torsdag, november 29, 2007

Peparkaker


Har framleis permen frå den tida eg jobba som heimkunnskapslærar. Desse kakene laga eg veldig mange gonger, både på vanleg skulekjøkken og på juleverkstad med vaksne hjelparar. Det er ein stor deig, han bør kjevlast relativt tynt, men fordelen er at han kan brukast straks; treng ikkje stå kaldt etc.Ser at Solveig skal legge inn si oppskrift i morgon, så eg ville berre komme henne i forkjøpet. Her blir det konkurranse heimkunnskapslærarar imellom.
PS: Eg likar ikkje peparkaker!!!!

Ballettframsyning.

Sist sundag var vi altså på ballettframsyning på Ørsta kulturhus, der dei tre eldste borna til Margrete deltok.Første delen av programmet heiter Liber tango og vart dansa av ei gruppe som dei kallar contemporary-Ingeborg var med der.
Andre delen heitte Mareritt før jul, og der var alle tre med. Amanda dansar jazzballett og Eirik hip-hop. Det var mange innslag i denne delen av programmet. Trur det var ca 250 danserar alt i alt. Og mange skumle typar!!!!!
Kan nemne at programmet Liber tango skal vere eitt av innslaga ved opninga av operaen i Bjørvika.
Ballettskulen skal ha enda ei oppvisning før jul. Det er Nøtteknekkeren. Det er kjekt å sjå kor
profft alt er laga, både med dans, musikk og
scenografi.
Treng vel ikkje legge til at det måtte ein grundig såpevask til om kvelden?

onsdag, november 28, 2007

Juleservise.

Desse julegraut-tallerkane kjøpte eg til Solveig & fam.for nokre år sidan. Kjøpte vel ikkje alle på ein gong, men har supplert litt, og så har det vel vore litt svinn?
Kjøpte kaffikoppar til Rasmus og dei i same mønster, og tenkte å supplere med fleire i år.
Men så er altså serviset gått ut av produksjon.Fekk kjøpe resten av tallerkane som dei hadde her, 10 stk.,til halv pris, men koppar hadde dei ikkje att.
Viss nokon av dykk som les dette kjem fram på dette serviset,dvs.kaffiservise og grauttallerkar, er det fint om de sender meg ei melding.

Elles har vi hatt besøk av Margrete og ungane i dag, og så kjem ungane att på laurdag og skal overnatte til sundag. Margrete og Lars skal handle julegåver og så skal dei i selskap om kvelden.

lørdag, november 24, 2007

Gratulerer med dagen, Erlend.

Vi gratulerer Erlend som fyller 4 år i dag!!!!
Dagen vart feira forrige helg med stort familieselskap på Bjørnaset. Guten fekk masse fine klede i gåve både hos besteforeldre og tante, men for HAN var var vel Elias-båtane det gjevaste akkurat der og då.
Det er mykje som skjer akkurat i denne tida fram mot jul. I morgon skal dei tre eldste ungane på Bjørnaset vere med på ballettoppvisninga på Ørsta kulturhus.



fredag, november 23, 2007

Juleførebuingar.

Sjølv om eg ikkje har tenkt å gjere all verda til jul,kan det vere greitt å begynne i tide.I dag tok eg fram sølvtøyet og pussa det, noko som eg gjer berre ein gong i året og knapt nok det.Sant å seie var det berre gaflane som verkeleg trong ei opp-shining. Det meste var heilt OK. Det har sine grunnar:
1. Sølvtøyet er ikkje så ofte i bruk.
2. Eg vaskar det for hand, ikkje i maskin.
3. Eg oppbevarer alt sølvtøy i lufttette plastposar av den typen de ser på bildet.

Desse posane er berre alle tiders til mange ting. M.a. brukar eg å samle småting i dei i staden for å la alt ligge laust i skuffene. Så brukar eg dei når eg er ute og reiser til å ha shampoo og andre flasker o.l. i, slik at eg slepp å få toalettveska tilgrisa. Ja, dei er verkelig kjekke å ha. Kjøper dei på Tybring Gjedde i Kongsberg, dei finst i mange storleikar, og dei finst vel også på våre kantar?



mandag, november 19, 2007

Lydbøker

Dei fleste veit vel at eg er ein storforbrukar av lydbøker, som eg låner på biblioteket her.
Det starta med at eg fekk problem med eit auge og ikkje kunne lese bøker på vanleg måte. Så vart eg dårleg i rygg og hofte og måtte sitte/ ligge det meste av tida. Og som toppen på kransekaka, kom tinnitusen, ein svisjande lyd i høgre øyret som aldri held stilt.
Gjennom alle desse "prøvelsane" har lydboka vore til stor hjelp og trøst. Og der finst så mange gode bøker og gode opplesarar. Dessutan kan ein fint lese mens ein gjer andre (kjedelige) ting.
Eg somnar med Walkmanproppane i øyret, så høyrer eg ikkje tinnitusen så godt.

