torsdag, oktober 31, 2019

Dagbok 2019: 31.oktober

Klokka er17.00, det  er kveld  på ein måte. Det har vore overskya og litt regn i dag også, men ikkje slik som i går.
Eg har vore veldig lat i dag, har mange oppgåver på vent, men greidde ikkje å bestemme meg for kva eg skulle gjere. I går kveld fann eg på noko lurt; eg kunne ta to sovetablettar i staden for ein, så fekk eg kanskje sove godt ei natt til ei forandring. Jau då, eg sov ganske godt til klokka var bortimot 8. Men det eg ikkje hadde rekna med var at eg blei trøtt heile føremiddagen og vel så det, så eg trur ikkje eg gjer det om att. Eg hadde ingen planar for dagen, og då går det meste opp i tull. Eg saga litt "ved"-dvs. diverse rusk og rask av material og saker og ting som ikkje blir brukt meir-men eg må passe på armen min. Det er bra irriterande å ikkje kunne gjere alt ein vil! Fyrte godt i omnen så temperaturen vart behagelig . 
Etter ei stund fann eg på å gå ned i Olavsgata med nokre papir til ei venninne, så fekk eg ein liten tur også. Dama var ikkje heime, så eg hengde berre i frå meg nettet på døra.
Til middag i dag hadde eg salat. Eg kjøper av og til heile salatmåltid pakka i plast. Det er tre sortar: Kylling, Ost og skinke og Taco. I dag vart det Taco, men det er ikkje den eg likar best akkurat, så det blir eit anna val neste gong.
Både før og etter middag sat eg og strikka og såg TV, det var eit program eg hadde tatt opp og begynte å sjå i går kveld. Det tok si tid i dag også for eg fekk ein telefon midt i.
I fjor regna det heile august, september og oktober, men så vart det fint i november. Vi har hatt betre vêr i år, men eg treng nokre finevêrsdagar for å få rydda litt opp i hagen. Heilt utruleg for meg at vi er ferdige med oktober; samme kor lite som skjer, så går tida fort.
I dag er det akkurat 60 år sidan Nils og eg forlova oss. Det året var eg lærar på Karstad skule i Solheimsdalen. Næraste tettstad var Førde, men det var ikkje veg dit, så skulle vi til Førde eller Naustdal, var det melkebåten eller skyss med motorbåt. No går vegen frå Førde til Askvoll rett forbi Øygarden der eg budde. Nils og eg var der for ikkje så mange år sidan og friska opp gamle minne.

onsdag, oktober 30, 2019

Dagbok 2019: 30.oktober



Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 3 grader, det er veldig mørkt alt. og i dag har det regna veldig mykje.Det er no årstida for slikt. Det har ikkje blitt gjort så mykje i dag heller, for å seie det pent.
I dag då eg vakna verkte eg overalt i kroppen, armar og bein, hofte og rygg. Men etter å ha vore oppe ei lita stund var eg ganske bra.
Etter frokost sette eg meg til å skrive ein liten epistel til avisa. Dei sender sjeldan og aldri tilbakemelding, så eg får ikkje vite om dei tek det inn  før avisa kjem.
Så shina eg meg opp og kledde meg om, for Marit og eg skulle på Bakk-Ola og vaksinere oss mot influensa. Vi er i den såkalla risikogruppa. Vi var ute i god tid, det var mange andre også. Det var eigentleg ikkje min tur i dag, men det gjorde ikkje noko. Etter sprøyta skulle vi halde oss i ro i 20 minutt-då gjekk vi i kafeen og kjøpte oss kaffi og kake.
Så vart det ein tur på Spar der eg fann mykje eg trong og diverse anna.
 Det høljregna heile tida, og då vi kom heim måtte vi sitte lenge i bilen før vi kunne gå ut. I dag var det Marit sin tur til å køyre. 
Ei stund etter at eg var komen heim, ringde Birte og vi hadde ein lang og hyggeleg prat.
Så var det tid for middag og eg hadde rikeleg mat med resten av tomatsuppa frå i går. I dag vart den enda betre enn i går sidan eg hadde kjøpt fløte og kunne tilsette ein liten skvett av den.
Eg vart veldig trøtt og søvnig etter maten, så eg sette meg attåt TV-en og halvsov ei stund. Då ringde Ingeborg og ville prate litt, så i dag har eg vore sosial på fleire måtar.
I går fraus eg, men i dag har eg kledd meg varmare, men fyrer i omnen i tillegg til varmepumpa. Leigebuarane er ikkje heime, og når det ikkje er varmt nede, blir det golvkaldt hos meg.
Dagane vart så mykje kortare no vi gjekk over til normaltid; dagane kortare og kveldane lengre.
I dag kjøpte eg meg litt garn på Spar, så no kan eg strikke eit lestepar om ikkje anna. Det verste for arma mi er å vere heilt i ro-då er det betre å strikke litt.

tirsdag, oktober 29, 2019

Dagbok 2019: 29.0ktober

Klokka er 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar så smått det meste av tida. Det merkast at vi har "vintertid", for det er heilt mørkt ute. Snøen held seg framleis oppe i fjella, og der kan han berre vere-treng ikkje å kome hit ned.
Eg var tidleg oppe i dag, så eg hadde god tid før eg skulle på trening. I dag var Marit med, men eg køyrde, elles plar vi køyre kvar sin gong. Eg begynner å kjenne skilnad på armane mine no, eg kuttar ut fleire øvingar som røyner på armane og få "behandlingsoppgåver" for armane i staden, eg trur det blir bra.
Då eg kom heim leita eg fram diverse ved og anna brennbart, prøver å rydde og brenne slikt som ligg og sleng. Det vart varmt og godt i stova. Eg er litt frostig.
Til middag i dag laga eg tomatsuppe med hardkokte egg. Ikkje sånn Toro-suppe, men ekte heimelaga med hermetiske tomatar + tomatpuré. Eg forstår ikkje vitsen med dei suppeposane, det er like snart å lage "frå botnen". Eg laga sjølvsagt så mykje at det blir ein porsjon i morgon også.
Sette på TV for å høyre nyheiter, og var nesten sovna då ei venninne ringde. Vi hadde ein hyggelig prat, og eg vakna til liv.
Elles har eg vaska klede og vaska opp. Det er litt rart å skrive det slik. Eg har fylt maskiner og trykt på knappar, sånne er det med den saken. Eg er så gammal at eg har vaska klede for hand, på vaskebrett, og eg har kokt klede i store panner på omnen, vaska og skylt for hand. Då var det ein skikkeleg jobb med klesvasken, no er arbeidet først og fremst å brette den ferdige klesvasken og legge på plass. Men det som er litt merkeleg er at det blir ganske mykje klesvask sjølv om eg bur åleine.
Å ha oppvaskmaskin når ein er heilt åleine er kanskje i overkant lukseriøst. Men maskina blir full  sjølv om eg er åleine, og så hender det av og til at eg har besøk.   Eg ser på både klesvaskemaskin og oppvaskmaskina som store goder for dei som steller hus og heim. Eg har levd i snart 80 år, og jammen har det blitt mange store endringar i den tida eg kan hugse. Og det meste har blitt betre.
Eg har altså ikkje gjort så mykje i dag, og det er berre å beklage. Eg skulle ha hatt nokre fine dagar ute i hagen og rydda til vinteren. Blomster og blad har vart lenge i år, så det var ikkje aktuelt å rydde opp tidlegare. Håper vi slepp snø med det første.

