søndag, juni 30, 2019

Bok nr.15 - 2019: Hold pusten så lenge du kan




Forlagets omtale:

Alva er mor til Runa, en intens åtteåring med hvitt hår og hjemmestrikket jordbærlue. Tjuefire år tidligere er det Alva som er åtte og har hvitt hår og jordbærlue og behov for at noe skal være annerledes, men ingen prøver å finne ut hva. Bortsett fra Kjersti, bestevenninnen, som likevel vender seg vekk når Alva har det som verst. Og plutselig forsvinner Kjersti. Alva går inn i tenårene med en mørk sorg bak seg. Siden vokser Alva opp til å bli en retningsløs ung kvinne. På fergen til og fra jobb treffer hun Martin, som har strikkegenser og snekkerbukser og store, trygge never. Alva lurer på om hun endelig kan trekke pusten. For det må da finnes hvile et sted? "Hold pusten så lenge du kan" er en rik og medrivende roman om å vokse opp med ubotelig svik og svart skam. Men over den vonde historien legger det seg et mildt skjær, for i denne tette, energiske teksten må fordømmelsen vike for et konstaterende og overbærende blikk på menneskene.
……………………………………………………………………………………………………………………
Eg veit ikkje om eg kan vurdere denne boka sakleg, men det seier sitt at eg ikkje greidde å legge den bort.
Boka har kvitt omslag, derfor blir bildet så dårleg.


Dagbok 2019: 30.juni

Klokka er 18.15, temperaturen + 13 grader og i dag har det regna nesten heile tida, no ser det ut til at det skal lette opp. Dagen har gått som ein røyk, sjølv om eg ikkje har vore ut for ei dø og ikkje sett eit menneske.
Eg finn alltid noko å sysle med og får sjeldan dagane til å strekke til for alt eg vil gjere.
Det er fleire gode grunnar til at eg sjeldan les papirbøker.

1. Eg har lett for å dette ut/ sovne og begynne å dikte vidare sjølv.
2. Når eg først har begynt på ei bok, så skal den lesast ut på no time Det er litt stressande.

I dag skjedde det at eg tok att ei bok som eg hadde lese nokre sider i, og så blei den så intens at eg berre måtte lese heile, og no har eg gjort det.
Eg begynte no ikkje før på ettermiddagen, og boka var ikkje så tjukk.
Før middag rydda eg litt i huset, gjorde spanskleksa mi, la i hop klesvask og mykje anna. Strikka litt også.
No ser eg på data at Margrete &Co er komne til Gardermoen. Dei skal ta buss heim så dei er vel i Volda i morgon tidleg.
Både Marit og eg hadde lyst å spasere litt i Starevegen i dag, men skulle vente til det slutta å regne. Så får vi sjå om det blir noko av. Det er ikkje direkte varmebølge ute. No lakkar og lid det til det er tid å sette på TV-en.

lørdag, juni 29, 2019

Dagbok 2019: 29.juni

Desse bilda tok eg kl.19.00




Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 20 grader , det er skya, men ikkje skodde no. I løpet av dagen har det kome nokre regndropar.
I dag har eg ikkje vore effektiv, men eg har pusla med eit kvart nesten heile tida. Eg har til dømes vatna blomster både ute og inne, tatt oska ut or to omnar, reinska ugras etc. etc.  Innimellom har eg sett litt TV, løyst kryssord og studert spansk. Eg får ikkje gjort alt eg har lyst til, for då streiker ryggen min. Men det er no ingen som jagar på meg - berre eg sjølv. Eg har så mykje eg gjerne skulle ha gjort.
I dag har eg gått her åleine og surra, men timane flyg av garde likevel. No er det veldig fint ute, sola kjem fram litt og himmelen er delvis blå. Trudde vi skulle få litt varme frå Afrika vi også, men så les eg på FB at første veka i juli skal vere kald.
Tenk at det berre er ein dag att av juni. Sommarmånadane går altfor fort.
Eg skulle ha gjort litt meir i hagen i dag, men stillferdig arbeid kan eg lure meg til med i morgon også. Elles har eg ingen planar for helga. Eg veit ikkje kva tid Margrete kjem att, har ikkje høyrt frå henne i dag. no skal eg finne meg ein kaffikopp såpass eg held meg vaken utover kvelden.

Siste dagen på Island. Amanda og Erlend ved Seljalandsfoss.

fredag, juni 28, 2019

Dagbok 2019: 28.juni


Klokka er no 20.,temperaturen ute er + 18 grader. Det er skya, men skodda er vekk no til kvelden, så det er ikkje så grått som det var før i dag.
Eg sat og såg TV og høyrde om varmerekordane på kontinentet, eg var frostig av ein eller annan grunn, så eg gjekk etter ved og fyrte opp i omnen. Denne dagen har gått veldig fort. På føremiddagen støvsuga eg alle teppegolva, og så fekk eg telefon frå Solveig om at ho ville komme innover ein tur. Eg rakk å dusje, vaske håret og kle meg om før ho kom.
Vi tok ein kaffikopp før vi la ut på tur. Først var vi bortom gravplassen og vart samde om at vi ikkje trong å kjøpe fleire blomster enno. Fuglane er enno ikkje komne på plass, så eg lyt visst purre på han som skulle fikse det.
Solveig skulle ha seg ein ny shorts til ho skal til Italia, derfor var vi innom Amfi. Eg kjøpte ikkje anna i dag enn ei flaske shampoo.  Eg syntest vi skulle gå på kafé. På Føniks var der stappfullt av folk, så vi gjekk opp på fru Svendsen og kjøpe oss kake, i dag valde vi den spesielle kaka deira, med nøttebunn, krem, pærer og sjokoladelokk på. Den smakte ikkje vondt.
Vi køyrde ein tur fram i Nupen, Solveig hadde lyst å sjå gamle tomter. Det er forresten ei god stund sidan sist eg var der også. Neste gong ho kjem skal vi fram på Melle.
Det vart ikkje så mykje shopping med oss i dag, men eg er så ofte nedover no at eg kan ikkje handle meir mat enn eg treng.
Etter at Solveig hadde reist, sette eg meg ved datamaskina og gjorde spanskleksa mi. Marit og eg hadde tenkt oss på kino i dag å sjå YESTERDAY, men Marit var ikkje heilt i form så vi avtalte å utsette det til ein annan gong, filmen skal gå fleire gonger.
Det blir ikkje mykje å sjå på NRK 1 i kveld, så eg lyt finne meg ein annan kanal.
Denne helga er det "Elskhug og eksersis " på Eid, men eg kjem meg visst ikkje av garde i år heller, lite fristande å sitte ute når det er så kaldt.
No får eg ta fram strikketøyet og parkere meg framfor TV-en. Margrete og barna skulle ride i dag, så eg får vel sjå bilde etter kvar. Det er ei fabelaktig tid vi lever i ; vi kan ha kontakt med kvarandre på mange måtar sjølv om vi er langt frå kvarandre.
Ønsker alle ei GOD HELG !

torsdag, juni 27, 2019

Dagbok 2019: 27.juni

Amanda og Erlend badar i Den blå lagune på Island.



