lørdag, august 31, 2013

Dagbok 2013: 31.august.

Klokka ersnart 20.00. Temperaturen ute er + 10 grader C. Vêret i dag har vore veldig vekslande, best det har hølja ned, så skein sola. Eg gjorde litt husarbeid først på dagen. Nils hadde lova å levere utstyret til SV-standen før klokka 11, så han for nedover åleine. Klokka 12.30 kom han opp att, og då tykte eg det var for seint å finne på noko, reise på tur etc.
Men så var det altså Vartdalstrand-dagane med diverse utstillingar. Nils hadde lyst å sjå utstilling av saker og ting som har med fiske og fangst å gjere, så vi reiste til Vartdal skule.


 


 
Der var mykje folk og stor aktivitet. Vi var inne og såg fiskeriutstillinga, og så var det ei stor samling av yngre veteranbilar som var lina opp ute. Eg tok bilde av alle. Det var flest av merket Mercedes, og mange av bilane er det Myklebust, han som driv Opelbutikken ved flyplassen, som eig.
 
På heimvegen var vi nedom Rjåneshamna og fylte bensin på båten. Det var ein som vart glad fr at vi kom, ein av naboane her i Starevegen hadde nemlig gløymt å ta med nøkkelbrikka til hamna, men NIls hadde med si. Mens vi stod der, kom enda ein nabo frå Starevegen, og då måtte eg ta bilde av dei.
Elles var vi innom Kiwi og kjøpte med oss pizza heim til middag.
I dag er det 114 år sidan pappa vart fødd, og 134 år sidan mormora mi såg dagens lys. Tenker alltid litt ekstra på dei to siste dagen i august.

fredag, august 30, 2013

Dagbok 2013: 30.august

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 19 grader C, det er lettskya og fint, slik det har vore det meste av dagen.
Eg veit ikkje kva som har stukke meg i dag, men eg har liksom ikkje kome i gang med noko som helst.
Før middag var vi på ei handlerunde. Blant anna var vi på Felleskjøpet på Rystelandet for å kjøpe vaskepulver og toalettpapiri store mengder.Når vi er på hi sida, må eg alltid ta bilde av fjellsida her vi bur.Etterpå var det apoteket og Coop på Amfi. Der hadde den nye Kitch n butikken opna dørene, men utan at eg gikk inn. Har eigentlig nok av det meste. Sidan vi ikkje fekk alt vi skulle ha på Coop, blei det ein tur på Spar også.
Til middag i dag hadde vi ikkje tenkt ut noko, så det blei til at eg rota i hop ei pannekakerøre.
Håkon var innom på veg heim, for å få med seg fiskefarse til mora, som kanskje må lage blandaball?
Eg vart liggande på sofaen å lese etter middag. Begynte på "Brobyggerne" av Jan Guillou, den var veldig fengande, vanskelig å legge frå seg ; spørs om det varer ut dei 19 CD-platene.
Vi har ingen spesielle planar for helga, men vil i alle fall ønske alle ei GOD HELG !
For dei som ikkje er på FB kan det vere artig å sjå at Ingeborg har møtt Jens i dag. Litt artig at Margrete også hadde eit møte med han - i 1985; då var han nettopp blitt valt til leiar i AUF. Margrete diskuterte skulepolitikk med han, og dei var ikkje enige. På den tida hadde Margrete ein draum om å bli stats-minister, heldigvis gav ho opp den planen.Jens var i Kristiansand i dag, der han mellom anna møtte AUF-arar.

torsdag, august 29, 2013

Bok nr.46 - 2013; Hånden

Dette har eg henta frå nettet og ser ingen grunn til å legge til noko meir.Kunne like godt ha skrive det sjølv.Eg kan legge til at etterordet av Jørn Lier Horst var ei god analyse av heile serien om Kurt Wallander.
 
For fire år sidan gav Henning Mankell ut den siste boka i Wallander-serien; Den urolige mannen. Den boka var eit vemodig og definitivt farvel med Kurt Wallander. Hånden, som nettopp er utgitt på norsk, er eit hyggeleg gjensyn med kriminalførstebetjenten. Kronologisk kjem denne rett før Den urolige mannen.
I denne korte romanen (som er meir som ei lang novelle) snublar Wallander bokstaveleg tala over ei sak. Han snublar i noko han trur er ei rot eller ei gammal rive, men det viser seg å vera skjelettet av ei hand. Liket har vore nedgravd lenge, truleg i fleire tiår - og etter ei stund finn etterforskarane enno eit lik. Kven var desse menneska? Kvifor har ingen meldt dei sakna? Det vert ei vanskeleg oppgåve for Wallander og kollegaene hans når dei lyt grava i fortida for å finna svar på mysteriet.
Kurt Wallander er ein krimhelt eg er veldig glad i og eg tykkjer Henning Mankell er ein eminent forteljar.
Hånden er eit triveleg og uventa gjensyn med Wallander, - og passar nok best for alle dei som har lest heile serien (10 bøker) tidlegare. Lydboka er på kun omlag tre timar og eg høyrde heile boka samanhengande medan eg gjekk tur ein kveld. Det vart ein fin tur. Ola G. Furuseth har ei behageleg, tydeleg og roleg stemme som passa godt til stemningen i boka, og som gjorde Hånden til ei verkeleg god leseoppleving.

