mandag, juni 30, 2025

I dag fekk er klipt både med saks og klippar nedst i hagen der vi planta 3 små busker i fjor.Viss ein ser godt etter så er der 4busker, for naboen plata ei liknande på grensa mellom oss.

 Klokka er no 18.58, temperaturen ute er +15 graderC og det regnar så smått, som vanleg. Eg  høyrer og ser på TV om rekordvarme både her og der, og då synest eg i grunnen det er greit med litt vestlandsver, sjølv om eg er grad i sol.

Eg var oppe tidleg som vanleg, og i dag hadde eg planlagt litt så då vart det noko gjort. Eg hadde bestemt at eg skulle vaske og rydde på det rommet som går under namnet"Roserommet" og "Roterommet"-eit rom som er veldig godt å ha, der eg kan ha diverse som eg får bruk for no og då, så eg slepp å fare på loft og kjellar så ofte.Det var ikkje så mykje eg gjorde, men der vart i alle fall betre. Nokre ting ville eg ha opp på loftet, så det hjelpte Erlend meg med. På loftet går eg ikkje sjølv no lenger.

Eg hadde lova Marit å køyre henne ned til Vik i dag, men det vart ikkje noko av, for bilen ville ikkje starte. Det er rett som det er at batteriet er flatt fordi eg sjelden og aldri køyrer lange turar. Og han som brukar å ordne opp, han er i Syden. Heldigvis har eg fleire kjekke naboar som hjelper ein stakkar i nøden. Han som ordna ut i dag hadde alt utstyr klart, så no har bilen stått på ladding i heile dag. Dermed blei det ikkje til at eg handla og baka , men no har eg ferie så det kan eg gjere i morrgon -kanskje.

Eg fekk Erlend til å hjelpe meg med å få tekst på TV-en min igjen, så no får eg håpe eg ikkje rotar det til  på ei stund. Eg høyrer ikkje så godt, så eg likar å ha lesbar tekst på alle program. 

Når ein bur åleine er det godt å ha gode hjelparar rundt seg. Og takk og pris det har eg.

Margrete og svein reiste på ferietur i dag, dei skulle køre til Oslo og ta toget til Stockholm. Håper dei får det fint-og ikkje for varmt.

søndag, juni 29, 2025

Dagbok 2025: 29.juni

 


Klokka er no17.30. Temperaturen ute er + 11 grader og det regnar meir og mindre heile tida. Det er ingenting som minner om sol og sommar.Eg må innrømme at eg blir litt deppa av dette veret. Men vi får håpe at det blir betre etter kvart.

I dag har eg sete inne heile dagen, og strikka litt, mens eg har sett på TV som eg ikkje får til slik det skal vere. Eg har hatt orden på TV nesten heile tida sidan Rasmus var her i fjor sommar, men no får eg ikkje sjå og høyre det eg vil-men det er sikkert einkvan som kan hjelpe meg. 

Det blir veldig viktig med TV når ein skal vere inne heile tida. I morgon før middag har eg eit ærend til Vik, så då kjem eg meg no ut av tunet om ikkje anna.Eg har i grunnen bruk for litt finever for eg skal gjere diverse i hagen. 

Uver i juni har eg vore med på før. Eg hugsar det året eg var lærar i Trovågen. Då eg skulle reise derifrå og heim til Eid, var det så stygt ver at vi  kunne ikkje fare med motorbåt, men måtte gå til fots og bere koffertar  gjennom "marka" til Nåra.

Eg vil så gjerne lage det litt fint til i hagen, men då må eg har godver.

I morgon reiser Margrete på ferietur, første stopp er Oslo, og der er det visst finever. Eg blir vel verande her, men det blir nok eit par småturar går eg ut frå.

lørdag, juni 28, 2025

Dagbok 2025: 28.juni





Klokka er no19.21, temperaturen ute er +14 grader C, og det regnar så smått innimellom.. Det har vore ein kjedelig dag, eg har heile tida følt på at det er søndag, men eg har no vore ein tur på butikken om eg ikkje har gjort så mykje. No på ettermiddagen har eg sett reprise-sendingar på TV, har sett om att serien der unge, litt spesielle  ungdommar fekk spørje ut diverse kjendisar. Det er ikkje så mykje eg får tekst på alltid, men dette var teksta , så då gjekk det and å sjå det om att. 

Elles så var eg altså og handla. Der var ei dame som eg kjenner, ei litt fin frue, ho stod og plukka fram diverse grønsaker som ho skulle steike, sa ho.Det var så godt med grønsaker. "Ja, men no er dei dyre, sa eg. "Det drite eg i" forkynte ho høgt og tydeleg. Eg synest det var heilt prima sagt.

Eg har som sagt ikkje gjort noko særleg i dag, det er akkurat som eg trur det har vore sundag. Men det har ikkje vore så godt ver til hagearbeid uansett.

Eg slit med den TV-en for eg vil ha alt teksta, og i dag gjekk det i TV 2-reprisar av den grunn. Men som sagt så strikkar eg, så det er ikkje heilt bortkasta tid. 

Eg kunne ha jobba i hagen, men det har vore regn innimellom, så eg hadde god unnskyldning for å sleppe. 

Auget mit merkar eg ikkje noko til,så eg reknar med at det er bra. Men eg lurer litt på kva det var som hadde kome innpå og laga slikt styr.

Eg skulle legge inn nokre bilde, men det er trøbbel med PC-en.

                                                  Rhododendronen blomstrar av.


fredag, juni 27, 2025

Dagbok 2025: 27.juni

                                                               Akkurat no.
 Klokka er no 19.27, temperaturen ute er +18 grader C og i dag har det vore regnbyger innimellom , og ikkje mykje  sol. Eg synest det er isande kaldt også og frys. Det har vore regnbyger i heile dag så det har ikkje vore aktuelt med hagearbeid.