Klokka er 17.05, temperaturen er +  grader,  det er overskya og litt kald vind. Skodde i fjellsidene. Og sola har snudd!
Då eg  stod opp i dag verkte eg ganske mykje i høgrearmen, men eg veit det hjelper å komme i sirkulasjon. Så etter frokost shina eg opp kjøkkenet, vaska golvet på kjøkken og bad og sette i gang klesvasken. Armen betra seg med ein gong. Tok pause framfor dataen, og gjekk gjennom dagens spansk-lekse før eg gjekk ut.
Utearbeidet mitt no er å reinske gras og ugras vekk frå singelen, pluss bere singel som har forflytta seg nedover opp att på tunet. Dette er totalt uinteressant, og eit Sisyfos-arbeid som aldri tek slutt. Heldigvis var naboen ute så vi kunne prate litt i staden for å jobbe. 
Og så fekk eg besøk! Det var Geir, ein "gammal" kollega, han hadde bilen på reparasjon her i Ørsta og tok seg ein tur oppom. Vi har alltid mykje å prate om sidan han er frå Solund og vi har mange felles kjende der. Vi drakk kaffi og prata heilt til han måtte gå.
Eg skal ikkje stikke under stol at eg har sete her ved datamaskina ganske lenge i dag.
Har prata med både den eine og den andre. Kan ha kontakt med fleire på ein gong på Messenger. No skal eg prøve å få gjort litt meir ute før det blir kveld. Eg hadde heilt gløymt kor tung ei bytte med singel kan vere. Men eg har funne att den riva som erstattar jernrive, vi kalla den "plast-jernriva".
Eg ser mange grøne plommer på opaltrea, dei var ferdige med blomstringa før snøen kom. Eg har ikkje sett etter korleis det er med Victoria-treet. Dei to siste åra har vi mist to plommetre, så no har vi berre tre att.

onsdag, juni 26, 2019

Dagbok 2019: 26.juni

Dette er ein kultivert versjon av Storkenebb. Eg tre slike som eg fekk av Sissel då ho budde i Starevegen.Humlene likar godt desse. Eg har lagt merke til at humlene likar godt blå blomster.

Dette er ein Skjærsmin.Då bestemor og bestefar budde på Hildegard stod der ein slik ved det sørvestre hjørnet av huset

Peonane mine er ikkje så veldig fylte akkurat, men fine likevel med sin knallraude farge.

Klokka er 17.15, temperaturen er + 17 grader, sola skin og det blæs litt. Frå morgonen av var det skodde langt nedover fjellsidene, det var grått og kaldt. Men no har vêret betra seg betydeleg.
Det vart ingen "flying start" på dagen i dag. Eg vart sittande ei stund å høyre ferdig lydboka mi, mens eg strikka. Etter kvart kom eg i siget og gjekk ut for å reinske vekk gras og ugras i singelen på tunet. Det var ikkje så veldig kjekt, dessutan vart eg dårleg ryggen av det.
Eg følte at bilen hadde stått i ro litt for lenge, og då blir det ei kvide å ta laust. Men eg beit i det sure eplet og starta opp. Det vart ein tur bort i Furene på Plantasjen og på Coop. Eg kjøpte ikkje så mykje på Plantasjen, for eg fann ikkje det eg ville ha. På Coop kjøpte eg mat. Eg hadde behov for garn til å strikke ferdig påbegynte lestar, så eg køyrde bort i Vik og fekk kjøpt garn. På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg korleis det stod til med beplantinga på gravene til Nils og Robert. Marit og eg hadde planta spanske magerittar. Plantane var avblomstra, men blada var friske og fine, Marit seier at dei kjem til å blomstre igjen. I fjor var det tre her frå Starevegen som vart gravlagde, ikkje langt frå kvarandre. No var det kome fine gravsteinar på dei to andre gravene også, men fuglar på Nils sin stein var der ikkje.
Då eg kom heim att refererte eg til Marit, så åt eg og så gjekk eg ut og klipte dei to små plenstykka opp mot vegen. Det har blitt lite gjort i dag. Eg har ikkje tenkt å anlegge ein mønsterhage, men satsar på å halde i orden det eg har.
Margrete &co har innstallert seg på eit fint hotellrom i Reykjavik, ii går var dei ute og såg seg om og i dag skulle dei bade i den blå lagune. Viss eg kjenner Margrete rett så har ho planlagt reisa til den minste detalj. Men der var kaldt og skodde der oppe også.
No skal eg sjå om eg får gjort litt meir ute før eg tek kvelden. 
I dag er det Birte, sambuaren til Håkon som fyller år, 24 år. Både ho og Håkon studerer i Volda, og no i ferien skulle dei flytte til ny leilegheit.
Gratulerer med dagen, Birte!

Bok nr.14 2019: Motiv X


Ny, nervepirrende bok i den populære serien om Fabian Risk.

Fabian Risk våker over datteren Matilda som ligger i koma på sykehuset i Helsingborg, mens et brutalt drap på en ung syrisk flyktning kaster byens kriminalpoliti ut i en komplisert sak med rasistiske fortegn.
Men ingenting er fullt så enkelt som det virker i første omgang, og når flere nye drap skjer, havner etterforskergruppen i en stadig mer hektisk jakt på flere gjerningsmenn. Til slutt må Fabian gå i tjeneste igjen, selv om han helst ville viet seg til familien.

Dette er den fjerde lydboken om Fabian Risk.

Hør alle lydbøkene om Fabian Risk:
- Offer uten ansikt
- Den niende graven
- Atten grader minus
- Motiv x
Mp3-spelaren min er så dårleg at eg ikkje får til å høyre skikkeleg , så eg har måtta høyre mesteparten av denne boka på datamaskina direkte. Då tek det si tid. Eg veit ikkje skikkeleg kva eg meiner om denne boka. Eg har lese så fryktelig mykje krim at det skal noko til å imponere meg. Boka er til forveksling lik mange andre i samme sjanger. Eg ser at Solveig også har lese den, og ho var vel meir entusiastisk enn eg. Trur eg skal gå over til å lese på papir-men då får eg ikkje strikke på samme tid.

