søndag, oktober 31, 2010

Vermelding 31..oktober 2010

 
Klokka er 14.15. Temperaturen ute er + 9 grader - det er litt vind og regn av og til.Det er etter kvart tydelig at hausten er komen, og no minkar det fort med lauvet på plommetrea. Vi plar køyre over med plenklipparen og samle opp det meste av lauvet.Mange tre står framleis grøne, trur det må kome av den seine våren.
Vi er alt fedige med middagen, sommartida heng visst att i kroppen. Det vart steikt kveite i dag. Det er ikkje ofte eg grin på nasen av mat, men denne retten er ikkje noko for meg. Trur kveita vart frosen litt for tidleg, for den er altfor fast og tørr. Takke meg til sei!
Elles har eg ikkje gjort mykje i dag, men eg sat ei stund og strikka og høyrde preika på radioen. Det var ein kvinnelig prest som tala over teksten om Marta og Maria. Dei fleste av oss vil vel identifisere oss med den travle Marta og eg kan hugse at eg alt i barndommen irriterte meg over Maria.No skal eg ikkje referere heile preika, men prøve å hugse "minneordet" som presten gav oss: "Det er ikkje betre å gjere for mykje enn å gjere for lite"-eller noko i den stilen. Det ho meinte var at alle skulle ta seg tid til stille stunder. Korleis ein brukar desse stundene må vere opp til den einskilde.Det er ikkje lenger fare for at EG gjer for mykje, likevel har ein det i seg at ein skal GJERE noko heile tida.
Posted by Picasa

lørdag, oktober 30, 2010

Vermelding 30.oktober 2010

 
Klokka er no15.30. Utetemperaturen er + 9 grader, og det blæs og regnar litt. Såg ein flik av blå himmel over Nivane (fjella på bildet). Hadde eigentlig tenkt å rydde litt i hagen i dag, men det måtte eg slå frå meg av fleire grunnar.
I dag har Nils og Hassan vore og drege båten på land, så slepp Nils å attelete på den mens vi er vekke. Det er no ei smal sak å få den på sjøen igjen no når han har plass i Rjåneshamna. Hassan er flink å hjelpe Nils, og det er bra.Før kunne eg hjelpe med mykje, det kan eg ikkje no.
Eg har gjort lite og ingen ting, berre høyrt bok og strikka og diverse småting. Var heilt hjelpelaus på grunn av ryggen, men det kjem seg utover dagen.I dag har vi meska oss med pannekaker og steikt flesk, men eg bøtte litt på samvitet med å erstatte halvparten av kveitemjølet med grovt speltmjøl. Pannekakene vart gode dei! Det er sjeldan eg lagar slik mat utan at vi har barnebarn på besøk.
I kveld gler eg meg til danseprogrammet, men eg håper at folk stemmer på dansen og ikkje tek andre omsyn. Det var surt førre veke då to gode par måtte i danse-duell, mens dei to som har vore dårligast lenge , fekk halde fram. I det heile tatt likar eg ikkje slike " publikum-stemmer-program ", det er ein litt sleip måte å betale kostnadane på.
Fekk nettopp meldig frå Margrete som er vel framme i Geiranger med veninnegjengen. Ja, ho hadde til og med fått gått ein liten fjelltur!
Viss nokon av dykk har tenkt å feire Halloween, må de ha lykke til. Vi står over, det held med dei maskene vi har- vi treng ikkje gjere det verre enn det er.
Posted by Picasa