Sidan det er fredag, tok eg fredagsvasken først på på dag, men det er fort gjort- Så skulle eg ein tur til Vik, der har eg vore ofte i det siste. I dag måtte eg på apoteket igjen, for i går då eg heldt på nede i hagen, må eg ha fått eit kvart inn på venstre auget, for då eg skulle sjå TV i går kveld begynte det å svi noko forferdelig. Det kom seg fort,men ikkje heilt, og det var ikkje heilt bra i dag heller. Så  eg gjekk inn på apoteket og der fekk eg saltvatn til å vaske auget med. Å dryppe auge er noko eg har gjort før, i åresvis, så det kan eg. Det går fint å dryppe, men om det hjelper veit eg ikkje. Auget er heilt i orden og eg ser like godt som valeg, men det kjennest ut som om der er noko som ikkje skal vere der. Apotekdama sa også at eg kunne ta ein allergi-tablett og det gjorde eg. Men eg synest ikkje det har hjelpt noko.  Det er ikkje verre enn at eg kan leve med det, så går det vel over.

Eg hadde eit ærend til i Vik, eg køyrde bort på Ose til blomster- utsalet til Urke gartneri, og kjøpte ein blomst til grava. Eg hadde tatt med meg verktøy heimefrå så eg kunne køyre rett til gravplassen og ordne opp. Eg hadde med telefonen, så eg skulle ta bilde, men den var ikkje oppladda, så bilde vart det ikkje.

Marit er så flink å bake bollar og rundstykke, og i dag vart eg invitert på lunsj , der ho serverte grove rundstykke rett frå steik -omnen- Rundstykka var gode og eg var svolten så eg åt godt.

Eg har sete og sett litt TV-men no er det berre rot på maskineriet. Eg får ikkje lenger til å sette norsk tekst på alle program, slik eg har kunna heilt sidan Rasmus var her i fjor haust, eg er så irritert på heile TV-en, dei driv og forandrarar på noko heile tida.

No skin sola ute, det er typisk at ho kjem fram seint på dag. Eg har lyst å gå på Vernet, og ein vakker dag tek eg sjansen.

No vil eg ønske alle ei god helg, og god ferie til dei som skal ha det.



torsdag, juni 26, 2025

Dagbok 2025: 26.juni



Klokka er no17.54, temperaturen ute er 19  grader C. Det har vore opplett og delvis sol i dag, men no står det på skjermen at det skal bli regn i kveld igjen.

I dag var det siste dagen på trening før ferien, no har vi fri til august. Så får vi litt sommarferie vi gamle også.

Etter treninga hadde eg avtale med ei venninne om å møtast på kafeen i Svendsengarden. Dette huset er eitt av dei eldste i sentrum og det blir jobba for å halde huset i orden,men det krev både arbeid og pengar. Der er ein kafe i første etasje og det var der eg skulle treffe venninna mi i dag.Vi kjøpte oss kvar si brødskive og ein kopp kaffi og så prata vi om laust og fast ei stund. Men det som eg skulle spørje henne om-det gløymde eg, som vanleg.

Det som før var handlegata i Ørsta eg no blitt gågate, ja det er no lege sidan den blei det. Men det er ikkje så mange som går der viss det ikkje skjer noko spesielt Eg tok bilde i gata nedanfor som eg kan legge ut her.


                                          Gågata mot vest. 
 PÅ heimvegen stakk eg bort om grava for å sjå korleis der såg ut. Der må ryddast opp og plantast først best. Eg får sjå om eg kan gjere det i morgon.Eg var innom KIWI og handla men dei hadde ikkje noko som høvde i dag, ja då meiner eg blomster til grava.
Eg hadde litt husarbeid då eg kom heim, men så gjekk eg ned i hagen og begynte å rydde opp nede på muren ved kompostkassa. Då eg hadde 3 store sekker fulle gav eg meg, men ferdig er der ikkje. Tysdag var eg på VØR med 6 sekker, og no har eg allereie greidd å fylle 3 nye. Godt vi har VØR.
Etter at eg kom inn att har eg lagt i hop klede og tømt oppvaskmaskina. Det blir litt husarbeid sjølv om ein bur åleine.No nærnar det seg tida for nyheiter på TV-men det er nesten som eg helst vil sleppe å sjå og høyre. Det er som regel ikkje godt nytt-.


 


onsdag, juni 25, 2025

Dagbok 2025: 25. juni-


 Klokka er no18.50, temperaturen ute er +16 grader C, det er overskya men opplett. Eg høyrer at fleire av naboane er ute og klipper gras.

Eg har hatt ei fin og annleis dag i dag. Som vanleg var eg tidleg oppe, litt for tidleg eigentleg, for eg venta ikkje nnokon før bortimot klokka 11. Då kom snikkaren som skal sette inn eit par nye vindu i huset mitt, Han kom som avtalt og ein times tid seinare kom Margrete og henta meg -og så køyrde vi til Solveig på Hareid. Der har det vore fleire fødselsdagar i det siste, som vi feira i dag. Vi fekk middag og dessert og litt seinare kaker og kaffi. Det var rikeleg av alt-som vanleg der i huset. Tre av dei fire borna til Solveig og Øystein var der og i tilleg to barnebarn- oldebarna mine.

Amund som vart 5 år i vår, og Tobias som blir 8 månader den 1.juli.Det var veldig kjekt å kome i lag med små og store.  No har Margrete pakert meg her heime og reist vidare heim til seg. 

Eg vil takke Solveig og heile familien for ein nydeleg dag og Margrete for skyss.

                                               Olaug med Tobias

tirsdag, juni 24, 2025

Dagbok 2025: 24.juni

Klokka er no18.07, temperaturen ute er + 18 grader C, Det er ikkje sol, men det ser ut som det kan bli. Eg kom nettopp inn att, eg har vore ute og jobba i hagen. Det ser heldigvis ut til at eg blir bra i den foten som har plaga meg litt.I dag var det like før eg gjekk tur på Vernet igjen.Men eg tek ingen sjansar.