tirsdag, juni 25, 2019

Dagbok 2019: 25.juni



Klokka er 17.50, temperaturen er + 18 grader C og i dag har det vore ein grå dag. Skodde langt nedetter fjellsidene og regnbyger titt og ofte.
For meg har dette vore ein litt trasig dag. I går kveld var eg så trøtt at eg sovna fleire gonger framfor TV. Men då eg la meg fekk eg ikkje sove i det heile tatt. Eg tenkte på at eg skulle på trening, eg tenkte på Margrete og C0 som var på reise, og eg tenkte på at Linda skulle komme i dag. Det var no ikkje direkte vonde tankar noko av det. I firetida stod eg opp og tok meg eit knekkebrød og to Paracet og då sovna eg endeleg, vakna før klokka 7, men låg til nærmare 8. Det var like greitt at Marit køyrde i dag ! No ser ho bra, og så er ho no mykje flinkare å køyre enn eg. Ho har køyrt bil i alle år.
Det var siste treninga mi før sommarferien til fysioterapeuten. Eg kjem til å sakne treninga, for eg kjenner at det gjer godt, og eg meiner eg har blitt betre etter at eg begynte. Ein kan seie kva ein vil om å trene sjølv heime, men eg trur at apparat-trening er mykje meir effektivt.
Vi handla litt etter treninga før vi for heim.
Eg har sete mykje attmed datamaskina i dag, prøver å høyre ferdig lydboka eg held på med, mens eg strikkar langsmed.
Den nye leigebuaren min, Linda, er frå Oppdal, men har feriejobb i Olden. Ho jobbar som gaid. I dag hadde ho fri, så ho kom hit og såg på leilegheita og tok diverse mål. Vi diskuterte også kjøp og montering av oppvaskmaskin. Slike ting er litt vanskeleg for meg, sidan eg ikkje kan gjere noko sjølv. Men vi har ein plan.
Margrete, Amanda og Erlend kom fram til Reykjavik sist natt, etter å ha tatt turen om Milano og Paris, utan å sjå anna enn flyplassane. Det var litt av ein omveg ! No er dei innstallert på eit fint hotellrom i byen.
Eg synest det er kjekt at Marit kan køyre sjøl igjen, men er redd for at eg sjølv får for lite trening, eg får ikkje til å køyre utan at eg har eit "ærend".
I dag har eg akseptert at eg ikkje får gjort noko, så får eg ta att jobbane i morgon. Har litt meir plen som eg skal slå.
I går kveld då eg kom ut på trappa såg eg at den blå hortensiaen eg fekk av Silje, var heit ROSA. I dag var den ein mellomting av rosa og blått. Det har truleg med vatnet å gjere, den har stått mykje ute i regnet, men i går gav eg den også vatn frå springen.

mandag, juni 24, 2019

Dagbok 2019: 24.juni

Klokka er 18.40, temperaturen er+ 19 grader C; det har vore ein del sol i dag, men no er himmelen grå.
I dag er det 32 år sidan eg var bestemor for første gong, i ein alder av 47 år. Den våren hadde eg tatt siste eksamenen min på DH i Volda, og lova på at eg aldri meir skulle ta eksamen, det løftet har eg halde. Så kan ein berre lure på kvar alle åra vert av. Det blir ikkje feiring av Einar i dag, han kjem vel med i oppsamlinga av fødselsdagar som har gått for seg frå og med 29.mai.
I går kveld reiste Margrete , Amanda og Erlend med nattbussen til Gardermoen for å ta fly til Island.Sist eg høyrde frå dei var dei i Milano, det vart nemleg slik at dei måtte ta omvegar til Milano og Paris for å kome til Island. Forstå det dei som kan. Dei rekna med å komme til Island 11 timar seinare enn planlagt. At det går an, seier eg. I praksis får dei ein dag for lite i Island. (No er det kanskje nokon som reagerer på at eg skriv i Island, men det er rett. Det heiter i når ein meiner landet, men når det er snakk om øya)
Eg hadde tenkt å klippe skråninga i dag, men syntest eigentleg ikkje at det var behov, så eg begynte med anna hagearbeid som luking etc. Etter kvart fann eg ut at eg ville klippe, og ja, det var gras nok. Mykje ligg att på marka fordi det var såpass vått. Det ser ut som om eg har klipt bio, og pent er det ikkje. Tungt var det imidlertid så eg brukte "draget". Etterpå måtte eg ha meg mat og drikke og pause. Sovna i godstolen då eg skulle sjå eit program som eg tok opp på TV i går.
Etter pausen gjekk eg ut og klipte rundt huset, men det er berre moro og ikkje tungt. Det ser ikkje så pent ut der heller, men eg trøystar meg med at det veks fort opp att. Graset veks godt når det får regn.Plenlappane opp mot vegen tek eg ein annan gong.
Sidan eg har vore mykje ute, har det ikkje skjedd noko inne.
I morgon skal Marit og eg på trening, kanskje blir det snart ferie der også. Eg likar treninga og eg trur den gjer meg godt. Ein kan sjølvsagt trene heime, men det blir ikkje det samme som å trene med apparat. No skal eg passe på å få med meg nyheitene i kveld.

søndag, juni 23, 2019

Dagbok 2019: 23.juni . Jonsokaftan

Jonsok på Eid. Bilda har eg funne på sida "Gamle bilete frå Eid" Kari Bjarmann har lagt dei ut.








Klokka er no ca. 17.50. Temperaturen er + 18 grader C, skyene held på å fjerne seg og vi ser sola av og til. Det er ei lette. Blir i betre humør når eg slepp regn og skodde. At det blæs litt er berre bra, så jagar vinden skyene bort.
I går kveld var eg litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje hadde fått noko ut av dagen; det er no mykje å finne på sjølv om det regnar og ein er åleine heime. Til dømes kunne eg ha bakt brød. Sidan eg liksom hadde søndag i går, var eg litt meir aktiv i dag. Til dømes rydda eg i garnrestane mine, noko eg gjer både titt og ofte. Eg prøver alltid å finne ut om eg kan få diverse restar til å bli eit lestepar, eller så strikkar eg eit par brot og kjøper litt garn attåt. Eg er ikkje så flink som Solveig som heklar blomsterteppe av restar+ nogo attåt. Tre slike teppe har ho laga, alle med mykje meir enn hundre blomster.
Før, då eg var sprekare, brukte eg å vaske heile kjøkkenet på ein dag, først skuffer og skap, etterpå tak og vegger. Den tida er forbi, no vaskar og ryddar eg skuffer og skap etter behovet. I dag var det to skuffer som vart klarert.
Eg fekk melding frå Marit at skulle komme opp til henne, ho var heime åleine i dag, eg skulle komme etter kl.14.
Ca. 13.30 ringde Bodil og vi hadde ein hyggelig prat heilt til det var på tide å gå over gata. Marit og eg har prata oss nokså tomme rett som det er, likevel har vi alltid mykje å snakke om, ofte går vi langt tilbake i tid, og minne frå barne-og ungdomstid dukkar opp. Ho vaks opp her i Ørsta, og det er ikkje det same som å vakse opp på Eid.
I dag har eg fortalt henne om dei flotte jonsokfeiringane som vi hadde på Eid i mange år. Trur det var "Samklang" som organiserte. Samklang var vel støttegruppa til hornmusikk/skulekorps? Det var brudepar med hest og kjerre, musikktog gjennom gata og alt enda borte på Plassen der minnestøttene frå to krigar står. Mellom bjørketrea var det laga til danseflake. Rundt omkring var det sett opp boder der ein kunne kjøpe is, brus, pølser og rømmegraut. Vi hadde to bål, eit vart tent tidleg på kvelden, det andre seinare. Brudeparet kom køyrande inn på plassen, spelemann med fele gjekk først og etter vogna kom nokre som bar ein stor kasserolle med rømmegraut. Dette er slik eg hugsar det, og eg veit ikkje om det er rett. Eg veit heller ikkje kor mange år det var slik. Siste gongen eg var på Plassen ein jonsokkveld var i 1963, då var eg der i lag med søstera til Nils. Nils var på Island og fiska sild, og Solveig blei fødd den 3.juli det året, så feiringa var deretter. Men i tidlegare ungdomsår var jonsok betre enn 17. mai.