fredag, oktober 29, 2010

Vermelding 29.oktober 2010

 
Klokka er14.45. Temperaturen ute er + 8 - 9 grader C og det regnar.Stort meir er det ikkje å seie om den saken.
Vi har nettopp ete middag. For ei tid sidan laga eg nokre porsjonar med gammaldagse kjøttkaker og fraus. Eg venta å finne att gode og saftige heimelaga kjøttkaker slik som ein fekk i gamle dagar. I staden fann eg nokre som var både små og faste. Eg lurer på om andre er ute for det same, nemlig at kjøttkakene minkar under steiking fordi dei gir ifrå seg væske, anten feitt eller vatn.Kan aldri vite kva dei puttar i maten no for tida. Eg nektar å tru at det er meg det er noko i vegen med, har tross alt ei viss erfaring med å lage kjøttkaker, dessutan brukar eg oppskrift - for sikkerheits skuld. "Men gjort er gjort og spist er spist", som han sa reven.
I dag har eg gjort to ting: vore til frisør og på butikken. Det var herlig å få shina opp håret både på eine og hin måten.Var lei av å ha så mykje hår hengande fram i ansiktet. Har tenkt oss ein tur til Kongsberg neste veke, men må tilbake til den 9.nov. for då er det tannlege igjen.
I kveld er det full pakke på TV-skjermen-så då er programmet lagt.
God helg til alle blogglesarane!
Posted by Picasa

torsdag, oktober 28, 2010

Bok nr. 54 2010: Daisy sisters.

Endelig! har eg klart å høyre gjennom dei 18 kjedelige CD-ane ! Med berre elendigheit, utan særlig mykje å glede seg over verken når det gjeld språk eller innhald. Både Solveig og Margrete har skrive om boka før, og vore minst like negative, likevel måtte eg strete meg til å lese heile historia.Det hadde vore betre å ikkje gjere det.
Bakgrunnen er 40 år svensk arbeidarklassehistorie, med dei problema som arbeid i fabrikkar etc. fører med seg både når det gjeld dårlig løn og elendige arbeidsvilkår. Hovudpersonen i boka, Eivor, er to år yngre enn eg, så vi har levd opp i same tida. Mykje er lett å kjenne att frå tid og miljø, men som personar er vi ikkje mykje like. Både Eivor og somme av veninnene hennar er relativt ressurssterke, likevel endar dei fleste opp med alle dei problema som tenkast kan.Og få av dei greier å gripe tak i sitt eige liv. 
Dette kunne enda gått an om ikkje forfattaren på død og liv må kommentere kvar minste ting som skjer.Og etter ei så langdryg bok hadde eg i alle fall venta meg ein skikkelig slutt. Men nei!
NEI ! Ver glad for at Mankell gikk over til å skrive krim, for sosialrealisme er ikkje hans greie.

Vermelding 28.oktober 2010

 
Klokka er no 12.00. Temperaturen ute er + 8 grader og det er opplett. Nesten all snøen er borte, så no er det håp om å få rydda litt i hagen før vinteren.Nils har drive og rydda på altanen. Sett vekk sommarmøblar etc.Og kasta det som kastast må.
Eg heldt akkurat på å støvsuge då Nils ropte at eg måtte komme og ta bilde av han og Advokatten, adoptivkatten vår.Han blir litt tammare for kva dag, for han set pris på all den gode maten han får. Sjokoladepudding som var ute på dato fekk han i går, og det gikk ned på høgkant ! Elles går det mykje i fisk, sjølvsagt, men også ferdigkjøpte "kuler". Det er ein stor og fin katt !
Vi har tatt opp fiskekaker til middag i dag, og eg fann ein liten slank med rabarbra som eg koka suppe av. Brukar litt ekte sukker og resten kunstig søtstoff. Går ikkje an å sukre slik suppe med berre sukker !
I går kveld vaska eg golv og i dag støvsuger eg, for i morgon har eg bestilt time hos frisør. Det trengst, for å seie det mildt.
Posted by Picasa