Marit og eg var på trening  i dag, torsdag er det siste gong før ferien. Etter treninga var eg på ALTI og kjøpte sikring til "brannstasjonen", eg var ikkje heilt trygg på at det var heilt i orden den vi hadde. Og Erlend kom og skifta, eg trur det vart betre no. Erlend skulle til Hareid i dag, så i dag måtte eg gjere hagearbeidet sjølv. Men først måtte eg på VØR med mange sekker fulle. Godt å få det vekk etter kvart. Vi "hagedamene" er veldig glade i VØR.

I dag sette eg meg føre og rydde opp litt i det som før var jordbæråker, men som har blitt vanstelt og ikkje fungerer lenger. Der er to "senger" i den eine er der enno nokre jordbærplantar , men mest rusk. Her har eg halde på i timesvis og klipt gras og anna med ei kjøkkensaks, det vart ein stor sekk full. No lurer er på kva eg skal gjere , det blir vel helst at eg av-viklar jordbærdyrkinga -og får enda litt meir "plen". Eg har ikkje rygg til å stå og bøye meg så mykje.

Det ser bra ut i hagen no, men heile plenane er som eit mjukt teppe fordi det er så mykje mose. Kunstgjødselen har vore så dyr dei to siste åra at eg ikkje har kjøpt ein einaste sekk. Det straffar seg. 

Eg gleder meg til i morgon, for då skal Margrete og eg ut til Solveig. Håper vi får fint ver, men om vi ikkje får det, blir det sikkert kjekt likevel.

No må eg finne meg litt god mat for det synest eg at eg fortener. Naboane mine reiser til syden i kveld, og eg veit ikkje kor lenge dei blir der.

I dag fyller Einar 38 år-han er den eldste av barnebarna mine. Han er så flink å besøke meg, og vi har alltid mykje å snakke om.

                                                 Moseteppe-

 

mandag, juni 23, 2025

Dagbok 2025: 23.juni


 Klokka er no18.38, temperaturen ute er + 14 grader C -og no regnar det. Elles hae det vore så mykje opplett at vi fekk gjort noko ute i hagen. Erlend har klipt heile skråninga og eg har gjort litt ymse. Eg kan ikkje utsette foten min for altfor mykje , men litt har eg gjort med hjelp av kantklipparen etc.

Det første eg gjorde i dag var å lage ei kake. Eg har enno ikkje gitt opp å prøve og bake, men no er det snart slutt. Baking er ikkje det eg er flinkast til ,nei, og verre blir det..

Også i dag stod eg opp i 7 tida , etter å ha sove altfor lirte, men eg tok det att etter at eg hadde ete middag for då sovna eg framfor TV-en. Når ein legg seg i 1-tida skal ein ikkje stå opp klokka 7.

I morgon får eg prøve å komme meg på trening, onsdag skal Margrete og eg ut til Solveig og torsdag har eg avtale med ei venninne om å gå på kafé, så då er veka nesten booka. Det er bra for meg, for no når eg ikkje går på Fonnvernet blir det litt for mykje "heimesitting". 

Marit og familien hadde vore nede og sett "lurvetoget"- det er ein skikk her i Ørsta at ungane kler seg ut og går i tog på jonsokafta. Eg synest ikkje det er så festlig. Tenkjer på kor flott program det var på Eid nokre år i min ungdom. Eg reknar ikkje med at det er slik no lenger.

Eg kom på at eg har ei skål med rømmegraut i frysaren-i tilfelle eg vil feire!.

Men det blir vel TV og strikketøy, heilt til eg kan opne MøreNytt på data i 10 tida-då blir det sudoku

            Einaste rosa som blomstrar til denne tid er "Therese Bugnet"

søndag, juni 22, 2025

Dagbok 2025:22.juni

 

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader  og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I året 2000 reiste Wenche og Rasmus til Mauritius og gifta seg der, No 25 år seinar har dei reist tilbake dit med dei tre store gutane sine. Eg håper dei får nokre fine dagar i sol og varme.

Her er det verken sol eller varme og i tillegg har eg ein vond for, så eg får ikkje gå tur på Vernet ein gong. I dag har eg sete attmed TV-en heile dagen og høyrt på snakk om bombetokten til amerikanarane. TV-en har vore umuleg i fleire dagar, men i dag har den funka heilt perfekt. Innimellom har eg strikka litt , ete litt og sove litt.

I går kjøpte eg tre pakkar med spekesild ,så i dag fekk eg favoritten min til middag.

Det ser litt rotete ut på tallerkenen, men det varveldig godt. Små nypoteter, rødbeter, tyttebærsylte og grønsaker i kvit saus. (Hadde ikkje kål til kålstuing). Og den silda, den er spå god. Eg har elska spekesild heile mitt liv, og det samme gjorde mor mi. Eg kan hugse at mamma måtte rense silda sjølv den tida, og eg stod spent å venta på resultatet.(Eg ser at eg skulle tatt bildet før eg hadde rota til på tallerkenen)

Elles har eg gjort veldig lite i dag, kjem meg ikkje til med noko, enda det er mykje eg skulle ha gjort. Det blir til at eg sit framfor tv-en og strikkar.


                                            Det regnar.Kort og godt.

lørdag, juni 21, 2025

Dagbok 2025: 21. juni

Klokka er no17.36, temperaturen på trappa er + 18 grader, og det vart ein fin dag. Då eg stod opp klokka 7 var det ikkje så lovande og det var så kaldt at eg fyrte litt i omnen. Men veret vart betre etter kvart. Eg var ein tur til Vik når det leid på, hadde eit lite ærend på ALTI. 

