søndag, mars 31, 2019

Dagbok 2019: 31.mars.









Klokka er no 19.20, sommartid. Temperaturen er + 3 grader og markane er kvite. Under snøen stå krokusen -eller kanskje han ligg rett ut. Det same skjedde i fjor. Ikkje mykje å gjere med det.
Sist natt vakna eg opp og verkte over heile kroppen, eg måtte sjå ut på vêret- og det var som eg trudde; skikkeleg giktvêr.
I dag har eg feira fødselsdagen min på etterskot i lag med dei familiemedlemmene som er i nærleiken. Serveringa var enkel, brennsnut/betasuppe til hovudrett og  etterpå gammeldagse dessertar som fruktcocktail og gelé. Gamle folk serverer gammeldags mat, seier eg.
Eg fekk mange fine gåver, og Solveig kom med garn og mønster til enda ei kofte. Men eg hadde ikkje tenkt å strikke så mykje no framover, så den får ligge på vent. Begge jentene hadde med seg blomster som skal stå på trappa; Margrete kom med påskeliljer, Solveig med tulipanar. Vi var 9 til bords til middag, men Einar måtte fare før dei andre, så han fekk ikkje delta i kake-orgien.
Det blir alltid for mykje kaker, men vi prøvde å dele på restane. Slik er det alltid.
No har eg tømt ei oppvaskmaskin og sett på ei til. Måtte også vaske opp ein del for hand, men no er huset delvis i orden igjen og eg kan sette meg ned å sjå TV eller strikke.
I morgon skal eg på kino på dagtid; endeleg skal eg få sjå "Ut å stjæle hester"; onsdag er det spanskkurs, og meir veit eg ikkje om denne veka.
I dag er det siste dagen i mars og Audny på Eid har fødselsdag. Vi gratulerer.

Amanda hadde med seg oppgåva som ho hadde skrive om oldemors si, mi mor, og eg fekk eit eksemplar. Det er artig å følgje med korleis dei jobbar i skulen no, heilt annleis enn då eg gjekk på gymnas. Amanda er russ i år, og i morgon reiser ho i lag med klassen til London på skuletur.

Beklager at det er så stygg bakgrunn for dei fine blomstrane. Desse bossdunkane er inga pryd, og skulle ikkje stått ved inngangsdøra, men det er fristande å la dei stå der vinters dag, så slepp ein å kle på seg for å gå ut med bosset.

lørdag, mars 30, 2019

Dagbok 2019: 30. mars

Mens eg sat og skreiv gjekk det over frå regn til snø


Klokka er 17.30, i morgon på denne tid er den 18.30 viss vi har hugsa på å stille om til sommartid - det er eit styr med alle klokkene som skal stillast !
Ute regnar det så smått - som vanleg. Eg har nettopp vore ein liten tur på butikken. Eg mangla noko til morgondagen og ville ta ein tur litt seint på dag når det ikkje var så mykje folk. Eg forrekna meg aldeles, eller så har alle tenkt som eg. Eg køyrde meg inn på ein stappfull parkeringsplass, men greidde å rygge ut at; så måtte eg sette bilen på fortauet, og rygge ned att derifrå. Ja, eg gjer det ikkje enkelt for meg sjølv, men det går bra !
Det første eg gjer laurdags morgonen etter at eg har ete og bladd gjennom avisa, er å starte på laurdags-sudokuen. I dag plundra eg litt før eg fekk den til. 
Så kunne eg begynne på dagens arbeid, som bestod i å lage ferdig eit par kaker og elles rydde litt i huset. Hadde god tid til både å vere på data og strikke litt innimellom. No ser eg fram til at familien skal samlast her i morgon. Ja, vi er ikkje så mange som vi kunne vere før då barna var yngre og budde heime. 
Det var litt artig no, mange i familien kom i diverse aviser på samme tid. Erlend hadde vore med i musikal på Folkestad, Margrete er ofte i avisa som politikar, eg kom i Møre-Nytt i lag med spanskane, Einar var i avisa som ny fotballtrenar på Hareid, og Olaug jr. vann førstepremie på "Fitness" i Sandefjord.
Eg fekk melding frå Marit Aklestad i dag, og ho kunne fortelle at Audun Lysbakken hadde nemnt Nils i ei minnetale. Eg synest det var fint.
Det går mot slutten med genseren min og eg har ikkje peiling på om den kjem til å vere passeleg stor, eg trur den blir stor NOK, for å seie det slik. Blir vel ein del strikking i kveld framfor TV-en.
Her er "Spansk-gjengen"

fredag, mars 29, 2019

Dagbok 2019: 29.mars

Klokka er 18.20, temperaturen er + 5 grader, og i dag har det regna voldsomt og samanhengande om lag til no. Golvteppa mine ligg ute under tak, sidan det ikkje har vore råd å riste dei før no-eller kanskje ikkje no heller.
Det er greitt å ha eit program for dagen, då blir det kanskje gjort litt. I dag skulle eg altså vaske golv etc. og det blei gjort.
Det kunne vere freistande å sette seg ned å strikke etterpå, men det gjekk ikkje, for eg hadde ikkje garn. Ergo var rådyra gode, så eg bestemte meg for ein liten bytur. Som vanleg sette eg bilen frå meg ved Spar og gjekk ned til Amfi og handla garn på -nille. Eg veit ikkje kor mykje eg treng av kvar farge så eg har kjøpt etter kvart. Etterpå kjøpte eg diverse matvarer på Spar, det var ymse ting eg ikkje fekk tak i på Kiwi då eg handla der sist onsdag. Eg er blitt veldig glad i bilen min, og snakkar varmt om automatgir-det er faktisk veldig bra. Han som var lærar på kurset 65+ sa rett ut at ein skulle ikkje hatt anna.
Eg har vore ein del på data og "snakka" med folk på Messenger, det er veldig kjekt. Eg er ikkje så glad i SMS fordi eg berre har ein enkel mobiltelefon. Eg har hatt min daglege "spansktime", og så laga eg meg mat og kaffi. Etterpå sette eg meg til med strikketøy- og "Hillevågsgjengen" på øyra, noko som resulterte i at eg sovna ei lita stund. Det gjer ingen ting for eg skal ikkje gjere så mykje meir i dag. Det er alltid mykje å sjå på TV fredagskveldane.
No ser eg fram til at vi skal få sommartid, så laurdagskvelden må vi legge oss tidleg!!
Eg lurer på om knea mine blir betre om vêret vert tørrare, sidan det jo er ei form for gikt eg har. Artrose er vel det same som slitasjegikt. Slik det no er haltar eg på begge føtene, og har problem med å gå noko særleg langt. Før det første kneet rauk i februar i fjor var eg veldig sprek og gjekk både fort og mykje. Det straffa seg.
No vil eg ønske alle som er innom bloggen ei fin helg. Eg gleder meg til søndag, då kjem alle i storfamilien som kan kome. 
Det blir vel nokre rundar på genseren i kveld også, det er mange masker, men minkar litt etter kvart når eg feller raglan.

