lørdag, februar 20, 2010

Bok nr.11- 2010: Midtens rike.En vandring i Kinas historie.

Eg var på biblioteket for å levere tilbake ei bok av Torbjørn Færøvik, ei bok som eg likte veldig godt, då eg heilt tilfeldig fekk auge på ei anna bok av samme forfattar, og lese av den samme skodespelaren. Eg var ikkje sein om å grafse til meg boka.
Den førre boka ar TF var lett og underhaldande, denne er meir seriøs. Kort fortalt handlar den om heile Kinas historie, frå dei eldste tider og fram til i dag.Til å begynne med går det litt fort i svingane, men til meir vi nærmar oss vår tid, til meir detaljert blir fortellinga. Å fortelle så mykje "tungt" stoff på ein så tilgjengelig måte, er litt av ein kunst, og er du aldri så lite historieinteressert, vil du elske denne boka.
Men eg vil åtvare eventuelle lesarar:Det er inga solskinnshistorie.Her er mange sterke scener.
Lydboka er på 9 CD-ar, men er ei forkorta utgåve av papirutgåva.Dessverre.
På bloggen sin har Færøvik kart til dei ulike kapittela i boka, dessverre oppdaga eg det ikkje før eg hadde lese ut boka.Du finn bloggen på linken under.
Les meir om boka -her
Les om forfattaren her

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese ei bok med Kinas historie. Det er interessant! Men kvifor forkorte?

Besta sa...

Det forstod ikkje eg heller, sidan den ikkje vart lenger enn 9 CD-ar.
Ei slik bok kan ein godt lese om att, eg føler at eg ikkje får med meg alt. Men det er no ikkje "leksebok" heller.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...