Viser innlegg med etiketten Fisk og fiskeri.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fisk og fiskeri.. Vis alle innlegg

onsdag, mars 16, 2016

Dagbok 2016: 16.mars

Klokka er 21.00, temperaturen er +2,5 grader C. Vi vakna til fotsid skodde, men det letta etter kvart, og i 14-15-tida skein sola frå nesten skyfri himmel. 
Nils og Kjell for på sjøen i halv ni-tida, så eg nytta åleinetida til å bytte på sengane og vaske golva, så no er vi klar til å ta helg.
Fiskefangsten var ikkje så stor, småsei er der flust av i sjøen, men det er grenser for kor mykje vi vil ha av den sorten. Kjell har to hundar, så han tørkar fisk til dei. Vi hadde kokt småsei til middag, og somna som stein etterpå. Fisk er bra sovemedisin. den største seien skal vi steike ein av første dagane, best før frysing.

I dag var vi invitert til musikal på Folkestad skule, det var 10. klasse som stod for programmet. Vi hadde bestemt oss for å ta ferja 18.30, men då klokka var 18 sjekka eg nettet, og der var det ikkje sett opp ferje 18.30. Programmet skulle begynne klokka 19, så det var berre ein ting å gjere:  Køyre rundt fjorden!
Det var i ein viss fart vi for ut dørene, for vi trong tida. For sikkerheits skuld sende eg ei melding til Margrete, slik at ho kunne stoppe programmet til vi kom. Det såg litt svart ut ei stund, men så oppdaga vi at klokka i bilen var 8 minutt for snar. Vi nådde fram i god tid, men kva møtte vi då vi nærma oss Folkestad? Jau, ferjekøen frå 18.30-ferja ! ? Som altså gjekk likevel.
Musikalen var eit forrykande show med song og dans. Det som batt i hop programmet var ei tidsmaskin som gjekk heilt tilbake til 1950. og stoppa på alle 10-tal fram til år 2000. Vi fekk songar frå alle ti-åra. Det vi aldri kjem til å gløyme er nummeret "Ghostbusters" der  "spøkelser" i store kvite laken- vart jaga rundt i salen svevande på segways. Håper Margrete har bilde.
Dei er ikkje meir enn 13 elevar i klassen, så alle fekk vere med på mykje, og det er heilt utruleg at der er så mange gode artistar på ein såpass liten skule. Lars var lydmann og hadde Erlend som assistent i dag.
Etter programmet fekk vi kjøpe god mat og kaffi til inntekt for klasseturen til 9. klasse. Eg åt godt for å støtte ei god sak.
Heim att tok vi ferja i lag med Ruth og Harald.

søndag, oktober 11, 2015

Dagbok -2015 : 11. oktober


Klokka er 17.30, temperaturen er + 12 grader C og det har vore ein nydelig , lettskya dag. Kan ikkje ønske det betre midt i oktober.
Nils sette ut teiner i går kveld og drog dei i dag, det vart bra fangst, og desse krabbane var det meir mat i enn dei vi hadde sist.Charlie var skeptisk, men Nils kokte dei og sette dei til avkjøling.
Før vi åt middag tok vi bilen og køyrde bort på Morkaåsen der det er ei fin kunstgrasbane; meininga var å leike med Charlie der, såpass HAN fekk mosjon i alle fall. Der var det også ein svart, glatthåra hund, eg er ikkje sikker på rasen, som ville leike, så då vart det liv. Den andre hunden og folka hans skulle gå tur-truleg bort til Åsentunet, men vi gjekk berre eit lite stykke. Så gjekk vi tilbake og leika "hent kjeppen", men Charlie har ikkje heilt forstått at han skal levere kjeppen tilbake. Elles er han veldig flink og kjekk.


Her kan de sjå bana. Lysmasta står midt på Saudehornet.



Hundane var litt voldsomme i leiken, men ingen vart skada. Ikkje alle store hundar er like snille som Lasso. Charlie er flink å hoppe inni bilen og plassere seg i buret.
I dag gjorde vi noko vi aldri har gjort før. Vi handla på søndag; ein loff på Bunnpris. Så åt vi krabbe med loff og majones i staden for fisk i dag. Og eg vart ikkje kvalm slik eg vart sist eg åt krabbe. Ergo er eg ikkje allergisk.
Margrete er komen heim att frå Oslo, og i morgon kjem ho hit, for då skal Amanda på ballett igjen. Ferien er slutt.Og Charlie skal få kome heim att til familien sin. Nils skal levere bilen i kveld, og Jørn er med og køyrer han heim att. Håper vi får att bilen i løpet av morgondagen.


tirsdag, september 29, 2015

Dagbok 2015: 29.september.



Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 16,5 grader C og vi har hatt ein nydeleg solskinnsdag.
Når Nils fiskar med liner, blir det ein dag med fisking og ein dag med filetering. Det meste av dagen i dag har han stått i garasjen og skore filetar og pakka til frysing. Det var brosmer og langer. No har han att å filetere ein sei og ein lyr. Det blir kanskje fiskemat, eller kanskje ikkje.
Eg nytta høvet til å støvsuge alle teppegolva før eg kom meg ut på altanen med boka mi.
Etter at vi hadde ete oppvarma pannekaker til lunsj, la vi oss på solseng begge to. Men då kom det både vind og skyer. Vi gjekk inn att ei stund og då skein det opp att. Og så gjekk vi ut att. Ja, vi har det godt som kan nyte alle fine dagar som er.
No har eg shina opp meg sjølv -dvs. vaska håret.
Og så har eg site mykje på FB for å få orden på kvar alle barn og barnebarn held til for tida, og kva tid dei har haustferie, og kvar dei då skal. Eg må ha det skriftleg, elles gløymer eg det.
Og så har eg det med å rote meg bort i diskusjonar på nettet-det må eg slutte med !
Bilda tok Nils med mobilen i går.

mandag, august 03, 2015

Dagbok 2015: 3.august

Klokka er 21.30. Temperaturen er +14 grader og det er overskya og opplett. Det har rett nok vore nokre regndropar i løpet av dagen. No er vi alle samla, med unntak av Nils som måtte på eit møte i SV.
Alle sov lenge i dag, det var vel Nils og eg som var først oppe. Alle "mannfolka" for på sjøen, så Wenche og eg var heime åleine. Vi slappa av, men Wenche strikka mens vi prata, det gjorde ikkje eg.
Karane kom att med ganske mykje makrell, og så vart det middag i ein fart. Vi hadde kokt makrell i går, den blei servert kald i dag, med rømme og agurksalat; det var den eine retten. Elles var det varm nykokt makrell, pizza frå i går og fiskepinnar på menyen. Til dessert åt vi opp resten av gulrotkaka. 
Eg sov dårleg sist natt, så eg la meg ut på altanen og sov middag der. Rasmus og Ingar var ein tur ned på Velle skule og sparka fotball. Elles styrer gutane med diverse spel etc. Og slik går no dagane.
Vi gratulerer Solveig og Øystein med 30-års bryllaupsdag. Dei feirar dagen i Nice.


lørdag, august 01, 2015

Dagbok 2015: 1.august




Klokka er 20.15, Temperaturen ute er+ 16 grader, det er overskya, men behageleg vêr.
Nils reiste med båten til Eiksund for å plukke opp Audun og Håkon, dei skulle dorge etter makrell. Dermed vart eg heime åleine og fekk mellom anna lese ferdig lydboka mi.
Elles har dagen gått med til diverse huslege syslar som matlaging, klesvask etc. Til middag steikte eg sei.
Men før middag vart det eit lite drama på kjøkkenet. Eg laga svelerøre og ville prøve den nye takka som eg har skaffa meg. Eg las grundig gjennom bruksanvisninga, for ein gongs skuld. Eg varma opp plata og smurde den med olje. Så la eg svelerøra utover til høveleg store sveler. (Eg HAR steikt sveler før, på andre si takke, med andre si røre!) Men då eg skulle snu svelene sat dei blegg fast. Fekk no grave dei lause på eit vis, men dei enda som fuglemat.
Så måtte eg gjere rein takka, etter at den var passe avkjølt. Det gikk mistenkeleg lett med ublanda Zalo! Så var det på an igjen, med meir olje denne gongen (solsikke)-og no gjekk det fint. Svelene var gode og gjekk ned på høgkant. Men både Nils og eg tykte det smakte OLJE av dei. Skulle eg heller smurt med smør/margarin ? Før når eg har steikt svele her heime (Det er LENGE sidan), har eg brukt malmsteikepanne-og då har eg ikkje smurt i det heile tatt. No vil eg gjerne ha svar frå røynde takkesteikarar. Når ein er husmor på Sunnmøre bør ein kunne lage MRF-sveler. Dessutan er det lettvint. I dag laga eg berre halv porsjon-for å teste.
I morgon ventar vi Rasmus & Co, det ser vi sjølvsagt fram til. Artig at Rasmus og Margrete fekk til eit treff i dag. Ho er som kjent i Nesbyen på hundeutstilling.
No skal eg legge i hop klesvasken. Har så vidt vore ute ei lita stund i dag, låg på solsenga og las. Men så vart sola borte. No håper vi på ei fin veke.
Bilda har Håkon tatt på mobilen og lagt inn på FB. Fiskaren her i huset er ikkje heime enno.