For dei som likar finsk humor, vil eg anbefale Harens år, ei lita perle av ei bok på berre 4 CD-ar.
No les eg Engelen på det sjuende trinn, ei bok som kanskje er kjend for dei fleste, der forfattaren skildrar den lutfattige barndommen sin i Irland på ein måte som får ein til å gråte med eine auga og le med det andre. Det er samme forfattaren som skildrar det vaksne livet sitt i boka Lærer´n.Den har eg visst nemnt før. Der skal vere ei bok mellom desse to også. Eg vil tilrå andre å lese bøkene i kronologisk rekkefølgje.

Feiring av tre raske menn.

I går var vi på Bjørnaset og feira Erlend og dei to bestefedrane hans som alle fyller år i november.
Der var det fullt julebord med både får og svin, pølser og medisterkaker. Trur ikkje nokon gjekk svoltne frå bordet!
Solveig hadde laga den vidgjetne karamellpuddingen sin, og vi hadde kjøpt denne kaka til Erlend. Ikkje at ungane bryr seg så mykje om marsipankake, men dei likar pynten.Synest at bakaren her er flink å pynte etter alder og kjønn!
I dag skein sola, og Nils fekk sett tulipanløkane som har lagt på vent nokre veker i håp om at regnet skulle ta slutt.Sola er attom Melshornet no midt på dagen, men ho kjem att seinare.
Eg nytta høvet til å henge ut teppe og vaske golv.Får litt ekstra inspirasjon når sola kjem og avslører at det verkelig trengst.
Klokka 13 skal Nils på møte i FUM der han er vararepresentant inntil vidare.Synest det er nesten like mange politiske møte no som før, til tross for at han ikkje lenger er innvald i kommunestyret.

Novembersol.




fredag, november 16, 2007

Utsikt frå altanen vår.

For nokre dagar sidan hadde Solveig eit bilde på bloggen sin som viste utsikta frå altanen deira mot Melshornet.
I dag legg eg ut eit bilde som viser utsikta frå VÅR altan mot VÅRT Melshorn. Ikkje så veldig ulikt, kanskje? Dette bildet vart teke i dag klokka 12.00 og veret har ikkje endra seg til det betre sidan den tid. Dessverre.
Nils og eg var ein liten tur til Volda og kjøpte ekte julepølser hos Jacobsen. Dei skal vi ha med til den store samlinga på sundag.
Var innom Nettstrikk. Kjøpte berre eit nøste med garn, men tigga brosjyrar.Har ikkje bestemt meg for kva genser eg skal strikke til Eivind enno. Er litt redd for å begynne på for store prosjekt- i tilfelle eg ikkje greier å fullføre.
Men eg er stadig optimist- i alle fall prøver eg å vere det. God helg til alle.

onsdag, november 14, 2007

Restegarnprosjekt.


Som dei fleste andre som har strikka nokre år, har eg ei heil kiste full av restegarn, og mange av restane er så små at dei ikkje er brukande til nokon ting. Då elevane mine lærte å strikke, var ei av oppgåvene å lage ein slange. Då vakna konkurranseinstinktet mitt, og eg fann fram garnrestar og strikka kvelerslangen Monte Pyton. Elevane kontrollmålte han til 2,40 meter, og han vart såleis den lengste slangen i klassen.
Alle barnebarna, med unntak av dei to eldste, har leika med slangen, og det ber han preg av; eine auget har falle av og han er noko slapp i tunga, men elles still going strong.

tirsdag, november 13, 2007

Den store fiskefangsten

Nils sette ut linene sine i dag tidleg og drog dei på ettermiddagen. Han fekk god fangst; sei,lange og brosme. Det var mest brosme.
Vi har hatt sol og fint ver i dag, men det har vore kaldt. I dag tidleg var det is på fjorden. Ikkje noko tjukt lag akkurat, men eit tydelig varsel om at vinteren er i kjømda.

Calorimetry


No har eg strikka min første calorimetry-men neppe den siste. God måte å nytte ut garnrestar på. Denne er strikka i dobbelt garn: Fleirfarga Regia og grå Angorina Lyx, eit mjukt, loddent garn som eg strikka mykje av for veldig mange år sidan.
Viss nokon ønsker seg noko liknande er det berre å melde seg.
Eg har prøvd denne inne. Den var kjempegod til å halde fast øyreproppene til Walkmannen med!

mandag, november 12, 2007

Genser og lestar i Fabel.


Har strikka mange lestepar i Fabel, og så prøvde eg meg på ein barnegenser. Strikka str.6 år og hadde eigentleg tenkt den til Eivind, men så syntest vi den såg litt liten ut.
Fordelen med å ha mange barnebarn er at same kva eg strikkar så passar det til ein av dei. Sidan Erlend er eit nummer mindre og fyller 4 år no i november skal han få genseren, med lester i same garn. Bildet blei dårlig, som vanlig. Det KAN vere fotografen det er noko i vegen med.
No er eg på leit etter ein annan modell til Eivind. Ikkje for tjukk, det er tungt å strikke.Nokon som har ein god idé ?

fredag, november 09, 2007

Farsdag

Går ut frå at alle har registrert at det er farsdag på sundag. Eg vil med dette ønske alle fedrar og bestefedrar til lykke med dagen!
Solveig kom med orkidé i går, og slike er alltid velkomne i heimen- ja, både blomster og barn, sjølvsagt.
På bildet under kan de sjekke veret i Ø i dag. Eg ville jo gjerne ha snø, og merkar at det er lysare i dag enn i går. Så takk for den! Håper alle har velskodde bilar, men likevel: Køyr forsiktig.
God helg!



torsdag, november 08, 2007

Handarbeid.