Dette teppet fekk Margrete til fødselsdagen sin i fjor av Solveig. Ikkje to "blomster" er heilt like.


lørdag, juni 22, 2019

Dagbok 2019: 22.juni

I dag kan vi gratulere Øysten me 57 årsdagen. Fødselsdagane kjem tett på i desse dagar. Det blir vel ei feiring av alle til slutt.
Gratulerer med dagen, Øystein!


Klokka er 17.00, temperaturen er + 11 grader C og det regnar og regnar. Det er i grunnen nokså typisk jonsokvêr og vi har hatt mykje fint vêr denne våren og forsommaren, så eg skal ikkje klage.
MEN eg synest det er heilt pyton med dette vêret i dag. Eg skulle eigentleg klippe plen og styre på ute, men måtte legge planane på is. Det likar eg ikkje.
Eg er veldig lite flink til å omprogrammere meg, så i dag har det blitt lite gjort. Eg tusen ting og meir enn det som eg kunne henge fingrane bort i, det er berre å opne ei skapdør eller ei skuffe, så ser eg eit visst behov. Takk, men nei takk - eg skulle klippe plen!
Eg festa trådendane på eit lestepar mens eg høyrde lydbok på data, MP3 spelaren er så dårleg at eg likar ikkje å bruke den. Etterpå rydda eg i garnrestane og planla neste "resteleste"-prosjekt. 
Spanskleksa er noko eg gjer med glede- eg er sjølv både lærar (i lag med Paul) og elev.
Det var så surt og ufyseleg i dag at eg kveikte opp i omnen ei stund, for å få det skikkeleg varmt her.
Marit reiste til Stryn i dag, dei skulle feire bursdagen til Stian litt i etterkant. Eg hadde tenkt å fare nedover ein tur når det leid på, men det vart ikkje noko av og no er det snart for seint.
På Plantasjen er der ope alle sundagar og på Hageland også. No er eg prinsipielt motstandar av sundagshandel, men eg gjer eit lite unntak for plantar etc.
No ser eg tendens til blå himmel ute, så eg får kanskje ta meg ein tur ut i løpet av kvelden, men plenklipping blir det ikkje.
Kvar gong eg går forbi lageret mitt av hermetikk får eg lyst på aspargessuppe, fordi der står ein boks med asparges. Ja, den står der ikkje lenger, altså, for i dag fann eg ut at eg kunne lage suppe frå grunnen av-utan Toro. Suppa blei god, den, og gjekk ned på høgkant, og eg blei så mett og trøtt at eg måtte sette på TV og legge meg bakover i godstolen. Det var slike program som eg likar å sjå, om oppussing av gamle hus etc. Eg plar sjeldan sette på TV-en før klokka 19.
Eg er litt plaga med høgre armen min, men helst når eg sit i ro, då verker den heilt opp til øyra.
På Straumshamn er det Sommarfest i dag, så Margrete og barna er opptekne der. I morgon kveld reiser Margrete, Amanda og Erlend med nattbussen for å ta flyet til Island. No skal dei endeleg få bruke genserane og huene som eg strikka til dei. Eirik må vere att her, for han jobbar på Møbelringen. Ingeborg er att i Oslo og jobbar der. Amanda har også fått seg jobb -på El-kjøp i Furene, der Lefdal var før. Men ho skal ikkje begynne enno.
No skin sola ute, det hjelpte viss å syte og klage litt. Einar stressar litt med maling av hus, han vil vel gjerne bli ferdig. Det blir vel han og Håkon som stiller opp, når vêret tillet det.
No har eg skrive ein masse tull og tøys, som ikkje har interesse for andre enn meg sjølv.Eg trur det er sundag, men veit at det er laurdag- så det kan enno bli ei god helg.

fredag, juni 21, 2019

Dagbok 2019: 21. juni

Klokka er 16.40, temperaturen er + 15 grader C, det har nyss vore ei kraftig regnbyge, men no skin sola -nesten.
I dag var det ein slik dag som ikkje var så nøye planlagt, og då blir det sjølvsagt ikkje så mykje gjort. Og eg vil eigentleg gjere så mykje. Var oppe relativt tidleg i dag og klokka 9.30 var eg ferdig med fredagsvasken og hadde fått vaska ei maskin klede -som eg hengde ut.
Eg syntest ikkje det var så kjekt å vere ute i dag; ikkje sol og ikkje varme. Eg prøvde å rydde litt i garasjen og tilbygget, men det vart ikkje så mykje av det. Eg hadde tenkt meg til Vik, men så ringde dei som skulle hente sofaen i kjellaren, så eg vart verande heime til dei hadde vore her. Sat og strikka ferdig ein lest mens eg høyrde lydbok på datamaskina. Blei så døsig at eg sovna eit tidels sekund fleire gonger, så då lesten var ferdig kokte eg kaffi og åt lunsj. Då kom det eit par frå Volda med ein stor hengar og henta sofaen som Silje sette att. Dei var sikkert pensjonistar, men ikkje handicappa. Mann og kone bar og løfta den store tunge sofaen(i fleire delar) Dei bemerka at det var ei fin leilegheit.
Då tok eg og dusja og vaska håret og gjorde meg klar for å fare til Vik. Eg hadde ærend på Clas, skulle ha blekkpatron til printeren, malepenslar og sen. Sen hadde dei berre slike som var for tjukke. Kjøpte litt mat på Bunnpris, det var ikkje mykje eg trong. 
Har lenge hatt lyst på ein tur bort på Gjenbruk for å sjå meg litt om. I dag passa det. Der er mykje fint og brukbart, men ikkje så mykje eg treng. Eg tenkte på det då eg var der at slike butikkar var det ikkje den tida ein trong alt og hadde lite. No er det tydeleg at folk har mykje meir enn dei har behov for. 
Eg plar leite etter farga glas, og i dag fann eg 5 glasasjettar- til is for eksempel- og så var der EIN asjett med bier på. Den skal eg ha for å bli påmint om å stelle fint med humler og bier. Døyr biene, døyr vi.
Då eg skulle inn att på forkøyrsvegen var klokka 16.10-say no more. Kom meg no innpå til slutt.
Marit er mykje betre i auga som ho fekk reparert i går, så no vil ho begynne å køyre bil igjen, dermed får eg vel ikkje vere privatsjåføren hennar lenger. Det blir eit sakn.
Så er det fredag igjen, sommarvekene fer fort av garde. Eg vil ønske alle ei god helg !
Og så er det ferie/avspasering for elevar og lærarar. Det er dei vel unnt.

torsdag, juni 20, 2019

Dagbok 2019: 20.juni.


Margrete fyller 51 år i dag. 
Gratulerer med dagen, Margrete !