torsdag, mars 28, 2019

Dagbok 2019: 28.mars


Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er + 10 grader og det blæs. Det var tørt på trappa no, men eg trur det har regna litt før i dag. Eg har som vanleg vore mest inne.
Blomsteroppsatsen på bildet er frå Mimi og Rolf, rørande at dei husar på meg i dag.
Eg hadde sett for meg at det skulle vere fredag i dag og då skulle eg vaske. Men så var det berre torsdag så det var ikkje noko som hasta. Hadde litt mat å gjere i stand, og så laga eg ei vaffelrøre med den mislykka eggekremen i, og dei vaflane vart gode. Eg åt av dei til lunsj og så sende eg melding til Marit og ho kom over gata til vaflar og kaffi. Vi kosar oss alltid i lag.
Det er fleire som har ringt til meg i dag, mellom andre Olaug Orten Trovåg og Ellen Marie. Sistnemnde og eg hadde ein lang prat, sjølv om vi prata for mindre enn ei veke sidan.
Så har eg sjølvsagt strikka og lese spansk, det gjer eg kvar dag- "cada dia". Eg får aldri til å kjede meg.
Med Marit fekk eg gåvekort til kinoen i gåve. Komande måndag kl.13.15 set dei opp att "Ut å stæle hester"  som dagkino, for dei som ikkje fekk sjå den då den gjekk for fullt -og dit skal Marit og eg. Onsdag er det spanskkurs for nest siste gong denne våren.
Vi driv og forhandlar med fysioterapeuten om at eg skal få komme på samme tid som Marit, det hadde vore praktisk for oss når det gjeld køyring - anten ho eller eg kan køyre etter som det passar. Det er ein veldig fridom å ha bil, særleg når føtene ikkje er heilt oppe og står.
Det har ikkje vore noko "feiring" av dagen i dag, men sundag kjem alle i familien som har høve til det. No er det ikkje så mykje å feire at ein fyller 79, men eg får seie som mamma sa då ho var gammal: "Frå no av vil eg feire alle geburstdagar" !

onsdag, mars 27, 2019

Dagbok 2019: 27.mars

Klokka er snart 17.00; eg fór heimanfrå ca. 10.30 og er nettopp komen heim att. Først var eg på spanskkurs og etterpå var Ragnhild og eg til Volda, der vi shoppa litt og gjekk på kafé. Ragnhild hadde laga fint kort, og inni var det blomstersjekkar frå henne og Tone. Vi hamna også i dag på Café Geiranger, og så var vi ein tur på Spinneriet der vi trefte på Margrete. Eg var innom Ingrid og kjøpte lestegarn, for når eg er ferdig med den genseren eg held på med no, skal eg strikke lestar igjen. Kan ikkje fortsette med å sitte pal i strikkestilling.
Ragnhild henta meg på Bakk-Ola og sette meg av der, for der hadde eg bilen min. Eg skulle handle på Kiwi på heimvegen, men så fann eg ikkje handlelista, så eg må vel supplere litt på laurdag.
I dag hadde eg på meg den blå Tiril-genseren min, men eg blei altfor varm- og då eg skulle sjekke temperaturen på trappa, stod termometeret på + 10 grader, så no er det håp om at våren skal kome. 
I dag skulle det vere nest siste gongen på "spansken"-men så fann vi ut at vi kunne rekke to timar til før påske. I dag var det ein journalist frå Møre-Nytt og tok bilde av oss og intervjua Eli. Vi er blitt ein kjempefin gjeng, og ingen er redd for å gjere feil-vi tek alt med godt humør. Eg veit ikkje kva bakgrunn alle har, men mistenker at det er ein del pensjonerte lærarar.
For å bevise at eg har lært LITT skriv eg resten på spansk: Manãna yo tengo setenta y nueve años.

tirsdag, mars 26, 2019

Dagbok 2019: 26,mars

Klokka er 17.10, temperaturen er + 4 grader, eg har inntrykk av at termometeret har stopp der-for godt. Dagen er grå og regnfull. Det kjem snø langt nedetter fjellsidene. Godt vêr å vere inne i. 
I dag hadde eg tenkt å vere ei flink husmor som baka og vaska klede blant anna, og det har eg for så vidt gjort.
Starta dagen med å lage bolledeig. Hadde berre tørrgjær i hus, så bollane vart ikkje så lette og luftige som dei kunne ha vore.
Mens eg stod og trilla på bollar ringde det på døra og ei av naboane kom på besøk. Det var veldig kjekt. Eg har sagt det til henne at ho må ta med seg strikketøy og komme ned og prate, og det var det ho gjorde. Så strikka og prata vi, og innimellom passa eg bollane mine. Vi skal ha familietreff her på søndag, det er derfor eg bakar.
 Då ho hadde gått opp til seg sjølv laga eg ein kakebotn og vaska opp og rydda. No har eg jobba litt med spansken for i morgon er det kurs, nest siste kursdagen denne sesongen, men eg håper på nytt kurs til hausten. Det er kjekt å lære noko heilt nytt og truleg ganske unyttig.
Etter kurset i morgon blir eg plukka opp av ei venninne og så skal vi til Volda for å shoppe og gå på kafé. Det skjer noko kjekt nesten kvar einaste dag.
Eg driv og vaskar klede i dag, dvs. maskina vaskar, trommelen tørkar og eg brettar i hop kleda.
Eg ser veldig fram til at dagane skal bli varmare og tørrare, så eg får vere ute og jobbe i hagen, det har ikkje vore mykje uteliv siste halvåret.
No skal eg strikke litt til, mens eg pratar høgt med meg sjølv på spansk.