Marit var på farten i lag med jentene sine; det var korpsmusikk i sentrum i dag.Men eg køyrde heim att etter at eg hadde vore ein tur på SPAR  og sikra meg tre pakkar med spekesild/kryddersild. Det har dei ikkje på KIWI. 

Etter kvart vart det veldig fint ver og eg fekk klipt plenen rundt huset, Skråninga orka eg ikkje å begynne på ein gonfg. men eg tok kantklipparen og brukte den litt rundt huset der ein ikkje kjem fram med nok anna.Eg må nok ta att den jobben og gjere det litt finare. Men det var godt å få bruke kantklipparen der som eg før har klipt for hand. Det går litt raskare med klippar. 

Det var mykje meir eg kunne gjort ute i dag, men eg har ein dårleg rygg og en låk fot så eg kan ikkje overdrive.

Eg sat ei stund med Marit oppe på benken hennar, før eg tok siste resten av hagearbeidet.  Det var litt rart å jobbe ute i dag, for eg har heile dagen hatt kjensla av at det er søndag- men det er det no ikkje.

TV-en min er så lunefull for tida, men eg fekk no sjå det eg ville i dag morgon, så no spørs det korleis det blir i kveld. Når ein sit åleine er det selskap i TV-en.

I morgon er det Øystein som fyller år, det er fødseldagar på løpande band her på denne tida, men vi avsluttar med Solveig sin dag-den 3.juli.-Då er det pause heilt til 26.oktober, då fyller Rasmus år og 24.november er det Erlend som jubilerer.

Her kan de sjå at eg har prøvd og grave fram steinvegen, men er ikkje heilt i mål enno.

 

fredag, juni 20, 2025

Dagbok 2025: 20.juni


 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er +14 grader, det er overskya og det har regna. Eg er litt skuffa over veret vi har hatt i den første sommarmånaden; men når eg tenkjer etter hugsar eg mange kalde våte dagar i juni. I dag fyller Margrete 57 år, midt opp i sluttspurten på skuleåret, som vanleg. Men ho og eg hadde no ei lita feiring før i veka.

Sidan det er fredag, har eg vaska litt hus etc. Litt klesvask og oppvask blir det også i slutten av veka.

Eg såg at naboen klipte plen, så eg prøvde meg litt eg også, men det var vått og tungt og så var eg litt redd for foten min, så eg klipte ikkje mykje. Men eg fekk klipt på vestsida av huset, der har eg ikkje klipt før i år. Det må no vel snart bli litt tørrare slik at vi får ordna opp.

I dag reiste Rasmus med heile familien til Mauritius. Eg håper dei får ein fin tur og kjem heim att i "god behold".

Eg kjem ikkje til å reise mykje i sommar, men Margrete har lova at vi skal ta ein tur til Raudeberg-og det har eg lyst til.

Etter eg var ferdig med husarbeidet i dag,hadde Marit og eg oss ein tur på KIWI og der trefte vi naboar som vi ikkje har sett på ei stund.

I dag morgon gjekk eg ut i postkassa og fann ei avis, sette meg til med sudokuen med ein gong, og den var løyst i 1-2-3-. Litt rart for fredags-sudokuane brukar å vere litt vanskelege-seinare oppdaga eg at det var tysdagsavisa eg hadde henta i boksen-fredagsavisa henta eg seinare.og der er sudokuen like vanskeleg som den brukar å vere. 

Eg fekk takkekort med bilde av konfirmanten på Kongsberg; eg fann ei brukbar ramme som eg sette bildet i.Han er så fin! Eg har mykje bilde av barn, barnebarn og oldebarn rundt omkring i huset og eg synest det er kjekt med alle bilda.

No får eg visst snart legge opp til eit nytt lestepar, eg strikkar lestar av garnlageret til Solveig, såpass ingen skal fryse på føtene når eg sluttar å strikke.

Håper alle får ei fin helg -og at sola kjem fram.

Eg fekk klipt berre ei lita stripe av plenen før eg måtte gi opp. Det skal bli eit styr når det ein gong tørkar opp-

God helg!

torsdag, juni 19, 2025

Dagbok 2025: 19.juni

                         Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet.


Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 graderC og det har vore mykje regn i dag. Eg vakna tidleg i dag  og stod opp mange gonger. Marit skulle ikkje på trening, så då skulka eg også, eg var ikkje opplagt til å fare på trenng med 1 fot. Eg var i grunnen ikkje opplagt til noko. Så egsette meg til å strikke.

Etter kvart kom eg meg ut og fekk planta rosetreet som eg kjøpte på Plantasjen.

Så kom eg på at eg kunne sjå om Erlend var heime,og det var han. Så han fekk sen og sette på eine kantklipparen min. Det var veldig kjekt for eg har aldri fått det til og vore avhengig av hjelp. Viss eg har brukar kantklipper slepp eg å sitte rundt omkring med saks og klippe. Det er travelt og det tek tid. Eg prøvekøyrde klipparen og den funka fint, men så begynte det å regne så voldsomt art det var ikkje ute verande.

Eg har mykje eg kan gjere men eg kjem meg ikkje til med noko. Eg skuldar på veret.

Men så fekk eg så lyst på middag med brun saus så eg sjekka kva eg hadde i hus. Det var ikkje så mykje, men eg hadde mykje poteter, ei lita pølse fann eg og frosne grønnsaker. Så eg berre måtte ha den brune sausen, så den laga eg og den var god, eg får aldri så god saus andre stader som den eg lagar sjølv-etter min smak. Det vart god middag og eg åt godt -så rydda eg opp att og sette meg inn til TV-en og strikka. Trur eg sovna litt også. Eg blir veldig trøtt og trasig i dette veret og no er vi snart ferdig med første sommarmånaden. 

Tru eg må finne meg ein kaffikopp og sjå om eg blir litt kvikkare av den.Eg saknar veldig å gå tur på Vernet.