Klokka er no 18.00, det er + 17 grader ute og det har nyss vore ei regnbyge, overskya har det vore i heile dag. På føremiddagen styrte eg først litt inne, før eg gjekk ut og klipte plen opp mot vegen og rundt huset, Skråninga får vente til laurdag. Graset var ikkje så tørt, så det vart ikkje så pent klipt denne gongen. Eg var ikkje så gira på å arbeide i dag som eg var i går, så det vart til at eg gjekk inn att.
I dag skulle eg lage meg middag i skikkelig tid, hadde eg bestemt. Fekk fire relativt små makrellfiletar i går kveld etter at Solveig og Gudmund hadde vore på sjøen og fiska. Så fine filetar har eg aldri sett før; alle bein inklusive ryggbeinet var fjerna. Eg bestemte meg for å steike alle fire filetane, i tilfelle eg ikkje greidde alle i dag, kunne eg ta dei att seinare. Eg kokte poteter til og så hadde eg raudbetar. Det blei eit herremåltid og eg åt alle fire filetane, har ikkje sett anna makrell enn den som ligg i boks og tomat på aldri den tid. Det var likevel ei flause å ete middag så tidleg på dag, klokka var ikkje meir enn ca. 15.00 då eg var ferdig. Og då vart eg sigande trøtt av så mykje mat, eg måtte berre sette meg i godstolen der eg sovna aldri så lite, etter å ha sett litt TV. Så tok eg fram strikketøyet, men det var ikkje så interessant. Eg tenkte meg ut, men då ramla eg bort i eit veldig fint program frå Rwanda som eg måtte sjå. Var så ute ei lita stund før eg tok dagens spanskleksjon, den hoppar eg aldri over.
I dag, på Margrete sin 51-årsdag, går tankane tilbake til 1968 på Nordfjordeid. Vi budde eigentleg på Melle den tida, men eg hadde med meg Solveig og Rasmus bort til mamma i god tid før fødselen.( Det var ikkje snakk om pappaperm den gongen ) Det varte og det rakk, og til slutt vart eg lagt inn på "kur" på sjukehuset, og Margrete kom til verda. Ho var berre 48 cm lang, men hadde ei voldsom stemme, og glupande appetitt. Ho la på seg mens vi enno var på "føden". Ho vart fødd på ein torsdag, slik eg sjølv også er, så det vart ikkje så lenge før faren fekk helgefri og kunne få sjå henne. Vi vart verande på Eid til ho vart døypt i kyrkja på Eid - 3 veker gammal. Det var nydeleg vêr heile tida, varmt og fint. Ein fin sommar var det. Mange gode minne frå den tida.

onsdag, juni 19, 2019

Dagbok 2019: 19.juni

Klokka er 18.15, temperaturen er + 22 grader C, og no er det opplett og fint ute. Vart litt skuffa i dag morgon fordi det var grått og kraftige regnbyger. Det harmonerte ikkje med planane mine, for eg hadde tenkt å halde fram med arbeidet ute. Gjorde eit forsøk på innearbeid, men det freista ikkje i dag.
Etter kvart vart veret såpass at det var ute verande så eg heldt fram med det eg hadde begynt på. Drog opp ugras og klipte litt her og der. Under altanten låg dei lengste fjølene frå den gamle veggen, det var ikkje plass i tilbygget, så tok eg og saga opp plankane i kortare bitar og fekk rydda dei vekk.
Etter middag begynte eg å luke vekk ugraset i singelen under altanen og så spylte eg med mykje vatn. Saka er den at alle kattane i nabolaget likar å gå på do der, særleg om vinteren og når det regnar. Kan ikkje seie at eg likar det, men det er ikkje hjelp i å seie det til kattane. No er der vel såpass vått at dei held seg vekke ei stund, trur eg. Reinska  vekk masse ugras også. 
Nokre blomkarsespirar som hadde sådd seg sjølv grov eg opp frå bedet nedanfor garasjen og planta i ei potte, så får det gå som det vil. 
Eg hadde lyst å klippe plen også, men kjende at eine kneet protesterte, så eg let det vere. Eg er i mitt ess når det er slikt vêr at eg kan vere ute heile dagen. Pratar med naboar som også er ute. Inne kan eg styre på når det blir haust og vinter. Ein blir aldri arbeidslaus når ein har hus og hage. I morgon blir det vel plenslått. 
I dag veit eg om to som har fødselsdag; den eine er Elin, systera til Bodil. Håper ho har ein fin dag. I morgon fyller Magrete, minstejenta, 51år men det blir inga feiring då, ho hadde nokre plikter på gang. Men som sagt, vi feirer alle junibarna under eitt og tek med Solveig som har fødselsdag 3.juli. Vi må vente til Margrete kjem heim frå Island.

tirsdag, juni 18, 2019

Dagbok 2019: 18.juni

Klokka er 17.30, temperaturen er + 14 grader og det har nettopp vore ei kraftig regnbyge.
Vakna tidleg i dag, men låg til bortimot 7.30. Det vart ikkje gjort så mykje før vi reiste på trening, berre frokost+ avis+ litt Facebook og dusj og hårvask. Det var varmt og fint då vi for nedover, og fint då vi var ferdige også. Vi var på apoteket og på Spar og handla.
Då eg kom heim fann eg fram kofta mi og begynte å feste trådar mens eg høyrde lydbok på PC-en. No er det Solveig som skal gjere resten. Så er eg utan strikketøy, men eg har garn så eg kan strikke lestar. Det er vanskeleg å sitte i ro utan å ha noko å fikle med.
I går kveld vart eg så svolten at eg laga middag, det vart steikt laks og spagetti og litt grønsaker. I dag hadde eg resten av spagettien meg grillpølser til, eg komponerer stadig nye rettar.
Etter at eg hadde ete gjekk eg ut i hagen og heldt fram der eg slapp i går. Det vart opp til fleire trillebårlass med skvallerkål og anna ugras som eg fann under thujaene og på grensa til naboen nedanfor. Skulle klipt litt med saksa i dag også, men så langt rakk eg ikkje før regnet sette inn. Eg ser stadig nye prosjekt i hagen. Nokon spennande hage får eg aldri for eg brukar all tid og energi på å halde orden på det eg har.
For morgondagen har eg ingen planar, så då får vêret bestemme kva det blir til.

mandag, juni 17, 2019

Dagbok 2019: 17.juni

Årets første klematis. Eg har tre ulike som veks i lag, denne, ein lyslavendelfarga og ein mørk lilla-blå. Denne plar vere den siste som kjem. Eg klipper dei ned kvar haust.

Hagen etter regnet, har ikkje klipt ferdig rundt jordbæråkeren.

Stemorsblomstane held seg godt, dei har stått på trappa sidan sist i mars.