torsdag, juli 30, 2015

Dagbok 2915: 30.juli


Klokka er 21.15. Temperaturen er +11,5 grader C. Ikkje direkte tropevarme! Det har regna meir og mindre i heile dag. Og eg har halde meg inne.
Nils for på sjøen for å fiske sei klokka seks i dag tidleg. Eg har ikkje sett på fangsten enno, men han har tatt bilde, så eg er orientert.Han var godt nøgd med fangsten. Han vil ikkje ha for mykje om gongen, det er no ein god del arbeid etterpå også.
Eg brukte heile føremiddagen til å rydde, støvsuge og pusse vindu m.m. Ommøblerte litt i stova. Vi har to sofaer som vi kan bytte om på.
Seinare på dag vaska og rydda eg nokre skuffer på badet. Eg kan ikkje ha for mykje bøy og tøy for ryggen sin del, så eg får ikkje gjort så mykje kvar dag.
Fekk melding frå Margrete om at ho trong å printe ut noko, så ho ville komme oppom.
Sidan vi hadde kokt småsei til middag, kunne vi ikkje invitere henne til å ete i lag med oss, men is og kaffi gjekk bra.
No er Nils på møte i SV, og eg har nytta åleinetida til å lese i boka mi, det har blitt lite lesing i det siste.
Margrete skal til Nesbyen på hundeutstilling i helga og Ingeborg skal vere med og lærekøyre. Ho får god trening. Kjem an på om ho og Rasmus støyter på kvarandre?
Solveig og Øystein er vel framme i Nice. Dei slepp å fryse.

tirsdag, juli 21, 2015

Dagbok 2015: 21.juli


 Klokka er 19.10. Temperaturen ute er + 15 grader, det er overskya og litt regn. No har vi nettopp ete sein middag, i dag var det kjøpepizza med mykje salat til. Godt vart det!
I dag då eg vakna var Nils vekk, det er noko som skjer relativt ofte. Eg rekna med at hanvar ute og fiska, og det var han. Eg låg ei stund til før eg stod opp, men eg visste kva eg ville. Rett etter frokost fann eg fram malersakene mine og sette i gang. Trudde eg skulle bli ferdig før Nils kom heim, men han kom før eg venta. Eg fekk i alle fall mala dei to siste vinduskarmane på stova og altandøra. Var ikkje heilt nøgd , særleg med døra, trur den må ha vore mala med "utemaling" før. Eg malar med Baronesse interiør-det skulle høve bra. Det vart i alle fall kvitt om det ikkje vart perfekt.
Nils ringde til Harald, som kom og fekk sei med seg heim. For meg er sei den beste fisken, og den kan brukast til det meste. Der er SMAK på seien, og alle mesterkokkar eg snakkar med er enig med meg. Eg plar seie at eg likar best fisk som fisk, fiskemat er eg rimeleg lei av, men lagar av og til. Fiskegrateng brukar eg også å lage somme tider. Og blandaball av og til.
Etter at Nils var ferdig med fisken vart det lunsj+ pause. Eg strikka litt på lesten min blant anna.
Så var vi ein tur på Plantasjen. Eg fann ut at eg trong eit rosetre til, og i dag var rosene på tilbod: 3 for to. Men eg kjøpte berre ei-visste ikkje kvar eg skulle gjere av dei andre to. I dag vart det Allotria. Pointet var at den skulle vere raud.

