søndag, februar 28, 2010

Vermelding 28.februar 2010.

Klokka er 12.00, sola skin frå skyfri himmel og temperaturen er minus 3 grader.
Nils har funne ut at han skal moke meir snø av taket, slik at det tinar fortare.
Eg lengtar ut, og misunner alle som kan ta seg turar i fineveret.Lurer på om det går an å montere opp solsenga og ligge på altanen?

lørdag, februar 27, 2010

Vermelding 27.februar 2010.

Klokka er13.30. Sola skin frå nesten klår himmel og temperaturen er minus 1 grad C.
Margrete og dei tre eldste er på Kulturhuset der dei to eldste skal delta i dansekonkurranse. Erlend ville heller vere her hos oss. Han hadde ikkje med seg hatten sin, så han måtte få låne cowboyhatten vår.
Han har fått seg ei skive med Nugatti, men vi har handla inn rikelig med pizza som vi skal ha når konkurransen er over.

fredag, februar 26, 2010

Vermelding 26.februar 2010.

Klokka er 12.30, ute er det 0 graderC og strålande ver.
Om de forstørrer bildet, kan de sjå dei mange skispora opp mot Nivane. Mange går opp på toppen og renner brattaste vegen ned.Men ikkje akkurat no, trur eg. Det er nok for farlig. Vi skal nedover og handle litt. Eg har ikkje vore på butikk på over ei veke.

Norge i Curlingfinalen.

Eg har eit inntrykk av at ikkje alle er like godt orientert om den einaste idrettsgreina eg er interessert i  under OL. Når Marit eller Tora eller ein av gutta dreg i land medaljar, ser eg så vidt opp frå bok og strikketøy.
MEN-når det er curling sit eg spikra framfor skjermen. Eg likar ikkje å sjå folk pese og sveitte, men curling-spelet er fascinerande. Heldigvis er Nils også hekta, og eg har ein i Kongsberg som  deler interessa mi. No veit dei fleste at dei norske landslagscurlingbuksene er den største "snakkisen" i Vancouver, det er til og med laga ein song om dei.(Sjå Face Book eller You Tube)
Dei kallar dei "klovnebukser" sidan dei er såkalla "harlekin-rutete." Kongen fekk forresten ei slik, men om han vil kle den er ei anna sak.
I går kveld spela Norge ein forrykande spennande semifinalekamp mot Sveits, så no skal Norge spele FINALEKAMP mor Canada. Då blir det sikkert liv og røre.Har ikkje funne ut kva tid kampen går, men alle med TV-program er vel i stand til å finne det ut.
Om du ikkje likar curling, kan du sjå inn i dei vakre og spesielle augene tilThomas Ulsrud.
Les her

torsdag, februar 25, 2010

Vermelding 25.februar 2010.

Klokka er 13.00, temperaturen er 0 grader C, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Godveret vil visst ingen ende ta. Synest det er kjekt at fineveret varte denne veka også, for alle dei som har vinterferie og ikkje heilårsferie, som vi.Det som ergrar meg litt er at eg ikkje får vere særlig mykje ute sjølv, det vart ein brå slutt på sparkturane mine.

onsdag, februar 24, 2010

Vermelding 24.februar 2010.


I dag har det vore noko tull med bloggen, eg har ikkje fått til å laste inn noko. Tok bilde klokka 10.30, men har hatt problem med å legge det inn. I dag har det vore meir og mindre overskya, snøa har det også gjort, utan at det merkast så mykje på snødjupna.Temperaturen har lagt på minus ei grad, sånn cirka.


Solveig og Margrete + ungane har vore på besøk og vi har feira Feitetysdag litt på etterskot, eller Grautatysdag som mange seier her, fordi menyen denne dagen er rømmegraut. Ved å utsette feiringa av det feite, blir fastetida litt kortare og dermed til å halde ut.

tirsdag, februar 23, 2010

Bok nr.12 - 2010: Aldri mer fri. Dokumentar

For nokre år sidan las eg den første boka om Maria Erikson og hennar kamp for å komme bort frå ein valdelig mann.
Då den andre boka kom, hadde eg ikkje så lyst å ta opp att tråden,så  eg let vere å låne den. 
NO, derimot, kunne eg tenkje meg å vite korleis det gikk vidare.
Eg hadde ikkje lese så langt, før eg tykte det var noko kjent med det som hende, og etter kvart vart eg sikker:Eg hadde lese boka før!
Men det var nesten skræmande kor lite eg hugsa. Denne andre boka handlar om korleis Maria og familien hennar prøver å etablere seg i eit anna land, og ein får kjennskap til alle formalitetane det fører med seg å søke om asyl i eit framandt land. Det er greitt nok, for dette er ein dokumentar, men reint litterært hadde det greidd seg med første boka.

Vermelding 23.februar 2010.