mandag, oktober 28, 2019

Dagbok 2019: 28.0ktober



Klokka er 17.00, temperaturen er + 3 grader og det regnar. Ikkje berre det, det er nesten mørkt ute, så no får vi erfare at vi har "vintertid". Men eg er no glad så lenge snøen held seg litt på avstand.
Eg hadde avtale med ei venninne om at vi skulle gå på Vernet i dag om vêret vart bra- men det vart det ikkje. 
Det første eg greip til i dag var strikketøyet mitt. Eg strikka ferdig eit "plagg som skal hjelpe både skuldrar og nakke. Eg har gått med "selen" etterpå, og merkar i alle fall at den hjelper meg til å rette ryggen litt- og det trengs. Eg har sete og sett på bokhylla, den midterste hylla var noko salrygga, for der stod så mange tunge bøker. Eg hadde planlagt å sette dei bøkene nedst, og det gjorde eg i dag. Eg hadde alle bøkene fram og vaska hyllene, så no vart det litt betre. Eg har kasta ein del gamle bøker, og nokre har eg på andre rom. Eg tenkjer på kor glad eg var då eg fekk bøker frå bokklubben og kunne sette meg å lese. Fleire bokverk med mange oppslagsbøker etc. har eg ståande. Kven vil ha dei no? Ikkje ein gong Gjenbruk. Oppslagsverk har vi på data, andre bøker kan ein høyre på Storytel eller lese med augo på mobil. Og så har vi biblioteka. Derfor treng vi ikkje fylle opp huset med bøker. Men som alltid når ein ryddar, finn ein noko. I dag fann eg bruksanvisninga til Steiketakka mi, der var det mange oppskrifter på diverse som eg kanskje skal lage. Eller kanskje ikkje.
Eg fekk ein sekk ved på huset i helga, som eg måtte prøve i dag. Det var fin ved og ganske småkløyvd, noko som er ein fordel viss ein ikkje har opptenningsved. Eg har ikkje sett gjennom heile sekken, men eg trur det var mest bjørk. Eg kan hugse berre ein gong før at vi kjøpte ved. Nils var svær til å "skoge" og eg var ofte med, det var slikt arbeid vi likte. Eg skogar litt her på tomta, til denne tid har eg fyrt med plommetreet som datt ned i fjor. Det saga eg sundt sist vår. Vi har sjølvsagt varmepumpe, men somme gonger er det godt å ha litt i tillegg.
Etter at eg hadde ete restar frå i går til middag, tok eg meg på tak og støvsuga alle teppegolva. Det er noko av det verste eg skal gjere med tanke på høgrehanda. Men eg kom då i mål etter diverse pausar.
I morgon er det trening, og for å seie det forsiktig så er eg ikkje blitt verre i armane. Knea tenkjer eg lite på, for dei er bra. Berre der ikkje går hol på fleire cyster så går eg heilt fint no. Det er snart eit år sidan kne nr.2 kollapsa, det første "sprakk" i februar, same året. No kan eg gå, men er veldig glad for at eg har bilen. Det blir vel til at eg må trene armane friske også. Det er kjekt på treninga, det er dei samme som er i lag kvar gong, så vi blir kjende etter kvart. Der er ein god atmosfære. Spansken blir det ikkje noko av denne veka og sikker ikkje neste veke heller. Men neste veke blir det influensavaksine og Pensjonistmøte.

søndag, oktober 27, 2019

Dagbok 2019: 27.oktober

Klokka er no ca. 17.00, temperaturen er + 4 grader, og snøen har kome langt nedetter fjellsidene. Vêret skiftar mykje frå dag til dag. I dag vart det ikkje tur på Fonnvernet, men det blir det kanskje i morgon? 
Tilhengeren som stod parkert ovafor garasjen min, forsvann i går kveld, og i dag vart det dekkskift i garasjen. Det var Erik sin bil som fekk vinterdekka på. han spurde m å få sette bilen inn i garasjen mens han skifta og det fekk han sjølvsagt lov til. Han hjelpte til å flytta unna diverse rot.
Eg shina kjøkkenet på føremiddagen, elles har eg ikkje gjort så mykje. Men eg laga meg "middag". Etter middag kom Marit ned og eg fekk høyre nytt frå Spania, der ho har vore på tur med seniordansarane. Dei hadde hatt det fint, heldigvis, men eg er glad for at ho er heime att.
Ragnhild ringde mens Marit var her, så eg ringde opp att til henne når eg vart åleine. Eg ringde og prata med henne i den nye mobilen, og det funka bra. Viss det blir bra vêr i morgon skal vi kanskje gå tur på Fonnvernet i lag. Ho har lyst til det. Eg er sjeleglad at eg greier å gå, det var til og med nokon som bemerka i går at eg gjekk så lett. Ja, gjev det må vare ! I dag også har eg høyrt lydbok på mobilen og det funkar fint når eg er blitt vant til det. Dagane går berre altfor fort.
I går kveld fekk eg vere oppe til halv tre, og dermed sov eg godt då eg la meg. Stod ikkje opp før klokka 9  i dag, og då meiner eg ikkje sommartid, men normaltid. Eg trur eg må begynne å vere lenger oppe om kveldane for å få sove om natta. Til vanleg prøver eg å komme meg til sengs før kl.1.00.
No skal eg lese litt meir i boka mi, før eg set i gang fjernsynet.

lørdag, oktober 26, 2019

Dagbok 2019: 26.oktober.


Klokka er no ca. 17.35., temperaturen er + 8 grader og vi fekk ein dag som vart mykje finare enn forventa. Store delar av dagen har vi hatt sol, litt melis på fjelltoppane, men ikkje så veldig kaldt. Eg var ikkje budd på ein så fin dag. Hadde eg visst det skulle bli slik hadde eg kanskje  prioritert litt hagearbeid. Her var mange bilar og tilhengerar på tunet og i vegen, så eg tenkte eg kunne vente litt med å køyre ut. Eg måtte nemleg på butikk i dag, for det var tomt for kaffifilter, og det går ikkje an.
Eg pusla no på litt inne først på dagen, vatna blomster, las bok, rydda litt etc.
Då det leid på dag fekk eg vaska håret og kledd meg om. Ville først på gravplassen og så skulle eg handle på Kiwi etterpå. Eg bytta batteri i lysa på grava, stort meir kunne eg ikkje gjere. Lyngen får stå til det blir aktuelt med mosekrans.
Då fann eg ut at eg ville ta ein tur ned på Spar og handle der. Då fann eg både det eine og det andre som eg trong, og eg var på veg til kassa då eg lurte på kva eg  eigentleg skulle ha. Så eg fekk med meg filterposane til slutt.
Då eg kom heim måtte eg ha meg mat, og i dag vart det salat med skinke og ost, ferdig pakka, berre å opne.
Slik ser Fonnvernet ut frå Turvegen

Det har vore lite trim denne veka, så i dag vart det trim på Fonnvernet igjen. Før eg kom meg opp hadde eg møtt to "Eida-jenter". Eg trefte fleire kjende, somme to gonger fordi vi gjekk kvar vår veg.
Det er sosialt på muren!