mandag, mars 25, 2019

Dagbok 2019: 25.mars

Klokka er 19.30, temperaturen +4 grader C og det er overskya og regn.
Slik var det ikkje då eg stod opp i dag, då skein sola, og himmelen var blå. Sola skein inn i glaskarmane så eg flytta vekk orkideane, det har ikkje vore mange dagar hittil i år at eg det har gjort.
Etter frokost vaska eg håret og kledde meg skikkeleg.
Eg hadde time hos legen kl. 11.40, men ville vere ute i god tid, sidan eg ikkje heilt visste kvar eg skulle parkere-blant anna. Elles er eg alltid ute i god tid, for eg likar ikkje stress. Eg sette meg innpå venterommet og der blei eg sittande, heldigvis trefte eg folk eg kjende, såpass eg hadde nokon å prate med. Det varte og det rakk, og då eg hadde venta nesten ein time over tida gjekk eg ut i luka og spurde om dei hadde gløymt meg. Men då kom legen og ropte meg opp. Veldig kjekk ,ung lege. Det virka som om han kjende meg så eg lurte på om eg hadde hatt han som elev(Ja, ikkje i klassen min, dei kjenner eg -på namn om ikkje anna). Men han hadde gått på Vikemarka- men far hans, som var ca. 60 hadde gått på Velle. No er ikkje mine elevar fullt så gamle, men dei er nok i 60-åra dei som var i dei øvste klassane då eg begynte på Velle.
Eg bad om at han måtte forklare epikrisen eg hadde fått frå røntgen og CT. Det var ikkje så dramatisk, men om lag som eg trudde; artrose og cyster som følgjer med. Det var ikkje så mykje å gjere med det, for så lenge ein ikkje verker om natta så ein ikkje får sove, plar dei ikkje operere. No har eg ikkje så vondt verken dag eller natt, men kan ikkje gå ubegrensa.  Han anbefalte å gå til fysioterapeut og få eit treningsopplegg der.
Trude Tonning tok mange blodprøver sist eg var hos henne- og alle prøvane var heilt fine. Ho lurte på om eg hadde fått skade på nyrene av tablettane eg hadde tatt. Det hadde eg ikkje.
Før eg køyrde heim att var eg innom biblio og lånte "Skada gods " av Tore Renberg. Eg har lese dei to første bøkene i serien, og hadde i grunnen ikkje tenkt å lese den tredje, men Margrete sa at den var bra. No har eg rippa den, så er det berre å legge den inn på MP 3-en.
Eg laga meg middag i dag også; i dag vart det kyllinggryte med ris, og det blir det sikkert i morgon også. Eg skulle slappe av i godstolen etter middag, og då sovna eg med strikketøyet i hendene. Ei lita stund etter ringde Ragnhild og vi avtalte å fare til Volda på kafé blant anna på onsdag etter at eg er ferdig med spanskkurset.
I dag kunne eg ha vore med Marit på strikkekino, men eg takka nei, skulle prøve å få gjort noko her heime. Eg hadde tenkt å bytte på senga, lufte sengetøy og vaske golvet på soverommet. Men i mellomtid var det blitt vêrbyte og regnet piska mot ruta. Men eg fekk i alle fall sett på vaskemaskina.Somme dagar går som ein røyk-andre ikkje.
Det blir til at eg set for mykje og strikkar, ser TV og høyrer radio. Så når eg er ferdig med genseren eg no held på med, går eg over til lestestrikk igjen

søndag, mars 24, 2019

Dagbok 2019: 24.mars

Klokka er berre 16.10, så det er kanskje litt tidleg å oppsummere dagen, men det plar ikkje skje så mykje om søndagane. Ute er det overskya og vått, det har sludda innimellom og temperaturen står på + 4 grader. Det er nysnø i skogen og våren let vente på seg.
Sundagane har eg ikkje noko program derfor la eg opp til bakedag i dag. Eg laga først ein sjokoladekakebunn og det gjekk greitt.  Så ville eg lage ei success-terte, ei kake eg alltid har success med. Botnen består av eggekvite, melis og malte mandlar. Men i dag vart deigen heit tjukk og tung-ikkje slik han skulle vere. Eg ante uråd og sjekka melisbokse, og det var som eg frykta- eg hadde tatt potetmjøl i staden. Eg plar alltid sjekke loket, for eg skriv kva som er i boksen-og der stod det potetmjøl. Sidan boksen stod framme rekna eg med at eg hadde sjekka før. Ja, eg steikte no leivane, og skal alltids finne noko å bruke dei til.- Men så kunne eg i alle fall redde eggekremen, slik at eg kunne bruke den. Jadda, plata på fullt, eggekremen i botnen og så sprakk den. Eg har laga slik krem tusen gonger...… og handla mot betre vitande. Men eg har tenkt ut kva eg skal bruke den til!!!
Så fekk eg endeleg gjere det eg hadde lyst til, nemleg å strikke, det likar eg mykje betre, og no eg eg langt på veg på 5.genseren i år. Eg hadde på TV og såg på skipsforliset-eller nestenforliset. Til all lykke gjekk det ikkje så gale som det kunne ha gjort. Eg må seie at eg stussar litt over at dei reiste med eit cruiseskip ut på Hustadvika når det var meldt storm. Ein annan ting eg var sjokka over var dei lause møblane som fauk rundt. Ja, det er vel mange som er etterpåkloke i dag.
Til middag i dag fann eg fram ein pakke med tre kyllingstykke og steikte alle tre, så har eg mat i tre dagar.
Og så tok eg meg på tak og vaska" rundt " på kjøkkenet, så no er alle spor etter den mislykka bakinga sletta.
I morgon skal eg til legen ca. 11.30 for å høyre kva dei kan gjere med knea mine. Eg er nesten bra etter "fallet" men har ei stor skurve på overleppa. Får håpe den dett av -av seg sjølv. Eg kan ikkje røre den for då begynner eg å blø.
Eg har strikka begge ermane på genseren min og brotet på bolen, så i kveld blir det å strikke rundt og rundt.

lørdag, mars 23, 2019

Dagbok 2019: 23. mars

Klokka er 18.00, temperaturen ute er+ 4 grader C. Om vêret i dag er det mykje å seie, kort sagt har det vore vekslande. Vi har hatt litt snø, mykje hagl og antydning av regn. Torevêr har det også vore og mykje vind. Som toppen på alt kom sola fram ei lita stund såpass eg fekk tatt eit par bilde ute på trappa. No er det visst litt stille før stormen.
Det vart ikkje til at eg for til Volda på konsert i dag. Ikkje berre hadde eg sår på leppa, håret såg ut som eit skjorareir også. Sjølvsagt kunne eg ha fare, men eg hadde ikkje tiltak til å shine meg opp. I staden tok eg bilen min og køyrde ned til Spar, der eg parkerte og gjekk ned på Amfi for å kjøpe garn og plaster. Strikking er det einaste eg kjem i gang med, dei andre jobbane står på vent. Akkurat no er det opplett og relativt vindstille ute, men det er meldt sterk vind til natta. No synest eg vi fortener litt finevêr. Eg ser at dei blå sibirstjernene er på veg opp så no må sola kome.
Eg hadde kjøpt ein ny farge til genseren-nemleg grått- så eg sette meg til å strikke så snart eg var heime.
Til middag vart det salat med fetaost i olje til, det er slikt som eg likar. Til kaffi kom Marit over vegen og vi fekk prate litt, og så blir det vel strikketøy og TV i kveld også, som dei fleste kveldar. Det er heilt i orden for meg. Eg kjeder meg aldri!


 I dag er det barnebarnet Ingeborg som fyller år. Heile 26 år er det blitt sidan Margrete blei mamma for første gong. Ingeborg held til i Oslo det ho studerer på Menighetsfakultetet. Ho bur i kollektiv i lag med andre jenter og trivst i byen. Dei har nyss vore til Irland ein tur og feira St. Patrick`s day der.