Klokka er17.40, temperaturen er + 17 grader C, og det har nyss vore ei nokså kraftig regnbyge.
I dag tidleg var himmelen heilt klår og sola skein, noko som gjorde at eg stod opp litt før eg hadde tenkt.
Etter at eg hadde ete frokost, shina kjøkkenet etc. gjekk eg ut og begynte på eit nokså kjedeleg arbeid: å klippe kantar m.m. No har eg tre elektriske kantklipparar, ein gammal som er øydelagt, ein som eg kjøpte for eit par år sidan, som går på batteri og den nye som eg kjøpte for 14dagar sidan. Ingen av dei var brukbare i dag. Den gamle er skrota, den batteridrivne har eg ikkje plastknivar til, og den nye er tom for sen. Håkon hadde på ny sen då han var her, men den varte i 5 minutt, det er noko eg ikkje forstår men den patenten, trur eg må nedpå Clas og høyre korleis eg skal fikse den.
Nok om det, eg utstyrte meg med vanleg kjøkkensaks for klipping av gras, rundt alt som ikkje klipparen kjem nær. Eg klipte og klipte i 2-3 timar, då var eg rimeleg lei! Vondt i armen hadde eg også. Eg gjekk inn, åt, og tok eit lite spanskkurs før eg gjekk ut att. Då tok eg klipparen og klipte heile skråninga etter kvart. Reiv opp noko ugras her og der i små pausar, men der skulle ha vore klipt med saks både her og der. Eg har ei halvfull trillebår med skvallerkål, men eg får den nok full før eg er ferdig
Men i dag måtte eg spyle klipparen. Mens Nils bestemte vart klipparen spylt etter bruk KVAR gong den var i bruk, og det har eg halde fram med, men ikkje i år. Derfor var det eit stivna lag av mold og gras rundt kniven. Eg har ikkje  høgtrykks-spylar,  noko eg ofte har ønskt meg, men eigentleg ikkje treng eller har plass til. Så det vart hageslangen og diverse reiskapar som til dømes oppvaskkost og kniv. Heilt rein vart den ikkje, men heretter skal det spylast ofte!  Det er no fjerde året eg er hageansvarleg og eg likar eigentleg veldig godt å styre på ute, men eg synest eg er mindre flink i år enn åra før; det må vere alderen!
Høgre skuldra mi er ikkje heilt god, det har ho ikkje vore sidan eg datt her i vår, og betre blir den ikkje av å drage i startsnora til klipparen. No har eg for sikkerheits skuld tatt på meg ei tjukk ulljakke, eg har veldig tru på ull mot smerter. Skal ikkje strikke i kveld, for kofta er ferdig strikka, men ikkje montert. Eg sette på TV-en i 17-tida, det skjer ikkje ofte at den er på før kl.19-og knapt nok då.
No ser det ut til at det skal skine opp, men meir klipping blir det ikkje i dag.
I morgon klokka 10 skal Marit og eg på trening, håper armen/ skuldra er betre då. Så skal vi kanskje handle litt etterpå. 
Fleire planar har eg ikkje for denne veka, men det dukkar vel opp eit kvart. No skin sola litt og eg ser på epletreet frå vinduet her. DET skulle i alle fall ha vor klipt ! Men der når eg ikkje opp; har nokre thujaer som skulle ha vore stussa også-det er berre å klippe-klippe klippe !

søndag, juni 16, 2019

Dagbok 2019: 16.juni






Klokka er 18.20, temperaturen er + 16 grader C. I dag har det vore overskya og regn, men no ser det ut til at det vil lette opp.
I dag har det vore ein veldig roleg dag. Før middag sat eg og strikka på kofta mi, og no syng eg på siste verset, dvs.eg strikkar halskanten. Så skal eg feste ein del trådar og diverse anna, før eg leverer arbeidet til Solveig som skal klippe opp framme og strikke knappestolpar-den monteringa va ein del av gåva.
Middagen i dag vart enkel og rett etter middag kom Marit ned så vi drakk kaffi og prata ei god stund. Eg har venta på telefon frå ho som skal ha sofaen til Silje og no ringde ho nettopp frå Stryn. Eg har halde meg heime i dag på grunn av den sofaen, men hadde nok ikkje fare nokon stad uansett. Det har hendt lite og ingenting i dag og det er heilt greitt. har ingen planar for morgondagen, men blir det utevêr, så har eg noko å gjere ute, og blir det innevêr har eg enda meir å gjere inne. Skal i alle fall ikkje begynne på nytt stort strikkeprosjekt, for då blir eg berre sittande.

lørdag, juni 15, 2019

Dagbok 2019: 15.juni


Avskjedsgave frå Silje

Klokka er 19.35, temperaturen + 23  grader C, og vi har hatt enda ein nydeleg dag, med sol frå klår himmel. Som det går fram av mange av innlegga mine, har eg visse problem med å få nok søvn. I dag vakna eg klokka 5, etter tre timars søvn, og ville opp. Såg at vêret var nydeleg, men ville prøve å sove litt til. Det gjekk ikkje. I 7-tida skreiv eg melding til Marit om at eg ikkje vart med til Vik i dag, så tok eg to Paracet og la meg og sov til klokka var 10.  Det var ikkje med i planen , men eg fekk i alle fall sove meg ut. 
Eg venta Solveig i 14-tida, Øystein skulle vere på Åsentunet til lunsj, og ho ville ta ein tur hit. Før ho kom, rakk eg å fare fram på gravplassen og vatne og å handle på Kiwi.
Solveig hadde med seg mat, rundstykke og heimelaga sylte. Eg kokte kaffi og vi åt og prata. Sat ei stund på altanen. Solveig ville absolutt GÅ ned på Amfi, sjølv om eg baud til å køyre.
Etter at ho var reist styrte eg litt i hagen, vatna og reinska ugras, plukka inn og reinska rabarbra etc.
Eg må liksom halde meg heime, leigebuaren og mor hennar har vaska og rydda i kjellaren, dei skal reise i kveld. Her er ein mann med stor bil som tek med seg flyttegodset. Eg får neppe ein så roleg leigebuar att nokon gong. Men eg får ei ny jente neste skuleår og eg har helst på henne og vi er blitt kjende.
Ser i avisa på nettet at det var stor stemning i Gågata/Kunstgata før middag i dag, så det var litt dumt at eg ikkje kom meg nedover. Men gata ligg der og kunsten blir verande.
Eg trudde eg var ferdig med mønsterborden på jakka, men så viste det seg at der skal vere meir, så eg får strikke i kveld også. Arbeidslaus blir eg aldri.
I dag er det fødselsdagen til Hilde på Eid. Eg hugsar godt då ho vart fødd. Då budde vi på Melle og hadde postkasse borte ved vegen. Det kom eit kort frå Svein som fortalde at Audny hadde fått ei syster. Mamma var på besøk hos oss men då ho fekk høyre denglade bodskapen ville ho heim til Eid med ein gong.

