onsdag, juli 30, 2008

Ikkje alt endrar seg.........


Då eg såg bilda på bloggen til Hildegard, kom eg i hug den fine turen vi hadde til Bremanger 11.september 2002.Vi tok ein del bilde på turen, mellom anna dette av Hornelen, som er nokså likt Eidabesta sitt.

Det var ein nydelig dag. Vi stoppa ved eit vatn midt på Bremangerlandet og plukka rognebær som eg laga gelé av. Har att av den enno.Elles var vi også til Kalvåg og ut til hytta til Hildegard.Dei var på jobb, men vi kunne nyte å vere pensjonistar.

tirsdag, juli 29, 2008

Sommar i hagen.



Idag, på den daglege hagevandringa mi, oppdaga eg at Clematisen blomstra. Dette er veldig tidlig for den vi har. Dessverre veit eg ikkje kva han heiter, men han liknar på President som dei har på Kongsberg. Deira blomstrar tidlegare enn vår, men det kan ha med andre ting å gjere. Fargen er mørkare og meir i det blå enn det ser ut på bildet.(Slik som den minste blomsten!)
Så har altså den største av "datter-liljene" sprotte ut. Den er frodig og flott-det er sjølvsagt givaren også, men her meiner eg lilja. Så kan døtrene diskutere seg imellom kven som er givaren.Eg har ei viss peiling.

lørdag, juli 26, 2008

Det er varmt !!!!!!!


Vi har to termometer. Når det er varmt, les vi av det som er attmed inngangs-døra. Akkurat no kl.13.00 viser det +32 grader. Likevel ligg eg på altanen med lydbok i timesvis kvar dag for å bli brun! Men sola virkar ikkje noko særleg på meg lenger. For å holde ut varmen, har eg på vifta.

Solveig var innom i dag tidleg og henta ei kasse frosen fisk som dei skulle ta med til Kongsberg.Dei køyrer om Fjærland, som vanleg.

Margrete og fam er på veg heim.No er dei rett utanfor Oslo der dei skiftar eine hjulet på campingvogna på grunn av punktering. Dei kjem vel heim i løpet av dagen/kvelden.

For å kjøle meg av og friske meg opp ser eg på dette bildet frå Bakeriet på Lom.

onsdag, juli 23, 2008

Ein liten ferietur.

Her driv folk og reiser over heile verda, og då virkar det litt stusslig å fortelje om ein tur til Kongsberg- og ikkje lenger. Men slik vart det denne gongen.Torsdag i forrige veke reiste vi til Lillehammer.E 6 gjennom Gudbrandsdalen er ikkje å anbefale! I Lillehammer låg vi på gamle erverdige Victoria hotell som vi har gjort mange gonger før.Hotellet har fått moderne "bakside" mens dei har teke vare på den gamle fasaden mot gågata.No når vi er gamle, får vi lyst å gjere om att slikt som vi gjorde før, så det vart også denne gongen pizza på Peppes.
Meininga var å ta ein liten omveg t.d. til Østfold og Sverige FØR Kongsberg, men Rasmus meinte vi skulle komme direkte, og slik vart det. Fredag middag var vi framme, det var lettskya og deilig ver.Laurdag var det overskya og sundag silregna det.Mandag var det nydelig ver før middag, men mens vi var i Bjørnevegen hos foreldra til W. om kvelden, kom det eit fæla tordenver!Om kvelden kjende Nils på ei begynnande forkjøling, så vi bestemte oss for å reise heim før han vart særleg verre, og det gjorde vi.Denne gongen tok vi kortaste vegen, nemleg over Eggedal - Gol-Hemsedal og Sogn. Det var kjempevarmt og deilig då vi for frå Kongsberg,men då vi kom så langt at vi rasta, var det ein annan vertype.Det ser ut til at vi greier å unngå fineveret.
Det hadde vore kjekt og stoppa på Eid, men sidan det vart såpass seint før vi kom så langt, tok vi beinvegen heim, der vi koka oss nypoteter som vi hadde kjøpt i Lærdal og åt spekemat til.Nam!
Til tross for tablettar, så er det ein tortur for meg å sitte i bilen så lenge, likevel er det kjekt å komme ut or dørene heime.
Gutane på Kongsberg er så kjekke å vere i lag med; Eivind er blitt stor og fornuftig skulegut, og Vebjørn ein torpedo av eit sjarmtroll. Fekk nettopp melding om at no har han fått vannkoppar!







mandag, juli 14, 2008

Kjensla av at sola skin andre stader enn her.....


Kongsbergfamilien var på tur til Sandefjord i helga. Sidan det er smått med badestrender og sjø heime på berget,er det fint å ta seg ein tur. Som de ser kosar gutane seg på stranda.

Ei anna tid.........


Sidan det er mamma sin fødselsdag i dag, tykte eg det var kjekt å legge inn dette bilde som er tatt i Stigedalen for lenge sidan.Her er både foreldre, besteforeldre og ein onkel. Dei er litt annleis kledde enn ein er på tur no til dags! Trur bestemor har hatt!
Vi hadde mange fine turar til Stigedalen i min barndom, for vi var i den heldige situasjon at pappa disponerte bil, og det var det ikkje mange som gjorde på den tida.Mosjon eller trim var eit ukjent omgrep, men vi leika og bada likevel. Vi ungane altså!

Millennium-skifte.