No er klokka snart 12 og det er 7-8 kuldegrader ute. Det var mykje kaldare sist natt,
men så snart sola kjem, stig temperaturen. Det er ein vinter utan like vi har hatt og har. Sola skin frå nesten klår himmel i dag også, og her oppe hos oss er snøen framleis kvit og fin.Nils har hatt mykje arbeid med å moke denne vinteren, så hagen er nesten som ein labyrint. På bildet ser vi vegen han har laga inn til kjellerleilegheita, som vi leiger ut.Den som berre kunne ta seg ein tur ut med spark eller ski! Eg kjem meg knapt nok ut for døra i den forfatning eg er no.Dessverre. Håper fineveret varer veka ut sidan det er vinterferie her.

mandag, februar 22, 2010

Vermelding 22. februar 2010.

Klokka 12.00 i dag var temperaturen minus 7-8 grader. Himmelen er klår og sola skin, det er som om godveret aldri vil ta slutt. Skulle så gjerne vore ute ein tur, men dessverre fekk eg eit lite "tilbakefall" etter at eg var ute og gikk i går, så i dag må eg halde meg i ro inne. Kjem til å få besøk av Eidabesta og -besten i dag, sidan dei er ein tur i Ålesund, eller "Bya" som det heiter her.

Audun fyller 20 år i dag.

I dag fyller nest eldste barnebarnet 20 år.Eg hugsar enno veret den dagen han vart fødd, det silregna!Litt av ein kontrast til det iskalde solskinnet i dag. Audun har alle tider vore ein artig gut, og vi har mange gode minne frå "feriane" han og brørne hadde her hos oss.Dessverre har eg enno ikkje fått installert printeren, så eg får ikkje scanna bilde frå album.
Den store hobbyen har alltid vore fotball, og han har spela både på Hareid og på Hødd. Sist haust flytta han til Oslo der han studerer jus på Universitetet, og spelar fotball på eit lag som mest består av utflytta sunnmøringar. Lokomotiv Oslo heiter laget. Audun spelar oftast keeper, det er vel derfor han får ligge fremst på bildet.

Eg meiner dette bildet må vere frå Ingeborg sin 1-årsdag som vart feira i Hofsetråsa i Ulsteinvik, der dei budde då.



Dette bildet er i alle fall frå den dagen Håkon vart døypt. Audun, som då var knappe fire år gammal, laga ei utruleg teikning av seremonien i kyrkja.Det var Øystein som bar dåpsbarnet, og presten hadde skjegg.Einar hadde eit heilt anna motiv for si tekning.
Vi gratulerer Audun med dagen og håper han får markert den på eitt eller anna vis. Kanskje framfor TV-en ? Kva med ei gullmedalje e.l. ?

søndag, februar 21, 2010

Vermelding 21.februar 2010.

Klokka er 15.00, det er eit tynt skylag på himmelen som sola slit med å komme gjennom.Temperaturen er ca minus 4 grader C.
Vi skal vere i Aasentunet klokka 16.00 og møte gjestediktaren frå Shetland, så vi må snart gjere oss klar.
Vil nytte høvet til å gratulere Henning og kongen med dagen.
Og ikkje minst niese Hilde Helen som fyller 40 år i dag.Gratulerer.

lørdag, februar 20, 2010

Bok nr.11- 2010: Midtens rike.En vandring i Kinas historie.

Eg var på biblioteket for å levere tilbake ei bok av Torbjørn Færøvik, ei bok som eg likte veldig godt, då eg heilt tilfeldig fekk auge på ei anna bok av samme forfattar, og lese av den samme skodespelaren. Eg var ikkje sein om å grafse til meg boka.
Den førre boka ar TF var lett og underhaldande, denne er meir seriøs. Kort fortalt handlar den om heile Kinas historie, frå dei eldste tider og fram til i dag.Til å begynne med går det litt fort i svingane, men til meir vi nærmar oss vår tid, til meir detaljert blir fortellinga. Å fortelle så mykje "tungt" stoff på ein så tilgjengelig måte, er litt av ein kunst, og er du aldri så lite historieinteressert, vil du elske denne boka.
Men eg vil åtvare eventuelle lesarar:Det er inga solskinnshistorie.Her er mange sterke scener.
Lydboka er på 9 CD-ar, men er ei forkorta utgåve av papirutgåva.Dessverre.
På bloggen sin har Færøvik kart til dei ulike kapittela i boka, dessverre oppdaga eg det ikkje før eg hadde lese ut boka.Du finn bloggen på linken under.
Les meir om boka -her
Les om forfattaren her

Vermelding 20.februar 2010.

Klokka er no 13.20, temperaturen er minus 4 grader. Sist natt var det nokså kaldt, 10 grader minus, minst. Det er eit tynt skylag på himmelen, så sola er ikkje så sterk, men ho skin i alle fall.Nydelig ver.Vi har vore ein tur ut på Rjåneshamna og sjekka forholda der. Halve hamna er islagd.Legg merke til at der er nesten bert i bakkane ovanfor rorbuene.