Det kan hende somme lurer på kvifor det står ein tilhengar ovafor garasjen vår. Det er fordi foreldra til Erik , som bur i kjellaren min, har vore og henta diverse møblar som han hadde ståande i Volda (?) Dei reiser vel att i løpet av helga, så tilhengaren blir ikkje ståande.
 GRATULERER MED DAGEN, RASMUS!
I dag fyller Rasmus 55 år. Eg har ikkje vore i Kongsberg sidan 50-årsdagen hans, det har vore noko i vegen heile tida. No er eg for så vidt frisk og eg har ikkje store problem med føtene, men så eg det armane som er trøblete, og mest vondt er det om natta og elles når eg er i ro. Då har ein det best heime.
I kveld gler eg meg til Stjernekamp, og eg reknar med at favoritten min, Bilal, blir vinnaren til slutt.

fredag, oktober 25, 2019

Dagbok 2019: 25.oktober

Klokka er no ca.21. Temperaturen ute er+ 5 grader, det har regna litt i dag, og i fjella har det kome litt nysnø. Så det var heilt perfekt at eg fekk på vinterhjula i går nå Svein kunne få jobbe i relativt godt vêr.
I dag vaska eg bad og kjøkken tidleg på dag, og så var eg så syndig at eg sette meg til å høyre bok på Storytel mens eg la kabal på data. Viss eg prøver å høyre bøker utan å styre med noko, dett eg ut-eller sovnar. I dag fekk eg altså lese den første boka i trilogien til Saabye Kristensen. Den andre ligg også på Storytel og eg har så vidt begynt på den.
Utpå ettermiddagen ringde Solveig og sa ho ville komme ein tur innover, og ho kom ca 17.15 som ho hadde sagt. Vi var ein tur på ALTI der ho kjøpte seg ei bukse på Femina, som vanleg. Eg kjøpte ingen ting der. Vi drakk kaffi og åt kake i kafeen. Så var vi ein tur på Clas og på Europris. 
Sidan det nærma seg stengetid kjøpte vi brød på tilbod. Vi kjøpte fire brød kvar.
Då vi kam heim vart vi sittande å prate ei stund før Solveig reiste ut att.
Eg sette meg til å sjå TV etter kvart, men så kom eg brått på brøda eg hadde kjøpt. Kunne ikkje hugse at eg hadde båre dei inn. Sjekka i gangen, og der var ingen ting-i det samme ringde telefonen. Det var Solveig- "Eg har brøda dine her", sa ho. Ja,ja, eg har brød nok, og ho blir sikker av med dei. 
Finn sikkert på eit kvart kjekt i morgon også. No er det lenge sidan eg gjekk tur- trur ikkje eg har gått sidan sundag.
I dag fylle bror min, Svein Arne 78 år- og eg får gratulere han her også. Håper han har hatt ein fin dag. Og så vil eg ønske alle som er innom her ei god helg.

Bok nr.30 - 2019: Byens spor. Ewald og Maj



Nytt storslått episk verk fra Lars Saabye Christensen!

Byens spor er første bind i en trilogi, og vi befinner oss på Oslo vest rett etter krigen der vi møter Ewald og Maj Kristoffersen med deres sønn Jesper. Ewald jobber i et reklamebyrå som får i oppdrag å lage kampanjen i forbindelse med Oslos 900-årsjubiléum og Maj engasjerer seg i Røde kors.

Bli med når vi legger øret inntil konkylien og lytter: Hør lyden av Oslo. Se gatene som binder den sammen, se menneskene som bor i dem. Se Ewald og Maj, se slakteren, se legen, hør hyggepianisten på Bristol, høre telefonen ringe hos fru Vik i etasjen over. Se Maj gå på møte i Røde Kors, hør glassen klirre på Bristol. Høre lyden av hvinende bremser.
............…………………………………………………………………………….
Dette er den første boka i ein trilogi. Forfattaren er ein av favorittane mine, og blir ikkje degradert etter at eg har lese denne bok. Eg har lese lydbokversjonen på Storytel på mobilen min. Den andre boka i serien har eg liggande klar på mobilen. Eg har litt problem med å sitte i ro og høyre lydbøker, eg må i det minste kunne strikke. Strikking har det vore lite av, men Margrete anbefalte å legge kabal på PC-en, og slik fekk eg lese boka.
Boka handlar om heilt alminnelege folk i Oslo i dei første åra etter krigen. Men på ein eller annan måte får forfattaren det trivielle til å bli viktig-eg veit ikkje annan måte å seie det på. Eg trur boka er veldig tidsriktig og eg kjenner att mykje, sjølv om eg aldri har budd i Oslo. Det einaste eg har oppdaga av "feil" er at han omtalar moms først på 50-talet, eg trur ikkje momsen var innført då..
Eg kan gi boka dei varmaste anbefalingar-det har dei gjort dei som har lese den før også.
Opplesaren les godt.

torsdag, oktober 24, 2019

Dagbok 2019: 24. oktober



Når lauvet fell av trea, ser vi fjorden.

No er klokka snart halv seks, temperaturen ute er +13 grader, det har vore mest opplett i dag, litt vind, men ikkje kaldt.
Bodil hadde time hos optikaren kl 10.45, og det tok si tid, så dei kom ikkje hit før klokka var over 12.
Svein begynte å jobbe med bilen etter ein liten kaffikopp, og Bodil og eg fekk snakka om mangt og mykje mens han heldt på. Han smurde felgane inn med noko som skal fjerne rust, så kan eg lakke dei sjølv om eg vil. 
Etter arbeidsøkta vart det middag. Nokså prosaisk med kjøttkaker og tradisjonelt tilbehør. Hadde ferdige kjøttkaker i frysaren så det vart lettvint for meg. Til dessert hadde vi eplekake med krem + kaffi. Det er kjekt å ha nokon å lage mat til av og til.
No er vi i slutten av oktober, så det kan bli både snø og is for den del, men eg håper på mest muleg berre vegar. Men eg er veldig glad for at Svein kunne fikse dette for meg. No er det snart kveld igjen, dagane renn av garde. Lollo, katten til Marit kjem rett som det er på besøk til meg når den er heime åleine, men inn vil ho ikkje. Eg ser fram til at Marit skal komme heim denne helga, eg saknar henne når ho er vekke, men dei to vekene har gått fort.
I morgon har bror min, Svein, fødselsdag, då blir har 78 år. Han er ca 1,5 år yngre enn eg, så då vi begge var små var vi "nesten tvillingar".
Dagen etterpå er det Rasmus som fyller år. Han har visst tenkt å feire for han ville ha oppskrift på "Tropisk aroma."
Når eg ikkje gjer noko anna nyttig høyrer eg på Storytel og strikkar. (Kan ikkje strikke mykje, men litt går bra.)