Jørn Lier Horst har skrive eit fint etterord til Hånden. Horst fortel at han las den fyrste Wallander-boka Morder uten ansikt medan han var student på Politihøgskulen:
"En slik politimann ville jeg også bli. En etterforsker med samvittighet, integritet og menneskelighet og med tro på at han kan være med å skape en bedre verden. Slik sett var det Kurt Wallander som var med på å stake ut min karrièrevei i politiet."

Dagbok 2013: 29.august

Klokka er snart 21.00. Temperaturen ute er + 11 grader C. Det er lettskya og fint.
Nils for på sjøen tidlig i dag og kom heim med nokre fine seiar og ein del makrell. Eg var litt sein å kome i gang i dag, men så fann eg ut at eg kunne plukke stikkelsbær. Vi har berre eitt stikkelsbærtre, men det er fullt av små blåraude bær. Eg plukka og rensa ca 3 kilo, og når sant skal seiast er det ganske mange bær å klippe i begge endar. Ei stund hadde eg lydbok på øyret, etterpå høyrde eg gravferda til Rolv Wesenlund. Tok den opp på boks, så eg kan sjå den seinare.
Så steikte eg makrell til middag, rabarbrasuppe av to år gammal rabarbra frå frysaren hadde eg laga før. Etter at vi hadde ete, kokte eg ferdig stikkelsbærsylta og Nils hadde den på glas.(Han er stødigare på handa enn eg).Har ikkje smakt den enno. Eg plar ikkje sylte så mykje, vi et ikkje så mykje sylte og skal ein kjøpe bæra kan ein like godt kjøpe sylte.
Var ein liten tur innom biblioteket rett før dei stengde, lite å velje mellom, men mykje kjem inn etter kvart, og eg får melding på mobilen.
Så til slutt gikk eg ein tur i skogen, fint å vere ute i kveld. No driv eg og rippar bøker, har lese ut den eg heldt på med.
Rosa på bildet over er ei av dei tre potterosene eg fekk av Solveig. Alle rosene eg har planta i år ser ut til å trivast. Under ser de bilde av ei "vanlig rosebuske". Namnet er Leonardo Da Vinci.

onsdag, august 28, 2013

Dagbok 2013: 28.august.

Klokka har passert 21.30 og eg kom nettopp inn att frå kveldsturen min. Ute er det skya og opplett, men berre+10 grader C, det kjendest veldig kaldt ut.
Det har ikkje hendt all verda i dag heller, men det er heilt greitt. Før middag tok eg eit tak på stova, med støvtørking, støvsuging og litt ommøblering.
Mens Nils var i Volda til kontroll strikka eg litt og las i boka mi. Då han kom heim, åt vi litt og la oss på altanen for å kvile, men det vart snart for kaldt, så vi gikk inn att. Eg fann nokre klede som er strauk osv. Og sånn går nu dagan.
I dag las eg ut siste boka til Jørgen Brekke, den kan de lese om her. No har eg begynt på ei veldig kort krimbok av Henning Mankell, den er på berre 3 CD-plater. I morgon er det langope på biblio. Elles så har eg nokre MP3-plater liggande, men dei får eg ikkje lagt inn på MP3 spelaren( type iPod)- så då må eg sitte eller ligge i ro mens eg les.Det likar eg ikkje så godt.

Bok nr. 45 - 2013: Menneskets natur.

Menneskets natur
Politiførstebetjent Odd Singsaker befinner seg i et hus på Hitra. Det ligger et lik på gulvet ved siden av ham. Singsaker retter en hagle mot en person i en utbrent sofa. Det har åpenbart skjedd mye siden kona Felicia Stone reiste fra ham og forsvant.
En utro og svært kald politimann, en festglad student i plutselig trøbbel, en hustru som slår tilbake mot sin ektemann og en torpedo med et eksplosivt tilslag i balltreet. Alle spiller viktige roller i fortellingen om hvordan Odd Singsaker havnet i dette uføret.
Den tredje romanen om Odd Singsaker er en fortelling om hva som skjedde med Felicia Stone, om store forbrytelser, seig kjærlighet og de fire temperamenter. Og om alt det andre som preger menneskets natur.

Eg likte dei to første bøkene av denne forfattaren, og eg likte denne.
Når ein les lydbøker, kan det vere litt vanskelig når romanen ikkje blir skriven kronologisk. Denne boka startar med slutten av fortellinga og sluttar med eit frampeik.
I mellom får vi fleire nesten frittståande fortellingar om ulike menneske. Men alt heng i hop. Sjølvsagt gjer det det! Og trådane blir samla, eller puslespelet lagt, i alle fall nesten.
Opplesaren er veldig dyktig, og ein flink opplesar tolkar teksten på sin måte. Derfor er eg ikkje heilt sikker på om den svarte humoren kjem frå boka eller opplesaren- eller ev. frå meg sjølv. Boka kan faktisk lesast som ein parodi, om ein det vil. Og så minner den også litt om Håkan Nesser. Boka er godt skriven. Eg vil anbefale denne boka for barka krimlesarar. (Gled deg , Solveig!)