På heimvegen tok vi ymse krokvegar for å sjå oss litt omkring.Til slutt køyrde vi opp sparkruta mi. I denne bakken var det uhellet skjedde.Det var om lag her eg prøvde å bremse utan resultat. Den dagen var det blank-is, no var der sanda.Sånn delvis.
Då eg vakna i dag, hadde eg ikkje vondt nokon stad, og det første eg då tenkte var at det kunne bli ein sparktur. Det var før eg stod opp. Eg verker ikkje så mykje når eg er i ro, men eg har framleis problem med å gå over golvet. Så det vart altså biltur i staden.

fredag, februar 19, 2010

Vermelding 19.februar 2010.

Klokka 12.00 i dag var det lettskya, sol og minus 3 grader. Nydelig ver med andre ord .Det er Nils som har tatt bildet nedover Vallabøvegen.

Det var ikkje der er datt i går, det var i Fonnavegen, som er mykje brattare. Men eg var forsiktig, som eg plar vere, og bremsa med begge føtene heile tida, det var berre det at vegen hadde vore opptint av sola og frose til att, så der var blank-is. Noko som eg ikkje var klar over. Det gikk berre fortare og fortare.....Eg berga meg som sagt ved å svinge rett over vegen og stoppe. Sparken er like heil, men eg fikk ein skikkelig smell i hofta som eg landa på.
Eg har talt på knappane om eg skal ringe til legen for ev. røntgenundersøkelse, men sidan eg ikkje er VERRE, har eg utsett det.Eg har googla lårhalsbrudd utan å bli klokare av det. Det er vanskelig for meg å vite kor gale det er når eg har både artrose og slimposebetennelse i hofta i utgangspunktet, og er vant til å verke.

torsdag, februar 18, 2010

Vermelding 18.februar 2010.

Klokka er 12.30. Temperaturen ca 0 grader C. Det er lettskya, men sola held på å bryte fram over Melshornet.
Desse vermeldingane er altså nokså like frå dag til dag, men eg er glad så lenge godveret varer.

Klokka 16.00: Sola kom fram og veret vart så fint at det frista med ein liten tur på spark.Men det eg ikkje forstod, var at det var enda glattare i dag enn i går, då eg skulle ned Fonnavegen. Og plutselig miste eg heilt kontrollen. Eg berga meg, dvs.sparken, med å køyre inn i snøbarden, men sjølv hamna eg i vegen(igjen) rett på den vonde hofta, som ikkje akkurat vart betre av seilasen på isen. Trur ikkje eg har brote noko, kom meg i alle fall heim for eiga maskin. Sofaen neste, viss eg kjem meg så langt.
NB: Flaks at eg tok helgavasken f.m. -elles hadde det blitt ei skitten helg.

onsdag, februar 17, 2010

Gratulerer med dagen, Ambjørg!

I dag fyller ei kjær barndomsveninne 70 år, og så kjem vi vel etter vi andre som er på bildet. Ja,minst ei har vel alt runda milepelen, og ikkje alle finst lenger. Bildet er tatt då vi gikk i 2.klasse på Eid skule. Lærarinna vår heitte Astrid Midthjell, og vi som begynte i lag, gikk i lag alle åra på folkeskulen.Om nokon skulle komme til å sjå denne helsinga hadde det vore artig å få ei lita tilbakemelding.

Vermelding 17.februar 2010.

Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grader C. Nils er sjølvsagt ute, han finn heile tida snø som må flyttast. På bildet kan de sjå hola der båten stod, før han kom fram i dagslyset i går.

Har du nokon gong opplevd å komme til kort? Ikkje å nå opp til andre hylla i kjøkkenskapet t.d.? Eller berre nesten nå opp for å pusse vindua? Den kjensla har eg hatt heile livet,men før var ikkje problemet så stort, det var berre å klatre opp på ein stol. Etter kvart som alder og andre plager sig på, ser ein etter andre løysingar. Først kjøpte eg ei trapp med tre trinn, som er god å ha når ein skal nå heilt opp, men som vert for tungvint å dra fram til dagen.
I går var eg innom Europris, og der finn ein som regel eitt og anna som er kjekt å ha. Eg kom heim med denne vesle krakken, som er lett på bere med seg i handa. Så i dag har eg fått pussa stuevindua både ute og inne utan å klatre så altfor mykje. Å pusse vindu når sola skin, er ikkje ideelt, men kven orkar å stå ute og pusse når det regnar og snør?
Eg veit at mange av mine medsøstrer har slike små krakkar, men eg har ikkje kome fram på dei før.

tirsdag, februar 16, 2010

Bok nr.10- 2010: Himmelen over Shetland.