onsdag, oktober 27, 2010

Vermelding 27..oktober 2010

Klokka er alt blitt 15.15. Temperaturen er + 14 grader C og sola er litt framme akkurat no. Litt vind er det også, så det virkar som om våren er komen.
I dag hadde vi avtale om å hente ei dame frå Ulsteinvik i Furene. Ho skulle sjå på kjellarleilegheita Ho kom og hadde med seg ei vaksa dotter, sjølv var ho 47 år. Ho blei veldig begeistra for leilegheita med ein gong og ville gjerne ha den viss ho fekk leige den.Døtra skal ikkje bu i lag med henne. Ho jobbar deltid på eit plantesenter i Volda.Det blei bestemt at ho skal flytte inn.Eg bad då no på kaffi så vi blei litt kjende.
Sidan vi skulle bort i Furene likevel, var vi innom Expert, som har opphørssal, og kjøpte oss nytt kjøleskap. Vi hadde sett på skapet før, og no fekk vi 15 % avslag. Det utgjorde litt på eit såpass dyrt skap. Det skapet vi har hatt no, er litt upålitelig, og så begynner det også å pipe, gjerne midt på natta, fordi det ikkje greier å halde temperaturen lav nok. No skal vi ha det som reserveskap i kjellaren.
Dei skal komme med det nye skapet i løpet av dagen, så vi har tømt det gamle, på bildet kan de sjå korleis det ser ut på kjøkkenet akkurat no. Håper dei ikkje ventar til etter stengetid før dei kjem ! 
Av lett forståelige grunnar har vi utsett middagen på ubestemt tid!
Vi vil gratulere Bjørnar på Eid med dagen i dag!
Det nye skapet er levert!

tirsdag, oktober 26, 2010

Vermelding 26..oktober 2010


Klokka er no over halv to, temperaturen er oppe i + 4 grader C og det er litt lettare ute. Ikkje regnar det og ikkje snør det.Men det finst andre problem, for eksempel dataproblem og ryggproblem. Har ikkje vore god i ryggen etter handlerunden i går. Nokon burde lære unge jenter på skobutikkar at gamle damer med vond rygg treng lange skoskeier og diverse hjelp med glidelåsar etc. På grunn av ryggen blir det berre puslearbeid med meg i dag; stryking, stell av blomster etc.
Dataproblem:La inn eit bilde frå Picasa, og fekk ikkje til å skrive attmed slik eg plar gjere. Abonnerte for ei tid sidan på bladet Vi over 60, mest for å få ein MP 3 spelar på kjøpet. I dag fekk eg den, men vil ikkje pakke den ut før Solveig eller andre kyndige personar er i nærleiken. Det følgde med noko tekstil også, lurte på om det var ein refleksvest, men sidan den var attsydd i botnen, er det nok eit handlenett.Kjekt å ha!
I morgon kjem ei dame frå Ulsteinvik og skal sjå på leilegheita i kjellaren. Ho som bur der no har kjøpt seg leilegheit på Ørsta brygge. 
I dag skal vi steike fisk til middag, men i morgon blir det ein kjøtrett.Det er no fastsett ein fiskefri dag midt i veka.
I dag er det mange eg kjenner som fyller år. Først og fremst Rasmus på Kongsberg som blir 46 år.Rasmus i Torvika  fyller 67år, "vår" Rasmus blei fødd på myndigheitsdagen  hans, som den tida var 21 år.
Helene på Skedsmokorset har også fødselsdag i dag og veninna mi;Ragnhild, som ferierer i Spania akkurat no.Håper eg ikkje har gløymt nokon. Vi gratulerer alle varmt og inderlig!


Posted by Picasa

mandag, oktober 25, 2010

Vermelding 25..oktober 2010


Klokka er no 13.15, det er same slapse-veret ute som det har vore, og temperaturen er ca +4 gradet C.
Har hatt trøbbel med datamaskinene i det siste, dei vil ikkje virke heilt som dei skal. Særlig har dette gått ut over bloggen. Brukte litt for lang tid på å prøve å fikse i dag tidlig, så vi kom oss relativt seint nedover. Hadde diverse ærend, blant anna skulle eg undersøke om det framleis var 3 for 2 på skobutikken. Det var der ikkje. Men eg kjøpte meg nye lave støvlettar av merket Gabor, som eg har gode erfaringar med.
Har mykje klede som eg må henge opp ute, mellom anna sengetøy og gardiner, så no skal Nils strekke opp fleire snorer på altanen. Vi har kjøpt snor.I dag hadde eg laga meg handleliste og kom heim med det som stod på den+litt til.I dag skal vi ha salta brosme og lange til middag, langa er min favorittfisk.
I dag fyller bror min 69 år og vi gratulerer han så mykje med dagen. Vi har vage planar om felles 70-årsfeiring neste år. Det er berre 1,5 år mellom oss. Elles er det ei rekke fødselsdagar i siste delen av oktober. I morgon er det to med same namn som fyller år. Her i huset brukar vi å slå saman fleire fødselsdagar, elles blir det for mykje av det gode.Ja, eg meiner kaker og anna god mat.
Ha ein fin dag i Alléen !

