spurde han. Bensin! ja, det hadde eg ikkje tenkt på. Men bensin har eg så det var berre å fylle på så gjekk klipparen som som eit skudd og eg fekk klipt heile plenen rundt huset. I morgon vil Erlend klippe skråninga. Som dokke forstår set eg veldig pris på å ha Erlend her. Han fiksar alt muleg som eg ikkje kan; TV, datamaskin; og alle slike ting.
Elles ser eg fram til å få bilen min tilbake, i god stand håper eg. Eg saknar den veldig, for eg har vent meg til å ha bilen klar om eg treng noko på butikken t.d. I kveld er eg lens for det meste, men eg overlever vel natta med det eg har att av mat.
Det er så fint ute no, sola skin på snøkvite fjell og grøne tre . Eg skal sjå om eg får til å ta eit bilde......
onsdag, mai 06, 2026
Dagbok 2026:6.mai
Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +10 grader C, og det er lettskya og litt sol, før i dag har det vore regnbyger innimellom
I dag var det ikkje noko spesielt på timeplanen, så eg bestemte meg for å prøve å få gjort noko i hagen; det er ikkje alltid like enkelt for meg å gjere det eg vil sidan eg har ei høgrehand som ikkje spelar på lag. Men i dag var det regnet som gjorde at eg gjekk inn att to gonger utan å ha fått gjort noko. Og så melde saknet av bilen seg i tillegg.
Men etter å ha sete inne og sett nyheiter på TV nokre gonger, såg eg at veret hadde blitt betre, så då gjekk eg ut og fekk gjort litt av kvart, men no kan eg ikke gjere meir før eg får kjøpt meg fleire svarte sekker, for no må eg på VØR snart. Ja, alt står og fell med om bilen min blir i orden- eg saknar den veldig.
Men eg fekk i alle fall jobba litt i dag, berre det er gledeleg, og handa og armen klaga ikkje, dei tok det fint, men no kjenner er at handa ikkje likar tastaturet, det er merkeleg at der skal vere det verste.
Det kom litt snø sist natt også, men ikkje mykje så kanskje blir det ikkje meir snø no.
Eg var ute i postkassa og fann Møre-nytt, den kjem ut tysdag og fredag, men eg
har litt problem med å følgje med tida.
Det hender ikkje så mykje i hagen, men der er i alle fall grønt gras.
tirsdag, mai 05, 2026
Dagbok 2026: 5.mai
Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +10 grader C, og sola strever enno med å komme gjennom skydekket. Vi har hatt mykje fint ver denne vinteren og våren, og aldri før har eg sett så mange grøne bjørker i april. Snø har vi knapt sett i den vinteren som no er forbi. Og så kjem vi til5.mai og står opp til mykje nysnø over alt. Den snøen var ikkje velkomen her i alle fall. Eg har ting som eg skal gjere i hagen til dømes- og no blir alt forseinka. Berre litt av hagen har fått klipping mellom anna. Først langt ut på dagen begymte snøen å smelte og mykje ligg enno att. Eg har ikkje kome meg til med så mykje i dag, men etter kvart fann eg ein jobb som stod på vent.
Eg har ikkje gått på Vernet i dag , eg brukar ikkje å gå der når det er snø og is og glatt, men det kan hende eg tek ein tur no. Det er litt rart å sjå ut på alle dei grøne trea i snøen.
No er klokka 17 og mesteparten av snøen er borte.mandag, mai 04, 2026
Dagbok 2026: 4.mai
Mykje av dagen har gått med til å studere bilda frå bryllaupet i Oslo. Sidan eg ikkje var der sjølv prøvde eg å finne ut kven som var der, og eg har mange bilde liggande på datamaskina- og dei har eg studert. Men det er nokre som eg ikkje veit om dei var der eller ikkje, så det må eg finne ut-
Men eg måtte no gjere litt nytte for meg når eg hadde tid til det. Derfor tok eg "fredagsvasken" i dag, eg hadde hoppa over den sist fredag, og no skal eg hoppe over komande fredag også. Eg måtte ta vekk to potteplantar i dag, for eg trur der var sjukdom på dei, eg sette dei i alle fall ut på altanen.
Eg har så vidt sett på TV-en, det er no spennande kvar dag kva som skjer. Litt FOR spennande kanskje. Det er sikkert fleire enn eg som ønsker seg "fred på jord".'Og så er det spennande kva tid Rasmus blir ferdig med bilen min-og om han har fått det i stand. Eg saknar bilen! Samme om den er gammal og ikkje heilt fri for sår.