No  har eg endelig lese ut boka til Øystein.Den er ikkje tung eller på nokon måte vanskelig å lese, det er berre det at eg har visse vanskar med det skrivne ord på grunn av ei plage med eine auget. (Det er derfor eg les så mange lydbøker!)
Eg var om lag to veker gammal då tyskerane hærtok Norge, og fem år gammal då krigen var slutt. Eg hugsar godt dei tyske soldatane som marsjerte forbi huset der vi budde, kvar dag. Men elles var det nok ikkje mykje eg forstod. Eg hugsar også fredsdagen då besten heiste flagget på Geilemyra i Innvik, der vi budde då.
Eg trur at vi som var så små under og etter krigen er den aldersgruppa som veit minst om det som hende.Heime vart det ikkje snakka så mykje om krigen, ikkje med oss barna. Og skulebøkene våre hadde heller ikkje så mykje krigshistorie Eg har ikkje tal på alle dei "heltefilmane" eg har sett frå krigen, så trangen til å lese krigslitteratur har vore heller liten.
Men det er viktig at desse historiene om "vanlege" folk som risikerte liv og helse for fedrelandet vert skrivne, mens det enno finst dei som kan fortelle.
Boka til Øystein er særlig interessant for oss sidan fleire av slekta til Nils er med i historiene. Folk som eg også kjenner/kjende.
Mange har lagt merke til det fine omslaget på boka, og spør kven mannen er. Han heiter Per Dimmen og er frå Ulstein, men budde i mange år i gata rett nedanfor oss og arbeidde på Rådhuset i Ørsta. No bur han i Ulsteinvik. Under krigen jobba han på kontor i London; han kunne ikkje vere med i "striden" fordi han halta.
Eg vil ikkje kome med "kritikk" av boka, berre oppmode folk til å lese den sjølve.
Eg synest Øystein har gjort eit godt og viktig arbeid med å skrive denne historia.

Vermelding 16.februar 2010.

I dag er det lettskya og litt sol. Det er fint ver.Temperaturen er ca 3-4 minusgrader.Nils har grave fram båtvogna, og Even hjelper til med å dra den opp.Det er somme som er optimistar.
På bildet under kan de sjå den snøhaugen som Nils har moka ned mellom garasjen og huset. Skal tru kva tid den tinar?

Så kom eg ut på trappa ei lita stund etterpå, og då var både vogna og båten på plass på tunet.
Så no spørs det om det blir fiskever?


mandag, februar 15, 2010

Vermelding 15.februar 2010.

Så skein det opp igjen, og  vi har same strålande veret som vi har hatt det meste av vinteren.
Temperaturen no klokka 12.00 er så vidt over 0 grader. Eg har vore ein liten tur rundt Storebakken med spark.Sola er så varm no at snøen smeltar midt i vegen. 
Nils var tur i Nupen før i dag, og no driv han og grev han fram båten igjen.

Bok nr.9 - 2010: Buddhas barn.En reise blant mennesker.

Dette er ikkje ein roman , men ei reiseskildring. Forfattaren tek oss med på ei reise gjennom "Det gylne triangel"- Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma (no Myanmar). Og eg har kosa meg på turen. Det var fint lite eg visste om desse landa frå før, så eg følte at eg lærte noko også. Etter som eg er ein lidenskapelig Atlas-lesar, kom kartboka fort på bordet, slik at eg kunne lokalisere stadane eg fekk høyre om.Landskapet vart skildra, og vi fekk eit blikk inn i historia til kvart einskilt land, både i gammal og nyare tid. I tillegg fekk eg vite ein god del om buddhismen og  myter og legender knytt til Buddha.Og ikkje minst fekk eg høyre om menneska forfattaren møtte på turen og levekåra deira.

Som sagt har eg likt å høyre boka, men så var eg så dum at eg gikk inn på nettet og las ein kritikk i Aftenposten, og den var ikkje mykje positiv.Noko av det dei skriv, kan eg vere samd i, likevel vil eg oppmode andre om å lese boka, den er lettlesen og underhaldande og gjer vel ikkje krav på å vere så mykje meir enn det.

Etter mange år med lesing av utrulig mange lydbøker, har eg ei klar formeining om kven eg likar best å høyre på: Godt vaksne menn! Nils Ole Oftebro er favoritten, men Trond Brænne som les om Buddhas barn les også godt. Yngre folk, og særlig damer, les ofte for fort.

søndag, februar 14, 2010

Bilde frå Sunnmørsposten nett.

På Sunnmørspostens nettsider er der bilde frå UKM både i Volda og andre stader. Der er også dette bildet av Ingeborg.
Og dette bildet av Jeki.

Og mens somme dansar og syng, spelar andre fotball. Her er Håkon i raud Hareids-drakt framfor mål.
Dette bildet er saksa frå Vestposten,der Håkon får heiderleg omtale. Han spelar på A-laget til Hareid no.