                                                                 Sur junidag,

onsdag, juni 18, 2025

Dagbok 2025: 18.juni


 Klokka er no17.40, temperaturen ute er + 10 grader C og det regnar og regnar. Den einaste fordelen med det er at eg slepp å vatne. Men no går det mot kveld og då kan det hende vi får sjå sola ei lita stund.

Denne dagen vart det ikkje gjort så mykje fornuftig, sjølv om eg prøvde.Onsdag er einheimedag, stort sett, så eg sette meg føre å jobbe litt i huset. Eg begynte å rydde litt på "Roserommet", men det vart liksom berre å flytte på rotet. Eg skal innrømme at eg har veldig mykje som eg ikkje treng, men der er ingen andre som vil ha det , og ein kan no ikkje kaste det heller? Er det nokon som kjenner seg att?

Eg sa til Marit et ho måtte komme ned ein tur og det gjorde ho,så då fekk eg no selskap ei stund. så fann eg ut at eg kunne lage brød for eg hadde alt som skulle til. Dvs. då eg skulle opne gjer-pakken var gjera skrumpa inn til nesten ingen ting. Men eg hadde tørrgjer, så det vart no nokre brøfd til slutt. Men dei var ikkje akkurat førsteklasses. Men eg hadde no gleden av og grise til kjøkkenet og rydde opp att.

Så vart det på med TV-en og så kjem heile verda inn i stova med bomber og trusslar - eg held det ikkje ut. At ikkje statsmennene kan holde fred!!!

I gar hadde eg ein kjekk dag i lag med Margrete og Erlend så då fekk eg krigane litt på avstand. Når ein sit åleine og ser TV kam ein bli skremt. Men det er lov å slå av TV-en. Eg gjer det berre ikkje- 

I morgon er det trening igjen og fredag har Margrete fødselsdag. Dagen hennar blir sjelden feira i familien fordi den oftast fell påsiste skuledag før ferien.

Rasmus og heile familien hans reiser til Mauritius på fredag der han og Wenche gifta seg i året 2000. Eg håper dei får eon fin tur, sjølv om eg aller helst vil ha alle mine nær i desse tider.


               Der står ei lita rose under treet-den skulle eg ha planta i dag.

tirsdag, juni 17, 2025

Dagbok 2025: 17.juni.

                                                                      Gata vår akkurat no
 

Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 grader C, det er overskya, men opplett no.

Det har vore ein kjekk dag i dag. Etter at eg hadde vore på trening  sat eg heime og strikka ei stund, til Margrete kom, som avtalt. Vi vart sittande å prate til vi bestemte oss for å ete middag ute-på indisk restaurant i Vik.Då vi kom dit var der ikkje ope enno, så vi nytta tida til å fare på Plantasjen og kjøpe kvar si rosebuske.

Så fekk vi indisk mat og den var GOD, og der var mykje. Så mykje at eg ikkje greidde å ete opp alt der og då. Neste stopp var på Starevegen der det vart kaffi og is. Då kom Erlend og heldt oss med selskap, så vart det eit lite familieselskap.

Eg har hatt ein veldig kjekk(og mett) dag. Sidan eg vart låk i foten vart det litt trasig å gå her åleine og ikkje komme meg opp på Vernet ein gong.  No håper eg at vi kan få litt bra ver så Erlend kan få klippe litt gras-og eg kan få ordna litt meir i hagen. Det er ikkje akkurat sommarver ute.

                        Margrete tok bilde av meg og all maten. Det var rause porsjonar.

mandag, juni 16, 2025

Dagbok 2025: 16.juni

Klokka er no 19.00,temperaturen ute er + 13 grader C. Det regnar ikkje ute no, men eg trur det har gjort det før i dag. Eg har vore inne heile dagen, så eg har ikkje følgt skikkeleg med. Eg var nokså bra i foten då eg stod opp og kunne sikkert ha gjort ein innsats ute om det ikkje var for veret.

Eg prøvde å gjere noko nyttig inne, så eg for over alle klesskapa og plukka ut det eg ville kvitte meg med. Eg må sikkert gjere det fleire gonger men litt vart det no gjort i dag, og litt er betre enn ingenting. Seinare på dag støvsuga eg alle teppegolva, det er ikkje det kjekkaste eg veit, men kjekt når det er gjort.

Eg jhar ikkje snakka med ei sjel i dag anna enn på data og telefon, men så fekk eg melding frå Margrete om at ho vil kome i morgon. Det vart eg veldig glad for, det er ei stund sidan eg såg henne.Men eg skal på trening først på dagen.

Elles går det i TV og strikketøy, og litt mat innimellom.

Eg skulle så gjerne ha vore ute og jobba i hagen, men ikkje i dette veret. 

Og eg blir ikkje så veldig glad i å sjå TV-det skjer for mykje i verda. Det er vanskeleg å vere optimist.

                                             Det er litt regn i lufta

 

søndag, juni 15, 2025

Dagbok 2025: 15.juni



Klokka er no 18.23, temperaturen ute er  + 21grader C.  Tidlegare i dag har det vore overskya og litt regn, så eg har halde meg inne. Som vanleg vakna eg tidleg og klokka halv 7 var det frokost. Etter frokosten gjekk eg og la meg igjen men fekk ikkje sove så eg stod like godt opp. Eg var litt skuffa for at foten min var såpass vond, for i går var den så bra. Den kom seg til etter kvart. Og eg har ikkje tatt medisin i dag.

Då klokka hadde passer 12, kom Marit ned, ho var også heime åleine, så vi sette pris på selskap. Eg hadde ikkje så mykje å by på, så det vart is og kaffi og mykje prat.

Elles har eg strikka og sett TV for det meste. Når eg ser ut på hagen er det ikkje så veldig gale, men det er det "prosjektet" mitt eg ergrar meg over. Eg skulle spade opp og så grasfrø med blomster i, men eg trur ikkje eg får gjort det med det første. Det hadde vore ein jobb for Wenche, men ho er ikkje her no. Det var ho som fullførte "Prosjektet" mitt i fjor.