Vi køyrde opp til Opel for at eg skulle få ta bilde av Saudehornet, dessverre låg der ei sky over toppen. Men eg lurer på korleis det går med "Saudehornet rett opp" til helga.

fredag, juli 17, 2015

Dagbok 2015: 17.juli


Klokka er 18.45. Temperaturen er + 17 graderC. Det er lettskya og fint.
I dag stod vi opp til ein strålande morgon-det var nesten som eit sjokk. Nils sende melding til Margrete om at Erlend kunne komme og fiske dersom han ville, for meldingane var gode-i går såg det svart ut på yr.no. Nils henta Erlend i Volda, og dei åt litt før dei for. 
Eg hadde vaska vinduskarmar, blomsterpotter etc., og då eg vart åleine fekk eg støvsuga. Så la eg meg ut på solsenga for å lese ut boka mi. Då varte det ikkje lenge før det skya over og det kom ein kald vind. Eg heldt ut ei stund , så gjekk eg inn. Men så kom sola att og eg såg Marit sat ute på enken sin, så eg gjekk opp til henne. Då kom fiskarane att-med EIN makrell og mange småsei, så små at dei blir til agn. Eg steikte makrellen til Erlend, og lysing til oss. Til dessert vart det kaffi og restar av Prinsessekake.
Eg er no i beit for lydbok. Har nokre i MP3 format, så eg kan no prøve Walkman-en.
Erlend har bestemt seg for å vere til i morgon og fiske meir. No har eg sett han i sving med å rydde på datamaskina mi, slik at den kanskje får opp farten.
Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg!



onsdag, juli 01, 2015

Dagbok 2015: 1.juli.


Klokka er 21.30, temperaturen +22 grader, og sola skin på Melle. Vi vakna til ein grå dag med plaskregn, men det kom seg etter kvart.
Nils hadde avtale med Eirik, som kom i 11-tida. Då reiste dei ut for å sette liner, og fiske litt med snøre. Dei kom heim att med agn-mort. No er dei ute og dreg lina, dei skulle no vere ventande heim om ikkje så lenge.
Eg har altså vore heime åleine det meste av dagen, og ikkje har eg "gjort" så mykje heller.Var ute i hagen og reinska litt ugras, og dett var dett.
Før middag laga eg blomkålsuppe og pannekakerøre.Litt uvant kombinasjon, men mannfolka protesterte ikkje. Eg har ved fleire høve hevda at det skal vere ertersuppe og pannekaker, men så hadde eg kjøpt blomkål på tilbod, og dei måtte eg bruke opp. Eg veit sjølvsagt at Eirik likar det. Det varte og rakk før dei kom att, så eg begynte å steike pannekakene. Då eg hadde steikt EI ringde dei frå Rjåneset. (Kan dokke forstå korleis vi greidde oss utan mobil?)
Då dei reiste ut att i 18-tida la eg meg ut på altanen i sola med lydboka mi. Det var varmt og godt og eg somna fleire gonger. Sola blir borte frå altanen i 20-tida, så då er det berre å gå inn.
Fekk melding frå Rasmus i dag. Dei er no komne fram til Garda-sjøen og skal vere der eit par dagar. Eirik synest det må vere veldig langt å køyre, han køyrde halve vegen til Oslo, og tykte DET var langt.
No håper eg dei har fått fangst på lina, slik at det ikkje blir aldeles bomtur.


Bomtur vart det ikkje, men mange store langer. Nils anslo samla vekt til ca 100 kilo.

tirsdag, august 12, 2014

Dagbok 2014: 12.august


Klokka er snart halv ti, temperaturen er + 14 graderC, det er overskya og litt regn av og til. Tidligare i dag var det mykje varmare og også litt sol.
Nils var til Volda i dag, og kom heim att med barnebarnet Eirik (17) etter avtale. Nils er veldig glad når barnebarna vil vere med han ut og fiske. I dag har dei vore utpå i to periodar; på føremiddagen kom dei heim med ca 70 makrellar, og no i kveld vart fangsten om lag den samme. På bilda spylar Eirik fiskekassen, og Nils pakkar og frys makrell i kjellaren. Mykje skal vel brukast til agn på lina, men det går no an å ete makrell som har vore frosen også, berre den ikkje har lege for lenge i frysaren.
Mens dei var vekke på føremiddagen, fekk eg bytta på sengane, vaska golv, vaska og hengt ut klede osv. Rart med det, ein kan vere veldig effektive når ein har huset for seg sjølv.
Til middag laga eg blomkålsuppe og steikt makrell. Alle tre åt så godt at dei fleste somna etterpå.
No skal eg lage kveldsmat til dei tapre fiskarane. Det er mitt bidrag. Foringa. Der er litt steikt kald makrell att frå middag, ser ikkje bort frå at einkvan vil ha den.
I morgon skal dei visst fiske sei.

fredag, august 01, 2014

Dagbok 2014: 1.august.





Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 17 grader C, det er lettskya og fint. Håper vêret blir like fint i morgon når folk skal springe om kapp frå småbåthamna til Saudehornet. Trur ikkje eg stiller i år heller.
I dag reiste karane på sjøen sekundet før eg stod opp. Eg gikk no her og smårydda, visste ikkje kor lenge dei blei vekke. Laga ei vaffelrøre på vona dei ville ha ein kaffikopp når dei kom heim osb.
Eg veit ikkje kor lang tid det tek å dra inn 900 meter line, og så hadde dei teiner ute etter krabbe også. Då dei kom heim var det stor stas, dei hadde fått mange store fiskar; langer, brosmer og lyrar. Heldigvis hadde dei ikkje fått småfisk, for den er det mest arbeid med.(Nils har store kveiteonglar på lina og store agn.)
Kaffi og vaflar vart godt motteke, og så var det krabbe som skulle kokast. Tre gongar fylte han den store krabbepanna, men det var ikkje så mykje å glede seg over, det var ikkje mat anna enn i klørne. Eg åt berre litt, og så begynte eg å føle meg uvel. Sidan eg blir dødsens sjuk om eg et hummar, toler eg kanskje ikkje krabbe så godt heller?
Vi måtte sjå litt fotball i dag, sidan Hareidgutane sitt 7-ar lag kom til finalen i Norway Cup. Dessverre tapte dei.
Det vart mykje arbeid og rot med all fisken, og eg lurte på korleis det vart med middag. Jau, dei skulle ha steikte skatevingar ! Nils skar ut dei aktuelle stykka av skata og eg steikte fisk, kokte poteter og raspa gulrot. Både Nils og Audun åt skatevingar og påstod at det var godt, eg avstod frå delikatessen. Har smakt sorten før. Audun åt loff med krabbe som rett nr.2, og så drakk i kaffi og åt is. Det skal ein god rygg til å tole gode dagar,seier dei, men jammen treng ein god mage også.
No har Audun reist ut att til Hareid. Han skal jobbe eit par dagar før han reiser til brakkeliv på Elverum.
Eg rydda kjøkkenet, fekk på oppvaskmaskina og grønsåpevaska golvet, så no luktar det ikkje krabbe overalt lenger.
Nils hadde hengt opp fisken i garasjen, og har no begynt å filetere så smått. Det er kjekt å få mykje fisk i hus, men jammen er det mykje arbeid før den ligg i frysaren. Heldigvis er det Nils som tek det arbeidet; eg hadde ikkje sleppt til om eg ville.
No ønsker eg alle ei god helg-no må vi nyte kvar sommardag vi får.
Rasmus med fam. reiste frå Rygge til Mallorca klokka 19.20 i kveld.