Vermelding 14.februar 2010.

Klokka er 12.00. Det er overskya, men opphaldsver, og temperaturen er + 1 grad C.
I dag vil vi gratulere Peder med 70-årsdagen , som han feirer på Gran Canaria.
Dessutan vil vi gratulere alle mødrer med morsdagen og absolutt alle med Valentin-dagen, eller "Alle hjerters dag" som den heiter i Sverige.(Her omsett til norsk rettskriving). Og så må vi heller ikkje gløyme at det er Fastelavn, som i år fell saman med dei to andre. Eg synest det er like greitt å slå saman alt i hop!
Sidan vi skeia ut med kjøpepizza i går, blir det ikkje mykje feiring i matvegen i dag. Men ei lita skaprydding som eg hadde føre meg,avdekka ingrediensar til eit Ballj-måltid, noko som vi plar ha ca ein gong i året. Ikkje ein gong i veka som det er vanleg her i bygda, eller VAR i alle fall.Med feitt frå juleribba, får det halde for Feitetysdag også; vi kan kutte ut rømmegrauten, trur eg.Eller hur?
Nils prøver for andre gong i vinter å grave fram båten, men det er ikkje direkte enkelt. Han meiner der var minst ein meter snø oppå kjølen, og viss han skal ha båten fram på vegen, må han flytte fleire tonn med snø. Trur det hadde vore enklare å vente litt, men det kan vere greitt å lette båten litt.
Han har elles vore ein tur ned til nabohuset som han passar på og der er alt i orden.

lørdag, februar 13, 2010

Sang, dans og pizza.

I dag har vi vore i Volda på Ungdommens kulturmønstring. Grunnen til at vi stilte opp, var at Ingeborg skulle danse.Ho gjorde det veldig bra, og har god grunn til å vere nøgd med seg sjølv. Ho hadde koreografert dansen sjølv og dansa åleine. Det var ein fin dans.
Der var ikkje så veldig mange danserar, men desto fleire som song, og mange av dei var veldig flinke. Men ingen slår vesle Jeki som vi kjenner frå diverse skuletilstellingar på Folkestad. Ho er eigentlig asiat, men kom til Norge i lag med mor si. Ho syng så ein får frysningar nedetter heile ryggrada, og ho kunne stilt opp i lag med dei beste vi har i landet. Vil tru at ho kunne synge både soul og jazz og det meste anna, stemma hennar er utruleg moden og flott! Og jenta er berre 11 år!
Det einaste eg ikkje var begeistra for var banda som spelte så høgt at det var direkte smertefullt. Eg måtte stikke fingrane langt inn i begge øyra for å halde ut. Og eg har høyrt høg musikk før!
Då vi kom tilbake til Ørsta var vi  ihelsvoltne, for programmet var litt lengre enn vi hadde rekna med. Vi var innom Det lille Napoli og kjøpte med oss ein take-away pizza som vi har kosa oss med. Bildet er eit såkalla "før-bilde"-  etterpå var der ikkje så mykje å fotografere.
Skulle sjølvsagt heller hatt bilde frå tilstellinga, men det er ikkje så godt å fotografere på så langt hald, så vi får håpe Margrete eller Ingeborg har bilde på sine bloggar.

Vermelding 13.februar 2010.

Klokka er 12.00 og temperaturen er + 4 grader C. Det er skya , men opphaldsver, og det dryp frå taket i dag.
I snødungen som Nils har moka ned frå taket står fastelavsriset, det kjem ikkje i hus, for eg er allergisk anten mot bjørk eller fjør. Eg spurde ho som selde risa kvifor dei som jobbar i Saniteten sel noko så allergiframkallande. Det er ein tradisjon-OK- men det går an å finne på noko anna! Det er fleire enn eg som plasserer risa ute, for å seie det slik.
Elles skal vi til Volda på Ungdommens kulturmønstring der Ingeborg skal danse.Det tek til klokka 14.00.
Så vil eg ønske alle god Morsdag, Valentinsdag og Fastelavn! Stryk det som ikkje passar.Godt å få slå tre fluger i ein smekk!

fredag, februar 12, 2010

Prektig husmor?