Det er nysnø i fjella, men sola kjem fram av og til.søndag, mai 03, 2026
Dagbok 2026: 3.mai
Klokka er no 18.24, temperaturen ute er +9 grader C, Det er overskya, men opplett. Eg har problem med å få bilde frå telefonen inn på datamaskina, så det kan vere at det ikkje kjem bilde i dag.
I dag har eg vore her åleine meste tida av dagen, men eg gjekk ein tur på Vernet og så har eg vore oppe hos Marit ei stund. Det kan ikkje hende så mykje alle dagar, men om ein synest at det hender for lite, kan ein berre sette på TV-en Der er det nok som skjer-
Erlend er komen heim i kjellaren til bestemora, etter å ha passa hundar mens dei andre var i bryllaup i Oslo.
Det kan hende at han og eg skal få i stand ein potetåker med tid og stunder-viss vi geier det. Eg har vore bra "frisk" i handa mi dei to siste dagane, så eg håper det beste. Eg har gått halvt sjukmeld sidan jul omtrent, så det er på tide å komme seg i arbeid igjen.
lørdag, mai 02, 2026
Dagbok 2026: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen ute er + 5 graderC , og det har vore overskya og regn det meste av dagen. Eg har ikkje gjort mykje i dag, men fekk no vere med naboane på butikken så eg fekk rikeleg med mat i huset.
Eigentleg skulle eg ikkje ha vore her i dag, eg skulle ha vore i Oslo i bryllaupet til barnebarnet Audun,og forloveden Elisabeth. Då dei var her i fjor sommar snakka vi om det. men då dagen begynte å nærme seg, forstod eg at det var betre å halde seg heime. Eg er tross alt 86 år, og eg brukar både briller og høyreapparat, og eg visste ikkje heilt om eg ville klare å passe meg sjølv i Oslo. Det er lenge sidan sist eg var der. Og då Margrete skreiv at ho hadde fått hotellrom i 22.etasje vart eg letta for at eg hadde trekt meg. Eg likar ikkje hus som er meir enn 2 etasjar. Eg snakka med Audun då han var her i påska og forklarte kvifor eg ikkje ville komme. Erlend reiste heller ikkje for han er heime og passar hundane. Men elles trur eg alle i familien vår har møtt opp.Eg har allereie fått bilde frå dei, vigsla var i Akershus slottskirke
Audun er utdanna jurist, og jobbar i forsvaret. Han har tittelen Major no. Eg hugsar majoren i Stomperud, Audun liknar ikkje på han.
fredag, mai 01, 2026
Klokka er no17.25, temperaturen ute er +18 grader, sola skin ikkje så mykje no, men det har ho gjort før i dag: vind har vi også hatt. Det første eg gjorde i dag, var å ha opp flagget, og det vaja fint i vinden. Eg vart sittande lenge framfor TV-en og sjå historiske hendingar, mest frå Einar Gerhardsens tid. Det var interessant, og det er godt å få ei oppsummering av det som var. Det er vel det vi har denne dagen til, å minnast -og sjå framover-
I morgon skal det vere bryllaup i Oslo. Det er Audun som gifter seg med Elisabeth, og heile storfamilien var invitert, men vi fann ut at eg ikkje skulle vere med, for eg har så mange problem, med å høyre til dømes. Eg må no bruke høyreapparat viss eg skal snakke med frammande i alle fall, og så er det briller som skal inn i same hola som, høyapparata......nei det vart litt for mykje for meg, så eg valde å vere i ro. Erlend er heller ikkje med, men han er ikkje her med meg i dag, for no passar han dei tre hundane til Margrete og Amanda.
Rasmus og familien køyrer vel frå Kongsberg i morgon, dei andre er på hotell. Margrete og Svein hadde fått rom i 22. etasje på eitt av hotella.-Nei, bra eg blir heime for eg likar ikkje å bu i høge hus.
I dag har eg i grunnen ikkje gjort anna enn å ete, og så var eg oppe med Marit ei stund og sat ute og sola oss.
Handa mi var bra då eg la meg i går , og den har vore rimeleg bra i dag også, men eg må vere forsiktig med å bruke den, særleg på datamaskina -så det er best å slutte av.
På bildet over ser vi dei raude Rhododendronane til Marit, dei er så fine. Eg har ei slk buske nede på plenen min, men i dag måtte eg ta vekk fleire daude greiner, men den kjem no med blomster den også.
Dagbok 2026:10.juni
Klokka er no 20,07, temperaturen ute er +11grader C, og det regnar . Vi hadde ein nydeleg vinter og ei flott vår-men så kjem sommaren med de...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...












































