onsdag, juli 02, 2008

Til lykke med bryllaupsdagen!

I dag er det 20-år sidan Margrete og Lars gifta seg på sorenskrivarkontoret i Volda. Etterpå var det fest på Sagafjord Hotell på Sæbø.
Det var ein utruleg varm dag, men ikkje så mykje sol. Derfor høvde det godt at dei hadde bestilt "buffet".
Det vart ein minnerik dag, særleg for brudeparet og forelda deira, vil eg tru.
Vi hadde gjester frå Solund på besøk, nokre av dei måtte bu i campingvogn.
Vi kosa oss i bryllaupet, ikkje minst takka vere den fine musikken og songen til Barmen og Slettevoll.
Høgdepunktet var likevel då Jan Helset entra podiet og song Let it be me for brudeparet og "bestemora til Lars".(Ho var den einaste av dei fire bestemødrene som var i bryllaupet, sjølv om alle fire framleis levde på den tida). Det var magisk!
Jan syng framleis, men dei lange krøllane er borte for lenge sidan.
Vi gratulerer det framleis unge "brudeparet" som for tida ferierer i Sverige saman med sine fire barn og to hundar.
Dessutan er ein stor del av slekta elles til stades på same campingplassen.Eia var vi der!

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi har feira dagen med prinsessetårta som avslutning på grillkveld.

Hildegard sa...

Gratulerer med vel overstått bryllaupsdag. Hugsar det var ein varm og fin dag.
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...