Gratulerer med dagen, kjære Ingeborg!

fredag, mars 22, 2019

Dagbok 2019: 22.mars

Klokka er snart halv seks, temperaturen er +10  grader; før i dag bles det, og no regnar det litt også, og vinden har spakna. Til alt hell er snøen borte
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag, anna enn at eg vaska golv. Eg har litt vondt i høgre armen og -sida når eg skal jobbe,  når eg er i ro har eg ikkje vondt. Eg har sete og strikka litt, men skulle ha vore ned og kjøpt meir garn. Eg fann ut at eg ville ha ein farge  i tillegg til dei eg har. Men eg føler meg så lite pen at eg har ikkje lyst å vise meg offentleg. Leppa er framleis hoven og såret visest godt.
Eg ringde til Ellen Marie for ho brukar å ha tid å prate, ho bur også åleine. Vi hadde ein lang telefonprat og sidan ho har falle og brekt ribbeina to gonger i vinter, kunne eg spørje henne ut litt. Eg lurte på KOR vondt det var med brotne ribbein og etter det ho sa er ikkje mine brotne. På Skedsmo var det fint vêr men mykje snø enno. På plenen hennar var det 60 cm snø - der som det ikkje var mòka.
Eg laga meg litt mat og fyrte godt i omnen, så då eg sette meg til med strikketøyet sovna eg, til tross for at eg sov godt sist natt.
No trur eg at eg skal lage meg ein kaffikopp og så blir det vel TV heile kvelden-slik det plar vere fredagskveldane. Eg har alltid laurdagskjensle når det er fredag, slik er det i dag også. 
Ønsker alle ei god helg

torsdag, mars 21, 2019

Dagbok 2019: 21.mars



Graset blir snart grønt, så eg får gjere klar klipparen.

Klokka er no snart 18.00. Temperaturen ute er + 5 grader. Det har regna litt i dag, men no kjem den blå himmelen til syne, gjev det blir fint i morgon!
I går kveld vart eg sittane å gruble på kva som var årsaka til at eg datt i går, ikkje snubla eg, og ikkje var eg svimmel eller noko slikt. Eg landa på teorien om at det var kneet som svikta idet eg steig frå fortauet og ned på gata. Som kjent er ikkje knea mine så gode, så det skjer av og til at dei sviktar. Eg sette høgre foten fram og landa på høgre sida. I dag er eg rimeleg bra, men har litt vondt i høgre skuldra og armen , og også i sida (ribbeina). 
Såret på leppa slutta å blø før eg la meg i går. Eg sov godt i natt, vakna tidleg, men sovna attpå sidan eg ikkje skulle noko spesielt i dag. Det har vore ein sløv og tam dag, kan no vere greitt at det ikkje skjer så mykje kvar dag. 
Eg greidde med litt møye å støvsuge teppegolva før middag-den høgrearmen er ikkje god. Elles måtte eg vaske både jakka og buksa eg hadde på meg i går, men det tok vaskemaskina seg av. Eg har vore litt lat i dag, lese avisa og løyst sudoku etc. Til middag åt eg restar frå i går,- og i dag greidde eg å ete, det gjorde eg ikkje i går kveld. Elles har eg fyrt litt i omnen, lese litt på spanskleksa etc. Vedsaging kan eg ikkje halde på med akkurat no
No i ettermiddag begynte eg på den nye genseren min, har strikka brota på begge ermane, og første stripa på den eine. Garnet eg godt og lett å strikke -i motsetning til islandsgarnet.(Men det var kjekt å strikke dei genserane også) Eg har ikkje direkte oppskrift, men brukar ei som var i ei strikkebok som Solveig eig, greitt å ha masketal og fellingar -men eg skal strikke berre striper, på det som eg trur skal bli ein lett sommargenser til meg sjølv. Det er den femte genseren eg strikkar i år. Men no har eg meir lyst å vere ute og gjere vårarbeid enn å sitte å spøte.
I morgon er det fredag igjen, synest fredagane kjem veldig ofte! Då skal eg vaske golv - og så får eg sjå kva dagen elles kan bringe. Laurdag skal eg kanskje på 12-konserten i Volda. Då vert det korpsmusikk. Måndag har eg time med legen, han/ho som vikarierer for fastlegen min. Det er for å snakke om "funna" i knea mine, og kva som ev. kan gjerast med dei.

onsdag, mars 20, 2019

Dagbok 2019: 20.mars

Dette er mitt nye prosjekt-ein genser til meg sjølv. Noko av garnet fekk eg til jul, noko har eg kjøpt sjølv-på NILLE.


Klokka er 18.30, temperaturen ute er ca. +6 grader C, det er overskya og litt regn.
Eg kan ikkje anna seie enn at eg lever eit spennande og farleg liv for tida. 
I dag vakna eg tidleg, som vanleg, og fekk styrt med litt av kvart før eg for på spanskkurs. I pausen kom dei frå radio Volda og ville intervjue oss, om kva syn vi hadde på lokale problem, men eg drog meg fort ut av debatten, for Terje Kjøde hadde litt meir å tilføre enn eg. 
Einar var i Ørsta/Volda i dag og intervjua diverse personar, etterpå kom han hit til meg og vi åt sein middag i lag. 
Etter at han hadde reist fann eg ut at eg skulle fylle bensin på bilen, og etter at eg hadde sjekka korleis eg skulle opne tank-loket køyrde eg ned på Shell og fekk opplæring. Så parkerte eg ved Spar og gjekk ned på Amfi og kjøpte garn. Då eg var på veg å krysse vegen på fotgjengerovergangen skjedde noko eg ikkje kan forklare-eg tryna i asfalten, bokstavleg talt. Eg kan ikkje forstå kva som gjorde det for der var ingen ting eg kunne snuble i. Men eg var rask på beina-med munnen full av blod. Det var nokre damer som var ute og lufta hund og dei bedyra at tennene var på plass, det er lippa som har fått det, og blør gjer eg framleis. Vondt er det også. Men det er berre å svelgje unna. Det er på høgre sida av munnen. Resten av kroppen er uskadd- Det er truleg eit hol på innsida av lippa, så eg blir sikkert ikkje så vakker å sjå til med det første.  Men det kunne ha vore verre. Eg er glad for at eg åt så godt til middag for det går vel ei stund før eg kan ete. Det er no paradoksalt at eg skal skade meg mens eg går!

tirsdag, mars 19, 2019

Dagbok 2019: 19.mars.

Klokka er 18.50, temperaturen er + 6 grader, det er overskya og opplett.
I dag vakna eg grytidleg og hadde ikkje vondt nokon stad, så eg forstod fort at vêret var bra. Greidde å ligge i ro til klokka var7.30, men då stod eg opp.
Etter at eg hadde ete frokost, lese avisa, løyst sudokuen og vore på Facebook etc.-farga eg håret mitt. 
Og sidan eg trong både det eine og det andre på butikken, sala eg på meg bilen og køyrde ned på Kiwi. Marit hadde tipsa meg om at der er lite folk før klokka 12, så då er det god plass på parkeringsplassen- og det stemte. Eg synest det er veldig kjekt å kunne klare handlinga utan å blande inn andre.
Eg har rydda litt i huset i dag og så har eg strikka og høyrt radio mens eg venta på ei jente som skulle komme klokka 5. Høyrde Einar lese nyheiter mange gonger. Det er no likt kjekt! Linda kom og vi har sete lenge og prata om laust og fast. Ho studerer friluftsliv i Volda og bur i kollektiv. Ho likte leilegheita men kunne ikkje bestemme seg heilt enno. Det er no ikkje noko som hastar for min del. Det som var litt usikkert var at ho var ikkje heilt bestemt på å vere i Volda neste skuleår. Det var i alle fall ei veldig kjekk jente, ho har eigen bil, ein KIA, større enn den Margrete har.
Det var kjekt å lese om Erlend og kompisane i avisa, dei gjekk vidare i UKM. No har ikkje eg så mykje forstand på musikken deira, men det stod i avisa at det var eit godt band- og dei laga avanserte låtar. Det var berre dei som stilte med sjølvlaga musikk. 
No er det allereie blitt kveld utan at eg har utretta så mykje i dag.
19. mars var fødselsdagen til farmora mi, så i dag har eg tenkt litt spesielt på henne. Ho var fødd i 1878. Litt rart å tenke på at eg har kjent folk som har levd to hundreår før dette.
No har eg ein liten jobb som må gjerast før eg benkar meg framfor TV-en. I morgon er det spanskkurs, det gleder eg meg til, og så kjem kanskje Einar innom ein tur. han hadde visst eit oppdrag i Ørsta.
Eg har mange novemberkaktusar, men berre ein som blomstrar no. 