tirsdag, juli 08, 2014

Dagbok 2014: 8.juli



 Klokka er er snart 21.00, temperaturen ute er + 19 grader, vêret er lettskya og fint. Vi har hatt ein nydelig og varm dag, men for oss har det også vore arbeidsdag, sjølv om vi er pensjonistar.
Nils var tidleg oppe og reiste på sjøen for å sette liner. Linene hans er til saman (i ei lenke) over 700 meter lange, og der er over 100 store krokar. Han brukar å egne linene og legge dei i frysaren sin, slik at dei er klar til bruk.
Mens han var vekke laga eg eit par kakebotnar, som er kjekke å ha. Etterpå shina eg fint opp kjøkenet og så var det pause og tid for lunsj. La oss på altanen etterpå. Nils ville ikkje vente for lenge med å drage linene, så han for herifrå ein gong mellom 14-15. Eg vart liggande på altanen enda ei stund. Etter kvart tykte eg det drog ut før han kom att, men då ringde han og fortalde at han hadde fått så mykje fisk at han måtte sløye før han kunne fare heim.I mellomtida gjorde eg litt hagearbeid, slo kantar etc.Jobba litt med prosjektet mitt også, men det må eg vere litt forsiktig med, toler ikkje så mykje bøy og tøy.
Eg har det med å skade meg på dei mest utrulige måtar. I dag presterte eg å sparke til ei greip, så eine "tinden" for gjennom croxen. Til all lykke traff den mellom to tær, så skaden vart ikkje stor.Det var så vidt det pipla litt blod.
Det er kjekt å få mykje fisk, men det er mykje arbeid også. Det er Nils som tek seg av det meste. No har fisken lege i kaldt, rennande vatn, så skal han henge den opp. I morgon blir det å filetere, og fryse. Noko skal han male opp, og så blir det eg som lagar fiskekaker. Han fekk mykje lange, det er eg så glad i, ei brosme, den skal Solveig få; ei hyse og to lyrar går til fiskemat
Eg er glad for at han fekk så mykje i dag, så slepp han kanskje å fiske på ei stund, for han har også plenar som skal klippast og anna hagearbeid som eg ikkje klarer. Det som skal gjerast innomhus greier eg.Og slik går no dagane her i pensjo-heimen. 
Snakka med Rasmus i dag, dei kjem oppover om ikkje så lenge, dei skulle berre ein liten svipp bortom Sunne, og så parkerer dei på Hunderfossen og kjem hit utan campingvogn. Reknar med at gutane vil til alle dei plassane dei har hatt det kjekt før.

Det har begynt å komme "pøler" på sukkerertene som Nils sådde grytidleg i vår. Og jammen såg eg at bringebæra er åt å få farge! Alt er tidleg denne sommaren.

tirsdag, juni 17, 2014

Dagbok 2014: 17.juni

Klokka har passert 19.00, og ein fotballkamp er på gang. Ute er det regn, skodde og grått, men eg kan sjå lyset frå sola gjennom skodda.Temperaturen er + 13 grader C. 
Før middag var det overskya og opplett. Nils for ut for å fiske i halv- åttetida, og eg stod opp litt etterpå. Eg  kan ikkje planlegge så mykje utan bil og sjåfør, så eg sette ein brøddeig til å begynne med. Det er ikkje det at det lønner seg så veldig økonomisk å bake sitt eige brød, men det er no greitt å ha i hus, og så kan ein lage det grovare enn det som er å få kjøpt.
Eg har eit hageprosjekt som eg jobbar med innimellom, det medfører mykje ryggbøying, så eigentlig skulle eg late det vere, men så er det slik at eg har så lyst! Mens eg dreiv med mitt hadde dei eit anna prosjekt på gang hos naboen. Eg måtte nedom og "rettleie" dei litt, men eg kan ikkje ta æra for at dei fekk opp den store steinen til slutt. For nokre år sidan rydda Nils og eg dette hjørnet av nabotomta og sådde i, men så vart huset ståande tomt i fleire år og alt grodde til igjen. Eg synest det er kjekt å følge med på slike prosjekt.
Eg måtte inn att til brøddeigen min som eg nesten hadde gløymt, det var like før den rann over kanten.
Måtte sjølvsagt ligge på sofaen ei heil stund etter lunsj, før eg var arbeidsfør igjen. Det blir ikkje meir tungarbeid i dag, men eg fekk rydda fint opp på kjøkkenet.

Nils kom att med fin, feit makrell, og no har vi kokt ein stor porsjon som vi skal nyte i morgon med agurksalat og rømme til.I dag vart det Taco.
Eg sit mykje på datarommet, med lydbok, og strikkar mens Nils ser fotball. Begge får vi  gjere det vi likar best.Det er heilt greitt.