For at det ikkje skal bli berre ver her på bloggen, kan eg no skrive litt om kva eg har gjort i dag. Det er ikkje så mykje.Men eg har altså vaska og rydda alle skuffene på kjøkkenet- ikkje skapa, det blir ein annan dag.
Eg er så gammal(-dags) at eg plar bruke hyllepapir i skap og skuffer;det har eg ikkje alltid i hus når ånden kjem over meg, dessutan er det eit styr med den klippinga og brettinga etc.
Så i dag tok eg ein ganske fin, men skada, voksduk og klipte i passande bitar og la i skuffene.Det blei fint, og neste gong eg vaskar skuffene, kan eg bruke ilegget om att og om att. Kanskje er det miljøvennlig også. Ikkje veit eg.No trur eg ikkje at eg er den første i verda som har kome på denne ideen.........
Så har eg eit par små knep som hjelper meg å halde nokonlunde orden i skuffer og skap. Det eine er plastkorger i ulike fargar og storleikar, det andre er plastposar med "lås" der eg samlar diverse småting, slik at det ikkje flyt rundt. Sidan eg begynte med dette systemet, ryddar eg skuffene på halve tida. Ikkje at eg har dårleg tid, men kven likar å rydde skuffer-eigentlig ?
Er av og til innom veldig inspirerande interiørbloggar der eg finn masse gode løysingar på det meste.Men det krevst at ein både snikkerer og malar, og det gjer ikkje vi.

Vermelding 12.februar 2010

I dag er det opplett,lettskya, men ikkje særlig mykje sol. Klokka 12.00 var temperaturen + 3 grader C.
Snøen har vel verken auka eller minka sidan i går, men det er alltid noko å moke. Vegen blir skrapa, og då ligg der att noko som ein må ta, og akkurat no mokar Nils altanen for ørtande gong i år.
Alle bilda er tekne frå altanen vår.

torsdag, februar 11, 2010

Vermelding 11..februar 2010.

Det blir kanskje fleire vermeldingar i dag. Ein av grunnane til det, er at fleire av naboane er på Kanariøyane og sit sjølvsagt der nede og bekymrar seg over at det skal gå gale heime. Det er det god grunn til, for det snør og snør.
Nils er ute og mokar, men det er lova at det skal klårne opp klokka 13.00.Det ville i så fall vere bra, for han skal på kommunestyremøte klokka 14.00.Då får han vel sitte i ro og kvile seg ei stund. Det er ca 0 grader ute no
Klokka 19.00. Det vart ingen ting av fineveret som dei lova oss på yr.no. Det har snøa eller rettare sagt sludda i heile dag, så snømengda er om lag som den var.Det tinar etter kvart som det dalar ned.Temperaturen er så vidt over 0 grader.Nils er heime frå kommunestyremøtet utan at det har skjedd nokon revolusjon der.


onsdag, februar 10, 2010

Vermelding 10.februar 2010.

Så snør det igjen! Ser ut som om vi skal ha snø og klårver annankvar dag. Nils mokar på taket, han har ikkje vore over heile enno. No har han begynt på indste delen av huset, for dørene inne går treigt. Eg føler meg veldig unyttig, som ikkje kan hjelpe til.Temperaturen no klokka 12.00 er minus 2 grader C.
Eg har rydda og styra litt i huset, og så skal eg gjere meg klar til lunsjbesøk hos ei veninne.Det blir nok ingen tur med sparken i dag.

tirsdag, februar 09, 2010

Vermelding 9.februar 2010

I går var det snø og slaps, så i dag var det ut og moke igjen. Men sola varmar, så det smeltar på taket.Klokka 12.00 var det ca 1 kuldegrad.Det er ikkje ei sky på himmelen, så veret er perfekt.
Det vart ein liten sparktur på føremiddagen, og så skal eg ein tur på biblioteket.
Å køyre bil på Vallabøen no, er som å køyre i ein labyrint; men no har dei begynt å rydde kryssa med traktor og køyre vekk snø.

mandag, februar 08, 2010

Bok nr.8 2010: Det tapte symbol.


Lat det vere sagt like godt først som sist: Eg er ingen Dan Brown fan, men har lese dei fleste bøkene hans.
Eg har brukt alt for lang tid på denne boka.Det er ei ulempe når eg skal skrive om den, så eg vil tilrå at de les om boka på Internett dersom de er interesserte i å vite meir. Det eg kan gjere, er å fortelle litt om korleis eg opplevde boka.
Dan Brown er vel kjend av dei fleste som spenningsforfattar og tolkar av alle slags kodar.Denne boka er ikkje noko unntak i så måte, men spenninga er mindre til stades i denne boka, mens kodar og andre tolkingar har overteke. Ikkje meg imot eigentleg, eg synest kodane er interessante og lærerike. Eg brukar her "kode" i svært vid tyding.
Staden er Washington DC, og det vi her får innblikk i er kodar, ritual m.m. knytt til frimurarordenen. Vi får forklaring på dei mange underlige og til dels skræmande rituala som høyrer organisasjonen til, og vi får vite at byen gøymer mange frimurarkodar i arkitekturen. Her er også mykje religionsfilosofi i boka,basert på Bibelen først og fremst, men også på andre religionar og filosofar. Tolkingane er nok mykje Dan Brown sine eigne- eller er dei det? Ikkje veit eg.
Boka er lettlesen, og vi får mykje inn med teskei. Ho kunne med fordel vore nedkorta noko-17 CD-ar er litt for langt.

Vermelding 8.februar 2010.