Eg håper det blir så tørt at Erlend kan få klipt Skråninga. Elles er her nokså ryddig og bra. Dagane mine er litt lengre enn vanleg no, fordi eg ikkje får gå på Vernet -og eg møter heller ikkje så mykje folk som vanleg. Men eg har mykje eg kan styre med her heime viss eg absolutt vil gjere noko. Eg er glad for at foten ikkje er verre enn den er-men eg har vore bra i så mange år at det var trasig å få smertene tilbake. Men dei blir kanskje borte igjen?

No er det ikkje lenge att før lærarane og skule-elevane i familien får sommarferie, og då har vi mange fødselsdagar å feire. I dag er det Hilde på Eid som fyller år, heile 60 år har ho blitt. Det er ikkje til å tru. Gratulerer med dagen, Hilde!

                                                             Fager kveldsol



lørdag, juni 14, 2025

Dagbok 2025;14.juni

Klokka er no 17.21, temperaturen ute er + 25 grader C, det er ein del skyer men sola skin og det er heilt nydeleg ute..

Eg er så heldig at eg ikkje vart så låk i foten (hofta) som eg var redd for, heilt god er den ikkje, men eg klarer å gå sånn nokonlunde. Men for sikkerheits skuld har eg både "gele " og tablettar på lager.

Eg er veldig tidleg oppe no når det er så fint ver, sånn ca kl 6 , og i dag var eg ned på Alti og kjøpte medisin med det samme dei opna, klokka 10. Eg oppdaga at eg hadde altfor mykje klede på meg, dei fleste gjekk i shorts og T-skjorter mens eg hadde kledd meg godt.

Eg har ikkje gjort så mykje i hagen i dag,men eg fekk no klipt og rydda litt der postkassene er, Eg vil ikkje klippe skråninga fordi eg er redd for hofta,  Erlend har lova å steppe inn-men ikkje veit eg kvar han er. Han er vel opptatt med diverse musikk etc. i helga.

Eg har sete myke oppe hos Marit, på "Platten"i dag for ho er åleine heime i helga. Dei andre er på hytta. Det skyar litt over no, så det er kanskje slutt på fineveret. Det er litt kjedelig å vere her åleine, men eg har no TV-en og strikketøyet.


                       Heilt nede på muren blomstrar valmuene
 

fredag, juni 13, 2025

Dagbok 2025:13.juni

 

                          Her har eg sete og klipt graset rundt plantane med saks. Det blei no litt betre.    


Klokka er no17.10, Temperaturen ute på trappa er + 29 grader C. Eg visste ikkje at det var så varmnt , men eg såg at Marit X2 sat ute på benken .Eg sat inne i stolen min og strikka med varmepumpa på  og syntest ikkje det var så varmt. Så sende Marit ei melding om at no var det så varmt at ho orka ikkje å vere ute lenger. Då gjekk eg ut ! Det er ikkje så mykje eg kan gjere når eg er låk i hofta, men eg gjorde no litt av kvart likevel. Vatna til dømes, og rensa ugras m.m. 

Naboen har klipt plenen ovafor garasjen og eg har snakka med Erlend om klipping av Skråninga, så det går vel bra på ein måte. Noko får eg no gjort sjølv også.

Og så eg er blitt flinkare å løyse sudokuane- og det er no noko eg set pris på sjølv.

No ser eg at det held på å skye litt over og det er ok . Eg saknar veldig å få gå tur på Vernet, og håper inderleg at eg ein gong blir bra nok til det igjen.

Elles er det no fredag og eg har tatt fredagsvasken som vanleg. Det er ikkje så mykje i det. 

No skal eg kanskje finne meg litt mat-appetitten er det ikkje noko i vegen med.

Telefonen min er så tullete. Kvar gong eg skal bruke den, må eg ladde den opp. No ligg den på ladding så eg skal kunne ta eit bilde eller to.

Ønsker alle ei fin helg-håper veret held seg fint.


Her ved Urke-garasjen har eg rydda mykje og blir vel aldri ferdig. Rhododendronen blostrar no, men den kom ikkje så godt fram på dette bildet.

Bedda ved garasjen har eg reinska og vatna. Så litt får eg no gjort. Sjølv om hofta plagar meg.



torsdag, juni 12, 2025

Dagbok 2025:12.juni

Klokka er no 17.00; temperaturen ute er +22 grader C, så no begynner det å likne på sommar.

I dag har Marit og eg vore på trening, men det var ikkje så mykje eg kunne trene, med ei vond hofte. Hofta er ikkje så vond som den kunne vere før, men eg må vere forsiktig med kva eg gjer. På heimvegen handla vi på KIWI, som vanleg.

I dag laga eg meg grønsakmiddag med ost. NO får ein kjøpt Salatost frå Tine, det var nytt for meg.

Eg har vore ute og rydda litt i hagen, men så mykje blir det ikkje gjort. I dag har naboen kjøpt bensin til meg på småbåthamna , så no kan eg bruke plenklipparen. Eg prøvde litt i dag, klipte plenen nedanfor huset, men eg trur ikkje det var så lurt, for eg vart verre i hofta etterpå.

Mykje av ettermiddgen har Marit og eg sete i stolar på tunet og prata. Då Marit gjekk opp att, planta eg ein hagehortensia, som eg fekk av Solveig på bursdagen min, i Garasjebeddet. Eg håper den overlever.

I morgon er det fredag igjen, vekene går fort.


                                                                     Nyklipt plen

 

onsdag, juni 11, 2025

Dagbok 2025: 11.juni


Klokka er no 16.24, temperaturen ute er +12 grader. Det er mest skyen, men litt sol innimellom. Det har vore nokre regnbyer i dag, men ikkje så mykje regn, trur eg. Eg har no vore mest inne.