søndag, oktober 24, 2010

Vermelding 24.oktober 2010

 
Klokka er no 14.20. Temperaturen ute er+ 2 grader. Akkurat no er det opplett, før i dag har det snøa.
Eg har brukt det meste av føremiddagen til å lage fiskekaker, det blir også middagen i dag. Kan godt ete fiskekaker på sundag når vi fekk lammesteik på laurdag.
Elles er det så vidt eg veit FN-dagen i dag, og innsamling til flyktninghjelpa. Det er trist at det skal vere nødvendig. Hadde det vore fred i verda, hadde det heller ikkje vore flyktningar.
Posted by Picasa

lørdag, oktober 23, 2010

Vermelding 23.oktober 2010



Klokka er el 11, temperaturen + 2 grader C. Det har regna ned i snøen, men borte er han ikkje. Ikkje enno! No held sola på å bryte fram mellom skyene, og då blir det straks betre.
I dag skal vi til Hareid, og då er det skikk og bruk at eg tek med meg noko "godt". Veldig ofte blir det denne desserten, som eg kallar Oddrun- dessert, fordi det var hos ei veninne med det namnet eg smakte den første gong. Om det skulle vere nokon som ikkje har laga denne, kan de få oppskrifta her. Det er verdens enklaste: Ein pakke fløyte(eller helst litt meir), ein pakke vaniljekrem, ein pose marengs+frosne bær. Eg brukar ofte berre rips, men i dag hadde eg 50-50 rips og bringebær. Visp fløyte og legg lagvis i skåla:krem,vaniljekrem, bær, knust marengs osv. Krem og heile marengs på toppen. Heile desserten er laga på 5 minutt og den fell i smak hos dei aller fleste. Dei frosne bæra held alt kaldt, noko som er ein fordel når den skal fraktast. Har laga to porsjonar i dag!
Posted by Picasa

fredag, oktober 22, 2010

Vermelding 22.oktober 2010

 
Klokka er no13.30, det er lettskya og litt sol. Temperaturen er +2-3 grader C og snøen smeltar på vegane.
I dag var vi relativt tidlig ute og for, for vi hadde time hos tannlegen klokka 9.45 og 10.15. Vi har bedt om å bli innkalla samtidig, synest det er greitt. Eg fekk gå først inn, og vart sittande lengst i stolen.Han har to stolar).  Hadde ikkje nye hol, men må reparere ein gammal "skade"-det vil ta både tid og pengar.Men slikt får ein vel finne seg i etter kvart.Neste tannlegetime er 9, november, så no går førjulsvinteren med til tannpleie....
Vi var ferdige før ca10.45, og biblio opnar ikkje før 11.00, så det vart ein tur på Amfi. Der trefte vi borti Gerd og Tor og vart sittande lenge og prate med dei, før vi fekk handla det vi skulle ha.
På biblio fann eg tak i ei bok som eg ønska meg, Saabye Christensen si siste! Margrete var begeistra for den, og eg likar nesten alt som den mannen skriv, så det var full klaff.Til middag i dag blir det å varme opp resten av lapskausen frå i går.
God helg til alle blogglesarane !