onsdag, desember 18, 2013

Dagbok 2013: 18.desember


Klokka har passert 16.00, temperaturen er + 8 grader C, og det har vore ein lettskya, fin dag, med litt vind. Og det mest utrulige av alt: Det har vore LYST.
Eg plar seie at når eg ikkje har lagt planar for dagen, blir det ingen ting med meg, og i dag var eg heilt planlaus. Det vart til at eg berre surra rundt, vaska håret, sette på ei maskin med klede, ringde ei veninne etc. Mens Nils var aktiv, vaska kjøleskåpet i kjellaren og dusjkabinettet på badet, så heile huset luktar klor!
Men først var han ut og drog teinene, og fekk ein diger krabbe og noko som eg ikkje kan avsløre på bloggen. Den eine fangsten var i Strøm-teina. Dette blir middagen i dag. Vi har funne fine rundstykke i frysaren-det var av dei eg bakte til jul i fjor. Vi har begynt å dykke i frysaren i staden for å kjøpe, så lenge det varer.
Då klokka nærma seg 15.00, ville Nils ha ein pause, og eg ville gå tur i finevêret, men så ville han også vere med. Det vart ei runde her på Vallabøen, kjekt å sjå alle julelysa som folk pyntar opp med. Det møkna etter kvart som vi gjekk, og no er det heilt mørkt ute.
Har ikkje høyrt noko frå Rasmus i dag, men fekk bilde på mobilen av den ny-gipsa foten. Den er gipsa heilt frå tærne og opp til kneet, så det er ikkje spøk. Eg har ikkje lært meg å legge bilde frå mobilen inn på data, men det kan hende eg finn ut av det.

Det er ein hann-krabbe. Det er det eg likar best. Håper berre den er full av mat! Klørne er der i alle fall noko i, det er der alltid.

torsdag, november 21, 2013

Dagbok 2013: 21.november

Klokka er 17.20, temperaturen ute er + 2 grader og det har vore ein fin dag, opplett og relativt lettskya. Bildet over er tatt ca klokka 14. Det blir litt mørkare enn det eigentlig var når ein retter kamera mot himmelen.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, for Nils hadde avtalt med Mathias at dei skulle ut og fiske. Dei fekk rikelig med halvstor sei, så begge vart godt fornøgde. Nils var heime før klokka 12.00.
Mens han var vekk gikk eg her og smårydda som vanlig, og så sette eg meg til å feste trådane på alle lestane eg har strikka. Eg hadde berre strikka i veg og vissste ikkje kor mange lestar det var blitt, men det var altså 12 par, dei fleste i herrestorleik. Nils måtte svippe meg ned på garnbutikken så eg fekk tak i meir garn, skal strikke nokre par til. Synest det er greitt å strikke lestar, for det kan eg gjere i halvsøvne om så er. Dessutan er det greitt når eg ikkje kan sitte så lenge om gongen, det har eg ikkje rygg til. Dumt å begynne på store arbeid når ein ikkje veit om ein kan fullføre.
Før middag gikk eg ein tur rundt Storebakken,med broddar på skona. Best å ikkje ta sjanse på knall og fall, eg er eit år eldre enn i fjor! 
Vi drakk kaffi då Nils kom frå sjøen, og no er vi nettopp ferdige å ete middag, kokt sei sjølvsagt. Og så er det kaffi igjen! Nils mel kaffi på den nye kverna som han fekk til fødselsdagen, og det luktar godt.

onsdag, oktober 02, 2013

Dagbok 2013: 2.oktober


Klokka er snart 22.00, temperaturen ute er + 8 grader C. Det har vore enda ein nydelig dag. Nils var oppe ein times tid før eg vakna og var reist til havs før eg var oppe. Han kom heim med ein litt uvanlig fangst, ei fin kveite og ei stor skate. No skal vi teste ut korleis skatevingane smakar. Det skal visst vere ein delikatesse. I dag vart det småsei på menyen.
 
Eg rakk å få ferdig manuset, dvs. referatet frå møtet i går, før han kom heim.Vi åt tidlig middag, og eg gikk ein tur rundt i nærmiljøet mens Nils fekk kvile. Eg fekk meg også ei stund på solsenga med lydbok før det var på tide å fare utover. Vi hadde stevnemøte med Margrete og ungane i Furene, dei sat på med oss, så slapp vi å betale for to bilar i tunnelen.
På Kaffi-Kari fekk eg møte att ei studieveninne som eg ikkje hadde sett på 26 år ! Det var stas for oss begge, trur eg.
Det var kjekt å høyre Øystein fortelle frå boka si, og lese utdrag. Eg visste ingen ting om kva den handla om før eg fekk høyre det i kveld. Når eg får boka i hende skal eg i alle fall lese den. Rasmus Rebellen er faktisk ein persom som har levd, og noko av det som står i boka er "sant"-men det meste er fiksjon.
Ronald og Odd song, og vi fekk treffe folk vi kjenner, nydelig kake og kaffi fekk vi også.
Erlend hadde sjølvsagt slips i dag også, knuten heiter Elredge knot.

Dagbok 2026: 26.oktober

På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV) Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar lit...