tirsdag, august 27, 2013

Dagbok 2013: 27.august

Klokka er no snart 20.00. Ute har det begynt å regne etter at det har vore mørkt heile ettermiddagen. Temperaturen er + 15 grader C.
I går var vi flinke og flittige, men i dag har vi gjort lite og ingen ting. Før middag var vi ein tur til Vik. Vi gjekk gjennom heile Gågata, utan å treffe særlig mykje folk. Folk treffer vi på Amfi, og det vart mykje prat med kjentfolk i dag. Fekk kjøpt meg ei ny varselklokke til kjøkkenet, dei to vi har juksar rett som det er.
Det var ikkje så mykje mat vi hadde behov for, men litt hamna i korga i dag også.
Det er ei skam å seie det, men eg har ikkje gått gjennom heile hamneparken før i dag. Nils har vore der og fiska, så han var kjent, men ikkje eg. Veldig fint var der.
Vi hadde tatt opp frå frysaren fiskekaker som vi fraus sist eg laga nokre som eg var så fornøgd med. Men kva er det som skjer med fiskekakene i frysaren? Dei vi hadde i dag likna meir på seige viskeler enn på dei luftige kakene som eg laga. Kva er det eg gjer gale? Fiskekakene lagar eg  etter oppskrifta til Wenche Andersen i TV 2.
Etter at vi hadde slappa av litt og drukke kaffi, gikk eg ein trimtur; det er ei stund sidan sist eg var ute og vandra. I går trimma eg med grasklippar.
Bildet over fekk eg frå Kjartan i dag. Han tok bilde av oss andre etter kvart som vi prøvde oss på blinken. Det var altså sist sundag.

mandag, august 26, 2013

Dagbok 2013: 26.august


Klokka er no 21.00. Temperaturen er + 18 grader C og vi har hatt ein nydelig dag. Det var litt skya før middag, litt vind og ikkje så veldig varmt. Men då det lei på ettermiddagen fekk vi skikkelig varme.
Sidan det var meldt regn på sikt, fann eg ut at det lurt å bytte på sengane og vaske soverommet i dag. Tok eit drag over den andre golva også, sidan eg hadde "så godt vann"(sitat frå boka "Jeg skal gjøre deg så lykkelig" av Anne B. Ragde). Men før eg vaska hadde eg sett ein brøddeig. De har kanskje lagt merke til at eg bakar meir enn før. Det blei så mykje kjekkare å bake etter at Solveig lærte meg å bruke olivenolje på bakeunderlaget og hendene når eg bakar ut brød, i staden for mjøl. Mykje mindre søl, og brøda mine blir betre enn før.
Nils hjelpte ein nabo med å få båten opp på båtvogna vår og frakte den ut i Rjåneshamna. Kan fortelle at denne båten er bygd på Bjørneset av ein kar som heitte Per.
Sidan vi hadde nysteikt brød, vart det til at vi åt det til lunsj og utsette middagen til seinare.
Etter at eg hadde hengt ut klesvasken etc. vart det ei stund med lydbok på solsenga. Etterpå hjelpte eg Nils med å klippe plenane. Vi har altfor mykje plen og tilsvarande mykje gras. Til inga nytte. Skulle hatt eit husdyr.
Hos naboane nedanfor oss har dei besøk av foreldre/svigerforeldre frå Nordfjord (Kjøllesdalen). Dei får hjelp til å lage ei ny trapp. Vi har vore ned og prata med dei. Det er slik her at om sommaren har vi mykje kontakt med naboane, om vinteren blir det mindre.

søndag, august 25, 2013

Dagbok 2013: 25.august

 
Klokka er 23.00, temperaturen ute er +14 grader C, og det har vore fint, lettskya vêr i dag også.
I dag har vi vore på tur. Sølvi og Kjartan inviterte oss til hytta på Ørskogfjellet. Hytta har Kjartan tatt over etter mor si, som også var der denne helga. Sølvi og Kjartan har bygt om og på hytta, og den er så velhalden som den kan bli. Dei brukar den mykje; sidan dei bur i Brattvåg er det lettvint for dei å komme dit.Vi har vore der eit par gonger før, men mykje hadde skjedd sidan sist. I dag drakk vi kaffi i den nye utestova og sola oss på den store terrassen som var komen sidan sist. Marit og eg gjekk ein liten tur for å strekke litt på beina. Som i "4-stjerners middag" var der også underhaldning. Kjartan stilte med gevær og blink, og alle fekk prøve seg Sidan eg er så beskjeden skal eg ikkje røpe kven som var den einaste som skaut blink på første forsøk.
Med oss heim fekk vi ein stor porsjon med kreder som Kjartan hadde fiska, og Marit, som også ville heim til Starevegen.Ikkje før var vi heimkomne, så var steikepanna klar. Kredene gikk ned på høgkant, og skjørtet som før kjendest behagelig å ha på, vart brått så trangt.
Vi takkar vertskapet for ein koselig dag og for ei fin oppleving.
 