mandag, mars 18, 2019

Dagbok 2019: 18.januar



Klokka er 17.15. Eg sit her og slappar av, så eg tenkte eg like godt kunne skrive på bloggen med det same. I dag har vêret skifta mellom snøbyger og solskin, akkurat no trur eg det kjem ei byge etter at vi har hatt sol lenge. Temperaturen ute er + 6,5 grader C. Krokusane poppar opp både her og der, og i dag såg eg den første blå sibirstjerna.
Sist natt vakna eg av at eg verkte noko heilt forferdeleg i venstre foten. Eg måtte opp og gå litt, tok eit par Paracet og sov vidare. I dag tidleg var eg ikkje verre enn vanleg,  dvs. nesten smertefri. Eg ringde likevel legesenteret og spurde kva tid fastlegen min kom tilbake, og det vart sagt ca. 1.mai. Eg syntest det vart lenge å vente, men så var der ein som har tatt over pasientane hennar mens ho er borte og eg fekk time neste mandag. Det var kjapt.
Eg har streva med laurdags-sudokuen sidan laurdags morgon og hadde eigentleg gitt opp-men brått såg eg ei løysing og så var den i boks.
Eg hadde ingen planar i dag, så det har blitt litt av kvart. Eg laga ein kakebotn, strikka litt, og så har eg styrt litt ute, spylt trappa og kjøkenglasa blant anna. Trudde eg skulle klare å sage i epletreet , vil ha det kutta i toppen og tynna blant greinene, men då må eg opp i gardintrapp eller stige og det er eg ikkje så lysten på. Derimot har eg saga ein del ved i dag i fleire økter. Målet er å få rydda i tilbygget.
I går kveld laga eg middag, då steikte eg fiskepudding og kokte poteter. I dag steikte eg laks og poteter frå i går, eg er litt trøtt av å ete berre brødmat, så no lagar eg middag av og til.
I morgon får eg besøk av ei jente som kanskje blir den nye leigebuaren min. Det er Silje som bur her no, som hjelper meg å finne ei som skal ta over. I morgon trur eg at eg må ta ein tur på butikken.

søndag, mars 17, 2019

Dagbok 2019: 17.mars

Klokka er 17.20, temperaturen er + 4 grader C, det er nokså skya, men opplett. Vêret er greitt nok, det, men det kunne gjerne ha vore fleire varme grader. Vi er i alle fall heldigare enn dei som bur på Skedsmokorset, for der får dei stadig nye snøfall. Eg synest vinteren har vart lenge nok no.
Eg hadde ingen planar for sundagen, men etter at eg hadde ete frokost med kjøpebrød, fann eg ut at det passa å bake. Brød altså. Skulle sikkert ha baka både bollar og kaker, men baking er ikkje det eg likar best. Høyrde radio og strikka litt mens deigen heva.
Men så var det den fortærande sudokuen frå i går-eg fekk ikkje fred i sjela, men sette i gang på nytt, og det gjekk heilt strålande heilt til det siste talet skulle på plass- då var det feil. Det er så irriterande, enda det ikkje har så mykje å seie.
Det vart nysteikt brød til lunsj i dag, og etter at eg hadde slappa av litt, måtte eg sage litt ved for å trimme bicepsen. Akkurat då eg var nede i tilbygget og styrte kom Margrete og 2 X Amanda. Dei hadde vore på UKM der Erlend og kompisane hadde spelt. Dei kom for å hente genserane, men gav seg tid til å stoppe opp og drikke kaffi med meg. Eg har ikkje vore ute av huset i dag, men skal kanskje gå ein liten tur no, før det mørknar. Eg er altfor lite ute denne årstida.
Komande veke har eg ikkje anna på programmet enn spanskkurset, men det dukkar vel opp eit kvart.
Fotoapparatet mitt var litt i ulage i dag, bilda blir heilt tåkete, og eg har ikkje på  kva som er gale.
Gjekk ein liten runde ut gata og inn Olavsgata. Eg har agitert litt for spaserturer på fonnvernet, men no ser eg at dei har sett opp låste portar, så det er vel eit lite vink om av ein ikkje skal gå der. Elles så synet eg fonnvernet er for høgt og tek bort mykje av utsikta opp mot fjella. Ikkje kan eg forstå at det er nødvendig heller. Viss det går ras så følgjer det nok elva, så det hadde greidd seg med mindre enn det som no har kome opp. Her ser vi berre så vidt toppen på Vallahornet.

Frå Olavsgata ser det slik ut.

lørdag, mars 16, 2019

Dagbok 2019: 16.mars


Klokka er18.30, temperaturen er + 3,5 grader C. Vêret har vor litt skiftande i dag. På føremiddagen var det sol og fint, etter middag kom det regn, og no har det lysna opp att. Eg verkte i heile kroppen då eg vakna i dag, så eg har ikkje vore så aktiv i dag. Trøtt har eg også vore. Eg vil helst vere i aktivitet heile tida, men må vel innrømme at eg ikkje er nokon ungdom lenger. Marit og eg gjekk ein liten tur i lag-ingen av oss var særleg lettbeinte i dag. 
Etter at eg hadde ete "middag" sovna eg litt i stolen då eg skulle sjå opptak av "The Voice." 
Eg sat og følte på at eg skulle tatt ein biltur når trafikken stilna av. I 5-tida sela eg på og tenkte eg fekk køyre så langt eg hadde lyst, det er inga skam å snu. Det blei ein tur til Plantasjen og Coop i Furene, med ein avstikkar til Hovden møbelfabrikk. Når eg tok av frå vegen var det fordi der var låg kveldssol som var litt irriterande. Heile turen gjekk strålande bra, eg gjorde ingen feil, men unntak av at eg køyrde litt for seint. Det var meir trafikk enn eg trudde. Men etter at eg hadde handla på Plantasjen og Coop, hadde det stilna litt. Der borte er det ofte vanskeleg å komme inn på vegen. Ikkje for å skryte, men trafikk - og køyrereglar kan eg, etter mange år so co-pilot. Eg kjøpte ein sekk med kugjødselkompost, men den var visst ikkje tung nok til å ha i bagasjerommet.
Eg synest det er deilig å kunne fare av garde utan å bry andre. No blir det å sette på TV og ta fram spøtet. Eg strikkar huer av garnrestar frå genserane. Det kan bli kaldt på Island.

fredag, mars 15, 2019

Dagbok 2019: 15.mars



Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 6 grader C og det har vore ganske fint vêr i dag, med litt sol, men enno for kaldt for meg til å vere ute.
Denne dagen vart forbausande lang, truleg fordi eg har vore heime heile dagen, noko som eg har vent meg av med-nesten. Eg har fått gjort nokså mykje, men hadde eigentleg kapasitet til mykje meir. Eg har vaska golv og lagt i hop klede, eg har strikka, løyst kryssord, lese spansk, stoppa lester og så vidare. Og så trur eg det er laurdag enda eg veit betre.
Eg angra på at eg ikkje kjøpte garn i går, men enn så lenge strikkar eg islandshuer av restegarnet. Så har eg noko å henge hendene borti mens eg ser på TV. Fredagane er beste TV kvelden-etter min smak. Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag, men no håper eg våren kjem fort så eg får begynne å styre ute.
Ønsker alle ei god helg!