 

torsdag, oktober 21, 2010

Vermelding 21.oktober 2010

Klokka er ca 14.15, temperaturen så vidt over 0 grader C, og det snøar trollkjerringar ute. Viss nokon skulle tru at dette bildet er frå i fjor vinter, så er det ikkje det-eg var nettopp ut på altanen og knipsa det.Plommetrea står framleis like grøne under all snøen. Men eg har enno ikkje mist motet, ventar framleis på ein "Indian summer."
Nils er på kommunestyremøte i dag. Dei skulle på diverse synfaringar i Hjørundfjorden; på Øye hotell mellom anna.Dei reiser med båten Rødhette til fleire stader langs fjorden. Det er ein fin tur-i fint ver!
Eg jobbar med diverse husarbeid, er alltid flittig når eg er heime åleine.Eg har lage ei stor panne med lapskaus av diverse restar frå frysaren, så har eg baka seks brød, styrt med klesvask, og no skal eg vaske kjøkken og bad. Skal til tannlegen i morgon f.m. begge to, så då går vel den dagen.Når vi først har kome oss ut, brukar vi å finne på noko.
Laurdag skal heile familien samlast hos Solveig, for studenten er heime frå hovudstaden ein tur.

onsdag, oktober 20, 2010

Den første snøen.

Posted by Picasa

Vermelding 20.oktober 2010

 
Klokka er no 12.30, temperaturen er + 3 grader C og sola skin. Det ville vere feil å seie at eg likar at snøen kjem så tidleg. Mange tre står framleis grøne, rosene blomstrar og det same gjer clematis, vivendel og diverse anna. Men eg kan ikkje nekte for at det er vakkert ute i dag, så lenge det varer. Måtte ta meg ei foto-runde i hagen, då vi kom hem frå Vik. Håper ikkje vinteren er komen for å bli.Det er for tidlig. 
Vi har vore nedover og henta dei nye gardinene, som eg må til å henge opp. Ein jobb eg ikkje er spesielt begeistra for, men håper vi blir nøgde med det ferdige resultatet. Tok ned gamlegardinene før vi for nedover, å no får vi rikelig med sol og lys inn. Skal legge bilde inn på bloggen når dei er på plass.
No er gardinene komne opp, og vi er vel fornøgde. Dei er lyse og lette. Men dei må henge seg til, og det blir kanskje nokre justeringar som må til.Og så er det eit anna "problem" og det er å finne noko til det vesle vinduet som matchar.Kika litt i dag, utan å finne noko som eg fall for.

Ørsta 20.oktober 2010 klokka 1.00

Posted by Picasa

tirsdag, oktober 19, 2010

Vermelding: 19.oktober 2010

Klokka nærmar seg 13.30, og vi skal snart ete middag. Det blir restar frå i går, og det har eg ikkje noko imot.Ute er det overskya, og så langt i dag har det regna, men no er sola nesten framme, rett over Melshornet. Det er snø på alle fjelltoppar, og temperaturen på trappa vår er berre +5 grader C. Men eg håpar og trur at vi får enda nokre fineversdagar før vinteren, slik at vi får rydda i hagen.
I dag har eg vaska ferdig resten av veggene på stova. Å vaske vegger er no ein grei sak, men så er det alt som skal ned og opp att, fram og tilbake. Då eg hadde fått det meste på plass og heldt på å støvsuge, ringde dei frå butikken og fortalde at gardinene var ferdige til avhenting. Synest det har gått raskt. Men vi kjem ikkje til å hente dei før i morgon. Hadde i grunnen tenkt å rense teppet også før vi fekk dei på plass, men no trur eg det får bero.
Torsdag skal Nils på kommunestyremøte, han er 4. vara, eller noko slikt, men må møte både titt og ofte. Då går heile dagen med for hans del.

mandag, oktober 18, 2010

Vermelding 18.oktober 2010

Klokka nærmar seg 14.00. Ute er det overskya, grått og regn.Temperaturen er ca +9 grader C.Det ser ut til at veret skifter meir og mindre frå dag til dag. I dag har det vore eit labert arbeidstempo her i huset. Eg kjenner at veret virkar på kroppen, og så ventar vi Margrete og ungane til middag. Det er Nils som står for matlaginga i dag, eg berre hjelper til litt. Det er kjekt å få besøk, særlig på slike grå dagar. Berre synd at Eirik er opptatt med fotball om mandagane.
Får stadige oppdateringar frå Rasmus. Han driv om monterer ny kjøkkeninnreiing. Må vel ha oss ein tur nedover og sjå på herligheita når han er heilt ferdig.
                                       Skumle middagsgjestar:


Sidan den store høgtida Halloween nærmar seg, hadde gjestane vore på shopping før dei kom hit.
Ikkje kjekt å møte på slike skumle folk ein mørk haustakveld.

søndag, oktober 17, 2010

Vermelding 17.oktober 2010

 
Klokka er no ca 15.00. Temperaturen er + 11 grader C; det er skya, men opphaldsver. Denne søndagen har eg vore på kjøkkenet nesten heile føremiddagen. Eg har laga ca 80 store seikaker og steikt kveite til middag i dag. Det var sjølvsagt godt, sjølv om kveite ikkje er MIN yndlingsfisk. Serverte kveita med rårivne gulrøter og remuladesaus. No synest eg at eg fortener ein pause med lydbok på øyret. Det blir Mankell i dag, men ikkje krim.
Posted by Picasa

lørdag, oktober 16, 2010

Bok nr.53 2010 : Potensgiverne.

 
Det har vore mykje skryt av denne romanen på GOD BOK på Face Book. Den skulle vere SÅ morsom.Dermed får ein skyhøge forventningar og kan ikkje unngå å bli skuffa. Visst er den morsom, men på ein litt "gammaldags" måte. Sidan det handlar om to gamle damer, mellom 70 og 80, er eg kanskje litt hårsår? På ein eller annan måte minner damene meg om Anne Cath Vestly i rolla som MORMOR.Gamle damer er berre ikkje slik.Men boka har ein artig og underfundig humor, det skal ho ha.

Vermelding 16.oktober 2010

 
No er klokka nærmare halv to. Ute regnar det, det er snø på dei høgste fjelltoppane og temperaturen på trappa vår er + 6 grader. I går hadde vi ein slik nydelig dag, og energien var deretter, i dag vart stemninga litt meir daff. Vi hadde eit ærend på apoteket, så det blei ein tur på Amfi. Tok oss også ein tur i gågata, men der var det lite liv.Vi fann ut at vi like godt kunne fare heim og slappe av litt.
Nils er no i gang med å filetere sei, for i morgon skal vi lage fiskekaker.I dag har eg ikkje tenkt å gjere så mykje.
Når vi køyrer ut Starevegen, kjem vi til Storebakken, der driv dei og bygger eit nytt hus. På grunn av ein minimal fonnfare, må dei støype betongmur på oppsida av huset. Resten skal byggast i Lecca og noko treverk. Det er ein kollega av Øystein som bygger seg hus der, han er gift med ein av mine tidlegare elevar. Det er eigentlig ikkje lov å køyre inn Starevegen frå denne kanten, men av og til gjer vi det for å få med oss kva som skjer på byggeplassen.Det skal bli spennande å sjå det ferdige resultatet.


Posted by Picasa

fredag, oktober 15, 2010

Vermelding 15.oktober 2010

Klokka er no snart 16.00. Det er strålande sol og +6 grader i skuggen bak huset. Sola varmar godt opp inne no når ho står lågt og skin gjennom vindua.
Sist natt fraus blomkarsen i beddet ved garasjen. Litt synd for dei begynte blomstringa seint i år. Heldigvis fraus ikkje pelargoniane som stod på trappa.Må vel til å ta dei inn om natta?
Nils sette ut liner i går og drog dei i dag. Han fekk ei lita kveite og ein del sei.Småseien går til naboar og til middag til oss sjølve.Den blir ikkje lagra i frysaren.
Mens Nils var på sjøen gjorde eg diverse husarbeid, mellom anna vaska eg ein vegg til på stova. Hadde ikkje såpe til meir, så eg måtte gi meg med det.
Margrete har køyrt på sommardekk til no, men i dag kom ho hit så faren fekk lagt på vinterhjula.Det kan vere glatt på vegane tidleg om morgonane.Nils vaska sommardekka før han sette dei vekk.
Og så fekk vi hyggelig besøk av Bodil og Svein som var ein tur på desse kantar.