lørdag, august 24, 2013

Dagbok 2013: 24.august

Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 21 grader C og det er lettskya og fint. Slik har det vore heile dagen, ganske varmt innimellom også, i alle fall etter det vi er vant til her.
Nils og eg stod opp til normal tid i dag, men ungane sov godt og lenge. Margrete kom i halv eitt tida for å hente dei. Etter at dei hadde fare oppdaga vi at ei hettejakke låg att, men sidan dei stoppa på Amfi fekk vi levert attegløyma. Velsigna mobilar!Det var ikkje så mykje vi skulle ha i dag, sidan vi skal på hyttetur på Ørskogfjellet i morgon. Det gler vi oss til. Og så får vi Marit med oss heim att.
Vi la oss på altanen for å sole oss då vi kom heim, og eg begynte på Jørgen Brekke si bok. Eg forstod ikkje bæra! Det var kanskje fordi det surra i fleire plenklipparar, eller fordi eg var trøtt. For etter at eg hadde hatt ein høneblund og ete middagsrestar frå i går,og alle klipparane hadde stilna, hadde eg ingen ptoblem med boka då eg la meg ut att.
Alle har vel ein eller annan gong lege som Peer Gynt og sett på skyene og funne ut at skyene kan likne både på det eine eller det andre. I dag fann eg ut at eg skulle ta bilde av dei.

fredag, august 23, 2013

Dagbok 2013: 23.august

 Desse to trivst godt på det "sjarmerande" rotete kontoret mitt.
Klokka er snart 21.00. Temperaruren er+ 18 grader, max temp i dag +25 grader C. Det har vore ein nydelig dag, sjølv om det skya litt over etter middag. 
Dagen i dag er fort gjort å oppsummere. Eg laga kjøttsaus tidlig på dag, den stod og småputra til Margrete og ungane kom i 15-tida. Då kokte eg spagehetti til.Til dessert var det banankake + diverse is-restar. Margrete og Eirik reiste heim, men dei to yngste er att. Begge har med seg eigne laptoppar, så her er veldig fredelig. Amanda har gjort ein del lekser, ho jobba med matematikken for neste veke. Ho har også hjelpt oss med å få Skype-konto, det er Nils som likar å halde på med det. I kveld har vi snakka med Ingeborg på Skype.
På føremiddagen tok eg ei runde nedst i hagen med kantklippar, jobba så lenge batteriet varte.
Elles har eg hatt ei stund på solsenga med lydbok i dag også. No er det vel snart på tide å finne fram litt kveldsmat.

Bok nr.44- 2013: Fantomsmerte.


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Eks-torpedoen Tore Pulli hevder han er uskyldig dømt for et drap og vil at Henning skal finne den egentlige morderen. Til gjengjeld lover Pulli å fortelle ham hva som skjedde den dagen Hennings sønn døde. Dette er den andre boka om krimjournalist Henning Juul.
Omtale fra forlaget
Et stort forbryterdrama, og et skritt videre mot løsningen på gåten om hvem som drepte Henning Juuls sønn.Finner du ut hvem som har lurt meg, så skal jeg fortelle deg hva som skjedde den dagen sønnen din døde.Det er beskjeden krimjournalisten Henning Juul får fra den fengslede ekstorpedoen Tore Pulli. Han hevder han er uskyldig dømt for drap, og vil at Henning skal finne den egentlige morderen. Sannheten har aldri vært viktigere for Henning Juul. Og for å finne den, må han bevege seg langt inn i en myteomspunnet og ugjennomtrengelig verden. Samtidig som Henning avdekker flere spørsmål enn svar, er han usikker på om Pulli er til å stole på. Snart går det opp for ham at han må avsløre ikke bare én, men flere drapsmenn. Drapsmenn som aldri har vært farligere.

Så har eg lese ferdig bok nr to av Thomas Enger, bøker som har fått god kritikk i media.
Denne boka synest eg begynte lovande, men etter kvart vart det berre rot, i alle fall i hovudet mitt. No kan det hende den fungerer betre på papir, men som lydbok fungerte den ikkje - for meg i alle fall. Fleire og fleire personar kom til, så eg gikk heilt i surr til slutt. Eg plar seie at eg likar at krimromanar er strengt oppbygde, med tydelig fokus på det som er viktig. Her blir det for mykje "prat" og sidesprang i aust og vest. Eg ser ikkje bort frå at eg er litt ufokusert sjølv her eg driv rundt både ute og inne med bok på øyret. Så det beste er å lese sjølv. For meg vart boka direkte kjedelig, og det skal ikkje ei krimbok vere?

torsdag, august 22, 2013

Dagbok 2013: 22.august

Klokka er snart halv ni, og det er ikkje så lenge før sola blir borte her vi bur. Det varte og rakk før ho kom fram også, så det er berre på ettermiddagen det har vore skikkelig fint. No er det ikkje ei sky på himmelen, og temperaturen er + 14 grader C.
I dag var vi oppe i rimelig tid, og Nils hadde seg ein tur på sjøen. Han fekk både sei og makrell, som han delte med naboane. Dei største seiane heldt han av til oss sjølve.
Vi tok ein lett lunsj, og så var vi ein snartur nedover. Eg hadde lova å levere bøkene tilbake på biblioteket i dag, så eg måtte halde det eg lova. Då vi kom heim la vi oss på solsenga ei stund før det vart plenslått. Eg får lov å køyre nokre runder fram og tilbake, eg også, men klipparen er tung å snu og manøvrere.
Elles har eg gjort ein del husarbeid i dag også, blant anna har eg gjort klart gjesterommet, for i morgon får vi to små(?) overnattingsgjestar. Elles så hadde eg 2 1/2 banan som song på siste verset. Hugsa at Solveig hadde ei banankake på bloggen, men sidan eg mangla litt på å ha alle ingrediensane, fann eg ei anna kake på nettet. Eg "tilpassa" den til det eg hadde "for hånden", og kaka ser fin ut. I morgon skal vi smake den, og om den held mål, skal eg legge ut oppskrifta. Det som er med banankaker er at ein kan smaksette dei om lag som ein vil.
Eg har lese ein del i boka mi i dag også, så det blir ikkje så lenge før eg er ferdig med den. Krimromanar må ein lese litt fort, elles blir det berre kjedelig.
Middagen i dag vart sjølvsagt kokt småsei, det er ei stund sidan sist.
I går kveld chatta eg med Ingeborg, og eg var inne på Google Earth og fann huset der ho og Sandra bur. Det er så velsigna med alle desse digitale hjelpemidla vi har no, at ingen er langt borte frå oss, sjølv om avstanden er mange mil.

