torsdag, oktober 14, 2010

Vermelding 14.oktober 2010


No nærmar klokka seg halv tre. Då vi vakna i dag, hadde alle fjelltoppane fått melisdryss og noko ligg att enno.Elles er det typisk bygever, best som sola skin, så styrtregnar det igjen. Temperaturen er 6-7 grader C.
No driv Nils og egner liner, han har tenkt å sette dei ut i kveld. Før middag var han heime, og det benytta eg meg av. Eg fekk han til å hjelpe meg med flytting av tunge møblar etc. så eg fekk vaska to vegger i stova. Resten av vaskinga greier eg utan hjelp, men det får bli ein annan dag.Vi har ikkje, som så mange andre, mala det trekvite panelet på veggene, er i grunn fornøgde med å ha det slik som no.
Mange spør korleis vi greier å halde panelen så lys, og det skal eg avsløre no. Eg vaskar veggene nesten kvart år med Faxe-såpe. No finst det mange sortar Faxe, også bleikane lut, som gir eit gråaktig skjær, men såpa eg brukar er ganske "naturlig". Eg blandar nedi litt grønsåpe for feittet og lukta sin del. Eg bløyter veggene godt (brukar mopp for det meste) og vaskar over fleire gonger, men det er viktig å ikkje gni for mykje. Veggene er ikkje skitne, men vatnet blir heilt mørkebrunt av fargen som vi vaskar bort.Pussa vindua også i dag, så alt er klart til å ta imot dei nye gardinene når dei blir ferdige.
Eg er så glad når eg er såpass bra at eg kan gjere nytte for meg.
No har vi nettopp ete middag, og  i dag var menyen steikt kolkjeft (lysing) med løk,paprika og og  sukkererter + gulrot og potet. Vi forstår ikkje kva vi skulle ha hatt til middag om vi ikkje hadde hatt fisk.
I dag er det for øvrig Vinterdag, også kalla flyttedag i gammal tid. Tenestefolk måtte alltid binde seg for eit halvår om gongen, for sommar- eller vinterhalvåret. Flyttedagane var såleis 14.april og 14.oktober.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt at du har arbeidslyst og er i form til å gjere litt. Du minte meg på bursdagen til ei skulevenninne som bur på Bømlo, då du skreiv at det var første vinterdagen. Takk for det, skal sende henne ein mail. Vi har ikkje sett noko til snøen endå, brukbart ver i dag.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...