Bok nr.9 - 2019: Der du står er smertens navle.


Anna og Steinar har bygd opp en husmannsplass. Ovenfor ligger skauen tett, og nede på veien har en revne dukket opp. I de lumre hundedagene glir noe ut av gjenge. Tenåringene deres sitter spikret foran datamaskiner, mens plommetrærne bærer frukt for første gang siden de flyttet dit. En stemme avdekker plassens mørke historie. Og i kulissene rasler den økofundamentalistiske gruppa 9hil med sablene.
«Nordangs språk er så frodig, men samtidig lekende lett at det minner om å lese store latin amerikanske forfattere som Allende eller Garcia Marquez.» «... sakte men sikkert suger [boka] deg med i handlingen, og mot slutten er den umulig å legge fra seg.» Vilde Lockert Odden, Kulturspeilet «Hvordan håndterer vi klimakrisa? Det faktum at store deler av verden mister sitt livsgrunnlag? Hva gjør denne innsikten med våre liv og livsvalg? Det er spørsmålene som styrer og plager romanens karakterer.» Hanne Kristin Wolden, Klassekampen «Med teknisk ferdighet, synsvinkelskifter og språklig sjonglering, bl.a. karakteriserende dialektbruk over generasjoner, har Astrid Nordang skrevet sammen et finurlig plot hun lar utspilles noen høysommerdager 2015.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad 
……………………………………………………………………………………………………….
Denne boka på 360 sider har eg lese sporadisk over lenger tid. Det gjer at eg ikkje kan bedømme boka rettferdig. Eg likar best at bøker er relativt korte og "fokuserte". Her vart det litt for mykje hit og dit. Det var ikkje råd å vite kva som var viktig eller ikkje viktig. Men eg kan godt innrømme at eg sikkert ikkje var nokon god lesar i dette tilfellet.

torsdag, mars 14, 2019

Dagbok 2019: 14.mars

Klokka er 19.50, temperaturen er + 2 grader, så det er framleis nesten vinter. Men i dag var vegane berre, så eg torde meg ut med bilen.
For ei friheit! Å kunne fare til Vik heilt åleine utan å bry andre. Eg parkerte bilen og gjekk til Amfi, der eg stakk innom frisøren og fekk klipt håret mitt, så fekk eg tatt ut pengar i minibanken også - og gjort unna nokre andre ærend. Mat handla eg på Spar i dag.
Før eg for nedover hadde er tatt oske ut av omnen, støvsuga, lagt i hop klede... og diverse andre småjobbar. Eg har sete så lenge i ro og strikka at det meste blir travelt sidan knea er vonde. Men til all lykke kjenner eg ikkje noko når eg sit i ro. Desse siste dagane har eg strikka på ei hue, som vart ferdig i dag. Eg får høyre med Islands-fararane og dei vil ha huer av garnrestane frå genserane.
Det har ikkje hendt så mykje i dag, men i kveld kom Marit ein tur over vegen, det er ei stund sidan sist. Vi har alltid mykje å prate om.
Innimellom tek eg meg spansk-øving. Les høgt til meg sjølv. Berre tre gonger att på kurset no, trur eg.
Elles veit eg at Ingeborg er vel framme i Dublin. Desse unge reiser hit og dit og får sjå mykje meir av verda enn det folk fekk før i tida. 
No må eg ut og sjå om eg finn noko godt i kjøleskapet-det er ein viss sjanse for det sidan eg har handla i dag.

onsdag, mars 13, 2019

Dagbok 2019: 13.mars

Klokka er 18.15, temperaturen er + 5 grader , det er berre lette skyer på himmelen, så no kan det sjå ut som vi får ei fin tid framover. Merkeleg med denne tida. Januar er evig lang, februar er alltid kort, og når vi kjem til mars går tida altfor fort.
I dag har eg ikkje gjort mykje til nytte, og det likar eg dårleg. Eg sov veldig lite sist natt, hadde vel drukke for mykje kaffi på "festen". Så eg har vore trøtt og lat i heile dag. Strikka litt før Kirstin henta meg då vi skulle på spanskkurs. Kurset var kjekt , som alltid, og no føler eg litt på at eg får betre tak i det vi lærer, eg ser samanhengar eg ikkje såg før. Vi har alt begynt å snakke om eit nytt kurs til hausten. Viss vi skal få litt glede og nytte av det spanske språket, må vi kunne litt meir. Kanskje litt seint å starte opp, men betre seint enn aldri.
Då eg kom heim sette eg på vaskemaskina, saga litt ved, tende i omnen osb. Ei heil stund brukte eg på å reinskrive det vi lærte på "spansken" i dag - det er det lurt å gjere mens det er ferskt. Etter kvart laga eg meg "middag" og åt. Etterpå skulle eg slappe av med ein dose TV og då sovna eg litt. Ja, det er sløve dagar, men det blir vel snart råd å gjere noko ute Enno ligg det litt snø på plenen, men krokusane blomstrar inne ved veggen.
Hadde eg vore raskare til beins hadde eg vel vore meir aktiv- men dei vonde knea begrensar meg. Får trøste meg med at det kunne ha vore verre.