onsdag, august 21, 2013

Dagbok 2013: 21.august

Klokka er ca 20.00. Nils har funne ein fotballkamp og eg høyrer lydbok, mens eg løyser Su Doku. Ute er det overskya og litt regn av og til. Temperaturen er + 13 grader. No er det snart ei veke sidan vi har sett sola.
I dag tok eg "fredagsvasken" før middag, så åt vi litt lunsj, før det vart ein tur på butikken. I dag var det tilbod på pizza på Coop Extra. Vi fekk "Norwegian Style" til 10 kr stk. Vi kjøpte den med peperoni og den var slett ikkje så verst-med litt ekstra ost. Vi får kanskje hamstre inn eit lager? Elle såg eg at dei heldt på å fylle den nye Kitch´n -butikken med varer. Etter som eg forstår er det helst litt dyre ting i retrodesign. Veit ikkje kva tid dei skal opne.
Eg er ikkje lens for lesestoff, men for sikkerheits skuld stakk eg innom biblio.Der fann eg ingen ting. Men då eg snakka med dama i skranken, fann ho fram to bøker som var så nye at dei ikkje var registrerte. Dei fekk eg låne, men lova å komme att med dei i morgon.
Eg rippa dei då eg kom heim, mens eg strikka på lesten eg har begynt på. Det er eit "strikkelitt"-prosjekt. Den eine boka var på 3 CD-plater , den andre på 8. Og sjangeren er sjølvsagt krim; ser ikkje ut til at dei les inn stort anna enn krim og "bestsellere"- og då er det tross alt betre med krim.
Elles trur eg at eg må investere i nye briller, dei er har er slitne på midten, så eg går rundt i tåke uansett. Dei er ikkje så gamle. Plar få innkalling når det er på tide med ny syns-test.
Trur ikkje eg kjem til å gå tur i kveld. Var ikkje heilt god i hofta då eg vakna i dag, eg reagerer på  vått vêr.No håper vi på sol og finevêr i morgon.Det kan ikkje vere slutt på sommaren enno.


tirsdag, august 20, 2013

Dagbok 2013: 20.august.

Klokka er 19.45. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er overskya med ein og annan regndrope. Tidlegare i dag regna det skikkelig.
I dag har eg vore husmor. På føremiddagen sette eg to brøddeigar, og mens brøda heva og steikte vaska og rydda eg nokre skuffer.
Vi berre måtte smake det nysteikte brødet, så det vart lunsj i staden for middag. Etter på slappa vi av , eg las lydbok, og så har eg fått meg eit strikketøy igjen. Det er eit teikn på at hausten nærmar seg.
I dag kom det blomster på døra- til Nils. Det var frå nokre naboar som på denne måten takka for fisk dei har fått. For ordens skuld vil eg opplyse om at Nils på ingen måte ventar seg motytelsar for fisk han gir bort. Men blomstrane var fine, dei. No står dei på trappa og lyser opp.
Eg gikk ikkje tur i går, så i dag tok eg meg ein litt lang tur opp i skogsvegane. Etter kvart no burde eg prøve meg på lengre turar, men det er alltid noko som buttar imot. Fann litt bringebær her og der som eg måtte ete. Det er store mengder med villbringebær i år, for dei som veit kvar dei skal leite.
Då eg kom heim hadde Nils middagen klar, det var restar frå i går, men nykokte poteter.
Er komen godt i gang med den andre krimboka av Thomas Enger. Las ei plate før eg gikk ut, og ei plate på turen.

mandag, august 19, 2013

Dagbok 2013: 19.august

Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er + 12 grader C og det regnar. Det har vore bygevêr i dag, med sol mellom bygene.
Eg har stort sett halde meg inne heile dagen. Har gjort litt husarbeid m.a.
Margrete kom åleine til middag i dag, mens Amanda var på ballett. Erlend var ikkje med i dag, han skulle begynne på speider i dag. Eirik har begynt på vidaregåande , og blir delvis buande i Volda, og Ingeborg har flytta til Kristiansand. Kjem til å sakne mandagstreffa, men vi får finne ein annan vri for å komme saman. Erlend kjem ein tur på onsdag, det er eit plaster på såret.
Det er store endringar i år.
Amanda er blitt ungdomsskuleelev, Eirik og Olaug startar på vidaregåande, Håkon skal studere engelsk i Volda. Dei andre held fram der dei er. Både barnebarna og vi er blitt eitt år eldre sidan i fjor. Ikkje noko å gjere med det.
Håper alle dei unge får eit fint skuleår og at dei nyttar skuletida godt. Det kjem vel med seinare.