Gratulerer med dagen Hilde Bjørg.

fredag, juni 14, 2019

Dagbok 2019: 14.juni

Klokka er no 18.10, temperaturen er + 25 grader C og det held på å skye over. Då eg såg ut glaset klokka 6 i dag, skein sola frå klår himmel, likevel la eg meg att og sov til halv 9. Vêret var framleis like fint då. 
Eg har ikkje gjort så mykje til gagns denne veka, så i dag måtte eg ta i eit tak. Eg bytta på senga,vaska golva, sette på klesvask og klipte plenen opp mot gata. Så reinska eg litt ugras og vatna der det var behov. Då var eg låk i ryggen og måtte ha ein pause. Det vart mat, soling på altanen og så var eg klar for å klippe plenen rundt huset. No er den jobben gjort, så eg kan ta fri. I løpet av kvelden kjem eg truleg til å strikke ferdig kofta mi, eg blei litt forseinka fordi eg måtte rekke opp ein del. Men kan ikkje seie at eg treng den akkurat no.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. Leigebuaren min har vore på avslutning på høgskulen i dag. Mor hennar er her også. Dei reiser i morgon, for den nyutdanna skal begynne i jobb på mandag. Eg har snakka med dei to, men andre har eg ikkje treft i dag.
Eg har nesten ikkje sett TV siste dagane, der har visst vore berre sport, men i kveld kan det vel bli noko anna, vel? Eg ser sjeldan i programmet-litt spenning må ein ha.
Eg må vel sjekke programmet til "Dei nynorske festspela" også for å sjå om det er noko eg vil få med meg. Det er meldt fint vêr i morgon også-det er om laurdagen dei plar ha frokost i gågata-men eg har aldri vore der.
No skyar det over meir og meir, så eg må rydde vekk klede frå altanen.
Ønsker alle ei god helg !

torsdag, juni 13, 2019

Dagbok 2019: 13.juni





Utsikt frå altanen klokka 20.20


Klokka er 19.20, temperaturen er + 19 grader, og no skin sola! Ho skein ikkje ista då eg var på veg ut.
Hadde no tenkt å gjere litt nytte for meg i dag også, men no er det for seint. I dag har eg fått trua på at det er fredag, men heldigvis er vi ikkje komne så langt. I dag opnar "Dei nynorske festspela," men eg har ikkje bestemt meg for kva eg vil vere med på.
Eg sluttar aldri å glede meg over alt det kjekke eg får vere med på i mitt 80-ande år.
Førre veka var det tur til Trandal, og i dag var det konsert i Volda. 
Elevane på musikklinja har kvar sin eksamenskonsert som dei må planlegge sjølve, med musikarar, kordamer etc. I dag var det Amanda sin tur. Ingeborg hadde henta Ruth i mora sin bil, før dei kom hit og henta meg. Eg hadde ikkje så lyst å køyre sjølv i dag.
Det vart eit lite slektstreff på VVS i dag. Lars var der, Margrete og alle fire barna, to bestemødrer - og Håkon, som jobbar der som assistent i tillegg til at han har skrive masteroppgåve. Dessverre fekk ikkje Håkon vere på konserten. 
Amanda var veldig flink, noko anna hadde eg ikkje forventa, og det vart ein flott konsert. Eg som er gammal, synest nok at musikarane kunne dempa seg litt, så vi hadde fått høyre Amanda tydelegare, men det er slik det skal vere. Eirik var med og spelte gitar og song på eine nummeret, Erlend spelte trommer, og bassgitar, men ikkje samtidig. Erlend hadde vore oppe til eksamen i engelsk munnleg før han kom til Volda.
Margrete måtte gå tilbake til jobben sin etterpå, det måtte Eirik også, han har sommarjobb på Møbelringen. Håkon var også på jobb og Ruth gjekk heim. Vi fire som då vart att, skulle gå på kafé. Først var vi på Kina-kafeen, den opna seinare, ein annan kafé var stengt på grunn av sjukdom, så vi hamna på Geiranger bakeri, der vi kjøpte wraps med eggerøre og røkelaks + salat. Det var godt og mettande.
Vi sat der lenge, for Margrete skulle komme ned til oss. Til slutt måtte Lars og Erlend gå, så Ingeborg og eg sette oss ute og venta på Margrete. Då ho kom, køyrde dei meg til Ørsta. Ingeborg skal reise tilbake til Oslo i morgon kveld.
Eg tenkte å legge meg ut på solsenga då eg kom heim, men før eg kom så langt, skya det over. Eg tok meg ein liten pause på sofaen, før eg sette meg til å strikke. Der er ein del att av mønsteret enno, men omgangane er ikkje så lange lenger. No skin sola fint, men eg synest det er for seint å sette i gang med  utearbeid no. Får heller vere flittig i morgon.

onsdag, juni 12, 2019

Dagbok 2019: 12.juni

Klokka er 18.10,temperaturen er + 17  grader C. Det er skya, men stort sett opplett. Såg nokre regndropar tidlegare i dag. Skulle vel ha vore ute og vatna, men er ikkje komen så langt enno. Har ikkje gjort særleg mykje i dag, men det er lenge til leggetid.
Det første eg greip til i dag var strikketøyet mitt. Hadde litt plunder i går også, så eg er enno ikkje komen heilt dit eg var før eg rekte opp-eller ned?
I dag skulle eg hente Ingeborg på bussen klokka 10.50, og eg var ute i god tid. Vi køyrde opp i Starevegen der vi prata og prata, såg litt på TV og åt litt.
Margrete ringde, ho var i Herøy, men skulle hente Ingeborg på heimvegen, men etterpå skulle ho på eit møte. Lars ringde, han ville også kome oppom før han også skulle på eit møte. Rett før sommarferien tek til er det travelt i dei fleste bransjar. Eg laga ei vaffelrøre og kaffi, slik at dei fekk litt nysteikte vaflar å styrke seg på. Eg hadde ikkje ferdig middag i dag, sidan det var litt uvisst kva tid dei skulle kome og fare. Ingeborg reiste i lag med Margrete og eg reknar med at ho hamna hos farmor Ruth.
Eg var trøtt i dag for eg var plaga med kramper i beina heile natta, var ut i går kveld og klipte ferdig skråninga. La meg på sofaen utan å sovne så eg stod fort opp att. No tel eg på knappane kva eg skal ta fatt på: klippe kantar? Vatne i hagen? Reinske ugras? Aller helst skulle eg ha rydda og støvsuga innomhus, men eg likar meg best ute. Strikketøyet freistar også....
I morgon kjem Ingeborg og hentar meg. Då skal vi til Volda der Amanda skal ha Eksamenskonsert på skulen. Det er noko å sjå fram til. Nils og eg var på Eirik sin konsert for tre år sidan.