tirsdag, mars 12, 2019

Dagbok 2019: 12.mars


Klokka er 21.10, temperaturen er + 3 grader, det regnar og er litt kjedelig vêr-men det må vel til for å få bort snøen.
I dag skulle eg ikkje strikke! For første gong på tre veker. OK, då måtte eg finne noko anna nyttig å gjere-det var nok å ta av. Eg tok fram strykebrettet og strauk nokre plagg eg hadde liggande. Så tok eg meg på tak, tok ned dei kvite "vintergardinene" på stova, og begynte å stryke "sommar- gardinene", seks lange lengder. Eg vaska dei sist haust, for første gong, tidlegare har eg levert dei på rensing. Eg vaska dei i maskina, og tørka dei i trommelen. Eg var spent på korleis det skulle gå, men dei var så fine at eg kunne ha hengt dei rett opp. Men i dag, etter overvintringa, måtte dei få litt stryk. Det vart ein del arbeid, og eg kjende det var uvant å gjere noko fysisk. Men resultatet vart bra.
Elles vart det ikkje gjort så mykje. Litt "kotorarbeid"-og så dusjing og pynting før vi skulle på FEST.
Det var ikkje så mykje folk som det plar vere på festane som Rotary byr inn til. Eg kjenner mange av vertane, og no tek alderen over der også, trur vertane var på alder med oss pensjonistar no. Trefte mange eg kjende.  Det var to eldre karar som song til oss, elles var det maten og loddsalet som var underhaldninga. Sist Marit og eg var i lag på fest, vann alle ved bordet ein eller fleire gjenstandar, alle med unntak av Marit. Ho var redd set skulle bli slik i dag også-og det blei det. Vi var berre fire ved bordet og tre av oss vann. Eg vann ein pakke med papir på, så eg såg ikkje gevinsten før eg kom heim. Det blir vel påskepynt i år?
Even køyrde oss ned, men vi hadde ikkje skyss heim. Eg spurde Magnar, bror til Helge Lid , og han frakta oss heim. Han har no køyrt meg heim eit par gonger før. Han er nestleiar i pensjonistlaget,
Vi fekk veldig mykje god mat på festen, masse fine og gode smørbrød, og etterpå fekk vi bløtkaker, "Verdens beste" , pavlova, etc.etc.  Eg åt for mykje, som vanleg.
Eg prata med mange kjende som eg ikkje har sett på ei stund, så det vart ein hyggeleg kveld. I morgon er det SPANSK 11-13.30-inkludert matpause.


mandag, mars 11, 2019

Dagbok 2019: 11.mars

Klokka er 18.45, og eg synest dagen nyss har starta. Tida fer i frå meg, kvar dag. Ute er det nesten klårt og minus 2 grader C. Det har vore mildare på dagtid, så snøen har smelta ein god del der sola kjem til. På baksida av huset er det framleis ein god del snø, som eg ikkje har orka å spade vekk. På plenen held krokus og snøklokker på å kome fram for andre gong. Men så lenge det er så kaldt om natta blir det ikkje skikkeleg vår.
Det siste nye er at eg er blitt A-menneske og morgonfugl, så lenge det varer. I dag var eg oppe 7.30 og mindre enn ein time seinare hadde eg funne fram strikketøyet. Eg trudde eg skulle bli ferdig med genseren i går, men det greidde eg ikkje, så i dag før middag strikka eg resten. Sidan eg skulle høyre Einar på radioen vart det til at eg begynte å feste trådar også- og dei var det mange av.  Tok ein liten pause og prata med 2X Marit uti vegen mens vi venta på posten.
Eg fann ut at eg like godt kunne gjere genseren heilt ferdig -og det gjorde eg.
Laga meg middag i dag også, i dag vart det steikte pølse og ditto poteter.
Så vaska eg og skylte genseren og pakka den inn i ein handduk. No ligg den flat på bad-golvet og tørkar. Eg var nokså nøgd med denne, så no er alle tre islands-genserane ferdigstilte. Fantaserer om å strikke huer av restegarnet, det kan vere både vind og regn på Island- og her også.
Eg har ikkje så store planar for denne veka, men det er pensjonistfest på kulturhuset i morgon kl.18-og dit skal Marit og eg. Det er Rotary og Inner Wheel som inviterer. Onsdag er det spanskkurs igjen, og i dag måtte eg ta fram leksa og pugge litt; vi skal lese litt kvar dag, men eg har sluntra unda nokre dagar.
Marit og eg skal også sjå FILMEN-dvs. "Ut å stjæle hester" ein dag det passar, eg trudde kanskje vi skulle fått sett den etter festen i morgon, men når festen tek til så seint som kl.18 blir det nok ikkje tid til det. Festen er jo i rommet ved sidan av kinoen så det hadde vore praktisk å slå to fluger i ein smekk.
No har eg saga litt ved og kveikt opp i omnen; så lenge sidan eg strikka så mykje heldt eg heten med det som kom frå varmepumpa. 

søndag, mars 10, 2019

Dagbok 2019: 10.mars












Her snudde eg heimover.


Klokka er 17.20, temperaturen er + 1 grad C. Det har sikkert vore mildare før i dag, for snøen har smelta mykje. Det hadde snødd ein heil del sist natt også.
Eg har sete og strikka nesten i heile dag, men eg tok ei pause og laga middag til berre meg sjølv. I dag fekk eg steikt laks med rømme, poteter og gulrot. det blir mykje stillesitting med all strikkinga mi, det hastar ikkje men eg er slik at det eg har begynt på skal eg fullføre-fort. No kan det hende at Amanda sin genser blir ferdig i kveld, då blir det i alle fall tre genserar på tre veker.
Eg følte for å lede litt på meg, men så voldsomt mykje toler ikkje knea mine. Eg gjekk ut Starevegen tol huset til Endal-Myrene; det er om lag der fonnvernet tek til, så gjekk eg opp Storebakken, nesten til topps, for å fotografere heile vollen. Vi ser ikkje opp i skogen lenger, når vi går på vegen, berre inn i ein "vegg". De kan prøve å orientere dykk ved hjelp av fjella.
No skal eg strikke litt til, så kan det hende eg kjem i mål. Viss ikkje, er det ikkje så farleg.

lørdag, mars 09, 2019

Dagbok 2019: 9.mars.

I dag klokka 8.15

Klokka er no 9.05, temperaturen er minus 3 grader C; det er nydeleg vêr og måneskin. Tidlegare i dag var det fin sol, men det er kaldt og vinterleg, no vi trudde våren var komen. Det var glatt på vegane no vi kom tilbake til Ørsta , så eg trur ikkje det blir biltur på meg i morgon. 
Eg er nettopp komen tilbake frå Hareid; Håkon og eg var utover for å helse på Audun og "feire" bursdagen hans som var 22.februar. Solveig hadde laga god mat, kjøt og kjøtkaker i brun saus, men grønnsaker og anna tilbehør. Eg skal innrømme at eg åt litt for mykje. Seinare fekk vi kaffi og kaker. Karane vart sittande å sjå fotball, mens Solveig og eg studerte strikkeoppskrifter.
Håkon henta meg kl.14. Då hadde eg brukt føremiddagen til å vaske golv og til å strikke. No er Amanda sin genser komen til mønsterdelen på bol eg ermar så viss eg er flittig blir den ferdig om ikkje så lenge. Det er tre veker sidan eg begynte på den første genseren.  Vi var ein tur nedom Ulsteinvik, der eg kjøpte ein lampe på Coop Bygg, som eg  skal ha på datarommet. Det var jammen litt av ein butikk! No skal eg bruke resten av kvelden til TV og strikking.
Takk til Solveig og familien for ein fin dag!

fredag, mars 08, 2019

Dagbok 2019: 8.mars


Klokka er 17.35 og eg tok nettopp dette bildet, det er snø/ sluddbyger , men sola slepp gjennom somme tider. Temperaturen er 0 grader C.