I dag hadde eg ingen plikter eller avtalar,så eg kunne gjere kva eg ville. Og det vart litt av kvart. Eg fann på at eg skulle pusse kopar og messing - for det hadde eg ikkje gjort til påske. Det vart til at eg vaska koparen i oppvaskmaskina, men pussa messingen på gamlemåten.

Så har eg eit klesskap der det heng klede som så å seie aldri blir brukte. Deriblant "bestekjolar som eg har kjøpt og brukt ein gong eller 2. For fine til å kaste, men eg kjem aldri til å bruke dei meir. Eg har spurt Solveig, som er flink til å sy-og har ei flott symaskin, om ho kanskje kunne sy litt om på kleda slik at dei passa til ein kvan som vil ha dei. Det er for gale å kaste dei i bosset, synest eg.

Så strikka eg ferdig eit lestepar innimellom , før eg gjekk ut ein tur og såg på hagen min. Fekk gjort aldri så lite også, tok opp rota til det daude rosetreet t.d.(Dronning Elizabeth) Eg vurderte å plante ut rosa som eg fekk av Einar, men kom til at eg ville ha noko som var høgare der. (Bildet over).

Eg overraskar meg sjølv i dag, eg har klart meg heilt utan Paraset, til denne tid.

I morgon er det trening igjen og ikkje fleire ekstra helgedagar på ei stund det eg kjem på. Men så kjem det no SOMMARFERIE snart. Håper på ein fin sommar med mykje sol og varme. No skin sola inn til meg; nesten alltid sol når det lid langt på dag, men då blir det ikkje så mange timane.

I går trudde eg at eg aldri meir fekk få tur på Vernet, men no har eg eit lite håp.


 

tirsdag, juni 10, 2025

Dagbok 2025: 10.juni


 Klokka er no 18.10, temperaturen ute er +11 grader C og det regnar. Eigentleg skulle ein ha sete iute på altanen ein fin dag i juni-og kanskje får vi det når det lid på. 

I dag har eg vore til legen, på kontroll og litt meir. Det er denne forten som plagar meg. Eg hadde ca 10 år med plager før det tok slutt ein gong, men no er det på han igjen-og eg har blitt eldre. Eg snakka med legen om det, og eg kan få sprøyter t.d. og eg kan ta tablettar, dei hjelper no litt. Og så er eg glad for at eg har bil så eg kan kome meg av stad utan å gå så mykje. Elles var det no dei vanlege blodprøvene.

Etterpå var eg på apoteket og hamstra medisin, eg har frikort no så då gjeld det å bunkre opp.

Då eg kom heim kom Marit ned og heldt meg med selskap ei stund, og så blir det å sitte framfor TV-en og strikke.

Før eg var til legen hadde eg ordna med oppvask og klesvask, så eg er ikkje hjelpelaus.

Eg ser på hagen min, der som eg er så glad i å styre på. Det blir ikkje mykje eg får gjort i år. Men eg tenkte vi kunne ta ein familedag i hagen . Eg kan lage god mat og så kan det kanskje ordne seg med litt hagearbeid. Tida vil vise det.

                Eg slepp å vatne i dag, så litt positivt er det no med regnet.
 


mandag, juni 09, 2025

Dagbok 2025: 9.juni-andre pinsedag.



 


Klokka er no 17.20, temperaturen ute er +10 grader, men dei lovar at det skal bli varmare. Då eg stod opp i dag tidleg var det nysnø langt nedetter fjellsidene.

Dette har vore ein underleg dag. Etter frokost vart eg sittande å sjå TV og strikke, men etter kvart var det noko som ikkje var som det skulle, og eg følte meg ikkje heilt bra. Det passa ikkje for meg å bli dårleg i dag, det passar no aldri, men då venninna mi melde om liknande tilstandar var no det ei lita trøst.Eg må innrømme at det kan gå veldig mange år mellom kvar gong er sjukmelder meg. Eg er rimeleg bra no og i morgon har eg legetime, treninga kjem eg til å skofte.

Eg har no vore rimeleg oppegåande, det meste av dagen, men la meg inn i senga ei stund. No har eg vore opp til Marit -og vi har planlagt morgondagen.

Eg kom heldigvis på at eg har eit lager med Coca Cola-boksar. Cola er magemedisin- så no kjem den til nytte. 


No lengtar eg etter å kunne ligge eller sitte på altanen i varmt sommarver.
Einar måla her i fjord, men eg skulle ha hatt noko fint på golvet?


søndag, juni 08, 2025

Dagbok 2025: 8.juni Første pinsedag.


 Klokka er no 18.46,temperaturen ute er+11 grader C, og vi har hatt regnbyger i dag. Men for meg gjer det ingen ting for eg har vore inne med ei vond hofte heile dagen. Men eg har hatt det kjekt, for Solbveig kom på besøk tidleg på dag og ikkje så lenge etter at ho hadde reist kom Marit ned ein tur. Eg er liksom pasient no, for di eg er så låk i venstre hofta.Eg har legetime tysdag allereie så eg håper eg kan få litt hjelp då. 

Eg har så vidt vore ute ei lita stund i dag, for sjølv om det kjem ei byge no og då, var det knusktørt i beddet nedanfor garasjen. Så eg tok slangen og vatna.

Etter at Solveig hadde reist, var eg her åleine ei stund, men så kom Marit ned, såpass vi fekk oppdatert kvarandre. Og i morgon er det også helg. For oss som har ferie heile året er det ikkje så stor skilnad på helg og yrkedagar, men på helgedagar får vi gjerne besøk. 

Eg skal ikkje nekte for at det er trasig å vere låk i hofta, eg kan ikkje gå på Vernet ein gong, og det saknar eg veldig.