Bok nr. 43 - 2013: Skinndød

Skinndød
Et enslig telt på Ekebergsletta rommer liket av en halvt nedgravd kvinne. Hun er steinet til døde, hun har piskemerker på ryggen, og den ene hånden hennes er hugd av.
Nett-journalisten Henning Juul mistet sin sønn i en brann for to år siden. Nå er han tilbake på jobb, og blir satt på Ekeberg-saken. Det tar ikke lang tid før politiet har en mistenkt, men Juul forstår raskt at det hele er langt mer sammensatt. I sin jakt på svar havner han i brutale menneskers søkelys. Da et nytt drap finner sted, blir det klart for Juul at han må finne sannheten før enda flere liv går tapt. Inkludert hans eget. Skinndød er første bok om krimhelten Henning Juul.

Ein ny krimforfattar som ein har store forventningar til, særlig etter den gode debutboka. For bra er den, sjølv om den ikkje kjem opp til dei virkelig store.
Eg er som kjent nokså lei av krim, og eg veit ikkje om eg heilt kjøper denne histria. Mitt spørsmål er:" Kva er stort nok, alvorlig nok, til at ein kan ta liv?" Eg meiner det skal veldig mykje til, men i virkeligheita ser ein stadig at folk blir myrda tilsynelatande utan grunn. Då snakkar vi om affektdrap, og det er noko eg kan forstå til ein viss grad. Men kaldblodige drap som blir nøye planlagt, har eg mindre forståing for.
Henning Juul som er hovudpersonen i boka, ber på ei stor sorg, og vi møter han på første arbeidsdagen etter sjukepermisjonen. Skildringa av Henning og tankane hans er det eg likar best med boka.
No har eg bok nr.2 i serien klar og skal snart begynne på den.

søndag, august 18, 2013

Dagbok 2013: 18.august

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 16 grader C, det er skya, opplett og vind. Elles har vi hatt mange slags vêr i dag; før middag styrtregna det, så begynte det å blåse og så kom sola fram.
Vi sov lenge i dag og har vore relativt late. Eg har laga litt mat etc. elles har eg lese i boka mi.
Men så kvikna eg til mot kveld og tok meg ei trimrunde. I staden for lydbok tok eg med kamera i dag. Eg gikk den vanlige ruta ut Starevegen og opp Storebakken. På oppsida av vegen var der så mykje villbringebær at det vart ein liten stopp.
På begge sider av Vallahornet renn det elvar, på venstresida frå oss renn Vikeelva og på høgre sida Skytjåa. I 1979 gikk der eit stort snø+ vatn- ras ned Skytjåa, og menneskeliv og hus gikk tapt. Etter det vart det bygt vollar på begge sider av elva, og elva vart renska for stein og utvida. I seinare tid har dei også laga ein fin badekulp , der ein kan kjøle seg ned etter fjellturar til dømes. Der var også ei stor fotballbane der ungane kunne leike. Vi var der ofte med Nadja så ho kunne få springe. No har dei fylt opp med tømmer, skat og stein. Håper dei har tenkt å rydde opp att.
Eg fann ut at der gikk ein veg langs elva og trudde ikkje eg hadde gått der før, men så fann eg ut at eg må ha gått der med Nadja ein gong i tida.Vegen slutta brått, så det var inga skam å snu.



 
 

lørdag, august 17, 2013

Dagbok 2013: 17.august

Klokka er snart 20.30. Temperaturen ute er + 15 grader, det er overskya, men opplett. Tidlig på føremiddagen såg det ut til at vêret kunne bli veldig fint, men det varte ikkje lenge.
Nils var ein tur til Vik og stod på stand ei stund, mens eg styrte litt i heimen. Han kom heim og henta meg, og så for vi til Volda. Tenkte det var best å hamstre inn litt lestegarn i tilfelle eg skulle få strikkeånden over meg. Mens vi likevel var der borte, kjøpte vi oss lunsj/ middag på Landscape. Godt med litt Kina-mat innimellom all fisken. Fikk god mat i dag. Vi prøver nye rettar kvar gong. Sidan Coop-Mega er i samme huset handla vi der. Trefte ein gammal kollega som eg ikkje har sett på mange år- han hadde ikkje forandra seg mykje.

Eg hadde med fotoapparatet i dag, så då vi var på heimveg, tok vi vegen over Morkaåsen for å sjå det nye bustadfeltet, blant anna. I sprekare dagar brukte vi ofte å gå frå fabrikken i Hovdebygda, langs vatnet til Ytrestøylen og Håskjold og over åsen til Furene, Åsentunet og rundt. I dag køyrde vi altså (andre vegen) og eg gikk ut for å ta bilde av bustadfeltet og utsikta.Kan vere kjekt å ha bilde på bloggen som ikkje er tatt frå altanen eller trappa vår.
Men batteriet på kamera var heilt flatt. Litt irriterande, då, men det same hende sist gong vi køyrde rundt Berkneset. Heretter må eg bli flinkare å sjekke. Men det er så mange ting som skal laddast at det er ikkje godt å passe på alt.