Ein dag eg rydda litt, fann eg ein perm.
Har ein gong i tida abonnert på oppskrifter o.l. som eg etter kvart sette inn i denne permen.
Dei er organisert etter fire tema: Mønster, montering, ideer og teknikk.
Synest faktisk at teikningane er nokså lettforståelige, og her er diverse gode råd for alle som ikkje er så vel bevandra i kunsten. Arka eg har scanna er tilfeldig valde ut.
Kanskje nokon av dykk som er aktive på strikkefronten har lyst å overta denne permen?







Novembermørke.


No ønsker eg meg snø. Kvit og rein, som gjer det lyst og fint. Solveig og Håkon har vore her i ettermiddag og er på veg heim no. Margrete kom innom akkurat i det Solveig skulle fare, ho skulle på teater her i Ørsta. Likar ikkje å tenkje på at dei køyrer rundt i dette mørket; våt og svart asfalt som stel alt lys.
I går var eg på kafe og på shoppingrunde i lag med ei veninne som eg ikkje har treft på lenge.
Eg dyrkar framleis den dyre hobbyen min, som de forstår. I går vart det ny mobil til Nils, kombinert farsdags- og gjebursdagsgåve. Ny handveske til meg sjølv og julgardiner til kjøkkenet i kvitt og gull. (Håplaust med raude gardiner til lysegrøne vegger.)I dag var det halv pris på barneklede på Amfi, så Nils var ned og kjøpte jakke til Erlend som fyller 4 år den 24.november.

tirsdag, november 06, 2007

Skurekostproblemet løyst?????


Som de veit var eg på jakt etter eit gammaldags skurekost-skaft, men har ikkje vore så heldig å finne eit.
I dag fekk eg ein ide. Hadde eit moppeskaft som eg ikkje brukar så mykje. Fekk Nils til å sage til framstykket slik at det passa til kosten og sette kosten fast med skruar. Pointet var at kosten skulle vere litt bevegelig! Og det er han!!! Kanskje i meste laget?? Skulle no vaska og shina opp skaftet før eg tok bilde, men eg var så ivrig etter å vise fram den nye oppfinninga. No blir det kanskje nyskura dørstokkar å sjå framover.

Trovågen 2005

Då eg kom til Trovågen første gong for 49 år sidan, var det berre to hus i dette området. Huset der Nils budde, er det kvite heilt til venstre i bildet. Eg budde på andre sida av myra hos onkelen hans, Sigurd. Det huset var også kvitt den gongen, men no er det nærmast okerfarga og litt vaskelig å få auge på nesten heilt til høgre. Skulen der eg jobba, ligg ved sidan av Nils sitt hus og er ikkje på bildet. Då eg kom dit i 1958, var der heller ikkje veg, den kom i 1969.Framfor den kvite hytta/huset kan ein sjå den gamle sjøvegen som enno er i bruk.
Får lyst å rydde opp i området nede ved sjøen.Det er mykje rusk som rek i land.
Blir litt "nostalgisk" når eg ser på dette bildet.Det er mange minne som dukkar fram.

Snø i Ørsta!

I dag ligg det delvis kvitt på markene for andre gong i år. Det kan gjerne komme snø for min del, men då skal det vere kaldt og sparkeføre. Så kjem eg meg kanskje ut ein tur? Som de ser har Nils laga tak over rododendronane, men tulipanløkane er enno ikkje komne i jorda.Det er alltid noko ein ikkje får gjort, har eg oppdaga.
Elles har eg avslutta korrespondansen med Telenor, etter at eg fekk svar frå Sveits om at eg har "bestilt" ei teneste om skjermsparar og bekrefta tinginga. Ja,ja, men det har eg altså ikkje gjort. Bevisst i alle fall. Så no skal eg snart ladde mobilen igjen.

lørdag, november 03, 2007

Blå anemonar.

Har venta på sommaren til denne tid, men no må eg visst gi opp. Dei stakkars blomstrane som har prøvd å pynte opp ute, har også gitt opp.
Men no har det kome ei ny "feme"(dille) blant oss priviligerte fruene her i Starevegen: Kunstige blomster! Det som var heilt UT er no INN igjen. Har de sett kor mykje fint det finst av kunstige blomster i butikkane? Eg er ikkje så opptatt av at dei skal sjå "ekte" ut, som at dei skal vere dekorative. Desse kom eg heim med i dag, men så passa liksom ikkje vasen heilt, så eg må kanskje shoppe meir. Kvar skal det ende? Jammen har dei vore heldige med Amfi her i Ørsta - den einaste plassen å gå ein tur ut når det regnar. Vi tek ein tur på Amfi !!!!

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...