torsdag, oktober 14, 2010

Vermelding 14.oktober 2010


No nærmar klokka seg halv tre. Då vi vakna i dag, hadde alle fjelltoppane fått melisdryss og noko ligg att enno.Elles er det typisk bygever, best som sola skin, så styrtregnar det igjen. Temperaturen er 6-7 grader C.
No driv Nils og egner liner, han har tenkt å sette dei ut i kveld. Før middag var han heime, og det benytta eg meg av. Eg fekk han til å hjelpe meg med flytting av tunge møblar etc. så eg fekk vaska to vegger i stova. Resten av vaskinga greier eg utan hjelp, men det får bli ein annan dag.Vi har ikkje, som så mange andre, mala det trekvite panelet på veggene, er i grunn fornøgde med å ha det slik som no.
Mange spør korleis vi greier å halde panelen så lys, og det skal eg avsløre no. Eg vaskar veggene nesten kvart år med Faxe-såpe. No finst det mange sortar Faxe, også bleikane lut, som gir eit gråaktig skjær, men såpa eg brukar er ganske "naturlig". Eg blandar nedi litt grønsåpe for feittet og lukta sin del. Eg bløyter veggene godt (brukar mopp for det meste) og vaskar over fleire gonger, men det er viktig å ikkje gni for mykje. Veggene er ikkje skitne, men vatnet blir heilt mørkebrunt av fargen som vi vaskar bort.Pussa vindua også i dag, så alt er klart til å ta imot dei nye gardinene når dei blir ferdige.
Eg er så glad når eg er såpass bra at eg kan gjere nytte for meg.
No har vi nettopp ete middag, og  i dag var menyen steikt kolkjeft (lysing) med løk,paprika og og  sukkererter + gulrot og potet. Vi forstår ikkje kva vi skulle ha hatt til middag om vi ikkje hadde hatt fisk.
I dag er det for øvrig Vinterdag, også kalla flyttedag i gammal tid. Tenestefolk måtte alltid binde seg for eit halvår om gongen, for sommar- eller vinterhalvåret. Flyttedagane var såleis 14.april og 14.oktober.

onsdag, oktober 13, 2010

Vermelding 13.oktober 2010

Klokka er no a 14.45. Temperaturen er + 7 grader C og det regnar. Ikkje sånt skikkelig regn med vind og blest som eg likar, berre sånt stilt og vått med skodde i fjella. Føler sterkt at hausten er komen, men plommetrea er grøne og fine og har knapt mist eit blad.
I dag følte vi for å slynge litt, eg var ikkje så gira på storarbeid etter gårsdagens krafttak, og vi måtte ut og sjå folk. Det blei ein tur på Amfi og på Europris, der vi dreiv med det som mamma brukte å kalle "klatting". Dvs. at ein kjøper diverse småting som ein eigentlig ikkje treng så veldig. Det er vel noko liknande som shopping.
No har vi ete middag, i dag vart det Pasta carbonara, med saus frå Knorr. Heilt greitt.
No skal eg ha meg pause med siste resten av Min kamp. Neste bok som ventar er Potensgiverne som skal vere veldig morsom. Får mange gode boktips på GOD BOK på Face Book.
Elles vil eg anbefale Erdalen gard, som er både på FB og på blogg. Det er ein såkalla besøksgard lengst opp i Erdalen i Barstadvik. Nils og eg var der for 2-3 veker sidan.