På heimvegen fekk eg så lyst på jordbær med fløte til dessert. Fløte hadde vi i kjøleskapet, så det blei å stoppe på REMA 1000 og kjøpe jordbær....ja, det vart no litt anna også!
Etter at vi hadde ete jordbær med fløte og drukke kaffi, vart det pause.
Så for Nils for å fiske makrell frå land og kom att med sju stk.
Eg nytta høvet til å lese i boka mi, men så fekk eg telefon frå ei som eg ikkje har høyrt frå på mange herrens år. Nemlig tremenningen min, Aud, opprinnelig frå Innvik. Det vart ein lang prat, både om fortid og notid. Det er mykje som kjem fram i minnet i slike høve. Praten fekk ein brå slutt, trur ein av telefonane vart tom for straum.
No lid det så langt at eg visst må slå frå meg trimturen i dag. Får ta dobbel dose i morgon, kanskje.

fredag, august 16, 2013

Dagbok 2013: 16.august

Klokka er 21.15. Temperaturen ute er + 14 grader C og det regnar. Det har det gjort i heile dag. Merkelig kor vêret kan skifte frå eine dagen til den andre.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Før middag var vi ein liten tur nedover og handla litt mat etc. Då vi kom heim laga eg fiskekaker på foodprosessor, og det vart så mykje at vi har to middagat til. Kakene var gode!
Etter middag vart det pause med middagslur og lydbok før vi drakk kaffi. Timane fyk av garde same om ein har noko som skal gjerast eller ikkje.
Eg hadde litt "data-arbeid " med å fylle opp MP3-spelaren med ny bok. Og så gjekk eg ein tur på skogsvegane iført regnkåpe. Då følte eg meg litt tøff. Som regel skulkar eg trimmen når det regnar.
Så blir det vet TV resten av kvelden.
Ørsta pensjonistlag reiste på tur i dag, dei skal bu på hotell i Askvoll og ta turar i nærmiljøet. Håper dei får litt betre vêr i morgon. For oss høvde det ikkje å vere med denne gongen.
Ønsker alle ei god helg! Viss eg ikkje hugsar feil er det ein av gutane på Eid som fyller år i dag?

Bok nr. 42 - 2013: Vær hos meg.

Megan lever det gode liv i Amerika. Hun bor i et stort og elegant hus, har dyr bil, to vellykkede barn og en perfekt ektemann. Men om livet hennes virker feilfritt nå, er fortiden full av løgner. Få vet at hun en gang het «Cassie», og tjente til livets opphold som stripper. Men så forsvant en av hennes forbindelser sporløst. Det er sytten år siden.
Fremdeles forsøker førstebetjent Broome å løse saken. Hvert år besøker Broome mannens familie, som håper og tror at han skal dukke opp igjen. Da Carlton Flynn blir borte på årsdagen for Greens forsvinning, setter det i gang en kjede av bevegelser. Hemmeligheter alle trodde var begravet for godt stiger opp til overflaten, og viser oss den mørke baksiden av den amerikanske drømmen.


Eg har lese fleire bøker av denne forfattaren, og likt dei fleste.Denne boka har eg hatt litt vanskelig for å legge ifrå meg, til tross for at eg ikkje er overbegeistra.
Eg les altfor mykje krim, fordi det er bøker som ofte egnar seg å lese som lydbok. Denne boka vart litt problematisk fordi her var eit relativt stort persongalleri, som eg hadde litt problem med å halde orden på. Dessutan skifta "scenene" veldig ofte, noko som også kan vere eit problem når ein ikkje er heilt konsentrert. Mykje av boka har eg lese på solseng, på spasertur og på senga - altså ikkje med full kons.
Det handlar sjølvsagt om ein seriemordar, og den fulle sanninga blir ikkje klar før heilt til slutt. Då kjem alt på plass.
Min dom er : Grei nok, men ikkje heilt på topp.
Boka er veldig "amerikansk"- noko som ikkje er positivt for meg.

torsdag, august 15, 2013

Dagbok 2013: 15.august

Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 20 grader C og sola skin framleis. Då vi vakna i dag tidlig var himmelen blå og utan ei sky. Etter middag skya det over litt, men så kom sola att. Alt i alt ein nydelig dag.Bildet over er tatt i 10-tida på føre-middagen.
Har ikkje gjort noko særlig i dag. Berre plukka litt rips og laga middag. I dag var det steikt makrell. Etter middag låg vi på altanen, sov litt og eg las i lydboka. Elles har vi rusla rundt og ete bær og prata med naboar etc.
Raijsa har vore litt meir aktiv, ho har vore både på Saude-hornet og på Vallahornet.
I dag reiste Ingeborg til Kristiansand, dvs. dei skulle overnatte på Vinstra. Det er trist når barn forlet reiret, men verre om dei aldri vert i stand til å fare ut i verda. Godt at dei er to som skal vere i lag. Vi ønsker dei lykke til i alle fall.
I år har eg kjøpt mange potteroser og planta ut, men også ei vanlig rosebuske, og eg angrar ikkje på den. Håper den vil overleve komande vinter.