tirsdag, juni 11, 2019

Dagbok 2019: 11.juni

Klokka er no 20.05 og temperaturen er + 20 grader og sola skin frå ein nesten skyfri himmel. slik har det vore i heile dag.
I går kveld fann eg ein bitte liten feil på strikketøyet mitt, og skulle prøve å fikse det med heklekroken, det er ei lett sak når ein strikkar med ein farge, men når ein strikker mønster kan det lett balle seg til. Og sidan eg ikkje er av den tolmodige sorte, rykte eg berre ut heile rundpinnen og rekte opp alt eg hadde strikka i går, dvs. ei hel mønsterbord, dermed var eg like langt .Eg rakk å få på plass dei 300-400 maskene på pinnen før eg tok kvelden. I dag tok eg det att og no hugsa eg mønsteret så det vart lettare enn første gongen. Dette var før vi for på trening.
Treninga er ein klokketime frå 10-11, og det går heilt fint. Eg får øvingar for heile kroppen ikkje berre for knea.
Etter trening var vi på bensinstasjonen der eg fylte på bilen og på plastkanna mi , der eg har drivstoff til klipparen. Var også innom SPAR og handla litt mat i dag også.
Einar kom i 13-tida og Håkon litt seinare og så sette dei i gang å male. Eg trur det var tungt å male det som ikkje hadde vore malt før. Dei malte 2-3 timar, mens eg begynte å klippe skråninga. Det var både tungt og varmt, så eg gav meg på det for ei stund. Ville ikkje risikere knea mine.Eg fekk Håkon til å sjå på den nye kantklipparen min, det er ikkje heilt enkelt å skifte sen på den, men det må eg no lære meg
Eg hadde lova gutane middag, og hadde laga kjøttkaker og saus i går, så i dag var det berre å varme opp og koke poteter og grønsaker.
Eg trur maten fall i smak, og alle åt vi godt. Etterpå vart det litt is og kaffi-og prat. Einar hadde fri frå jobben i dag, men skulle på eit par møte på Hareid.
Då "gutane" hadde fare, la eg meg på solsenga, etter at eg hadde rydda opp på kjøkkenet. Der vart eg liggande, for kvar gong eg prøvde å reise meg opp fekk eg kramper i legger og lår. Det er slikt eg er vant med når eg anstrenger føtene, men det går over når eg kjem meg på beina. Eg tek magnesiumtablettar -det hjelper.
No har eg stikka ein omgang mens eg såg dagsrevyen, så skal eg tømme oppvaskmaskina, og så får eg sjå om det blir meir klipping. Viss vêrmeldingane eg gode, utset eg klippen til i morgon.
I morgon skal leigebuaren min ha muntleg eksamen, og så er ho ferdig med skuletida i Volda. Eg kjem til å sakne henne, men så får eg ei ny jente neste skuleår.

mandag, juni 10, 2019

Dagbok 2019: 10.juni- andre pinsedag.

Klokka er 19.50, temperaturen er + 14 grader, det har vore opplett i dag, men overskya.
I dag har eg vore husmor, laga mat, vaska klede etc. Men fekk også jobba litt med spansken. 
La ifrå meg strikketøyet i går kveld, for eg fekk ikkje masketalet til å stemme. Tok det att i dag, og no er alt i orden, måtte berre ei finjustering til. Har ikkje strikke så veldig mykje, for eg begynte ikkje før etter middag. 
Marit kom  over gata ein tur,  vi har ikkje vore så mykje i lag siste veka, for ho har vore husmor.
Vi hadde som vanleg mykje å snakke om , og i morgon skal vi på trening igjen. Det blir vel ein liten tur på butikken også.
Eg ventar Einar og Håkon på besøk, dei vil begynne å male på huset igjen. Det vart ikkje ferdigstilt sist haust for då var det regn heile tida. Den nye veggen har ikkje vore måla før, så der blir det ei utfordring. Det er ikkje så mykje eg kan bidra med sjølv, det får vere nok at eg fórar arbeiderane mine.
Elles ser det ut til at vi kan få litt finevêr framover, så då har eg mykje å henge fingrane i.
Eg får sjå om det er noko på TV i kveld - og om det blir "strikke-program" eller ikkje.

søndag, juni 09, 2019

Dagbok 2019: 9.juni. 1.pinsedag


Det er mange masker på pinnen. Etter fleire fellingar sit eg att med 361 masker. No skal eg begynne på det store mønsteret-hittil har det vore enkelt.

Klokka er 19.30, temperaturen er + 12 grader, og vi har hatt ei kraftig regnbyge. Før regnet kom hadde vi sol ei stund.
Eg for min del har ikkje vore lenger enn ut på trappa. Eg sov godt sist natt, og etter frokost fekk eg løyst sudokuen eg ikkje fekk has på i går. Eg hadde tenkt å gjere både det eine og det andre i dag, men vart hekta på strikketøyet. Når eg begynner på mønsterborden er det så spennande å sjå korleis det blir at eg har vanskeleg for å slite meg laus.
I dag fann eg ein rest av brennsnut i frysaren, så det vart middag
Etter at eg hadde ete vart eg så trøtt at eg la meg på sofaen og sovna eit par minutt. Det vart ei lita pause i strikkinga fordi eg måtte til å rekne og kalkulere - noko som går ut over tolmodet mitt-eg vil at alt skal skje i full fart. Men når eg tok ein pause i strikkinga fekk eg sett ferdig eit opptak som låg på TV-en.
Det har altså vore ein sløv dag her i huset, men eg har vore med på nokså mykje i det siste, så det var heilt greitt. Veit ikkje om det blir strikka meir i kveld, men det kan hende eg tel maskene og førebur meir strikking i morgon, eller så kan eg sjå TV eller lese ei bok. Eg kjeder meg aldri og har mykje som skulle ha vore gjort om eg kjem på tanken.
Etter regnbyga vart det litt kjølegare ute, det likar eg ikkje. Sol eller regn er heilt OK berre det er godt og varmt i lufta.

lørdag, juni 08, 2019

Dagbok 2019: 8.juni: Pinseaftan.





Trandal

Christian Gaard


Klokka er snart halv seks, eg reknar med at dei har ringt helga inn, men eg har ikkje høyrt noko. Temperaturen ute er + 22 grader, det er skya og ikkje sol. Sol var det tidlegare i dag. Grasklipparane durar og går, men eg har parkert mine.
Eg sov ikkje godt sist natt, men var oppe før 8 likevel. Var ut og henta avisa med laurdagssudokuen, men har ikkje klart å løyst den enno-eg irriterer meg litt over at eg brukar tid på slikt. Eg hadde tenkt å støvsuge i dag men ville heller vere ute. Gudmund moterte den nye kantklipparen til meg, og så klipte eg så lenge sena varte. Eg orka ikkje å sette i ny akkurat då. Eg hadde klipt litt for hand også. Eg var inne ei stund, las på spanskleksa, strikka og åt.
For at det skulle bli litt penare ute samla eg opp klippegraset med den elektriske klipparen og så vart det til at eg klipte halve plenen rundt huset med den, og resten med bensin- klipparen. Der var lite bensin på den, men eg rakk det eg hadde tenkt og vel så det. Tok litt nede i bakken også. Eg hadde i grunnen ikkje tenk å klippe før etter helga, men då eg kom inn att såg eg at Gudmund klipte ovafor garasjen. Så no er det berre skråninga att. Eg likar å vere ute så sant veret er godt, så får eg heller støvsuge når det regnar. Fekk telefon frå Ragnhild, så vi vart pratande ei stund.
Eg har begynt på mønsteret på kofta mi, så no er det litt meir spenning i strikketøyet.
Eg forstår det ikkje-sjølv om eg går her åleine og rotar så blir dagane for korte til alt eg har lyst å gjere. Neste veke kan det hende Einar og Håkon kjem og målar huset-det kjem an på vêret.
No trur eg at eg skal sette meg til med strikketøyet-det er ikkje akkurat TV-strikk eg held på med no.
Håper alle får ei fin pinse.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...