tirsdag, oktober 12, 2010

Bok nr.52 2010 : Min kamp 3

Dette er 3.boka i serien om livet til Knausgård.Den handlar om barndommen hans, og er den hittil beste av bøkene etter mi, og mange andre, si meining.
Karl Ove er fødd samme året som Margrete og såleis på alder med mine eigne barn. Det gjer at eg hugsar att mykje av korleis det var den tida. Eg tenkjer då på slike ting som klede, musikk, TV, bøker etc.
Knausgård vaks opp i det som kunne sjå ut som ein vanlig middelklasseheim, men med ein far som var svært kontrollerande, for å seie det mildt.Skal ein uttrykke det meir eksakt dreiv han regelrett mishandling av dei to gutane sine, både fysisk og ikkje minst psykisk. Eigentlig var det kanskje denne boka ein skulle ha lese først, for her startar han med fødselen og skriv kronologisk om barndommen sin. Men det er meir spennande slik han har gjort det,nemlig å skrive om livet sitt på ein retrospektiv måte med kommentarar frå notida.
Eg har likt alle Min kamp-bøkene og vil  anbefale dei til andre. Les gjerne lydbokutgåva, for her er det ikkje vanskelig å henge med.Og opplesaren er flink.
Det som er veldig spesielt for meg når eg les denne boka, er at det dukkar opp så mange minne frå min eigen barndom, om det som hende både av vondt og godt.Likeins hugsar eg hendingar frå då borna våre vaks opp og dei urettar ein sjølve kan ha vore skuldige i.
Noko eg lurer på er kvifor han vel å skrive i eit sånt arkaisk språk, nærmare riksmål enn bokmål til tider. Med stor bruk av passiv og innskotne setningar. (Are Kalvø har laga ein parodi som eg las på nettet ein dag).Viss eg treffer Karl Ove får eg spørje han.
Knausgård har vore nominert og har fått mange prisar for bøkene sine.Noko  eg ikkje visste før i dag, var at broren, Yngve, har laga bilda på bokomslaga.
Som de veit har det vore mykje bråk omkring desse bøkene, og mange vegrar seg for å lese dei på grunn av alt som har vore skrive om dei. Eg bestemte meg for å lese ei av bøkene for å gjere meg opp ei meining sjølv. Etter tre bøker er eg meir begeistra enn nokon gong.
Dette er ikkje ei bokmelding, men lausrivne tankar som er noterer ned mens eg har boka i friskt minne.

Vermelding 12.august 2010

 
Klokka er no ca 13.45, og vi er ferdige med middagen. I dag vart det tidlig middag med fiskekaker frå frysaren. Lettvint. Ute er det nokså skya, dessutan har det regna litt, det hadde det gjort sist natt også. Eg hadde både madrassa mi og anna sengetøy ute på altanen. Ja,ja, verre ting har skjedd i verda.No har eg hengt det til tørk. Temperaturen er + 9 grader, får vere glade så lenge vi slepp frost og kulde.
I dag har eg vore skikkelig flink, synest eg sjølv. Eg har endelig fått vaska ned kjøkkenet, tak vegger bord og benker. Og denne gongen har eg gjort det skikkelig, ikkje berre sveipa over med moppen. Alt vel og bra så langt, men eg veit omtrent korleis eg vil føle det utover kvelden. Men gjort er gjort, og så langt er eg berre glad for det.
Nils har vore ute og planta  blomsterløkane som vi tok opp sist vår; vi prøvde å få vekk alle løkar frå rosebeddet, for det er slikt rot med løkblomstrane etter dei er avblomstra. Reknar no med at det dukkar opp eitt og anna likevel. No skal eg ha meg ei stille stund med Karl Ove.
Posted by Picasa

mandag, oktober 11, 2010

Vermelding 11.oktober 2010

 
Klokka er snart 15.00. Temperaturen ca + 9 grader C og det er fint, lettskya ver ute. Sola er framme lange stunder om gongen.
I dag har eg fått gjort litt i huset.Har mellom anna baka brød og vaska vindu. Sidan Nils og eg haddde problem med å bestemme oss for om vi skulle ha gardinene, søkte eg hjelp hos ei veninne som stakk innom som snarast. Ho syntest gardinene var kjempefine og ho meinte vi skulle kjøpe seks lengder. Det samme meinte eg i grunnen sjølv også. Så no skal eg bestille dei ferdig sydde.
Hos samme veninna fekk vi 3,5 kilo Victoria-plommer som vi har sylta i dag.
Middag har vi ikkje hatt enno, måtte smake det nybakte speltbrødet til lunsj. Brødet var godt,det, men det bør det også vere til den prisen.Nesten 40 kr for mjøl til to små brød.
Posted by Picasa

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...