onsdag, oktober 23, 2019

Dagbok 2019: 23.0ktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +12 grader, det blæs og regnar litt, men det er i alle fall ikkje så kaldt. Det er mørkt om morgonen når eg vaknar, så eg ser litt fram mot at vi skal stille klokka. Men så blir det tidlegare mørkt om kvelden, og eg veit ikkje om det er så kjekt heller. Eg plar seie at november er den trasigaste månaden i året, men den går vel like fort den, som andre månader.
I dag dreiv eg med litt baking og matlaging på føremiddagen, vil ha det meste klart til morgondagen, slik at vi får prata maksimalt. No er det så lenge sidan eg har prata med Bodil og Svein at vi har vel mykje å gå gjennom. Eg ser i alle fall fram til å få besøk. Det var ikkje spanskkurs i dag, fordi Eli skulle opererast. Håper det går bra med henne, dei er flinke med slike operasjonar i Volda. Vi er heldige som har sjukehuset så nær; det snakka vi om Marit U. og eg då ho kom bortom i går kveld. Men Volda sjukehus blir no stadig forsøkt nedlagt av styresmaktene. Eg håper vi snart får ei ny regjering som ikkje er så innstilt på sentralisering.
Eg hadde eit ærend på butikken, så eg tok ein tur nedover og kom att med to store bereposar fulle.
Ja, eg skal innrømme at det somme gonger er litt for mykje i kjøleskapet, særleg no når eg knapt greier å plassere noko høgare opp enn til andre hylla. Det blir litt rot, altså.
Eg åt middag, resten frå i går, og sette meg å legge kabal på datamaskina mens eg høyrde Storytel. Margrete meiner det er lurt. Men hovudet datt fram og ned -ofte, så eg tenkte det var betre å vere i stova i godstolen
Eg saga litt opptenningsved og fyrte i omnen, likar å ha det varmt, men vart ikkje mindre søvnig av det. Eg sov ikkje så godt sist natt heller, og vakna tidleg, så det er ikkje rart at eg blir trøtt. Og lydbøker gjer også at ein blir søvnig, men eg håper eg fekk med meg det meste av det eg las.
No skal eg eg lage meg ein kopp kaffi, slik at eg greier å halde meg vaken ei stund utover kvelden, det er vel litt å sjå på TV-en i kveld også. For oss som bur åleine er det veldig kjekt å ha TV-det har eg oppdaga no. Og særleg når ein har ein stor og fin skjerm å sjå på. Det unner eg meg sjølv.

tirsdag, oktober 22, 2019

Dagbok 2019: 22.oktober

Klokka er 16.20, temperaturen er + 8 grader C, det er meir og mindre vind og regn ute, og ganske kaldt. Ja, no blir det vel ikkje fleire av dei nydelege solskinsdagane, men vi får vere glade for dei vi fekk. Stort sett har vi vel hatt ein fin haust.
Sist natt sov eg lite og dårleg. Slik er det ofte når eg "skal på noko" om morgonen. Eg forstår det ikkje sjølv, for eg har vekkerklokke og forsøv meg aldri- og om eg skulle gjere det, så betyr det ikkje all verda. Men det som var litt verre, var at eg var dårleg i magen og uvel. Det er heller ikkje farleg, det er berre ei påminning om at eg må ta ein liten pause frå tablettane mine. Legen seier at eg kan ta dei så lenge eg ikkje blir dårleg i magen, så det gjer eg.
Fekk litt andre øvingar på trening i dag, vil ikkje ha noko belastande for armane, så eg fekk nokre andre øvingar i staden. det er no knea eg går der for, det andre er slikt vi kjem fram til.
Dei som kom då eg gjekk kunne fortelje at dei hadde fått melding på telefonen at det skulle vere straumutkopling på Vallabøen. Eg har ikkje fått slik melding. Og då eg kom heim var eg glad for at her var både lys og varme.
Som sagt var eg ikkje i form, så eg sette meg til å sjå eit TV-program som eg hadde tatt opp-men så fór faktisk straumen, og eg hadde ikkje ved inne ein gong, så eg måtte i tilbygg og garasje for å finne noko brennbart. Etter kvart vart det varmt og godt. Og då fekk eg eit streif av energi, så då eg hadde sett ferdig TV-programmet laga eg middag til meg sjølv. I dag vart det "Pasta carbonara", og eg løyvde såpass mykje at eg har til ein liten middag i morgon også.
No skal eg prøve å ta meg saman og rydde litt i huset, det trengst.
I går sende eg ei melding til Rasmus, og i dag fekk eg svar. Då var han om bord i båten til Kiel. Han var der i lag med lærarar frå andre fagskular for å lage eksamensoppgåver. Og som kjent gjer ein det best til sjøs.
Marit sender meldingar frå Spania kvar dag. I dag var der verken varmt eller fint, det var regn og vind der nede også.
I morgon begynner dei vaksineringa på Bakk-Ola-marka, men dei skal halde på neste onsdag også, og då er Marit komen heim att, så vi kan gå i lag, slik som i fjor. Eg er på mine gamle dagar blitt ein forkjempar for vaksinasjon.. Eg var 76 år første gongen eg tok vaksine, men no tenker eg annleis enn før. No tenker eg som så "at til fleire som vaksinerer seg, til mindre blir epidemien". Eg tek altså ikkje vaksinen berre for min eigen del.

mandag, oktober 21, 2019

Dagbok 2019: 21.oktober

Klokka er 16.35, temperaturen er + 8 grader og det regnar litt innimellom.Akkurat no er eg meir redd for frost, sidan eg ikkje har fått på vinterdekk enno. 
Denne dagen har vore meir som ein lopradag, eg har styrt med litt ymist , men nokon stor jobb har det ikkje blitt. Tok ein tur på ALTI før middag, ærendet var å kjøpe litt garn på -nille til eit lite prosjekt eg held på med, prøver å strikke i korte periodar innimellom. Trefte ei dame eg kjenner og prata med henne ei stund inne på Bunnpris. Såg mange fine genserar inne på Femina, ikkje var dei så dyre heller, men eg er heilt håplaus når det gjeld å kjøpe klede til meg sjølv, då må eg nesten ha einkvan med meg som seier: "Den skal du ha." Elles begynner eg berre å tenke på alle kleda eg har heime, som ikkje er heilt utslitne.
 Som regel tek eg meg ein runde i kvar etasje når eg likevel er der, og i dag hadde Clas fått fram mykje julepynt, enda før vi er komne til Halloween. DEN utstillinga har vore der lenge alt. Elles så er visst julenissen også med i tablået.
Då eg kom heim laga eg meg "middag"- i dag var det ein av livrettane mine; salat+fetaost i olje. Eg hadde isbergsalat, tomat, paprika og mais + osten i olje. Og så måtte eg ha eit dryss av heil rosepepper-yndlingskrydderet mitt. Så då vart det i alle fall kjøttfri mandag. Dei fleste dagane mine er faktisk kjøttfri.
Eg saga meg litt opptenningsved og fyrte i omnen i dag. Sat og strikka litt og høyrde Storytel, før eg gjekk ut og rydda litt i garasjen. Ja, altså rydda...der er ikkje ryddigare enn før, men eg tok fram vinterdekka mine og la dei utover golvet. Prøvde å få bort noko av rusta på felgane, men det gjekk ikkje så bra. Tenkte eg skulle "male" felgane så dei var tørre når Svein kom, men eg veit ikkje kva slags lakk eg skal bruke. Eg får spørje einkvan som veit. Viss eg lakkar dei i morgon blir dei vel tørre til torsdag? 
Elles så fann eg diverse brennbare ting, som får sin endelikt i omnen. Eg har diverse som skal på VØR, men eg får samle litt til før eg tek turen. I morgon er det trening, men det blir ikkje spansk på onsdag, for då skal Eli operere eine kneet sitt, og blir sikkert borte veka etterpå også. Ho kjem ikkje til å vere på pensjonistmøtet den 6. november heller, så då må nestleiaren stille opp. Det er heldigvis ikkje eg.
No skal eg lage meg ein kopp kaffi og kose meg med omnsvarme.

søndag, oktober 20, 2019

Dagbok 2019: 20.oktober



Klokka er no 17.35, temperaturen er + 8 grader. Eg låg på sofaen med Storytel ei stund, dvs. ei GOD stund, og då eg reiste med igjen, var sola borte. Eg ser at det har kome skyer på himmelen. Eg hadde ikkje noko program for dagen, og det er i grunnen veldig avslappande. Eg surra litt rundt i huset før eg bestemte meg for ein tur på Fonnvernet. Eg kunne godt ha funne andre stader å gå tur, men det er tryggast å halde seg på allfarveg om ein skulle dette og bryte fotent.d. Dessutan er det godt å gå på Vernet, grusa vegar og ikkje så mykje stigning. Men eg var ikkje komen lenger enn opp på vegen før eg møtte naboar som det er kjekt å prate med. I dag tok eg ei anna rute på Vernet, det gjeld å variere. Eg tok skråvegen opp og tok til venstre ( på bildet) ; når eg går over brua kjem eg inn på Turvegen, den er litt stigande. Eg trefte ein heil flokk der, som gjekk andre vegen, to av dei har eg treft nesten kvar gong eg er der.