onsdag, august 14, 2013

Dagbok 2013: 14-august

Klokka er snart 21, temperaturen er +12 grader C og sola skin på andre sida av fjorden.
Eg var sikker på at eg skulle vakne til sol frå klår himmel i dag, men så vel var det ikkje. Klokka var fem på ettermiddagen før sola var skikkelig framme. Men det har vore heilt greitt vêr i og med at det har vore opplett.
Nils har lova Sondre, ein nabogut, at han skulle få vere med ut og fiske makrell, og i dag tidlig for dei av garde. Dei kom heim med rikelig makrell pluss ein del småsei. Dei av naboane som melde seg, fekk vere med å dele fangsten. Makrell er ikkje noko ein vil ha for mykje av.
Mens mannfolka var ute og fiska, fekk "mor" vaska og støvsuga heile leilegheita. Så åt vi restar frå i går, før vi tok ein pause på sofaen.
Litt hagearbeid vart det seinare, klipping av plenane på oppsida av huset og reinsking av blomsterbed.
Eg la meg ut på altanen og sola meg så lenge der var sol, og så gikk eg ein tur rundt i nabolaget med bok på øyret. Og enda ein dag har gått over i historia.

tirsdag, august 13, 2013

Dagbok 2013: 13.august

Synest det er rart at klokka alt er 19.15, dagen har no berre så vidt begynt !
Ute er det skodde og regn og temperaturen er berre +13 grader, men vi fyrer litt i omnen og ventar på ein strålande dag i morgon.I følge yr.no
I dag måtte eg ein tur på biblioteket sidan eg hadde fått melding om at nye bøker venta på meg der.
Men før vi reiste nedover laga eg ein god porsjon rømmegraut. Då Ingeborg var lita og hadde store mandlar, var ho så glad når eg koka rømmegraut til henne, den glei så lett ned. No skal ho snart reise til Kristiansand for å gå på skule, og ville komme hit og seie ha det før ho for. Ho er framleis glad i rømmegraut, så eg tykte det høvde i dag. Litt nostalgi får ein unne seg når dei unge flyg ut or reiret.
Hugsar som om det var i går den dagen Margrete reiste til Kristiansand for å studere, ho var også 20 år. Men sidan den gongen har vi fått mobiltelefonar, Internett, mail, Face Book etc. så ein kan ha kontakt med folk same kvar dei er i verda. Ingen er så langt borte at ein ikkje kan ha daglig kontakt.Det er berre fantastisk.
Etter at vi hadde vore på biblio og dessutan handla litt på nærbutikken, gikk vi ein liten mosjonsrunde mens vi hadde ytterkleda på. Turen vart ikkje så lang, og det regna, så det nyvaska håret mitt vart sjåande ut deretter.
Då vi kom inn att sette eg i gang med å rippe alle dei tre bøkene eg hadde lånt, så no har eg litt å bryne meg på. Eine mysteriet etter det andre.
Margrete og Ingeborg kom klokka 16.00. Vi serverte spekemat med poteter og litt potetsalat før vi gikk over til graut.
Eg kunne ikkje anna enn tenke på draumen eg hadde sist natt. Eg var til legen, og legen sa: "Sist du var her vog du 3 1/2 tonn!"- Eg svarte: "Det gjer eg no også!"

Bok nr.41 - 2013: Juliet, Naked.

Nick Hornby skriv ofte for ungdom, og han skriv om musikk. Altså er eg ikkje akkurat i målgruppa for bøkene hans. Har lese eit par av dei før, og likt dei. Denne boka er også OK. Den er veldig lettlesen og enkel på ein måte, men ikkje platt. Her er mange gode poeng, og godt språk med ein humoristisk undertone. Vil de vite meir om boka, finn de stoff på nettet, eg synest ikkje det har noko for seg å skrive så mykje om handlinga. Dette er ikkje ei såkalla "ungdomsbok". 

mandag, august 12, 2013

Dagbok 2013: 12.august

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 12 grader og vi har fyrt i omnen. Det er overskya, med skodde og regn. Men det er lenge til hausten enno, og vi ser fram til mange fine dagar. Det gjeld å vere optimist.
I dag er vi litt ute av kurs, har nettopp drukke kaffi etter at vi hadde sein middag med tilsvarande sein middagslur.
Før middag var vi ein snartur på Amfi og handla div. medisinar og mat. Alltid noko ein treng.
Då vi kom heim gikk vi ein tur rundt Storebakken mens vi likevel var "påkledde".
Eg har sett meg som mål å fylle opp fryseskapet med bakevarer, så i dag laga eg to kakebotnar. Mens siste kaka steikte, laga eg fiskekaker til middag. Laga berre ein porsjon i dag, og brukte foodprosessoren. Ærlig talt vart kakene betre enn dei eg plar lage (samme oppskrift)-dei vart luftigare og meir porøse, så dette kjem eg til å gjere oftare. Hadde noko fisk som vi ikkje hadde frose. Vi et veldig mykje fisk og fiskemat, men det er fordi vi likar det!
Nils har funne noko sport på TV i dag også, så eg får ty til lydboka mi.
Elles skjer det ikkje så mykje her når vi ikkje kan vere ute og styre på. Men i morgon ventar vi besøk av Ingeborg og Margrete. Ingeborg skal jo snart reise til Kristiansand for å gå på skule der. Det er langt borte, men eg har trua med at vi skal kome på besøk. Vi reiste jo til Bodø og besøkte Einar då han var der.
Elles så nærmar det seg skulestart for mange, men ikkje for meg. Eg ser fram til meir ferie.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...