Håper det blir litt betre ver etter kvar, skulle gjerne hatt ei stund på solsenga no-når eg ikkje kan gjere noko uansett.




lørdag, juni 07, 2025

Dagbok 2025:7.juni

            Therese Bugnet heiter denne rosa, den første som blomstrar i år.
 

Klokka er no18.05, temperaturen ute  er +12 grader, det er opplett og litt sol, men det skal visst komme regn i morgon igjen.

Eg har hatt ein kjedelig dag , heime åleine med ein vond fot/hofte, så det er vondt og gå. Eg har hatt vondt i same hofta før, for lenge sidan, då varte det ca 10 år og eg var til alle slags behandlingar utan at det hjelpte. Det er dette som dukkar opp i minnet no og gjer at eg blir litt redd.  Men det gode no er at eg ikkje verker noko særleg når eg er i ro.

Sist natt sov eg godt utan sovetablettar , så det var no positivt. I dag var eg ein tur på butikken, og no for litt sidan gjekk eg rundt huset, elles har eg stort sett site framfor TV-en og strikka.  Og aldri før har eg hatt SÅ lyst å gå tur på Vernet.

Hagestell blir det visst lite av no, men litt må eg vel klare. Eg har legetime tysfdag, og då blir eg vel sendt på røntgen etc. Eg har aldri vore særleg sjuk, men eg har vore på røntgen veldig mange gonger.Sist var det vel då eg braut handa.

No blir det vel å sitte og strikke for det meste, men blir det sol kan det hende ein får brune seg litt.


fredag, juni 06, 2025

Dagbok 2025: 6.juni


 Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 15 grader C, det er opplett og litt sol no, men eg trur det har vore regnbyger. Eg har ikkje følgt så godt med i det siste. I dag tok eg fredagsvasken, og så gjekk eg opp til Marit og drakk kaffi og prata ei lang stund. Eg fekk vite korleis ho hadde hatt det i Stryn og eg fekk fortelje om den vonde hofta mi. Sist eg var så låk i hofta varte det 10 år om ikkje meir. Så eg veit ikkje kva eg kan vente meg no. Eg får i alle fall ikkje ""ny hoft" for det er eg for gammal til. Berre eg slepp å verke mykje får eg finne meg i det. Det blir ikkje så mykje hagearbeid å meg i år , trur eg.

I dag fyller dottera til Solveig 28 år, men ho er i Bergen så vidt eg veit.

Her er familien til Solveig, mann barn og barnebarn, og oldebarnet Amund på skuldtane til faren,Håkon. Mannen til Olaug Thomas står heilt til venstre.

                   Her er Olaug med Amund og sin eigen son, Tobias.

Sidan Olaug bur i Bergen er det ikkje så ofte vi ser henne og familien, men dei var på Hareid i påska.

Etter at eg hadde vore oppe hos Marit i dag, kom eg heim, åt litt og så strekte eg meg ut i heile mi lengde her på dagsenga mi og sov meir og mindre. Det er ikkje alltid eg søv så godt om natta, så det gjorde godt å få ein blund. Det er i morgon det er pinsafta så då får eg ta ein tur på butikken og handle inn til dei to pinsedagane. Eg hadde gløymt heile pinsa, fordi den kom så seint i år.

Det er fredag kveld så eg ønsker alle ei god helg. Regn i morgen , står det på Pc en min, så då veit vi kva vi har i vente.

torsdag, juni 05, 2025

Dagbok 2025.5.juni

Eg fekk så mange fine blomster til fødselsdagen min; sidan det var ved påsketider var det mange gule,og dei fleste er minst like fine no
 

Klokka er no 16.36, temperaturen ute er +14 grader C. Det har nettopp vore ei regnbyge, men no skin det opp igjen. slik har det vore meir og mindre heile dagen.

I dag har eg vore opp og ned til Vik fleire gonger. Først på trening. Eg vakna grytidleg i dag, så då eg kom heim, prøvde eg å få sove litt, men det er ikkje så enkelt.Marit var ikkje på treninga i dag, men no er ho reist med Janne inn til Stryn, dei var ikkje før vekk, så kom Lollo ned til meg og ville ha mat. Marit sørger for at eg har kattemat på lager.

Eg hadde eit par ærend til Vik, og på siste turen sa bilen at no ville han ha bensin. Eg har ikkje bensinmålar så eg må ta det på gefylen.Dama på stasjonen var grei og hjelpte meg med kortet, eg tek ikkkje sjansen på å gjere det sjølv. No er det i alle fall gjort, så køyrer eg trygt ei stund. Eg skal no m.a. på Plantasjen og på VØR.

Men eg får ikkje gjort mykje hagearbeid for tida, veret skiftar , men det er nokså vått og kaldt.

Eg er litt skeptisk no akkurat for eg er låk i venstrefoten/hofta, kneet - det skifter på. Så har eg litt trøbbel med TV-en. Eg skulle få ein "boks" i posten , men den fhar ikkje vist seg. Helge står klar til å hjelpe så snart boksen er her. Vi har ein avtale.

No er det plutselig blitt vanskeleg å aktivere på datamaskina. Det var no enkelt før. Eg ser TV-det er ikkje det- men ikkje akkurat der eg vil sjå. Eg ser no nyheitene og det er no mykje det det går i.

No skin sola, og eg fekk vite på treninga i dag at det er pinse-helg; det hadde eg gløymt.

Eg har vore litt"sjuk" nokre dagar, men er frisk no. Men eg søv for lite, så eg er ofte trøtt. Noko skal det vel vere når ein blir så gammal.

Dette var påske-og no er vi komne til pinse, skulle ønske vi fekk litt meir sol og varme.

Dagbok 2025: 15.juli

 Klokka er no 20.35, temperaturen ute er +29 grader C, og det har vore sol og fint i heile dag. Eg stod opp grytidleg , som vanleg, men la m...