Då eg kom til enden av vegen såg eg ein heil flokk med damer som stod der og skulle begynne turen. Eg såg ikkje kven det var, men då eg kom ned til dei såg eg at det var Arnhild, Ragnhild, Wenche og dottera til W. Vi vart ståande og prate ei stund. Wenche gjekk med stavar og synest det er bra, men eg sa at eg kan ikkje gå med stavar på grunn av armane mine. Praten kom også inn på strikking sidan eg gjekk med den oransje kofta mi. Då kunne Arnhild fortelje at ho hadde fått så vondt i ein arm ein gong ho hadde strikka så mykje, og ho peikte på ein stad på armen der det var veldig vondt. Det er same staden som eg verker mest. "Men det gjekk fort over," sa ho. Eg har hatt verken sidan tidleg i vår, så eg er ikkje så optimistisk. Ei av dei andre hadde også hatt vondt i armen, men fått ei  cortisonsprøyte så ho var bra med ein gong. Wenche og eg gjekk opp på Fonnvernet, dei andre to tok ein annan veg, og så sakka W. akterut fordi ho møtte nokon ho kjende. Eg trefte eit par eg ikkje kjende, men mannen sa til meg:" Hva ER dette egentlig". Då måtte eg gjere greie for det, men eg kan godt forstå at han lurte. Eg forstod at dei var litt kjende, men veit ikkje om dei bur her eller berre er på besøk. Som de forstår er det å "Gå på Fonnvernet" ganske sosialt, særleg på søndagar.
 Då eg kom heim tok eg meg litt mat, etterpå la eg meg på sofaen og las Lars Saabye Christensen. Om eg har vore vaken heile tida er eg ikkje sikker på, men truleg har eg det, for eg låg og heldt mobilen, utan å sleppe den ned.
No har eg sett på kaffien og skal kose meg med den. Her har ikkje vore bøsseberarar her enno.

lørdag, oktober 19, 2019

Dagbok 2019: 19.oktober

Klokka er 18.15, temperaturen er + 8 grader og det har vore enda ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Litt kaldt på morgonkvisten før sola rekk ned til oss. Slikt haustvêr kunne ein ønske seg kvart år, heile hausten!
I dag hadde eg ingen ting eg måtte gjere, så eg slappa av, sov godt og lenge og jobba litt med sudokuen som eg enno ikkje har fått heilt til. Stoppa litt lester og gjorde i grunnen ikkje så mykje. Utpå ettermiddagen følte eg på at eg måtte finne på noko, men hadde ikkje lyst å gå tur. Dermed tok eg fram plenklipparen og tok siste klippen i år. Brukar å klippe slik at eg får med lauvet. Klipte med oppsamlar rundt huset, og bioklipp i skråninga. Det var rimeleg vått og tungt, men kan ikkje tru det blir betre om ein ventar. Då eg var ferdig og skulle gå inn, ringde Margrete og sa at ho og "ungane" kom opp ein tur før dei skulle gå tur i Volda. Erlend hadde vore og spelt i Furene. Vi fekk tid til litt kaffi og is før dei måtte fare. No ser eg veldig fram til Stjernekampen seinare i kveld. Amanda og eg heiar på Bilal. 
Har ingen planar for morgondagen, men det gjer ingen ting, for eg finn nok på noko.

Siste New Dawn i år ?

Her er plenen etter klipping , det kon nye lauv etter kvart som eg fanga opp dei gamle. Graset er grønt og fint.


fredag, oktober 18, 2019

Dagbok 2019: 18.0ktober.



Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 10 grader og det er nydeleg vêr. Eg hadde ei litt trasig natt med verk i armane, eg var kanskje litt for flink i går. Det går bra å jobbe, men når eg slappar av etterpå kan eg få verk. Ikkje så mykje å bry seg om, men irriterande å ikkje få sove. Ja, eg sovna no til slutt, og kom meg opp i rimeleg tid. Eg hadde ei oppgåve å skrive og få posta i dag, så eg sette meg til ved PC-en ganske kvikt. Det var mindre jobb enn eg hadde trudd, og då eg var ferdig å skrive shina eg meg litt opp og for til Spar, der det er post i butikk. Dermed handla eg diverse mat etc. med det samme.
Då eg kom heim var det altfor fint ute til å sette seg til inne. Derfor tok eg min 7.tur på Fonnvernet. No har eg funne den ultimate ruta, eg går opp til toppen av Storebakken og opp i skogen derfrå. Eg går opp den bratte bakken på bildet over, det er mykje brattare enn det ser ut på bildet, men eg held meg i gjerdet. Så går eg nedover Fonnvernet og vidare rundt på Turvegen, då kjem eg tilbake til utgangspunktet. Her ser de den bratte bakken heilt til venstre i bildet, og turvegen ovafor. Det er mange som spør meg om korleis ein kjem seg inn på desse vegane.
Eg hadde sjølvsagt med mobilen og tok bilde i dag også, sidan der er så fint utsikt.



Etter at eg kom heim att har eg styrt litt med fredagssudokuen, som eg enno ikkje har løyst. Eg er redd for at eg sovnar viss eg set meg ned, men det gjer vel ikkje noko. Eg har ingen planar for resten av helga, men blir det så fint ver i morgon også, vil eg vere mest muleg ute. Eg får stadig meldingar frå Marit som er i Spania, ho har det fint der.
Eg vil ønske alle ei god helg.


torsdag, oktober 17, 2019

Dagbok 2019: 17.oktober.

Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 8 grader, og i dag har det vore regnbyger. Eg har knapt vore ut for døra, for i dag har eg vore "huslig". Eg støvsuga først på dag, og tenkte å vaske i morgon, men tok like godt og gjorde meg ferdig. Så måtte eg fyre litt i omnen etter at eg hadde lufta lenge og vel.
Frå klokka 15-18 hadde eg besøk av ei venninne. Vi har eit felles prosjekt, som eg skal avslutte. Det er noko som skal skrivast på maskin. Så då har eg noko å gjere i morgon også.
Elles har det ikkje skjedd så mykje. Eg slepp å planlegge morgondagen, for då får eg sikkert nok å gjere med manuskriptet. Kanskje tek eg ein tur og handlar litt. Fekk nettopp melding frå Marit som er i Spania, ho har det kjekt.

onsdag, oktober 16, 2019

Dagbok 2019: 16.oktober

Klokka er no 17.20. Temperaturen er + 10 grader og det er overskya. No er det opplett, men det har regna før i dag.
I dag vakna er klokka 4, fordi eg verkte i armane, og det var vanskeleg å sovne igjen. Eg hadde nok vore litt uforsiktig på treninga i går-dvs. brukt armane for mykje. Etter å ha vore oppe ei stund vart eg betre, som vanleg. Og eg var på plass i god tid før spansktimen; neste onsdag og sikkert onsdagen etter, blir det ikkje spanskundervisning, for Eli skal operere eine kneet sitt og må vel ha ein liten pause.
Etter spanskkurset var det styremøte i pensjonistlaget på same staden; Bakk-Ola-marka.
Eg tok meg ein tur på ALTI etterpå, måtte kjøpe Paracet for eg var heilt lens. Eg tek tablettar mot betennelse, men kan ta Paracet i tillegg, men ikkje Ibux. Brukar å ta pauser frå dei betennelsehemmande tablettane, for ikkje å skade mage og nyrer t.d. Det går veldig bra med knea mine no-så lenge det varer. Tok meg ein tur opp i Gågata også, berre for å sjå. Kjøpte ingen ting.Ikkje mykje liv i den gata no.
Då eg kom heim åt eg ein diger middag- restar frå i går. Åt opp alt, så eg skulle sleppe å ete det samme ein dag til. Eg sette meg i godstolen og sovna litt før eg tok meg på tak og koka kaffi. Då følte eg meg i stand til å shine opp kjøkkenet. Der var eit visst behov.
I morgon har eg lova ei "venninne" å hjelpe til med å skrive noko på data. Ho har problem med maskina si etter at det var så mange straumutkoplingar. Elles skjer det ikkje så mykje. Dvs. I dag opna det ein stor, ny butikk borte i Furene. "Rusta" heiter butikken. Det hadde gått meg hus forbi, til tross for 4 heilsider med annonsar i Møre-Nytt. Det veks opp eit heilt butikksenter der borte no, men det vil også seie at butikkane høyrer til Volda og ikkje Ørsta. Både Jysk, Coop Extra og Felleskjøpet var i Ørsta før. Så dei har vi "mist". RUSTA er ein slik butikk med alt mulig, liknande som Europris.
Det blir vel til at eg tek meg ein tur for å sjå ein av dagane. Elles går dagane veldig fort, og det blir meir haustleg etter kvart.

tirsdag, oktober 15, 2019

Dagbok 2019: 15.oktober

Himmelen kl. 18.30.

Klokka er 18.15, temperaturen er + 8 grader. Det har vore fint vêr i dag også, men litt meir skya enn før. Heller ikkje så kaldt. I dag var det ikkje frose verken her eller der, så eg planla å køyre på VØR etter treninga, og det gjorde eg. Men eg var heime att før klokka 12.
Eg hadde ikkje sjekka tidspunktet då Einar skulle komme, så eg begynte å vente han ein halvtime for tidleg. Då han ikkje var komen "presis" sjekka eg, og då stod det 15, ikkje 14.30 som eg trudde. Men han kom presis , som alltid. Det gjorde ikkje så mykje om potetene var ferdige før, vi kosa oss med kjøtkaker og masse heimelaga saus. Eg hadde gjort ferdig det meste på førehand, så eg hadde ikkje noko særleg å gjere i dag. Til dessert hadde vi eplekake med is og så kaffi til. Det er kjekt å ha nokon å lage middag til, og ete i lag med, særleg når det er så sjeldan.
I dag vart det ikkje tur på Fonnvernet, men sidan eg var på trening har vel knea fått den mosjonen dei skulle ha.
I morgon er det spanskkurs, og styremøte etterpå, så då går det meste av dagen til det. Torsdag har eg lova ei veninne å hjelpe med nokre "skriverier", men det tek vel ikkje heile dagen. Eitt er sikkert, dagane går som ein røyk og eg får aldri tid til å kjede meg.
Eg må le litt av Lollo. Even og Mari Ella skulle ein tur, og så snart som det blir tomt hus der oppe kjem ho ned til meg. Eg hadde litt kattemat igjen som eg gav henne.
No blir det vel å benke seg framfor TV-en, det er spennande å følgje med i det som skjer i verda no. Og er der ikkje noko som eg interesserer meg for etter nyheitene, har eg diverse eg har tatt opp. Lurer meg til å strikke litt innimellom. Har eit arbeid på gang, men det blir visst eit langt lerret å bleike.

mandag, oktober 14, 2019

Dagbok 2019: 14.oktober







Klokka er no 17.00, temperaturen er + 8 grader no, men det var frose på markane og taka og bilen i dag tidleg, så det er nok nattekaldt. 
Eg hadde tenkt å køyre bort på VØR med litt hageavfall i dag, for komposten er meir enn full nok. Eg rydda litt og sette sekkene inn i bilen - då kom eg på at det kanskje var glatt borte på andre sida, del sola ikkje skin, så eg slo i frå meg turen. Det var for kaldt å gjere noko i hagen, men eg fekk no gjort diverse småjobbar både ute og inne. 

Men så fall eg for freistinga og ville på Fonnvernet i dag også. Gjorde ein annan vri i dag; gjekk opp på toppen av Storebakken og gjekk opp til Fonnvernet derifrå . Gjekk runden og kom att på same staden. Der møtte eg to damer eg kjenner, begge med hund og eg gjekk i lag med den eine ned att , då cruisa vi på Vallabø-vegane. Det er kjekt å prate med folk, og få frette litt nytt om felles kjende.
Då eg kom heim var klokka ca. 15.30 og det var tid for mat. 

Elles er det mykje eg har lyst å gjere som eg ikkje kan drive med no, til dømes strikking. Eg har eit lite arbeid liggande som eg strikker nokre pinnar på av og til, men eg kan ikkje halde på som før. Det er mykja anna også eg ikkje kan drive med, så eg føler meg litt unyttig rett som det er. Men så seier eg til meg sjølv at eg klarer meg nokså godt åleine, treng ikkje å be om så mykje hjelp. Det er noko det også.

Bodil har tinga time hos optikaren her i Ørsta den 24.okt. Då kjem ho og Svein oppover og Svein vil sette på heilårsdekka mine, håper eg ikkje får problem med hålske før den tid. I morgon skal eg på trening 10-11. På ettermiddagen kjem Einar ein tur innover, så då skal han og eg kose oss med kjøttkaker. Det er eit must når Einar kjem. Lenge sidan sist no. Eg håper på mildare vêr  utan glatte vegar, for onsdag er det spansk-kurs. Eg kjenner at eg er blitt avhengig av bil, men eg greier no å gå viss det blir heilt nødvendig, men eg bør helst ikkje gå så mykje på asfalt. På Fonnvernet er det grus!
No er vi snart midt i oktober og lauvet heng på trea enno, endå så tidleg det kom på.Eg brukar å fare over med grasklipparen etter at lauvet har fall av, men det kan bli seint i år.


søndag, oktober 13, 2019

Dagbok 2019: 13.oktober.

I Storebakken, nær Fonnvernet.

Utsikt frå Fonnvernet



Starevegen.