Det har kome nokså mykje snø i tillegg til den vi hadde, og Nils har vore ute og moka heile føremiddagen.Her slappar han av med ei flaske Santa Clausthaler som var att frå jul.
Temperaturen no klokka 12 er ca 0 grader C.
Og kva har eg gjort? Eg har endelig teke ned julegardinene på kjøkkenet. Grunnen til at eg har venta så lenge er at eg har vore på utkik etter nye kjøkkengardiner, men ikkje funne nokon som eg var heilt fornøgd med. No resignerte eg; strauk og hengde opp nokre "gamle" som er heilt greie, berre litt mørkare enn eg hadde lyst å ha.No er sola nesten framme, så kanskje det blir ein tur ut for meg også? Med spark?

søndag, februar 07, 2010

Vermelding 7.februar 2010

I dag klokka 12.00 var det minus 1 grad C.Snøen lavar ned igjen, men eg håper likevel  ikkje det går over i regn. Nils er ute og går tur, men eg må ta det litt med ro, er ikkje heilt restituert etter gårsdagen.Det blir vel ein liten tur viss det lettar opp.

lørdag, februar 06, 2010

Didrik ruler.

Spenninga over.

Så gikk det som eg håpa og trudde i MGP også. Og tusen takk for det. Didrik syng kjempeflott og ser flott ut.Ein nydelig song er det også.Eg stemte berre to gonger, men alle monner drar, som det heiter.

"Pauseprogrammet" var også heilt topp, særlig vil eg nemne dansaren "Oliver"- han var heilt utrulig.
Alt i alt eit flott TV-show. Ser fram til finalen i mai. Var det den 29?

Tre par vottar vart tova i maskina i dag, på vanlig program og 60 grader, som det stod i oppskrifta.
Dei vart godt tova, for å seie det slik, men fullt brukbare og sikkert kjempevarme.
Kom på at det var noko eg hadde gløymt med dei eg har strikka før og det er å børste dei. Dei skal børstast med ein hårbørste e.l.men ikkje med metalltindar.
Dei lilla vottane i midten er passelige til meg og tenkte til Ingeborg, om ho vil ha dei?
Dei blå vottane passar til litt større hender.No blir det ikkje strikka meir vottar av meg på ei stund, og om eg skulle finne på å lage fleire, skal dei handtovast.Då har ein litt meir kontroll over prosessen. Skulle ønske eg hadde eit gammaldags vaskebrett av glasfiber.......

Ulykke eller mordforsøk?

Dette er eit evig tilbakevendande spørsmål i krim-litteraturen. Men historia mi er frå det verkelige (sam-) liv.
I dag var eg altså på sparktur i lag med veninne og hund. Så skulle eg demonstrere korleis eg kunne lene meg framover og legge tyngda på sparken når eg vart sliten i ryggen.Eg la heile tyngda på, og der klappa sparken i hop-og eg med den. Vart liggande på kne og mage, strak ut på vegen, men kom meg opp att ved eiga hjelp.
Litt vondt i knea, men elles like heil. Men det som var mystisk var at både skruar og mutterar var heilt intakt og i orden.
Då gemalen fikk undersøkt sparken, konkluderte han med at han hadde "montert " sparken utan å sette i skruane....forstå det den som kan. Heldigvis skjedde ulykka på flat veg. "Tenk kva som kunne skjedd den dagen eg for i vill fart ned heile Fonnavegen," sa eg. Men gemalen tykte det hadde vore enda verre viss det hadde skjedd den dagen han sat på eit stykke nedover......han som var så pinglete at han sat og streka med føtene heile tida! Ha, ha!!
Sparken vart så montert på ein forsvarleg måte, og eg tok like godt ein tur på nærbutikken åleine. Veit ikkje kor mange år det er sidan eg kunne gjere det utan problem? Gjev det hadde vore sparkføre heile året!!!
NB: Rosa fekk vi med ein nabo fordi vi passa huset mens han var på sjukehus.(Det var no han som skulle hatt blomster, som kom heim frisk og kjekk) Men eg synest liksom den passa her.

Vermelding 6.februar 2010.

Etter ein dag med overskya ver, vakna vi i dag opp til klår himmel og strålande sol.
Temperaturen klokka 12.00 var ca minus 1 grad C.
Eitt av problema med snømoking er å vite kvar ein skal legge snøen. Nils plar plassere den mellom huset og garasjen der det etter kvart har blitt ein bra haug. Både modellen og fotografen stod på denne haugen då bildet vart teke.
Som ein kuriositet kan eg opplyse at vinteren 1968 var det om lag dobbelt så mykje snø som no, men då budde vi på Melle.
No skal eg ut og gå ein liten tur med Marit, Rambo og sparken.
God helg til alle.

fredag, februar 05, 2010

Takk og pris !