Eg har nettopp hatt ei eviglang telefonsamtale med Ellen Marie, det vi ikkje fekk snakka om i går tok vi att i dag. Vi bur åleine begge to, så av og til kan det vere kjekt å prate seg tom. Elles kan eg ikkje klage over at eg er einsam; denne veka har eg vore så sosial at eg har ingen ting fått gjort her heime. Det spring ikkje frå meg. I dag hadde eg sett mobilen på vekking minst ein halv time for tidleg, og akkurat i dag sov eg.
Eg lurte litt på om eg kunne køyre til kurset i dag, for det hadde kome ganske mykje snø over natta, men eg tok sjansen og det gjekk bra.
Det var andre og siste dagen med 65+. Det har vore både kjekt og nyttig. Då vi møtte opp første dagen spurde kurshaldaren kva vi var interesserte i å lære. Og det første svaret var:RUNDKØYRING. Det vart utsett til i dag, for han som heldt kurset visste nok at viss vi begynte på det temaet ville det ta tid. Det vart ein voldsom diskusjon i pausen før, det dreia seg om blinking inn og ut av rundkøyringa. Eg har vore vant til at vi berre blika til høgre når vi skulle ut, andre meinte at ein skulle blinke til venstre når ein køyrer inn i rundkøyringa. 

Han som heldt kurset samanlikna rundkøyringa med eit vanleg kryss. 
Til slutt fekk vi fasiten, og den var slik: Legg deg til venstre i køyrefeltet før rundkøyringa, blink til venstre før du køyrer, og til høgre før du køyrer ut. Eit unntak er når du køyrer rett fram, til dømes frå Ørsta til Volda, då skal du ikkje blinke til venstre.

Eg synest det var kjekt å vere på kurs, og eg hugsa faktisk det meste eg lærde på køyreskulen for snart 40 år sidan, men så har eg alltid vore betre i teori enn i praksis.
Var ein liten tur på butikken før eg køyrde heim. Slapp å lage meg mat her heime, for eg kjøpte pastasalat på Bakk-Ola.
No skal eg slappe av med strikketøy og TV resten av kvinnedagen. Ønsker alle ei god helg!

torsdag, mars 07, 2019

Dagbok 2019: 7.mars

Klokka er no 18.00. Temperaturen er + 2 grader C, det er overskya, men nedbøren kjem som regn, ikkje snø.
Var ikkje heilt gira då eg stod opp i dag, føtene mine plagar meg om natta, men ikkje så mykje om dagen, så det gjeld å stå opp om det eigentleg er litt for tidleg.
Det vart ikkje gjort mykje på føremiddagen, eg løyste sudoku, og strikka- og dett var dett. 
Even sette batteriet i bilen min på lading i går, men eg visste ikkje korleis det gjekk. Eg kunne ikkje ta av batteriladaren og sjekke. 
Så ringde Bodil og sa at Svein ville komme oppom og sjå på bilen, det var nokre lydar vi ikkje forsto oss på, og då han fekk høyre om batteriet vart det meir å grunde på.
Eg smelte i hop ei vaffelrøre-vi damene har no alltid tanke for mat. Ellen Marie ringde og eg sto i telefonen då dei kom frå Eid. Svein testa batteriet og det var like flatt. Det vart til at han køyrde bort i Hovdebygda og kjøpte eit nytt batteri. Og då fekk han start på bilen. 
Det var hyggelig å få besøk på ein elles grå dag. I morgon er det 65+ igjen, så då kan eg køyre sjølv.
Ringde opp att til Ellen Marie , men ho var søkkvåt etter tur med hunden, så ho ringer opp att når ho har fått tørka seg. Eg er veldig takknemleg for at Bodil og Svein stiller opp for meg, når det gjeld bilar er eg nokså hjelpelaus. Svein fiksa utedøra også, så no slepp eg å sparke den opp.

onsdag, mars 06, 2019

Dagbok 2019: 6.mars



Klokka 7.10

Klokka er 16.45, temperaturen ute er +3-4 grader C- og eg synest det er kaldt. 
Bildet over tok eg klokka 7.10 i dag morgon, eg fekk nesten sjokk då eg såg snøen. I går var eg ute og raka plen, men slik kan vêret vere i mars. Snøen er nesten borte no. Eg vakna tidleg i dag, men venta litt med å stå opp. Gler meg til vi får sommartid!
Kirstin skulle hente meg før klokka 11, for i dag var det spansk-kurs. Eg hadde god tid både til frokost , dusj og hårvask. Så sette eg meg til å strikke, så no er eg snart ferdig med ermane til Amanda sin genser. Så oppstykka som denne veka er kan eg ikkje sette i gang store prosjekt, så det blir det mest nødvendige av husarbeid, og så får eg strikke. Det er den tredje og siste islandsgenseren no.
På spanskkurset har vi det kjekt. Eli er veldig flink å legge til rette undervisninga, går passeleg sakte fram og får oss til å føle at vi meistrar utfordringar.
I dag skulle vi finne ut av dette ordtaket, og det gjorde vi lett. Ærleg talt trur eg at eg hadde funne ut av det, heilt åleine, utan kurs. No kan lesarane prøve seg:
" Cuando el gato no está, bailan los ratones".
Vi har lang matpause på kurset så vi et og drikk kaffi i kaféen på Bakk-Ola. I dag kjøpte eg pizza, så det vart middagen min i dag. Pizzaen var god!
Etter at eg kom heim skreiv eg dagens lærdom inn på data, så blir det litt ryddigare, og så lærer eg mens eg skriv. Det som er vanskeleg er bøying av verb -det har vi ikkje i det norske språket, men eg kjenner til det frå engelsk som har litt, tysk som har meir og fransk som har mest. (I alle språk bøyer ein verb i tid, sjølvsagt, men ikkje etter person)Ja, ja, seinare i månaden fyller eg 79 så det var vel på høg tid å sette seg på skulebenken igjen, ja.
Rasmus ringde og vi prata lenge om laust og fast. Litt har eg strikka og meir skal det bli, men no har eg sett  på kaffien såpass eg skal greie å halde meg vaken til kvelden.

Klokka 9.00


tirsdag, mars 05, 2019

Dagbok 2019; 5.mars

Sjøutsikt så lenge det varer. Når det kjem lauv på trea blir det slutt. Når bildet er litt uklårt er det fordi eg har tatt det mot sola.

Klokka er 17.40, temperaturen er +3 grader, det har vore delvis skya og sol i dag. Vårleg, men kaldt.
Det har ikkje hendt så mykje i dag, eg har gått her åleine og surra, har ikkje vore så veldig aktiv. Har strikka ein del, begynte så vidt på ei gensererm i går kveld og no nærmar det seg at den er ferdig. Så har eg raka litt plen , lagt i hop klesvask etc. Ikkje det heilt store med andre ord. Men eg har lese relativt grundig på spanskleksa til i morgon. No har eg hatt meg ein lang telefonprat med ei venninne.
Eg har mykje som skulle ha vore gjort både ute og inne, men eg får vente til ånda kjem over meg. Det er litt for kaldt til utearbeid, for eksempel. Eg får vel sette meg til med strikketøyet ei stund til.
I dag er det fødselsdagen til Tone, dottera til systera til Nils. Eg hugsar henne som 3-åring då eg kom i Sula for første gong i 1958. Då går det an å rekne ut alderen.
Gratulerer med dagen, Tone!

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...