Klokka er no 18.00, temperaturen er + 6 grader, og sola er borte for i dag. Men ein nydeleg dag har det vore; eg stod opp til sol frå klår himmel-og det var nokså uventa. No har eg vore ut på trappa og gitt Lollo mat for 3. gong i dag. Ho kjem straks eg ropar på henne, trur ho held til under trappa mi. Ho stryk seg opp etter beina mine, men ho vil ikkje inn. Reknar med at Janne med familie kjem heim snart no, og då flyttar vel Lollo over vegen igjen.
Det var nokså stille i gata vår i dag, eg er heime åleine og Grytten-huset var også tomt. Eg tenkte at det kom til å bli ein lang og litt kjedelig dag, men det vart det ikkje. Eg trivst veldig godt i mitt eige selskap og dagen har i grunnen gått altfor fort. På føremiddagen  jobba eg litt med spanskleksa ,
"cada dia", seier Eli og det trengst. Godt å ha noko å bry dei små grå med. Eg las i bladet "Pensjonisten" at eldre folk må prøve å lære noko nytt, sudoku og kryssord er ikkje nok hjernetrim, for det kan ein frå før. Eg lurte meg til å strikke litt, men det må eg vere forsiktig med. Eg synest ikkje det er så greitt, for det er kjekt å halde på med handarbeid. Den venstre handa kom seg igjen, men den høgre er ikkje god.
I 13-tida tok eg ein liten tur på Fonnvernet, i dag tok eg Turvegen først og så greidde eg å gå opp på Fonnvernet, for no har grusen festa seg litt, eg heldt meg litt i gjerdet så det gjekk bra. Dermed vart det berre ein runde - og det var litt lite. Der er alltid folk på Fonnvernet, og i dag var der mange, også folk eg kjenner. Men når ein er på tur  hender det at ein helser på folk ein ikkje kjenner også.
Då eg kom heim laga eg litt middag, det vart spagetti og bacon i dag også, då slepp eg restar. Eg vart veldig mett og tenkte å legge meg på sofaen med lydbok. Ja! Mp3-en er ikkje brukbar lenger, og Storytel har feiga ut og ber om både namn og passord etc. Så eg berre låg der ei lita stund og sløva før eg laga meg kaffi. Sette på TV og der fekk eg vere med Yosef til Svalbard. Ja, har ein TV er ein aldri åleine og der er som regel eit kvart interessant å sjå.
Eg hadde eigentleg tenkt å fylle bagasjerommet på bilen med hageavfall og køyre bort på VØR i morgon, det vart ikkje noko av, men det er no fort gjort å lesse på i morgon -om eg får  ånden over meg. Prøver å få rydde unna litt før vinteren kjem for alvor. 
I morgon har eg elles ikkje noko på programmet, tysdag er det trening som vanlen, og onsdag spanskkurs + styremøte i pensjonistlaget i samme rennet -på same staden. Marit skal vere vekke i to veker; eg kjem til å sakne henne, men eg greier meg åleine også.

lørdag, oktober 12, 2019

Dagbok 2019: 12.oktober


Klokka er no 17.50, temperaturen er + 8 grader C og det er grått og vått. Eg synest ikkje dette vêret er så populært, men det er lite eg kan gjere med det. På føremiddagen var det litt sol, såpass eg fekk lada batteria og fekk litt energi. I dag var eg litt flink. Eg hadde kjøpt kjøttdeig i går, og i staden for å fryse den ned, laga eg kjøttkaker av den i dag. Laga også bruning, så no er det lite som skal til før eg kan servere middag til eventuelle gjestar. 
Etter at eg hadde rydda kjøkkenet og fått på oppvaskmaskina, reinskreiv eg den spanske "stilen" min.
Klokka 14.30 køyrde eg Marit ned på busstasjonen, der ho skulle ta bussen til Vigra og fly vidare til Spania. Ungefolket i familien var på tur, elles hadde dei kjørt. Lollo, katten til Marit, er rar, så snart Marit er vekke, flyttar ho ned til meg. Inn vil ho ikkje, men ho et maten eg gir henne på mi trapp.
Etter at eg hadde sett av Marit tok eg ein liten tur på ALTI , hadde eit par små ærend, og tok ein runde for å sjå meg om. Eg har aldri lyst å "shoppe" åleine, så eg stoppa ikkje lenge. Då eg kom heim att åt eg litt, før eg sette meg til å høyre bok på Storytel. Eg trur ikkje eg fekk med meg alt, for eg sovna litt innimellom, sov dårleg sist natt av ein eller annan grunn.
Eg såg mykje TV i går kveld og det blir vel ikkje mindre i kveld. Eg er sjølvsagt mest spent på Stjernekamp; eg stemmer ikkje, men heiar på Bilal- og Kim. "Skal vi danse" tek eg opp og ser etterpå eller i morgon. For morgondagen har eg ingen planar, men blir det fint vêr kan eg gå tur-for eksempel. Fekk melding om at vi skal ha styremøte i pensjonistlaget på Bakk-Ola onsdag-etter spansktimane. Og tysdag blir det treing som vanleg, sjølv om Marit ikkje blir her.


fredag, oktober 11, 2019

Dagbok 2019: 11.oktober

Klokka er 17.05, temperaturen er + 10 grader. Det er opplett ute, og på føremiddagen var det sol. Sidan eg tok fredagsvasken i går, har eg hatt kjensle av laurdag i heile dag, særleg sidan Marit og eg for på rakedis på føremiddagen.
Sudokuen i Møre-Nytt fann eg på data og løyste i går, men så var der også kryssord i avisa, som eg løyste til frokosten i dag, etter at eg hadde lese avisa. 
Måtte dusje og vaske håret før Marit og eg for til Vik. I dag hadde vi planlagt å ete lunsj med utlendingane. Det kosta 50 kr men det var lov å betale meir. Det ar visstnok syrisk mat vi fekk i dag. Det var eit kyllingspyd som dei hadde steikt på bålpanner ute og så var det ris og grønsaker. Det var ikkje så veldig spennande, ikkje verken sterkt eller krydra. Ein kopp kaffi og ei stykke med Austefjord-kake høyrde med. Dei selde lodd, og etter kvart vart prisen sett ned til 2 kr loddet. Dermed vart vi sittande med 25 tombolalodd kvar, som skulle rullast ut. Det var nr. på alle, men ikkje alle nummer gav gevinst. Eg vann ein ting, Marit vann 4.Der var heilt fullt av folk i inngangspartiet på Ørstahallen. Eg har ikkje vore der før.
Vi hadde tenkt oss ein tur på gravene og sette opp lys, men sidan det var gravferd i dag måtte vi vente med det. Klokka 16 tok vi tur nummer to. Mellom turane fekk eg stroke litt klede, og kladda ei forteljing om Norge-på spansk. Ja, det blir no for det meste Google Translate, men ein lærer no av det. Sist skreiv vi ein epistel om oss sjølve, og alle måtte lese opp, så får ein den treninga.
I går handla eg på Spar og på 10krones-tilbod, fann eg ei halv kryddersild, vakuumpakka, den har eg tenkt å kose meg med til middag no i kveld. Eg skal til og med koke poteter til. 
Eg har ingen planar for helga, men eg skal køyre Marit på bussen i morgon ca.14.30, då reiser ho til Spania og blir vekke i to veker.
Eg skulle ha saga meg litt opptenningsved, det vart så gråkaldt i dag. Så då har eg jobb mens potetene kokar.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, oktober 10, 2019

Dagbok 2019: 10. oktober.


I kveld fyrer eg med plommetre.