Alle veit at eg har heia på Team Aage heilt sidan Korslaget starta. Og eg har ikkje vore i tvil om at dei skulle vinne. Ikkje før i kveld kom tvilen snikande.Team Bjarne har tatt seg kraftig opp på slutten, og greidd seg bra. Men dei har valt relativt lette låtar utan dei store utfordringane.
Heile tida har eg håpa på at eitt av kora skulle tore å synge yndlingssongen min (Bohemian Rhapsody)- og eg jubla då Aage tok utfordringa. Men som programleiaren sa: "Fallhøyden er stor!" Det er ingen lett song å synge. Nemlig.
No er eg ikkje spesielt musikalsk, så eg kan ikkje uttale meg skråsikkert om korleis dei greidde utfordringa, men eg likte showet og eg likte den røffe stemma til solisten, synest den kledde låten.
Det var bra at dei ikkje stilte opp med ein lokal Freddy Mercury, det hadde ikkje funka!
Ingen kjem opp mot originalen!
Og så kjem Bjarne med den lettbeinte Abbalåten som (nesten) alle kan synge bra! Pinglete!
Eg var så nervøs under siste avstemminga at eg måtte strikke for harde livet for ikkje å kollapse.Gløymde nesten å puste- før eg kunne sleppe jubelen laus. Eg hadde blitt bra sur om Bjarne hadde vunne!
Thank you, Aage, you saved my day and my night!

Vermelding 5.februar 2010

I dag klokka 11.00 er temperaturen + 2 grader. Det er overskya, men ikkje nedbør. I går kveld kom det nokre snøfjom, men det vart ingen ting ut av det.
Nils finn stadig snø som skal flyttast på, så han får nok mosjon. Det er verre med meg.
I dag skal eg til frisør, og så blir det kanskje ein tur til Volda på shopping etterpå. Derfor vart det ei litt tidlig vermelding i dag.

torsdag, februar 04, 2010

Bli med på sparktur på Vallabøen


Her kjem bilda i rette rekkefølge, så dei som er kjende her kan kanskje kjenne seg att. Sidan eg rende i full fart ned heile Fonnavegen blei det ikkje teke bilde der.

Vermelding 4.februar 2010

Same fine veret i dag også.
Klokka 12.30 var det minus 6 grader C og strålande sol. Er ikkje heilt sikker, men trur ikkje sola var bakom hornet i dag.Nils har drive og flytta vekk snøen frå tunet.Den som han tok frå taket i går.Skaper ein del arbeid , den snøen, men fin er han.Lurer på ein liten sparktur i dag også. Strikka ferdig eit vottepar mens eg såg frokost-TV.Har slått meg på tova vottar i år, men så blir det vel mildver før dei kjem i bruk?

onsdag, februar 03, 2010

Vermelding 3.februar 2010

I dag klokka 12.00 er temperaturen minus 9 grader C.Sist natt var det 12-13 minusgrader.
Himmelen er klår og blå som aldri før, og vi har nydelig sol.Ho kjem nok til å vere borte nokre minutt, men det er ikkje noko å snakke om.
Nils driv og tek snø frå taket, mest i ytste enden der det er færrast delevegger.
På bildet har han funne tak i takstigen,så han kan sitte trygt.Det er noko som er litt merkelig: Det er han som mòkar, men eg som får vondt i ryggen.
Det vart ein liten sparktur i dag også.Åleine.

tirsdag, februar 02, 2010

Vermelding 2.februar 2010.


I dag var vi øvst i Storebakken klokka12.00. Det er så høgt opp som ein kan kome her på Vallabøen utan å gå i terreng.Der oppe er det sol heile dagen no, men her hos oss var sola bak Melshornet nokre få minutt i dag også. Veret er aldeles nydelig. Temperaturen er minus 5 grader, men sola varmar godt på huset og det dryp frå isjuklane.Så får ein lest som ein ikkje ser verken støv eller skitne vindu.
Nils har vore ute og grave litt snø frå garasjetaket, etterpå var han med meg og gikk tur.

mandag, februar 01, 2010

Vermelding 1.februar 2010

I dag klokka 12.00 var det minus 2 grader C. Det er overskya, men opplett.

Det har ikkje kome noko særleg meir snø, men Nils har funne det klokast å begynne å fjerne snø frå taka.
Når Ø. er ferdig på jobb, kjem han innover og hjelper til. Nils begynner på øvste sida av taket, der er det kortast veg til bakken, elles vil han ha litt sikring.Han har starta på naboen sitt hus, så kjem vårt i tillegg. 
Her i gata er det ikkje mykje hjelp å få- anten er folk på jobb, eller så er dei pensjonistar og ikkje så spreke. Slik er det vel alle stader.
Eg er dessverre ikkje til mykje hjelp med dette prosjektet, så eg styrer med mitt innomhus.
Klokka 15.00. Nils har fått assistanse på taket.


Klokka 16.15. Well done.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...