Den 14.juli år 2000 var det bryllaup på Mauritius. Sikkert ikkje det einaste, for det er populært å gifte seg der. Det var der Wenche og Rasmus valde å gifte seg, langt borte frå slekt og venner, men med ein fin og romantisk bakgrunn av sol, sjø og palmar.Så vidt eg veit vart dei vigde av ein indisk dommar, hotellet stilte med vitne, og ein mann spela Norwegian Wood på gitar.Ikkje heilt tradisjonelt altså.No har det gått 8 år og familien har auka frå 2 til4.

Vi gratulerer med dagen!

Kan også nemne at det er fødselsdagen til mamma/mormor/oldemor Amanda som vart fødd 14.juli 1904.

søndag, juli 13, 2008

Gratulerer med dagen!


Vi ønsker Margunn og Stein til lykke med bryllaupsdagen i dag.
Vi var med og feira dagen , først i Eid kyrkje og så på hotellet etterpå.
Eg hugsar at det var ein fin sommardag!
Dagen etter kom det gjester frå Ørsta, for då var det mormor Amanda sin fødselsdag.Det var rikelig med kaker att!
Dette er alt mange år sidan, sjølv om det ikkje virkar slik for oss "gamle".

lørdag, juli 12, 2008

Arboga 1997.







Det har vore ein del innlegg frå Ørebro og Arboga på bloggen i det siste.I eit av albuma mine fann eg desse vakre bilda frå Arboga. Vi overnatta der på veg mot Stockholm for 11 år sidan.Den gamle bydelen er utruleg vakker; vi låg på Stadshotellet midt i den vesle byen.

fredag, juli 11, 2008

Eg kan ikkje dy meg...........

Har begynt å sjå i gamle album og scanne diverse foto. Må seie at det er både med glede og vemod eg gjer dette. Glede over alle dei nye familiemedlemmene som veks opp, og vemod over at vi andre vert eldre og at somme er borte.
Dette bildet av dei to svogerane er frå barnedåpen til Audun i 1990.
Elles vil eg ønske alle barn, svigerbarn og barnebarn velkomne heim frå ferien.

tirsdag, juli 08, 2008

For to år sidan.


Miste mykje av bilda mine då eg fekk virus på maskina rett etter jul.Heldigvis hadde eg brent mesteparten av dei over på CD-plater, og det var på ei av dei eg fann dette bildet som eg sjølv tok av riddersporen for to år sidan.
Ikkje så verst det heller? Her kjem den himmelblå fargen betre fram!

mandag, juli 07, 2008

Nydelige sommardagar.


No har vi hatt ei heil veke med nydelig, varmt ver.Då eg sjekka yr.no, såg eg at regnet først kjem på torsdag. Derfor måtte eg vatne blomstrane i hagen. Mens eg heldt på med det, kom naboen og beundra riddersporane som er yndlingsblomstrane mine.Eg elskar den himmelblå fargen! (Har forresten tigga rota med ein annan av naboane.) Etter at eg var komen inn, ringde det på døra og då var det "den snille naboen" som hadde tatt dette vakre bildet som han ville gi meg.

torsdag, juli 03, 2008

Hagen i dag.



No blomstrar både det eine og det andre sjølv om hagen ikkje ser slik ut som eg hadde ønska, og bedda ikkje er så ugrasfri som dei skulle ha vore. Bilda viser dei litt spesielle peonane våre og skjærsminbusken som angar som ein blanding av jordbær og honning.No når klokka er 12.00 står gradestokken på +29 grader!

Gratulerer med dagen, Solveig!


I dag er det 45 år sidan Solveig vart fødd på sjukehuset på Eid. Det var ein fin og varm sommardag - som i dag! Mens eg enno låg på fødestua kom oversøster Åse med ein bukett roser som ho hadde plukka i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første roser", sa ho. I går såg eg at rosene hadde begynt å sprette ut nede i hagen vår , så sommaren er i rute!
Solveig var vårt første barn, mamma sitt første barnebarn og det første oldebarne i slekta mi! Så det var stor stas.Det einaste skåret i gleda var at Nils var på Island på fiskeri, og fekk ikkje sjå døtra si før ho var 6 veker gammal.
Her er ho i kjend positur på skulekjøkkenet i ferd med å bake lefser. Det gjer dei til kvar jul på Hareid ungdomsskule, så ho begynner å bli litt av ein mester etter kvart. Og det enda ho har ei mor som aldri har bakt ei lefse i heile sitt liv, og ikkje kjem til å gjere det!
Solveig feirer dagen i Ørebro i lag med familien+ søsken og deira familiar. Til lykke med dagen!

onsdag, juli 02, 2008

Til lykke med bryllaupsdagen!

I dag er det 20-år sidan Margrete og Lars gifta seg på sorenskrivarkontoret i Volda. Etterpå var det fest på Sagafjord Hotell på Sæbø.
Det var ein utruleg varm dag, men ikkje så mykje sol. Derfor høvde det godt at dei hadde bestilt "buffet".
Det vart ein minnerik dag, særleg for brudeparet og forelda deira, vil eg tru.
Vi hadde gjester frå Solund på besøk, nokre av dei måtte bu i campingvogn.
Vi kosa oss i bryllaupet, ikkje minst takka vere den fine musikken og songen til Barmen og Slettevoll.
Høgdepunktet var likevel då Jan Helset entra podiet og song Let it be me for brudeparet og "bestemora til Lars".(Ho var den einaste av dei fire bestemødrene som var i bryllaupet, sjølv om alle fire framleis levde på den tida). Det var magisk!
Jan syng framleis, men dei lange krøllane er borte for lenge sidan.
Vi gratulerer det framleis unge "brudeparet" som for tida ferierer i Sverige saman med sine fire barn og to hundar.
Dessutan er ein stor del av slekta elles til stades på same campingplassen.Eia var vi der!

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...