mandag, mars 11, 2019

Dagbok 2019: 11.mars

Klokka er 18.45, og eg synest dagen nyss har starta. Tida fer i frå meg, kvar dag. Ute er det nesten klårt og minus 2 grader C. Det har vore mildare på dagtid, så snøen har smelta ein god del der sola kjem til. På baksida av huset er det framleis ein god del snø, som eg ikkje har orka å spade vekk. På plenen held krokus og snøklokker på å kome fram for andre gong. Men så lenge det er så kaldt om natta blir det ikkje skikkeleg vår.
Det siste nye er at eg er blitt A-menneske og morgonfugl, så lenge det varer. I dag var eg oppe 7.30 og mindre enn ein time seinare hadde eg funne fram strikketøyet. Eg trudde eg skulle bli ferdig med genseren i går, men det greidde eg ikkje, så i dag før middag strikka eg resten. Sidan eg skulle høyre Einar på radioen vart det til at eg begynte å feste trådar også- og dei var det mange av.  Tok ein liten pause og prata med 2X Marit uti vegen mens vi venta på posten.
Eg fann ut at eg like godt kunne gjere genseren heilt ferdig -og det gjorde eg.
Laga meg middag i dag også, i dag vart det steikte pølse og ditto poteter.
Så vaska eg og skylte genseren og pakka den inn i ein handduk. No ligg den flat på bad-golvet og tørkar. Eg var nokså nøgd med denne, så no er alle tre islands-genserane ferdigstilte. Fantaserer om å strikke huer av restegarnet, det kan vere både vind og regn på Island- og her også.
Eg har ikkje så store planar for denne veka, men det er pensjonistfest på kulturhuset i morgon kl.18-og dit skal Marit og eg. Det er Rotary og Inner Wheel som inviterer. Onsdag er det spanskkurs igjen, og i dag måtte eg ta fram leksa og pugge litt; vi skal lese litt kvar dag, men eg har sluntra unda nokre dagar.
Marit og eg skal også sjå FILMEN-dvs. "Ut å stjæle hester" ein dag det passar, eg trudde kanskje vi skulle fått sett den etter festen i morgon, men når festen tek til så seint som kl.18 blir det nok ikkje tid til det. Festen er jo i rommet ved sidan av kinoen så det hadde vore praktisk å slå to fluger i ein smekk.
No har eg saga litt ved og kveikt opp i omnen; så lenge sidan eg strikka så mykje heldt eg heten med det som kom frå varmepumpa. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...