Klokka er no17.50, temperaturen ute er + 10 grader. Det har regna i heile dag, meir og mindre, men det er ikkje så kaldt som det var, snøen smeltar på fjelltoppane. Og det er no bra. Vekene flyg av garde, tida går fortare til eldre ein blir, ser det ut som.
I dag har eg endeleg fått "gjort" litt. Eg tok like godt fredagsvasken ein dag for tidleg, bytta på senga, vaska soverom, bad og kjøkken. Fleire golv har eg ikkje å vaske, resten må eg støvsuge og det gjorde eg før i veka. Så er det klesvask, den gjer seg sjølv heilt til den er klar for bretting.
Eg har sjølvsagt sete her ved datamaskina ei stund i dag og, må øve litt på spansken. Mi held no på med eit program som heiter "Mi vida Loca"-det ligg på You Tube.
Hadde meg ei kvilestund med Storytel før Marit og eg var på handletur klokka 16.30. I dag handla vi på Spar, så no har eg bunkra opp litt. 
I morgon har Marit og eg tenkt å ete lunsj i den nye Ørstahallen. Eg veit ikkje kor ofte det er, men kanskje ein gong for månaden er det utlendingar som lagar mat frå heimlanda sine og sel til dei som vil smake. Det har vore på Kaihuset før, Marit har vore der, men ikkje eg. Eg las i avisa at denne gongen vart det visst mykje syrisk mat. Eg er så nysgjerrig på mat, eg likar å smake nye ting, og eg er veldig glad i mat. Trur knapt eg har smakt noko eg ikkje har likt. Men for all del, eg likar ikkje alt like godt.
Sjølv om eg er glad i mat, så er eg ikkje så veldig glad i å lage mat, i alle fall ikkje når det er berre til meg sjølv.
Armane mine er heldigvis betre no, men ikkje så bra at eg kan styre på med alt eg vil. Eg har mykje som skulle ha vore gjort før vinteren. Då tenkjer eg mest på hagearbeid. Men det blir vel ei råd.

onsdag, oktober 09, 2019

Dagbok 2019: 9.oktober.

Klokka er 17.30, temperaturen er +12  grader C og det held på å bli veldig fint ute, eg vurderer å gå ein tur - kanskje?
I dag vakna eg av at eg hadde vondt i armen igjen, og det lenge før eg skulle stå opp. Men då eg stod opp kom eg meg relativt fort. Det vart ikkje "gjort" noko før eg tok turen til Bakk-Ola og spanskundervisninga. Eg for rett heim etterpå, men gjorde ikkje noko fornuftig då heller. Etter ei stund kom Margrete som hadde vore på besøk hos ei venninne, og vi sat berre og prata heilt til ho måtte fare. Og slik gjekk denne dagen, men det er vel haustferie for pensjonistar også? Kanskje?
Eg lurer på om eg skal køyre ein tur på butikken, eller om eg skal gå ein tur eller eventuelt berre slappe enda meir av? Eg hadde begynt å tenke på vinterdekk , men no forsvann det meste av snøen i gjella og det er mykje mildare. Eg håper inderleg at det er ei stund før vi får vinter.


tirsdag, oktober 08, 2019

Dagbok 2019: 8.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen er + 8 grader C. På føremiddagen regna det, men no på ettermiddagen lysna det litt, så no er det opphaldsvêr om ikkje anna. Eg synest det er kaldt og hustre, så eg held meg inne.
I dag var eg på trening 10-11. Grunnen til at eg går på trening er at eg har artrose i begge knea, og for å sleppe operasjon med det første, trener eg opp musklane rundt knea, eg er alt mykje betre enn eg var. Det er mange andre som går på trening for det samme. Armane trener eg mest heime, dei blir også betre etter kvart no når eg ikkje styrer med så mykje. Har ikkje fastsett diagnose, men går ut frå at det er ein slags senebetennelse.(Litt for mykje strikking i ein periode m.m.)
Då eg kom heim etter treninga, fann eg ut at eg skulle lage ei eplekake til, sidan eg hadde nokre eple att. Eg valde å prøve Margrete si oppskrift til ei forandring. Eg laga deigen etter oppskrift, men eg hadde ikkje notert kor mykje eple eg skulle ha, eller om eg skulle ha dei under , i, eller over deigen. Eg valde det siste. No synest eg at epla forsvinn heilt i kakene same kor mykje eg har i, så i dag lessa eg opp på deigen eit durabeleg lass med eple. Eg trudde aldri kaka skulle bli steikt, men tok den til slutt ut av omnen. Eg lurte på om den var RÅ inni, så eg måtte skjere meg eit lite stykke for å teste. Kaka var heilt OK, den.
Eg brukar ikkje å vaske steikomnen så ofte, det er liksom ikkje så populært, men i dag tok eg mot til meg og vaska det meste-heilt rein blir det aldri.
Eg vaska opp alt rotet for hand i dag, i staden for å putte full oppvaskmaskina. Og så slappa eg litt av med data og TV.
Då kom det ein underleg lyd frå kjøkkenet, men eg forstod snart at det var den nye mobilen som ringde. Og faktisk greidde eg å ta den, og fekk ein lang prat med ei god venninne. 
Etterpå var det tid for å gå gjennom spanskleksa. Det går mykje tregare å lære no enn då eg var ung,  det er vel heilt naturleg, men eg likar utfordringar-til ei viss grad.
I morgon er det altså spansk frå 11-13, og så kan det hende Margrete stikk innom etterpå. Ho skulle til Ørsta uansett. Eg likar ikkje at det er så kaldt og vått ute, men ein lyt ta det ein får- når det gjeld vêr.

mandag, oktober 07, 2019

Dagbok 2019: 7.oktober.




 Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+  grader. Frå morgonen av var vêret like fint som før, men midt på dagen slokna sola, og då var det ikkje så strålande lenger.
Eg er alltid misnøgd med meg sjølv når eg ikkje får gjort noko, eg har mykje som skulle ha vore gjort, men det er no ikkje alt som hastar.
Siste par dagane har eg vore så positiv fordi armane mine har blitt så mykje betre. Kva som gjer det veit eg ikkje, men eg har tatt det mykje med ro og ikkje brukt dei for mykje, og så har eg vore lydig mot fysioterapeuten og drege i snorene mine. MYKJE. Mange gonger for dag set eg på musikk og mosjonerer armane eit par plater. Det går i Queen. Ein annan ting er at eg no kan ta dei betennelsehemmande tablettane eg har, no når eg er ferdig med penicillinkuren. I dag fekk eg i alle fall støvsuga alle teppegolva og stort meir har eg ikkje gjort. Eg har sjølvsagt jobba litt med spansken, det gjer eg kvar dag.
Eg sov godt sist natt, likevel heldt eg på å sovne mens eg sat og åt, eg trur det var fordi lyset gjekk av ute. Men så fann eg ein god grunn for å høyre lydbok på mobilen min, der eg no har Storytel. Etter kvart vart eg så frostig at eg måtte ut og finne meg litt ved. Eg prøvde å sage, men fann ut at det var ikkje så lurt. Det har altså vore ein sløv dag her, men i morgon blir det andre bollar, for då skal eg trene. Viss berre armane kjem seg skikkeleg i sving får eg ta att det forsømte. Merkeleg kor eg saknar sola-den er på alle måtar ei energikjelde.
Tid for å kose seg inne no ?

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...